Marit Karlberg (vokal og langeleik) og Anders Erik Røine (vokal, gitar og munnharpe) utgjer Sudan Dudan, eit samarbeid dei starta i 2003. Med utgangspunkt i slåttemusikk, har dei tøygd rammene for norsk folkemusikk. Dei platedebuterte i 2006 og i 2010 kom oppfølgjaren "Kari og Ola". 4. oktober 2013 kjem den tredje CD deira, ”Inntil i dag”, produsert av Odd Nordstoga. Sudan Dudan frå Valdres set nye standardar for bruk av song og strengeinstrument, samt arrangement som minner om musikk langt utanfor nordiske tradisjonar. Ein kan høyre spor av amerikansk fjellmusikk og afrikansk ørkenblues i den rammesprengande innstillinga deira til musikk. Etter ei rekke konsertar på norske småscener, har konsertrykte deira vakse seg større og sterkare. Den melankolske musikk når eit stadig større publikum, også på scener som Rockefeller, Vinjerock og Øyafestivalen.
Sudan Dudan har gjeve ut to kritikarroste CD-ar, Sudan Dudan (ta:lik 2006) og Kari & Ola (ta:lik 2010). Duoen fekk Norsk Kulturråd sin ensemblestøtte i 2006 og 2007 og har hatt ein rekke konsert- og festivaloppdrag i inn og utland. Dei utforskar det enkle duoformatet og moglege samspelformer i den solistiske norske folkemusikktradisjonen. Sudan Dudan brukar samspel, vokal- og instrumental-teknikkar av nyare dato saman med eldre stiltrekk og tonalitet. Musikk frå andre kulturar og genrar er også ein inspirasjon. I 2012/13 har duoen også arbeidt i større samspelkonstellasjonar, i samband med innspeling av CDen "Norge, mitt Norge..", CDen "Inntil i dag" (ta:lik oktober 2013) og bestillingsverket Kristine Valdresdatter. (Anders E. Røine/Jørn Hilme-stemnet 2013).
Sudan Dudan tek utgangspunkt i gamalt slåttemateriale og vokal songtradisjon, hovudsakleg frå Valdres. Materialet blir ofte brukt i ein slags resirkuleringsprosess, der musikarane finn bitar av gamalt som dei syr saman til nytt. Dei seinare åra har ensemblet i aukande grad brukt sitt særeigne tradisjonsuttrykk til å komponere ny musikk og skrive nye tekster. Anders Erik Røine og Marit Karlberg har svært god tradisjonskunnskap innanfor vokal og instrumental folkemusikktradisjon. Kombinert med originalitet, sterk formidlingsvilje og god innsikt i andre genrar, gjer dette at Sudan Dudan har gode føresetnader for å nå stadig nytt musikkinteressert publikum.
”Her får du norske skjemteballader, ridderviser og bånsuller pakket inn i vindskeiv amerikansk old time. Duoen leverer vakre og uendelige triste tradisjonsperler fra fjelltrakter fjernt og nært, anført av langeleik, gitar og vokal”. Havresekken booking.
”Møtet mellom Marit Karlberg og Anders Røine sine stemmer er lågmælt, gripande og sterkt. Førebu deg til eit uforgløymeleg møte med forferdeleg triste songar, tapt kjærleik og bitre tårer. Inspirert av amerikansk old time music og den norske folkemusikken, formidlar duoen tidlause, grovkorna og pasjonerte tolkingar av skillingsviser, ballader, slåttestev og bånsullar frå Valdrestradisjonen”. Synnøve Bjørset, Førde folkemusikkfestival
”Det er noe med den rene klangen i strengene, og skjørheten i vokalen som virker dempende på det lyriske alvoret. Her er tapt kjærlighet og bitre tårer i rikt monn, men også rom for skjemt ispedd dramatikk, allikevel fremkaller "Sudan Dudan" alt annet enn dyster avmakt. For det hele er gjennomsyret av en musikalsk skjønnhet som virker beroligende på sinnet. " Aftenposten
”Så här har norsk folksång och musik aldrig låtit förut, det behöver man inte vara norrman för att kunna lova. När Marit Karlberg sjunger norska folkvisor och Anders E. Røine kompar på akustisk gitarr och/eller banjo tror man verkligen att countrymusiken måste ha fötts i Norge och kommit till Amerika med norska utvandrare. När sen Anders lägger sej bakom Marit som en extra röst eller när de duettsjunger med hennes ljusare kontra hans grövre röst – då tänker jag på Gillian Welch och David Rawlins. Det här är countrysång och musik – fast från Valdres i norska Appalacherna. Bengt Erikson, Rootsy
”Two well-respected young musicians from Norway, Marit Karlberg and Anders E. Røine present their voices surrounded by the stark plucked and bowed sounds of guitars and langeleik (Norwegian zither), focusing on strong melodies that are traditional, yet brand new. The sound is almost placeless and timeless, with a bit of the mournfulness of an Appalachian ballads that will appeal to listeners from around the world”. Roots