Brødre i tradisjonsmusikken
Brørne Einar Olav (f. 1979) og Gjermund Larsen (f. 1981) kjem frå Verdalen, og er begge ”oppflaska” med tradisjonsmusikk – eller som faren deira, folkemusikaren Geir Egil Larsen (f. 44) gjerne seier – ”dei er miljøskadd”.
Einar Olav starta med fiol’n som seksåring og som sjuåring hadde han Trønderbrura på repertoaret, mens Gjermund alt på seksårsdagen spela Blind-Ola for gjestene. Allereie våren 1988 var dei med i Steinar Ofsdals barneTV-program Atte Katte Noa, og i 1991 var dei på sin første turné for Rikskonsertane i lag med foreldra og søstera, Ingebjørg (f. 1982).
Etter musikkskole heime i Verdalen hamna dei begge på musikklina ved Inderøy v.g. skole. Vidare har dei toårig utdanning frå Spelemannsskulen ved Ole Bull Akademiet, og har fått med seg ei årseining i musikk frå Høgskolen i Nord-Trøndelag. Gjermund studerer på tredje året ved Musikkhøgskolen i Oslo, mens Einar Olav, med base i Verdalen, livbergar seg som freelance folkemusikar.
I barneåra var dei stadig vekk med far sin på besøk hos eldre spellmenn, m.a. vart det mange turar heim til Hilmar Alexandersen (1903-1993). Desse besøka gav varige minne. Begge to har Hilmar Alexandersen som sitt store forbilde, og er utan samanlikning dei som har tileigna seg mest av spellestilen og repertoaret til Hilmar.
I tillegg til Hilmar sitt spell, fekk dei oppleve den mindre kjente slåttspelltadisjonen heime i Verdalen – ein sterk og særmerkt spellestil, med eit uvanleg rytmisk dansespell. Repertoaret er også teknisk svært krevjande med mykje posisjonsspell.
Denne cd-en inneheld i hovudsak eldre slåttar i Verdals-tradisjon og ein heil del melodiar etter Hilmar Alexandersen, og representerer slik utgangspunkt og basis for både Einar Olav og Gjermund. Fleire av slåttane har aldri tidlegare vori presentert på plate.
Arrangementa har alle vaksi fram gjennom samspell oppgjennom åra. Ikkje ein note av dette er skrivi ned, og framføringane og 2.-stemmene varierer gjerne frå gong til gong.
Oppgjennom åra vart det meir og meir spelling. Einar Olav vart, før han var konfirmert, med P.A. Røstad sen. på dansespelling, og Gjermund fekk tidleg ein periode som dansespelmann i Bakkans orkester. I ”tjukke slekta” vart det spelling i lag med onklar og søskenborn.
Einar Olav og Gjermund har no musikk av alle sjangrar på repertoaret, men lokal tradisjonsmusikk er heile tida basis for det musikalske uttrykket. Dei spelar begge to i finsk-norske FRIGG, og Gjermund er med i Majorstuen, siste års vinnar av Spellemannsprisen i klassa for folkemusikk/gammaldans. Einar Olav spelar fast iP.A.Røstad jrs orkester og har der vunni både Kappspell og TITANO.
Saman har dei vunni gruppespell, vanleg fele på Landskappleiken tre år på rad, og i 2002 vann Gjermund solo fele på Landskappleiken som yngstemann gjennom tidene.
Saman og kvar for seg har dei vunni både prisar, stipend og utmerkingar, som t.d.
TA-prisen 2003, Skogsby-Lasses Hädersomnämnande, Asmund Bjørkens gammel- danspris, Øivind Berghs minnepris (Gjermund i 2004) og i oktober 2004 delte dei Osa-prisen.
Einar Olav & Gjermund - brothers and fiddlers
The brothers Einar Olav (b. 1979) and Gjermund Larsen (b. 1981) come from Verdalen and were both spoon fed with traditional music, or as their father, the folk musician Geir Egil Larsen (b. 1944), likes to say, “they are environmentally damaged”. Einar Olav began playing violin as a six year old, and at seven the tune “Trønderbrura” was in his repertoire. Gjermund already on his sixth birthday played Blind-Ola tunes for the guests. As early as spring 1988 they appeared on Steinar Ofsdal’s children’s television program, “Atte Katte Noa,” and in 1991 they made their first tour for Rikskonsertane (national folk concerts) with their parents and sister, Ingebjørg (b. 1982). After music school at home in Verdalen they both ended up in the music program at Inderøy high school. They had further training in the two-year program at the folk musicians’ school at the Ole Bull Academy and a one-year program in music at the college in Nord-Trøndelag. Gjermund is in his third year at Musikkhøgskolen i Oslo, and Einar Olav, based in Verdalen, subsists as a freelance folk musician.
During their childhood years, along with their father they regularly visited older fiddlers. There were especially many visits to the home of Hilmar Alexandersen (1903–1993). These visits gave lasting memories. Both boys held Hilmar Alexandersen as their great ideal, and it is far and away these two who have best mastered Hilmar’s playing style and repertoire. In addition to learning Hilmar’s playing, they also were also exposed to the lesser-known tune tradition at home in Verdalen—a strong and distinctive playing style with an unusual rhythmic form of dance fiddling. The repertoire is also technically demanding with much position playing. This CD contains for the most part older tunes in Verdal tradition and a large number of tunes after Hilmar Alexandersen, and thus represents the starting point and basis for both Einar Olav’s and Gjermund’s fiddling. Several of the tunes have never been presented on earlier recordings. The arrangements have all been developed through ensemble playing over the years.
Not one note is written down, and the presentation and second voice (harmony) generally vary from one time to the next. Through the years there has been more and more playing. Before he was confirmed, Einar Olav played for dance with P.A. Røstad Sr., and Gjermund had an early period as a dance fiddler in Bakkan’s orchestra. They also played with uncles and cousins. Einar Olav and Gjermund now have a wide range of music in their repertoire, but their local traditional folk music is always the basis for their musical expression.
They both play in the Finnish-Norwegian group FRIGG, and Gjermund is a member of Majorstuen, last years winner of the Spellemannspris in the class for folk music/old-time dance. Einar Olav plays regularly in P. A. Røstad Jr.’s orchestra, which has won Kappspell and Titano competitions. Together they have won in the category group playing, regular fiddle, at Landskappleiken (the national competition) three years in a row. In 2002 Gjermund was tops in solo fiddle at Landskappleiken, the youngest of any winner over the years. Together and individually they have won prizes, fellowships and honors, such as TA-prisen 2003, Skogsby-Lasses Hädersomnämnande, Asmund Bjørkens gammel- danspris and Øivind Berghs minnepris (Gjermund in 2004), and in October 2004 they shared the Osa prize.