I solo og samspill

... han spelar fælande godt

Denne plata skal minna oss om at eldste spelemannslaget i landet, det som no heiter Laget for folkemusikk (LfF), vart skipa i Kristiania for 100 år sidan. Spelemenn som kom til hovudstaden frå bygdene hadde trong for ein stad der dei kunne møtast og spela. På same tid såg mange bygdelag dagsens ljos. I LfF møttest nokre av dei berande hardingfelespelemennene i landet. Dei skapte miljø og dreiv med opplæring.

Laget drog etterkvart til seg fleire interesserte frå bygd og by, noko som tedde seg i godt frammøte på miljøkveldar frå 1970 om lag og frametter. Tidlegare var LfF stort sett eit reindyrka hardingfelelag, men vanleg fele, kveding og eldre folkemusikkinstrument fekk snart meir rom, og laget vart ei verpekasse for unge folkemusikarar. Sume av desse er i opprop no, har hevda seg på kappleikar og sendt ut mange CD-ar.

Medlemstalet heldt seg lenge på kring 30, i jubileumsåret er det kring 100, og ei kvedande gjente er formann.

På denne plata er hovudvekta lagt på hardingfelespelemenn som bar laget i ein «gullalder» mellom 1945 og 1980. Tri av desse var med i folkemusikksendingar i radio alt i 1930-åri. Alle opptaki er or arkivet i NRK, og med eitt undantak, er dei yngre enn 1950. Det er og med døme på kveding / tulling, seljefløyte og vanleg fele.

«Laget for folkemusikk», fram til 1931 kalla «Huldraleiken», vart skipa i Kristiania i 1903 av felemakar A.C. Kleven frå Krødsherad og Gudbrand Røine frå Øystre Slidre. Alt fyrste året fekk laget i stand kappleik der Torkjell Haugerud frå Telemark og Olav Moe frå Valdres fekk 1. premie. I 1908 kom tvo evnerike ungdomar med, Eiliv Smedal frå Seljord (1889–1938, til USA 1914) og Henrik Gjellesvik frå Haus i Nordhordland som vart verande i hovudstaden. På eit bilete frå 1930-åri finn me m. a. Ola Evju (Sauherad), Henrik Gjellesvik, Eivind Groven, Gudleik Haugen (Vestre Slidre) Sigbjørn B. Osa, Talleiv Røysland og Alf Aasnes.

/Magne Myhren og Dagne Groven Myhren
 

Utøvarane
01. Arne Røine (1908–2000) voks opp på Fagernes. Han spelte vanleg fele og hardingfele, var trufast med i samspel og vart mykje nytta i kulturprogram der han demonstrerte langeleik, stut og seljefløyte. Arne Røine var med i styret i laget og formann 1956–58. Han var handverkar. Lurlått er eit opptak frå Landskappleiken i Bø 1975.
02. Laget for Folkemusikk: Leikarvollbekken, springar av Torkjell Haugerud (1876–1954), ein mykje bruka samspelslått i LfF. Kjetil Løndal leier samspelet. Det var han og Gjellesvik som lærde frå seg denne slåtten. Opptak 1962.
03. Ola Bøe (1910–1986) frå Vestre Slidre voks opp i Mosgrendi. Far, Per Bøe, var ein hjelpen spelemann, men døydde då Ola var 12 år gamal. Ein eldre bror Jørgen, var ein omtykt dansespelar. Elles lærde Ola mest av Andris Øde, Ivar Ringestad og Olav Moe. Ola kom til Oslo i 1936 og arbeidde lenge på NEBB. Han hadde eit stødt, mangstrengt og drivande spel. Han vann landskappleiken i 1969, var heiderslagsmann i LfF og fekk kulturpris frå Vestre Slidre. Springar etter Ola på Hamrisbrøto (Brøtaguten) er i opptak frå 1971.
04. Jon Tryti (1920–99) frå Vik i Sogn lærde mykje av sambygdingen Kristen Bø. Sidan fekk han undervisning hjå S.B. Osa. Tryti kom til Oslo i 1958 og arbeidde i Oslo Lysverker. Han spela mykje turdansspel og gamaldans – serleg i Symra og i Songdanslaget. Tryti var A-klassespelar frå 1962 og notekunnig. Han spelar ein springar han lærde av sambygdingen Georg Tistel. Opptak 1963.
05. Søren Nomeland (1916–94) frå Valle i Setesdal, lærde av spelemenn der. Han kom til Oslo og fekk arbeid i bank. Elles spelte han uhorveleg mykje for leikarringar. A-klassespelar frå 1955. Knut Heddis minne er ein gangar.
06. Gullik Haugen (1911–1978) frå Vestre Slidre lærde å spela heime i Lomen og av Ivar Ringestad. Han flutte tidleg til Oslo og var bilmekanikar. Springar etter Ivar Ringestad er opptak frå 1978.
07. Pål Skogum (1921–90) frå Vågå lærde mest spel av far, Eistein Skogum og av Per Brænden (Brennun). Pål Skogum budde lenge i Begnadalen, men flutte til Oslo, blei industriarbeidar og på resten vaktmeister. Han møtte gjerne fram på tilstellingar i LfF og gledde oss med ottadalslæte. Han vann landskappleiken på vanleg fele i 1946 og blei A-klassing frå same år. Springleiken Stor i stugun er opptak frå Landskappleik på Otta 1959.
08. Torleiv Bolstad (1915–79) frå Øystre Slidre hadde mest spel etter Ola Okshovd og noko etter Engebregt Beitohaugen. Bolstad kom til Oslo i 1947 og livnærde seg som målar. I 1960-åri flutte han heim att til Valdres og gjorde framifrå folkemusikkarbeid der. Han vann landskappleikane i 1946, 1957, 1970 og 1971. Sumarkveld i Jotunheimen er ein springar John Dahle og Ola Okshovd sette saman og forma ut. Opptak 1954.
09. Talleiv Røysland (1897–1981) frå Lårdal i Vest-Telemark lærde spel og tulling (slåttetralling) i heimbygdene. Han kom til Oslo i 1923, og i 1933–60 var han vaktmeister i Bygdelagsgarden, Nordahl Brunsgt 22. Fyrst i 1952 kom han med i radiosendingar. Han var med i mest alle program som LfF stod for i mange år, og var heiderslagsmann i LfF og Telelaget. Slåttestevvisa Gjestebodsgubben er knytt til slåtten på kutt nr. 10. Opptaket er frå ein konsert i Universitetsaulaen i samband med ei internasjonal folkemusikksamkome i Oslo sumaren 1955 der Røysland tok salen med storm.
10. Kjetil Løndal (1907–1987) frå Tuddal fekk fyrst spel av far, Svein Løndal. Seinare lærde han av Torstein Grotbekk, Johannes Dale, Torkjell Haugerud og Henrik Gjellesvik. I 1939 flutte han til Oslo og vart vaktmeister i Casparisgate til 1969. Alle spelemenn og andre spelsvoltne menneske var velkomne i heimen hjå han og kona, Edvine. Saman med Torleiv Bolstad var Kjetil musikalsk leiar i laget frå 1945 og til kring 1980, og formann eit par år etter krigen. Han var og formann i Landslaget for spelemenn 1950–52. Åri 1945–70 var han på same tid både spelemann og danselærar i Telelaget. Han var perfeksjonist, og både han sjølv og fela var jamt i god stand. Kjetil spelte like lytelaust til dans som til å lyde på. Han var spelemann og dansar i sceneframføringa «Dans ropte fela», som m.a. turnerte i Vest-Europa og USA. Feleriggar og felemakar var han au. Kjetil Løndal toppa fire landskappleikar: 1956, 1958, 1959 og 1966. Han hadde ogso fyrstepremie i dans frå landskappleik og fekk kongens fortenestemedalje i gull. Gjestebodsgubben er ein springar etter Myllarguten. Opptak Ørpenstemnet 1970.
11. Odd Bakkerud (1931–89) frå Nes i Hallingdal lærde fyrst av mor, Kari Bakkerud, av morbror Knut Bakkerud, av ein trimenning Jørgen Husemoen og av Truls Ørpen (1881–1958). Bakkerud budde i Oslo 1954–55 og 1961–75 og arbeidde m.a. i elektriske forretningar. Han fekk spel av Kjetil Løndal, Ola Bøe og Torleiv Bolstad. Han vann landskappleikane: 1955, 1960, 1964, 1965, 1967 og 1968. Kåte-Reiar, springar, er eit opptak frå Landskappleiken i Porsgrunn 1967.
12. Magne Myhren f. 1937 i Hol, lærde å spela hallingdalslæte, mest av Sevat Sataøyn og Kristian Øvrevollseie. Han vart med LfF i 1959 – då han kom til Oslo – og sat i styret nokre år. Myhren er filolog og vart knytt til Universitetet i Oslo i 1971. Han har skrivi om folkloristiske og språklege emne. Som spelemann og programleiar har han vore med på mange tilstellingar i LfF og elles. Han har spelt mykje til dans m.a. i Hallinglaget og Telelaget. A-klassespelar frå 1965. I springaren Gudbrand Østen er fela stilt G-d-a-d. Opptak 1970.
13. Harald Røine (1941–98), son av Arne Røine, blei fødd i Oslo. Han og bror Erik kom tidleg med folkemusikkmiljøet. I 1958/59 tok Harald til å spela hardingfele. Han lærde av Torleiv Bolstad, Ola Bøe, og Kjetil Løndal. I 1990 flutte han og kona, Sidsel, til Fagernes og gjorde fagnadverk som distriktsmusikar i Valdres. Han var god dansar au. A-klassespelar frå 1978. I Hilmehallingen (2/4 og 6/8 takt) er fela stilt G-d-a-e. Opptak frå Hilmestemnet 1978.
14. Reidar Skjelkvåle f. 1940 i Skjåk, lærde fyrst å spela av far, Rikard Skjelkvåle. Skjelkvåle er byveterinær i Oslo og har doktorgrad. Han kom med LfF sist i 1960-åri og var med og skipa Gubrandsdølenes spelemannslag. Han vann landskappleikane på vanleg fele 1977, 1978 og 1979. Polsen Rødøen er opptak frå 1972.
15. Kjell Chr. Midtgaard f. 1948 i Oslo, er lækjar. Han har m.a. arbeidt i Vinje, Rauland og er no i Stavern. Midtgaard tok til å spela hardingfele med Magne Manheim i 1964, og frå 1966 lærde han av Kjetil Løndal. Midtgaard har skrive om felespel og har laga bok om felemakaren Gunnar Røstad. Stubben er ein springar etter Håvard Gibøen, stille A-e-a-e. Opptak Porsgrunn 1979.
16. Laget for Folkemusikk: Fenta, halling etter Svein Løndal. Opptak 1978.
17. Bernt Balchen er fødd 1931 i New Jersey i USA. Han voks opp i Noreg og USA, har vore flygar og so EDB-mann ved Universitetet i Oslo. Då han kom heim til Noreg i 1946, vart han oppglødd for hardingfela og fekk opplæring hjå Henrik Gjellesvik og Magne Manheim. Han er notekunnig og har vore ein sjølvskriven leiar i samspelgruppa etter 1980. Sju gonger har han vore til USA og undervist i The Hardanger-fiddle Association. A-klassespelar frå 1956. Valdresspringaren Knut Vårum går på felestille G-d-a-e. Opptak 1978.
18. Knut Trøen f. 1932, frå Vestre Slidre, lærde fyrst av far, Torgeir Trøen – sidan av Harald Fylken og Lars Bjerke. I 1950 kom han til Oslo og var lenge tilsett i Volvo Norge. Han var noko med i LfF, og frå 1962 har han spelt mykje i leikarringar. Sidan 1977 har han hatt speling for SAS. A-klassespelar 1963. Eggjaren er ein springar som bror, Jørgen Trøen, har laga, felestille G-d-a-e. Opptak 1982.
19. Arne M. Sølvberg f.1950, frå Stryn i Nordfjord, var med i laget 1972–79. Saman med Jon Tryti skipa han Vestlandsgruppa. Arne rår med både fele og hardingfele. Etter han flutte heimatt, har han vore pådrivar i spelemannsmiljøet i Nordfjord der han er bonde. Han vann landskappleiken på fele i 1989. Han spelar Kjellstad-hallingen på hardingfele, stille A-d-fiss-e. Opptak 1975.
20. Olav Øyråker (1909–1986) frå Vestre Slidre lærde mest av Ivar Ringestad. Øyraker var lærar i Oslo og kjend som spretten hallingdansar og god friidrottsmann. Øyraker fortalde opplysande i mange folkemusikkprogram i radio og var formann i LfF 1958–60. A-klassespelar frå 1956. Springaren Styggen i kyrkjetårnet er i opptak frå 1958.
21. Henrik Gjellesvik (1892–1964) frå Haus lærde å spela av Nils Brakvatne, Arne Bjørndal og – brørne Nils og Sigurd Borge som han var i ætt med. Gjellesvik var ingeniør. Han vann landskappleiken i 1918 og 1920 og var ofte domar på kappleikar. Gjellesvik var musikalsk leiar i laget til etter krigen. Åri 1912–1952 var han spelemann for leikarringen i Bondeungdomslaget. Etter krigen var han jamt heim til Torkjell Haugerud om sumrane. Gjellesvik var notekunnig og gav ut tvo notesamlingar: Tonar til folkedansen og Torkjell Haugerud. Slåttar. Nøringen, bruraslått (6/8) etter Ola Mosafinn går på stille. A-e-a ciss, også kalla «nøringstille». Opptak 1938.
22. Dagne Groven Myhren f. 1940 i Oslo, har mest tonetilfang etter far, Eivind Groven, men og etter Talleiv Røysland og andre. Men den som for ålvor vekte kvedartrongen, var Aslak Brekke. Saman med Talleiv Røysland var ho lenge faste kvedaren i laget. Ho har laga mange folkemusikkprogram i radio. Ho heldt kvedarskei i Club 7 og var med på å skipa til dei fyrste kvedarseminara – noko som reiste kvedarbylgja sist på 1960-talet. DGM er A-klassekvedar – og filolog med doktorgrad. Ho underviste i nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo 1972–2003, har laga bøker og skrive artiklar om dikting og folkemusikk (kveding/ folkesong og hardingfelespel). Vogga er ei bygdevise etter A. Brekke. Opptak 1971.
23. Hallgrim Berg f. 1945 i Ål, filolog, politikar og forretningsmann, er god dansar og har lagt elsk på munnharpa og seljefløyta. Han har laga mange radioprogram og var formann i laget tidleg i 1970-åra med han studerte. Han spelar ein halling på seljefløyte. Opptak Porsgrunn 1983.
24. Trygve Bolstad f. 1943 i Øystre Slidre, har spel etter far Knut Bolstad, etter Torleiv Bolstad og Ola Bøe. Han kom til Oslo på 1970-talet der han dreiv som smed og sveisar. Frå 1980 har han vore folkemusikkleiar i Valdres. Hengslelåtten er ein gamal lydarlått frå Valdres. Opptak 1976.
25. Tore Rødølen f. 1948 frå Sel er lækjar. Han spelar vanleg fele og har gjort det godt på kappleikar. Rødølen kom med i laget på same tid som Reidar Skjelkvåle og Pål Skogum. Rødølen spelar ein vals på «solungstille», A-e-a-ciss. Opptak Otta 1974.
26. Håkon Asheim har farsætt frå Valdres, men er fødd i Oslo 1962. Han spelte fyrst fiolin, men kom med i valdresgruppa i LfF og fekk lære valdreslæte – fyrst av Bernt Balchen og sidan av spelemenn frå dalen. Han har studert musikk ved Universitetet i Oslo og ved Kodály-instituttet i Ungarn. Frå 2003 er han tilsett ved Ole Bull-akademiet. Asheim har m.a. skrive bok om konsertspel på hardingfele. Fløthaugen er ein halling. Opptak 1985. 
27. Magne Manheim (1928–97) frå Seljord lærde fyrst av far, Harald Manheim, av ein eldre bror, Gudmund og av sambygdingane, Høye Kvåle og Torkjell Haugerud. Han kom til Oslo i 1947, tok artium og gjekk i fiolinlære. Han gifte seg med dotter av Henrik Gjellesvik. Magne var fiolinist i Kringkastings-orkesteret frå 1956 og har laga mange folkemusikkprogram i radio. Han var formann i Landslaget for spelemenn i 1948–50. Saman med Kjetil Løndal og S.B. Osa spelte han i «Dans ropte fela». I 1989 flutte han attende til Seljord. Han likte å spela komposisjonar av Torkjell Haugerud, som Tårån i Troppine, felestille H-d-g-d. Opptak 1957.
28. Laget for Folkemusikk: Vesleguten og massingpipa, ein gangar (6/8). Slåtten er vide kjend under namn som «Sullarguten», «Spursmann», «Skripa-låtten», «Gjenta med garde» o. fl. Opptak 1978.
29. Kjetil Løndal og Kjell Chr. Midtgaard: Geitehytten nr 2 springar etter Ole Kollsrud; eit vanlegare namn på denne slåtten er «Guro Lomodden». Opptak 1974.
30. Gullik Kirkevoll (1895–1978) frå Vestre Slidre kom tidleg til Oslo og vart gartnar. Han spelte hardingfele, men det var dansen han gjorde mest for. I 1930-åra var han med å dansa på norsk film. Han er med i samspelopptak på denne plata. Han kved Farvel folk i bygde. Opptak 1952.
31. Ånon Egeland f. 1954 i Oslo, vart for ålvor tend av hardingfela i 16-årsalderen, kom tidleg med i LfF og var aktiv der på 1970-talet. Han meistrar hardingfele, vanleg fele og ei lang rekkje andre tradisjonsinstrument, som munnharpe og div. fløyter. Han har serleg arbeidd med musikken på Agder. Han har m.a. lært av Andres K. Rysstad, Salve Austenå og Sigurd Fjeldstad. Han har vore aktiv konsertspelemann og fonogramutgjevar og vann spelemannsprisen i 1977. Egeland bygde opp folkemusikklina ved Fagernes vidaregåande skule (1988–96) og er mykje nytta som førelesar og instruktør. No er han tilsett ved Institutt for folkekultur, Høgskulen i Telemark. På vanleg fele spelar han Langmyrsvalsen etter Sigurd Fjeldstad frå Tvedestrand. Opptak 1985.
32. Bernt Balchen, Torleiv Bolstad og Ola Bøe: Skrøviken, ein springar. Då kongen opna Valdresbanen i 1906, spelte Knut Skrøvik denne slåtten, som sidan fekk namn etter spelemannen. Dette er ein «tvibeitlått» – dei kallar. Dvs. at same veket er likt utforma på grann- og grov-strengjer, so at det i samspel kan det spelast i parallelle oktavar. På opptaket her spelar tvo grovt medan ein spelar grant, og tvo spelar grant medan ein spelar grovt. Slåtten er velkjend i austfjelske hardingfelebygder; i Telemark ofte kalla «Ljosblått» eller «Den blårandute». Opptak 1979.

/Magne Myhren og Dagne Groven Myhren

Prosjektleiing: Bernt Balchen, Magne Myhren, Niels J. Røine Opptak: NRK Mastering og produksjon: Lindberg lyd AS Grafisk formgjeving: Eva Karlsson Økonomisk stønad: Rådet for folkemusikk og folkedans Takk til: Dagne G. Myhren Utlån av foto: Kjellaug Bolstad, Svein Aasen, Gunnstein Møllen, Bernt Balchen, Dagne G. Myhren.

The most important organization for folkmusicians in Oslo

Laget for Folkemusikk” in Oslo started as a gathering of friends around the hardangerfiddle, and it`s special type of music, and dance. After 100 years of existence, it still sticks to this goal. This CD is meant to be a musical monument of the fiddlers who have made a deep impression in the folk music environment in Oslo during the past 50 years. “Laget for Folkemusikk” means “The Folk music Association”. This association (LfF) came into existence in 1903. Until 1931 it was called “Huldraleiken” which is the equivalent of “The Elf Dance”.

Laget for folkemusikk have been the most important organization for folkmusicians in Oslo the last 100 years. On this recording you will hear some of them:

Arne Røine (lur) Ola Bøe Jon Tryti Søren Nomeland Gullik Haugen Pål Skogum Torleiv Bolstad Talleiv Røysland (song) Kjetil Løndal Odd Bakkerud Magne Myhren Harald Røine Reidar Skjelkvåle Kjell Chr. Midtgaard Bernt Balchen Knut Trøen Arne M. Sølvberg

Olav Øyråker Henrik Gjellesvik Dagne Groven Myhren (song) Hallgrim Berg (seljefløyte) Trygve Bolstad Tore J. Rødølen Håkon Asheim Magne Manheim Gullik Kirkevoll (song) Ånon Egeland

Ensembles: Midtgaard/ Løndal Balchen, Bolstad og Bøe

and ... Laget for folkemusikk

At the turn of the last century many people moved from the rural districts to get work in the towns and cities. They carried with them the old traditions from their local communities. The 8 stringed hardangerfiddle and the old rural dances brought these people together in an environment of mutual, cultural understanding. As a consequence, they arranged gatherings for fiddling, dancing and competitions in their local traditions.

Many of the best fiddlers in Norway have met in LfF and been members for shorter or longer periods of time. It´s main objective is to preserve and carry on the unbroken tradition of the Norwegian folk music, and especially the hardangerfiddle music.

Listening to master fiddlers like Kjetil Løndal, Torleiv Bolstad, and Odd Bakkerud, gives an impression of the high level of intricacy and uniqueness of the hardangerfiddle music. Due to it´s special asymmetric rhythm patterns in the 3/4 beat Springar dance tunes, the local dances are closely linked to the music. Actually they are dependent on each other to survive as a dialectic entity. The hardangerfiddle is usually tuned A-d-a-e. The understrings are tuned. (B)-d-e-fiss-a. Many of the hardangerfiddle tunes are based on themes from children’s rhymes, poems, songs, or in commemoration of a person, an animal, a waterfall, river, mountain, or local event. The names of the dance tunes clearly bear evidence of this. As an example: listen to the songs and fiddle tunes of Talleiv Røysland and Kjetil Løndal. (Cfr. no. 9 and 10.) You will also hear performers on the ordinary fiddle. Some of our members have come from districts where the 4 stringed fiddle has old traditions, and this music, though different, is no less intricate or unique as a cultural heritage. As part of the national heritage preserved in LfF we also find the “Jew’s harp”, the dulcimer like “Langeleik”, the “Lur” (Birch bark longhorn), and the willow flute. Hoping to produce the best possible sound quality for your enjoyment, we have chosen to present this music as recorded by the Norwegian Broadcasting System.

/Sincerely, Bernt Balchen,jr.

The Performers

01. Arne Røine (1908-2000) grew up in Fagernes in Valdres, but moved to Oslo, where he found his vocation as a Painter. He played hardangerfiddle, violin, birchbark longhorn and willow flute, and contributed to entertainment at the LfF gatherings. He was foreman of LfF 1956-1958 and was later promoted to Honorary Member. Lurlått (melody played on the Birch bark longhorn). Recorded 1975.

02. The Folk music Association: Leikarvollbekken, springar by Torkjell Torkjell Haugerud. Rec. 1962. Torkjell Haugerud (1876-1954) was a famous fiddler who also composed several pieces for the hardangerfiddle. Cfr. no. 27.

03. Ola Bøe (1910-1986) was born in Vestre Slidre (western valley of Valdres). His father was a fiddler of great capacity who died when Ola was only 12 years old. Ola continued to learn from Andris Øde and the two famous fiddlers Ivar Ringestad and Olav Moe. Ola Bøe was an exceptionally good dance fiddler, and won the National Championship in 1969. He found work within mechanical industry. Springar after Ola Hamre. Rec. 1971.

04. Jon Tryti (1920-1999) was born in Vik in Sogn on the west coast. He learned fiddling from the local musicians, but was also tutored by Sigbjørn B. Osa. He spent much time playing for figure dancing and old fashion Square dance. He achieved the class A in 1962. Springar after Georg Tistel. Rec. 1963.

05. Søren Nomeland (1916-1994) was from Valle in Setesdal and learned the special traditions of that district. In Oslo his profession was within Banking. He became a member of the LfF shortly after 1945. Besides his traditional musical dialect, he played for the figure dancing and Square dance groups. He achieved class A in 1955. Knut Heddis minne, gangar. Rec.1970.

06. Gullik Haugen (1911-1978) was born in Vestre Slidre and learned his fiddling, both at home and from Ivar Ringestad. He moved to Oslo where he worked as an Auto Mechanic. Springar after Ivar Ringestad. Rec. 1978.

07. Pål Skogum (1921-1990) was born in Vågå in Gudbrandsdal, where he started learning from his father, Eistein Skogum. Pål lived several years in Begnadalen in Valdres, but moved eventually to Oslo. He found work within Industry. He became a member of the LfF where all found pleasure in his eminent Fiddle Music from Ottadalen. He won the Annual Championship for “Ordinary Fiddle” in 1946. Class A from 1946. Stor i stugun, springleik. Rec. 1959.

08. Torleiv Bolstad (1915-1979) grew up in Øystre Slidre (eastern valley of Valdres) where he mainly learned the traditional music from Ola Okshovd and Engebret Beitohaugen. Torleiv came to Oslo in 1947 where he worked as a Painter. In the early sixties he moved back to Valdres where he made a major contribution in reviving and maintaining the local music tradition. He won the National Championship in 1946, 1957, 1970 and 1971. Sumarkveld i Jotunheimen, springar. Tuning G-c-a-e. Rec. 1954.

09. Talleiv Røysland (1897-1981) was from Lårdal in West Telemark. He learned both fiddling and dancetune singing in his local environment. He came to Oslo in 1923, and from 1933 to 1960 was the Janitor of the main meeting place of the LfF. He was an exceptional Singer and Storyteller, and participated in every gathering of the LfF. He was heard on radio first in the fifties. A much appreciated honorary member of both Telelaget and the LfF. Gjestebodsgubben, vocal. Rec. 1955. (Cfr. No 10)

10. Kjetil Løndal (1907-1987) was from Tuddal in Telemark where he learned from his famous father, Svein Løndal. He moved to Oslo in 1939, where he worked as a Janitior, a job that allowed him to develop his abilities to a great extent. He was the main musical leader of the LfF from 1945 to 1980. As a master fiddler and champion dancer and teacher, he has made a great contribution to Norwegian culture as a whole, traveling abroad, presenting Norwegian culture at its best. He won the National Championship in 1956, 1958, 1959 and 1966. He was awarded his Majesty the Kings Gold Medal for outstanding achievement. Gjestebodsgubben, springar. Rec. 1970.

11. Odd Bakkerud (1931-1989) was from Nes in Hallingdal and learned the local playing dialect first from his Mother, Kari Bakkerud and his uncle Knut. He also learned many tunes from a relative, Jørgen Husemoen and champion fiddler Truls Ørpen. Later on he picked up many tunes from Kjetil Løndal and Ola Bøe. Bakkerud was a member of LfF for 15 years. In Oslo he worked in an electrical store. He was the winner of the Annual Championship (Landskappleiken) 6 times. Kåte Reiar, springar. Rec. 1967.

12. Magne Myhren was born in 1937 in Hol in Hallingdal, learned the local fiddling tradition mainly from Sevat Sataøyn from 1952 and onward. He has a University degree, and lectures and writes concerning culturally related issues. Magne came to Oslo in 1959 and joined the LfF. He is an enthusiastic fiddler and storyteller, and has had many Radio programs. A class fiddler from 1965. Gudbrand Østen, springar. Tuning G-d-a-d. Rec. 1970.

13. Harald Røine (1941-1998) was the eldest son of Arne Røine, and along with his brother Erik (a champion dancer), came in contact with the LfF and folk music and dance at an early age. He converted from the violin to the hardangerfiddle around 1958, and learned mainly from Torleiv Bolstad, Ola Bøe and Kjetil Løndal. He and his wife moved back to Valdres in 1990, where he contributed greatly to the teaching and perpetuation of the local culture in music and dance. He achieved class A as a hardangerfiddler in 1978. Hilmehallingen, 2/4 and 6/8. Tuning G-d-a-e. Rec. 1978.

14. Reidar Skjelkvåle was born in 1940, in Skjåk in Gudbrandsdalen. He is Chief Veterinary in Oslo. In the latter part of the sixties he joined the LfF. Later on he founded the “Gudbrandsdølenes” fiddling group. He won the Annual Championship for “Ordinary Fiddle” in 1977, 1978 and 1979. Rødøen, pols. Rec. 1972.

15. Kjell Chr. Midtgaard was born in 1948 in Oslo, and is presently working as a Medical Doctor at Stavern. He began playing the hardangerfiddle with Magne Manheim in 1964, and has also been a dedicated pupil of Kjetil Løndal. He is a loyal bearer of our traditional culture and has contributed with a book about Gunnar Røstad, one of our greatest hardangerfiddle makers. Stubben, springar, tradition from Håvard Gibøen. Tuning A-e-a-e. Rec. 1979.

16. The Folk Music Association: Fenta, halling. Rec. 1978

17. Bernt Balchen was born in 1931 in New Jersey, USA. He spent his early youth in Norway, and 6 years in the USA; before returning to Norway in 1946. He spent 12 years as an Aviator, but switched to Data Processing at the University of Oslo, where he worked for 28 years. He heard the hardangerfiddle for the first time in 1946, and was so captivated by its special sound and unique music, that he has played it since then. His first tutoring was given by Magne Manheim and Henrik Gjellesvik. Being able to read and write music helped in his teaching of the fiddle, and he has been leader of the Fiddle group since 1980. He has returned 7 times to teach at the Hardanger Fiddle Association of America. He has competed at the class A champion level since 1956. Knut Vårum, springar. Tuning G-d-a-e. Rec. 1978.

18. Knut Trøen was born 1932 in Vestre Slidre in Valdres. He was taught first by his father, Torgeir Trøen, and by others such as Harald Fylken and Lars Bjerke. He came to Oslo in 1950 where he became a member of the LfF in 1963. Besides the old Valdres tradition, he also played for Figure- and Square dancing. A class A fiddler from 1963. Eggjaren, springar. Tuning G-d-a-e. Rec. 1982.

19. Arne M. Sølvberg was born 1950 in Stryn in Nordfjord. He was a member of the LfF from 1972 to 1979, and along with Jon Tryti formed the “Vestlandsgruppa” fiddling group. After returning home to Stryn, he became a farmer, and he has contributed greatly to promote the local fiddling and dancing. He won the Annual Championship for “Ordinary Fiddle” in 1989. Here he plays the hardangerfiddle. Kjellstadhallingen. Tuning A-d-fiss-e. Rec. 1975.

20. Olav Øyråker (1909-1986) was from Vestre Slidre in Valdres and had his traditional style from the great Ivar Ringestad. In Oslo, he was a School Teacher for many years. He had a reputation of being a good athlete and, naturally, also a good Halling dancer. He held many Radio programs and lectures, and was foreman of the LfF from 1958 to 1960. He achieved class A status in 1956. Styggen i kyrkjetårnet (The Devil in the Church Tower), springar. Rec. 1958.

21. Henrik Gjellesvik (1892-1964) came from Haus in North Hordaland on the west coast of Norway and acquired his fiddling tradition from near relatives. He was an Engineer by profession, but passionately engaged in promoting knowledge of Norways national music. He arranged the first organized hardangerfiddle class in the LfF in 1950, an activity which is still going on today. He won the National Championship in 1918 and 1920. Nøringen, wedding tune 6/8. Tuning A-c-a-ciss. Rec. 1938.

22. Dagne Groven Myhren was born in 1940 in Oslo. She has her musical background from her father, the famous Composer and hardangerfiddle player Eivind Groven from West Telemark. Talleiv Røysland and Aslak Brekke have also contributed much to the traditional style and tonality she represents. Dagne is a class A old style singer and teacher of that tradition. Like her husband Magne, she has a University degree. She has lectured in Norwegian literature at the University of Oslo for more than 30 years. and has published books an articles concerning literature and folk music. She also has had many Radio programs. Vogga, vocal, tradition after Aslak Brekke. Rec. 1971.

23. Hallgrim Berg was born in 1945 at Ål in Hallingdal, and has a University degree in Philology. He is a Politician, Businessman, and good dancer who plays the jew’s harp and the willow flute in Norwegian tradition. He has had many Radio programs and acted as foreman of the LfF in the early seventies. Halling, willow flute. Rec. 1983.

24. Trygve Bolstad was born in 1943 in Øystre Slidre in Valdres. Primarly he learned from his father, Knut Bolstad, who was a well accomplished local fiddler. Trygve came to Oslo in the early seventies and worked in the construction business as a Blacksmith and Welder. He got contact with his relative, Torleiv Bolstad, and with Ola Bøe in the LfF. Around 1980 he returned to Valdres, and has contributed greatly in teaching the younger generation the old music traditions of the valley. Hengslelåtten, listening tune. Rec. 1976.

25. Tore Rødølen was born in 1948 in Sel in Gudbrandsdalen. He is a Medical Doctor and plays both the hardangerfiddle and the violin. A top notch performer on both instruments, and an especially good dance fiddler. Vals. Tuning A-e-a-ciss. Rec. 1974.

26. Håkon Asheim was born in Oslo in 1962, but his father’s family came from Valdres. He began playing the violin as a youngster, but soon took up the hardangerfiddle after getting in contact with Bernt Balchen in the LfF Valdres group. He continued to learn from local fiddlers in the valley, and has studied music at University level. Presently he is occupied as a fulltime Folkmusician. Fløthaugen, halling. Rec. 1985.

27. Magne Manheim (1928-1997) was born in Seljord in Telemark and grew up in the old fiddling tradition there. His father was one of the outstanding fiddlers of his time. Magne moved to Oslo in 1947 to study music. He worked as a violinist in the Norwegian Broadcasting System´s Orchestra for many years. He has been foreman of the LfF and the National Fiddler’s Association. In later years he returned to Seljord. He was especially known for his presentation of Torkjell Haugeruds compositions, such as Tårån i troppine. Tuning B natural-d-g-d. Rec. 1957.

28. The Folk music Association: Vesleguten og massingpipa gangar, 6/8. Rec. 1978.

29. Kjetil Løndal and Kjell Chr. Midtgaard: Geitehytten also called Guro Lomodden, springar. Rec.1974.

30. Gullik Kirkevoll (1895-1978) was from Vestre Slidre, but moved early to Oslo, where he worked as a Gardener. He carried on his old traditional fiddling, but he was best known as a master dancer and teacher of the Valdres Springar and Halling dance. Farvel folk i bygde, vocal. Rec. 1952.

31. Ånon Egeland was born in 1954 in Oslo, and was captivated by the hardangerfiddle at the age of 16. He became a member of the LfF very early. Ånon plays hardangerfiddle, ordinary fiddle, Jew´s harp, and a variety of flutes. He has especially worked with the traditional music of Agder. Among his tutors we find Andres K. Rystad, Salve Austenå, and Sigurd Fjeldstad. Ånon won the “Fiddlers award”, which is an annual multi musical competition, in 1977. He has been active both as a performer, and in producing recordings. From 1988 to 1996 he worked with the establishment of a folk music study at the Fagernes Intermediate School, and he is a frequently used lecturer and instructor. He is presently established as a teacher at the Folk culture Institute at Rauland in Telemark. Langmyrvalsen, learned from Sigurd Fjeldstad.

32. Bernt Balchen, Torleiv Bolstad and Ola Bøe: Skrøviken, springar. Rec. 1979.
 

 

Project management: Bernt Balchen, Magne Myhren, Niels J. Røine Recordings: NRK Mastering and technical productions: Lindberg lyd AS Cover: Eva Karlsson English translation: Mary Hegge Financial support: Rådet for folkemusikk og folkedans Thanks to: Dagne G. Myhren Photos: Kjellaug Bolstad, Svein Aasen, Gunnstein Møllen, Bernt Balchen, Dagne G. Myhren.