TA284 Brimi og Haug; ...og Ola han var stjerna.
…og Ola han var stjerna! er ei heilt fersk utgjeving med både tekst og musikk: Det er ei bok om den legendariske storspelmannen Ola Opheim frå Vågå, ilag med tolkingar av slåttar etter same spelmann.
Trioen Even Lusæter, Aslak Brimi og Hallgrim Haug gjev med denne boka eit raust og humoristisk møte med felespelaren, verksmeisteren og familiemannen Opheim (1920-2003). Dei presenterer samstundes nyinnspelingar av slåttar i tradisjonen etter storspelmannen – både i solo- og duoformat.
Det er ikkje mange felespelarar frå Gudbrandsdalen som har nådd vidare og breiare med slåttemusikken og gammaldansen enn Ola Opheim frå Vågå. Han spelte land og strand rundt på dansefestar med både Oddvar Nygaards kvartett og Bjarne Liens kvartett. Han var også ein aktiv kappleikspelmann og engasjert lagspelar. I tillegg gjorde han eit omfattande arbeid som innsamlar, og komponerte fleire slåttar som framleis er i bruk.
For mange var han han likevel spelmannsstjerna med stor S – med sitt kveke vesen, si friske og eggjande dansetakt, og eit særleg personleg preg på slåttane. Få andre kunne skape liv i dansen og på festen som Ola Opheim.
Det er ikkje tidlegare utgjeve bok om spelmannslegenda. Even Lusæter har lagt ned eit omfattande arbeid med å intervjue folk som stod Opheim nær. Dei skildrar episodar, opplevingar og samvær med Ola Opheim, og på denne måten får vi eit varmt og humørfylt møte med den fargerike og karakteristiske felespelaren frå Vågå.
Eit album med nyinnspelingar følgjer med.
Ein gammel ein a´farses. Felespill vest på Agder.
TA252 Ånon Egeland. (Notehefte / 2CD)
Kjem 5. april!
Med boka Ein gammel ein a´ farses, Felespill vest på Agder har vi fokus på instrumentaltradisjonene på fele og hardingfele i Vest-Agder. Feletradisjonene i den vestlige delen av Agder, tidligere Vest-Agder fylke, er for mange lite kjent. De er også lite dokumentert i skriftlige kilder. Tradisjonene har levd en ganske anonym tilværelse, og det virker som om de av ulike grunner har gått under radaren i de miljøene som er opptatt av folkemusikk. Ikke minst derfor er dette materialet svært spennende og interessant.
Heldigvis ligger det opptak i ulike folkemusikkarkiv. Av disse er Agder folkemusikkarkiv det viktigste, arkivet som er 25 år i 2023. Og heldigvis finnes det også noen ildsjeler som i årevis har ivaretatt kunnskap og formidlet den videre til andre. Ingen har arbeidet så systematisk og grundig med å transkribere instrumentalmusikk fra vest på Agder som Ånon Egeland. Ånon er folkemusiker, musikkforsker og skribent og en utømmelig kilde for både slåttemateriale og vokalmusikk. Det er mange både i inn- og utland som har lært og latt seg inspirere av han.
Med utgivelsen Ein gammel ein a´ farses, Felespill vest på Agder blir kulturskatten enda mer tilgjengelig. Og forhåpentligvis fører det til at våre rike og særegne tradisjoner blir tatt mer i bruk – tradisjoner som også i vår tid kan gi inspirasjon og opplevelser for både utøvere og publikum.
Utgivelsen inneholder både notetranskripsjoner, bred omtale av utøverne og arkivopptak. På den måten kan transkripsjonene leses i lys av opptak og levende framføringspraksis, og vi får et mer fullstendig og nyansert bilde.
Utgjevinga skjer i samarbeid med Agder fylkeskommune.
Songs From the Book of Qohelet
TA248 Jo Hegle Sjøflot (BOK og CD)
For første gang i norsk sammenheng gis det ut et album hvor alle tekstene er hentet fra den hebraiske originalteksten til Forkynneren (hebr. Qohelet), kanskje Det gamle testamentets mest gåtefulle bok. «Alt er tomhet og jag etter vind!» roper denne ensomme stemmen ut, som en fremmed fugl blant Bibelens bøker.
Sjøflot har skrevet musikk til Qohelets hebraiske tekster og synger selv på hebraisk.
https://www.platekompaniet.no/bok/jo-hegle-sjoflot-songs-from-the-book-of-qohelet-inkl-cd-bok-bok
Or Setesdal
TA244 Kim Rysstad (Bok/CD)
Kim Rysstad er både kjend TV-stjerne og tradisjonell kvedar. Han har i ei årrekke arbeidd med å halde den særeigne tradisjonen i hevd gjenom konsertar, utgjevingar og kursverksemd. i boka/cd-albumet Or Setesdal har Kim samla vakre songar frå Setesdal.
Etterkvart som arbeidet med tekstene til denne utgjevinga gjekk framover baud sjansen seg til å skrive litt meir enn berre songtekstene. Slik har «Or Setesdal» blitt til ei lita bok der du både kan lytte til, og bli kjend med vokaltradisjonane frå denne løyndomsfulle dalen. Samstundes kan du late augo kvile på unike bilete frå ulike stadar i Setesdal, der den musikken har blitt ført vidare frå generasjon til generasjon gjenom hundrevis av år.
https://www.platekompaniet.no/musikk/cd/folkemusikk/kim-rysstad-or-setesdal-cd-bok
Fel-Jakup
TA232 Diverse artistar (Bok og CD)
I 2021 er 200 år sidan Fel - Jakup vart født. Dette vert feira gjennom året, og fyrst kjem nå ei praktbok om den navngjetne spelmannen frå øvst i Gudbrandsdalen.
Det er Lom spel - og dansarlag og Skjåk spel - og dansarlag ilag med ta:lik som står bak utgjevinga. Ivar Teigum og Rolv Brimi skriv i kvar sine tekster om den myteomsuste Fel - Jakup; om spelmannslivet i den samtida han levde i, og om musikken og musikkarven etter han. Boka er rikt illustrert med bilete, dikt og notar. Med boka følgjer CDen Fel - Jakup 2021 med nyinnspelingar av Fel - Jakupslåttar. Her medverkar Lom spelmannslag og andre dyktige spelmenn - og kvinner, både frå Ottadalen og frå tradisjonsområder der vi veit Fel - Jakup fór med fela si.
(UTSELD)
Huldra Hildur
TA227BOK/CD Aslak Brimi og Mari Midtli
Musikk og magi på setra med Huldra Hildur. Aslak Brimi er ein musikar som liker å utforske nye formidlingsvegar. Nå i oktober er han klar for lansering av eit heilt nytt prosjekt som bruker fleire kulturflater: Den varme og sjarmerande forteljinga om huldra Hildur, både som bok, lydbok og barneplate.
Dette er eit originalt prosjekt der han - etter den kritikarroste utgjevinga «Bergtatt» frå 2019 - igjen samarbeider med songaren Mari Midtli. Prisvinnande Brimi og Midtli er begge kjente for si engasjerte og trygge formidling av folkemusikk og -song. I dette nye og spennande prosjektet syng og spelar dei for barn og unge, og formidler glede over fjellet og seterkultur.
https://www.platekompaniet.no/bok/barn-og-ungdom/skjonnlitteratur-for-barn-og-ungdom-og-sanne-historier/tradisjonelle-historier/aslak-brimi-og-mari-midtli-huldra-hildur-musikk-og-magi-pa-setra-inkl-cd-bok
Men så kom Hauk Buen...
TA226 Hauk Buen (Bok og 2CD)
Her er den livfulle soga om Hauk Buen, hardingfelemeisteren frå Jondalen, som har vore til konstant inspirasjon for andre spelemenn og ein stor skare entusiastar i mange tiår.
Hallgrim Berg samarbeidde nært med Hauk Buen i femti år, og fortel levande frå intense kappleikar, konsertar og turnear her heime, i Europa og USA. Forfattaren tek for seg status og skiftande vilkår for folkemusikken, og korleis opplæring og formidling av tradisjonane har utvikla seg i vårt moderne mediesamfunn.
Hauk Buen (1933-2021) bar med seg av fleire hundreårs kunnskap. Med eit heilt feledynasti Buen og nye talent på tradisjonsvogna i Telemark vil ikkje namna Fykerud og Løndal tærast bort. Med age har Hauk Buen vore med og ført det klassiske slåttespelet vidare. Han har tilført og sett sitt personlege stempel på det. På same viset som han har hatt inspirasjon frå dei fremste kjeldene, vil han sjølv i lange tider vera ein utøvar som yngre spelemenn i inn- og utland kan strekkje seg etter.
Biografien er på 224 sider og er rikt illustrert. Det følgjer med 61 av slåttane frå Hauk Buen sitt store repertoar av opptak i NRK. Slåttane er plukka ut og omtala av Per Anders Buen Garnås.
https://www.platekompaniet.no/musikk/cd/norsk-musikk/hallgrim-berg-men-sa-kom-hauk-buen-cd-bok
Ein skyttel full av song
TA217 Spring du fela (Bok og CD)
Mari Skeie Ljones har samla informasjon om folkemusikarar og dansarar som har fascinert ho, og som ho vil fortelje om. Nokre høyrde ho om for fyrste gong som lita jente, andre har ho møtt på som vaksen gjennom ei bygdebok.
Poetane Sigrid Sørumgård Botheim, Anna Kleiva, Ruth Lillegraven, Torbjørn Ljones, Hilde Myklebust og Gaute M. Sortland har lese forteljingar, sett videoar og høyrt musikken etter dei tretten personlegdomane. Forfattarane har fått dikte som dei vil, men med stor inspirasjon frå sanninga. Camilla Granlien og Mari har laga musikk til dikta, og i lag med Olav Christer Rossebø og Jo Fougner Skaansar har dei arrangert låtane til denne utgjevinga.
https://www.platekompaniet.no/bok/kunst/musikk/stiler-og-sjangre/tradisjonell-musikk-og-folkemusikk/mari-skeie-ljones-spring-du-fela-ein-skyttel-full-av-song-inkl-cd-bok
Soga om spelemannen Ola G Okshovd
TA214 BOK/2CD Ola G. Okshovd
Spelemannen Ola G. Okshovd (1872–1960) vaks opp i eit rikt spelemannsmiljø i Øystre Slidre på slutten av 1800-talet. I hans levetid gjekk heile samfunnet gjennom store omveltingar, noko som førte til at den gamle folkekulturen kom under press. Samtidig opna det seg nye moglegheiter både teknologisk, sosialt og økonomisk.
Med Okshovd som midtpunkt får du eit innblikk i liva til heilt vanlege folk gjennom både skjemt og alvor. Boka fortel korleis jernbanen, avisene, grammofonen, bilen, radioen, elektrisiteten og velferdsstaten gjorde seg gjeldande i denne perioden, og kva for plass kappleikar, konsertar, dansefestar og spelferder hadde i Ola Okshovds samtid. Attåt boka følgjer det med to cd-ar opptak frå nrk der Okshovd spelar hardingfele.
Produksjonen er dermed lagd til rette for ulike typar lesarar og lyttarar. Bokslukaren kan pløye gjennom 300 sider. Bokbladaren kan finne nærmare 200 illustrasjonar. Sogeforteljaren kan tileigne seg nokre titals «rispo». Nerden kan finstudere 400 fotnotar. Musikklyttaren kan nyte alderdomleg felespel frå Valdres.
Kjellbjørn karsrud (f. 1986) er oppvaksen på Leira i Valdres og spelar hardingfele blant anna i tradisjon etter Ola Okshovd. Han er lektor på Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule og bur i Lom.
https://www.platekompaniet.no/bok/kunst/musikk/stiler-og-sjangre/tradisjonell-musikk-og-folkemusikk/soga-om-spelemannen-ola-gokshovd-2cd-bok
Bjarne Herrefoss
TA200 Bjarne Herrefoss (BOK og 2CD)
ta:lik er særs stolte av å kunne presentere denne flotte bok og cd-utgjevinga med sjølvaste Bjarne Herrefoss! Teksten i boka er av Stein Versto, Per Anders Buen Garnås og Leiv Solberg. Den eine cd-en er kappleiksopptak gjennom mange år, den andre er dei legendariske Store studio-opptaka frå 1990.
Hardingfelespelemannen Bjarne Herrefoss (1931–2002) frå Telemark sette solide spor etter seg, både som menneske og spelemann. Han var av dei fremste spelemennene i Norge i siste halvdel av 1900-talet.
https://www.platekompaniet.no/musikk/cd/folkemusikk/bjarne-herrefoss-bjarne-herrefoss-cd-bok
Nordhordlandslåttar III
TA170 Silje Solberg (BOK og 2CD)
Nordhordlandsslåttar III er den tredje utgjevinga med slåttar frå Nordhordland som er oppskrivne på notar i Arne Bjørndals samling. Denne gongen er det slåttar etter spelemenn på Osterøy som blir presentert. Mange av slåttane finst kun i form av desse noteoppskriftene, og dei er ei unik kjelde til slåttar etter spelemenn som Nils Rekve, Isak Rokne og Martinus Gjelsvik – som alle hadde læregutar på Osterøy
Dette er ei utgiving med heile 52 bygdedansslåttar, spelt inn av hardingfelespelar Silje Solberg, som òg har skrive bok om spelemennene som spelte dei. Silje er sjølv frå Osterøy, og har vore aktiv i folkemusikkmiljøet der heile livet. Ho har lært spel av mellom andre Håkon Høgemo, Øivind Vabø, Jon Jelmert, Einar Mjølsnes og Vegar Vårdal, og har ein bachelorgrad i utøvande tradisjonsmusikk frå Ole Bull Akademiet.
Nå skal eg sulle
TA158 Mari Midtli m.fl
Ein songbok og cd med små songstubbar frå Lom. Samla av Rolv Brimi og framført av Mari Midtli, Mads Erik Odde, Rolv Brimi m.fl
I 1973 skreiv Rolv Brimi ei oppgåve ved Lærarhøgskulen i Bergen om bånsullar og småviser. I fjor vart musikkoppgåva teke fram att, og ideen kom om å gje ut ei bok med bånsullar og småsongar. Resultatet har du i handa. NRK og Norsk folkemusikksamling (NFS) gav ut opptak med Rønnaug Vangen og Klara Kjørren. Både Hans W. Brimi, og Rolv gjorde opptak med Rønnaug Biløygard, samt at Rolv gjorde opptak med Marit Tykket. Rolv fekk etterkvart også tak i opptak med Kari Horten og Hans Klepp. Oddbjørg Blakar er kjelda for rim og regler.
(Utseld)
Dyr og rare kjerringer
TA154 Camilla Granlien med band
Camilla Granlien har spilt inn barnesongare frå Gudbrandsdalen og fått Åsne Flyen til å illustrere eit arbeidshefte for ungar! Artig kombinasjon som bør treffe ungar og vaksne over heile landet!
Camilla Granlien har med seg Anders E. Røine og Jo Fougner Skaansar på denne plata.
(Utseld)
Slåttar etter Anders Bonde
TA147 Knut Hamre (BOK og CD)
Den gløymde spelemannen, Anders Bonde! Spelemannen Anders Bonde (1850–1936) var frå Vang i Valdres, men budde store delar av sitt vaksne liv i Strandebarm i Hardanger. Slåttane etter Anders Bonde har vore en gøymd skatt.
I 1980-åra vitja Knut Hamre spelemannen Lars Trones frå Nordheimsund. Her fekk Knut lære slåttar som var i tradisjon etter Anders Bonde. Desse var det ingen andre som kunna og som Knut no har spela inn. Samen med 17 slåttar følgjer ei 56 sider bok med soga om Anders Bonde og om slåttane hans ført i pennen av John Ole Morken, saman med historiske bilete.
Knut Hamre frå Granvin i Hardanger er av våre fremste utøvarar på hardingfele. Han har ei rekkje innspelingar bak seg og har spelt ei mengd konsertar i inn- og utland. Knut er også ein ettertrakta pedagog. Han har fått ei mengd prisar og vart i 2017 utnevnt til kommandør av St. Olavs Orden for sin framifrå innsats for norsk folkemusikk.
«Bonden spelte og far min sat på kneet til besten sin som trampa takten. Bonden spelte «så mjukt og fint», seier far min. Eg er sikker på at det er av hans beste barndomsminne.» / Jon Fosse
https://www.platekompaniet.no/bok/kunst/musikk/musikkinstrumenter/strengeinstrumenter/fiolin/knut-hamre-slattar-etter-anders-bonde-bokcd-bok
Spring du fela
TA137 Mari Skeie Ljones
Spring du fela er eit prosjekt i regi av felespelaren Mari Skeie Ljones, der gamle spelemannshistorier får nytt liv gjennom nyskrivne tekstar av samtidspoetar.
Mari Skeie Ljones har servert diktarane historier om folkemusikarar og dansarar frå Gudbrandsdalen, og har fått tilbake dramatiske, triste og glade tekstar frå poetane Cornelius Jakhelln, Gaute Sortland, Mette Karlsvik, Anna Kleiva, Sigrid S. Botheim og Torbjørn Ljones. Den nye poesien har Mari Skeie Ljones, Camilla Granlien og Gaute M. Sortland komponert musikk til - og resultatet har blitt tretten songar og ei bok.
«Lyrikk, folkemusikk og spelemannshistorier. Eg ville kombinere tre av interessene mine, og vidareføre tradisjonen med å lage songar basert på forteljingar frå spelmannssoga.» skriv Mari i innleiinga i Spring du fela.
https://www.platekompaniet.no/musikk/cd/folkemusikk/mari-skeie-ljones-spring-du-fela-folkemusikkpoesi-m-bok-cd
Sull
TA120 Agnes Buen Garnås
Ei fantastisk samling av barnesongar frå Telemark, presentert med tekstar og illustrasjonar i ein dobbel cd. Inkludert er også ein flott film som viser Agnes som underviser ungar i song. Agnes Buen Garnås blir rekna som landets fremste folkesongar, og fekk Norsk kulturråds ærespris i 2005.
... Sull kan vera det ein kved, med eller utan ord. Det kan òg vera ei nemning på personen ein kved for, gjerne eit lite born. Ein som kved/syng mykje, kan kallast ein sullar. Men det kan òg vera nytta om ein som tar livet litt for lettvint (slik slettes ikkje mange kvedarar gjer). Sull kan riktig nok ha noko av det uhøgtidlege, improvisatoriske i seg. Slik ein kved/syng for nokon ein er trygg på, kan hende til dei som medverkar. Barn er dei beste medverkarar. Slik har vel truleg alle bånsullar oppstått. Verdas vakraste kjærleiksongar, seier Sondre Bratland, som veit kva han snakkar om.
I om lag ti år laga eg program for barn mellom 0–3 år. Program som innehadde mange uttrykksformer. Bildande kunst, forteljing, dans, song og musikk. Og det er sullar og songar frå desse programma eg i stor grad har med her på «Sull». Desse prosjekta har eg skrive meir om på www.agnesbuen.no.
https://www.platekompaniet.no/musikk/cd/folkemusikk/agnes-buen-garnas-sull-cd