Gudbrandsdølenes har medlemmar frå heile dalføret, og arbeider med å finne essensen i gudbrandsdalsmusikken i ein heilskap; å bruke dei lokale finessene frå dei ulike lokale tradisjonsområda, men og å finne sitt eige uttrykk som lag. Ved å ta utgangspunkt i den solistiske tradisjonen eksperimenterer laget med nyansar i samspelet, som ornamentikk, eldre tonalitet og strøkvariasjonar.
Å behalde det dansbare og dei rytmiske særtrekka i eit genuint uttrykk, å finne balansa mellom det arrangerte, innøvde og det spontane og leikne. Gudbrandsdølenes Spelmannslag vart skipa i Oslo på slutten 60-talet av utflytta gudbrandsdøler for å utøve og utvikle musikken frå heimtraktene. Det var da, som nå, eit leiande lag på kappleik, og aktivt i spel- og dansarmiljøet i Oslo.
Dagens versjon av laget blomstra opp av gudbrandsdøler i byen frå 2008 og utover, og er i dag eit av dei leiiande spelmannslaga i landet. Laget har vunne Landskappleiken fem år på rad frå 2010 til 2014, og leiast av fleirgongs kappleikmeister frå Lom, spelmannen Aslak Brimi. Albumet OSLO dokumenterer både ny og gammel gudbrandsdalsmusikk.
Like viktig er det å dokumentere eit lag som har vore sentralt i å vidaraføre og utvikle lagspelet betydeleg dei siste åra, og som har teke lagspelet opp til eit særs høgt nivå. Kontaktperson: Aslak Brimi: 909 69 383 / aslakbrimi@gmail.com
Med i gruppa: Sigrid G. Listuen / Kari Marte Haugstad / Hallgrim Ulvik Haug / Johannes Selvaag / Ingeborg U. Sommer / Sigrid Stubsveen / Bjørn Kåre Odde / Elise WC. Hildrum / Olaug Furusæter / Mari S. Ljones / Helene Høye / Nina Fjeldet / Trude Hagaseth / Sigrun Berstad / Laura Ellestad / Eivind Kjorstad / Aslak Brimi Innspeling, miksing og mastering: Fridtjof A. Lindeman
Foto: Johannes Selvaag
Grafisk design: Heidrun Laugsand
ISCR: NOBGR1506010
www.talik.no / info@talik.no
plays the rich folk music tradition...
Gudbrandsdølenes spelmannslag plays the rich folk music tradition from the Gudbrandsdalen valley. In the 1960s and ’70s, fiddlers who had moved from Gudbrandsdalen to Oslo got together to play. Three decades later, a new generation of fiddlers picked up the thread. Our group’s active fiddlers have roots in various areas in Gudbrandsdalen and have come together based on a common interest in traditional fiddle music. With master fiddler Aslak Brimi in the lead, the group aims to refine traditional lagspel (ensemble playing), and since 2008 we have had the honour of winning the class for lagspel at Landskappleiken, Norway’s annual national folk music competition, five years in a row!