Trekløveret Brekken, Frøholm og Tillung har alle ulik bakgrunn som musikarar, men på Maar sitt debutalbum har dei klart å sameine sine styrkar på ein meisterleg måte. På denne plata får ein servert alt frå røffe springarar som røskar i beinmargen til sukkersøte bruremarsjar, alt i trioen sine eigne, finurlege og leikne arrangement.

Der slåttespel på hardingfele og fele står som Frøholm sin styrke, fungerar Tillung sitt trekkspel og Brekken sin kontrabass ikkje berre som eit reint komp, men dei krydrar i tillegg det heile med stor kreativ utfalding. Arrangementa er grundige og gjennomførde der dei treng å vere det, men har òg rom for fridom og leikenheit.

1. mai er det klart for sleppet av MAAR si debutplate ”Vrangsvevd” og dette vert feira med ein liten Noregsturné.

Då MAAR først møttest tok det ikkje lang tid før dei bestemte seg for å utforske denne spennande besetninga, danne ein trio saman og satse for fullt mot CD-utgjeving og turnering. Duoen Frøholm/Tillung hadde allereie gjeve ut det kritikarroste debutalbumet Eins i 2009, men sommaren 2013 møtte dei jazzbassist Ellen Brekken og MAAR vart ein realitet.

”Då me møttest under ein festival i Danmark vart me fort ivrige på å gjere noko saman og lage musikk med utgangspunkt i det me frå før hadde i bagasjen. Frøholm/Tillung har spelt saman i ei årrekkje, både som duo og saman med andre musikarar, men me følte oss no klare for å gå vidare og prøve noko nytt. Me var då så heldige å treffe Ellen på rett stad til rett tid, og dermed var trioen fødd. Med ein kreativ og allsidig jazzbassist på laget var det akkurat det me trengde for å gjere besetninga komplett og få den heilt ultimate trioen!” seier Britt Pernille og Irene.

MAAR satsar friskt og variert med eit sterkt låtmateriale. Dei tillét ulike uttrykk på låtane, men trioen greier likevel å ha ein raud tråd gjennom heile albumet. Og kreativiteten lot ikkje vente på seg då namnet på plata og trioen skulle bestemmast: ”Vrangsvevd betyr søvnig i urett tid, tilbøyeleg til å sove om dagen og vake om natta. I dét kan det òg ligge å komme ut av rutinen. Det kan skildre musikarlivet til tider - tidleg oppe, seint i seng, dét er musikaren sitt refreng! "Maar", eller ”mår” om du vil, er det vesle, lure og mystiske dyret i skogen som alltid veit å klare seg! Me syntes det gav ein treffande karakteristikk for oss og musikken vår” legg Ellen til. MAAR har klare visjonar for musikken og er tydelege på korleis dei ynskjer at den skal framstå; ”Me brukar tradisjonelle slåttar frå Sogn og Fjordane og blandar det med nykomponerte låtar signert av alle tre. Me har fått inspirasjon frå møte med stadar og folk, både her heime og ute i verda. Frå det tradisjonelle repertoaret har me brukt både brureslåttar, springarar, visetonar og hamborgarar, samt at me sjølve har komponert låtar i nærliggjande stil. Me ynskjer at musikken skal framstå med musikalsk overskot og vitalitet. Me vil formidle musikk som det er tak i og som er overtydane, men ikkje nødvendigvis strøken og perfekt. Me likar at musikken er både vár og røff - me er jo ein gjeng med bein i nasa og me føler nok at det kjem til uttrykk på dette albumet,” fortel MAAR.

…………………………………………………………………………………………………………………………

MAAR sine turnédatoar:
Torsdag 01.05 Oslo, Riksscenen
Fredag 02.05 Trondheim, Ila Brannstasjon
Laurdag 03.05 Tynset, Tynset Kulturhus
Søndag 04.05 Hamar, Tante Gerda
Torsdag 09.05 Voss, Tre Brør
Fredag 10.05 Bergen, Bar Barista
Torsdag 15.05 Fredrikstad, Cafe Galeien
Fredag 23.05 Skjåk, Nordberg Kyrkje
Laurdag 24.05 Lote i Eid, Grendahuset


Britt Pernille Frøholm – fele og hardingfele 
Britt Pernille Frøholm frå Hornindal spelar fele og hardingfele. Ho er utdanna ved m.a. Ole Bull akademiet og har mastergrad i tradisjonskunst frå Raulandsakademiet. Frøholm har bakgrunn som folkemusikar med hovedfokus på folkemusikk frå Hornindal og Nordfjord, men har òg jobba med improvisert musikk og samtidsmusikk. I tillegg til å fungere som solist spelar ho fast i gruppene Frøholm/Tillung, Maar, Gruvar, North Pole Experience, Lucky Loop, Friensemblet og Boreas.

Irene Tillung – trekkspel 
Irene Tillung frå Voss spelar trekkspel og har klassisk musikkutdanning frå Noregs Musikkhøgskule. Etter avslutta utdanning har ho livnært seg som musikar innanfor fleire sjangrar, men hovudsakleg innan folkemusikk. I tillegg til å skrive og arrangere musikk er ho ettertrakta som samspelmusikar. Saman med trioen Tindra har ho gitt ut 4 plater, derav ei vart nominert til Spellemannsprisen. Ho har turnert både for Rikskonsertane og i eigen regi i ei rekkje land i Europa og Asia. Saman med Britt Pernille Frøholm (hardingfele/fele) har ho turnert mykje i Noreg og Skottland, og duoen Frøholm/Tillung og har òg ei kritikarrost plateutgjeving bak seg.

Ellen Brekken - bass
Ellen Brekken, bassist frå Tynset, har studert på jazzlinja ved Norges Musikkhøgskule. Brekken spelar el-bass og tuba i tillegg til kontrabass, og brukar mykje improvisasjon i dei ulike stilartane ho er innom. Ho blei Spellemannsnominert i klassen rock for albumet «All of them Witches» med Hedvig Mollestad trio i 2013. Brekken har jobba mykje med Rikskonsertane samt som teatermusikar. Ho skriv òg eigne låtar til ensemblet Gruvar, som byggjer bru mellom jazz og folkemusikk.