Skogumbrørne
I Gudbrandsdalen har Lalm vore eitt av dei store sentra i folkemusikken, og mange ruvande spelemenn kjem frå her. Den eldste vi kjenner til av dei store, er Ola Sjugurdson Skaar (1773 – 1863), ofte kalla ”Gamel-Skårin”. Han var forpaktingspelemann og hadde difor eineretten på danselåting i sitt område mot å betale ei avgift. I tillegg låg han ute på grensevakt fyrst på 1800-talet og hadde med seg heim att musikk i form av marsjar og melovittar (menuettar). På sine eldre dagar vart han nærmast blind. Den mest særmerkte spelemannen var likevel Hansliguten (1806 – 1892), eller Ola Brurusten som rette namnet hans var.
I yngre år var han ein framifrå spelemann som fór rundt på danselåting i fleire delar av landet, og i slike høve kunne han visst bera seg åt som ein galning, skriv Ivar Kleiven. Men så kom han i lag med Vis-Knut og vart gudeleg. Han kom difor til å sjå på fela som syndig og la ho like godt under baksthella og brende ho opp! I over 20 år heldt han opp å låte. To spelemenn frå Lalm som ofte blir nemnde i samband med slåttar i dag, er Iva og Ola Braataa. Iva Braataa (1827 – 1916) hadde eit stort repertoar, særleg av gamle springleikar og turdansar. Elles skulle han vera sær og egen og var ikkje alltid like grei å lære av. Likevel fekk han tiltru til forskaren og innsamlaren dr. O. M. Sandvik (1875-1976) og vart hovudkjelda hans i verket ”Folkemusikk i Gudbrandsdalen” (1919). Per Brænden (1886 – 1963) lærde av Ivar att, og han er ei viktig kjelde for spelemenn i dag. Ola Bråtå (1844 – 1923) var ein særleg god dansespelemann, og han var bestefar til dei seinare Eide-spelemennene: Ola (1901 – 1983), Pål (1903 – 1967) og Petter (1911 – 1994). Berre nokre sentrale namn er nemnde, for det var mange fleire. Med så mange gode spelemenn gjennom mange generasjonar vart det naturlegvis mykje låting, og mange kom til å bli glade i felelæte. På Lalm har det vore og er mange gode dansarar og lydarar.
Familien i Runningen
Skogumsbrørne voks opp på gardsbruket Runningen, og dei hadde eit rikt folkmusikkmiljø både heime og rundt seg i grenda, eit miljø med røter langt attende. Foreldra Østen, i daglegtale kalla Estin, og Anna hadde til saman 13 barn, den eldste fødd i 1919 og den yngste i 1946. Østen spelte fele, og ikkje mindre enn sju av sønene vart spelemenn. I dag lever fem av desse. Østen (1893 – 1983) var frå Skogum i Heidal og lærde å låte av Ola Bjølstadlykkjun. Ola lærde mykje av Hans Slettmo (1825 – 1894), så her er det direkte musikklinje tilbake til meisterspelemannen i Heidal. Ei anna tradisjonslinje går attende til Iva Braataa. Han heldt mykje til i Bøneslia, som ligg mellom Heidal og Lalm, og var såleis ofte innom i Skogum. I yngre år let Østen til dans, mellom anna fortalde han at han og Ola Braataa sleit ut kvar sin feleboge på ei slik danselåting. Østen likte å spela og tok i fela jamt. Det var nesten eit fast rituale å ta fela ned frå veggen og låte nokre leikar når han kom heim att frå arbeid i kleberbrotet på Bårstad. Han hengde fela høgt på veggen og likte ikkje at gutane hadde brukt henne medan han var på arbeid. Da han derimot skjønte at dei hadde anlegg og lærde fort, vart han ivrig på at dei skulle låte. I tur og orden vart det mange spelemenn av sønene til Østen og Anna: Pål (1921 – 1990), Jakob (f. 1923), Anders (1933 – 1997), Øyvind (f 1936), Johan (f 1938), Arne (f 1940) og så den yngste, Einar (f 1946). Inga av dei fem døtrene let; ”far hengde fela så høgt på veggen at vi rokk ikkje ti ho”, fortel Astrid (Brenden). I nokre høve, særleg på eit par kappleikar, har alle brørne stilt familielag med samspel. Det er eineståande at heile sju brør spelar så bra saman. Dei som har drivi felespelet mest og lengst, er likevel Pål, Jakob, Øyvind og Arne, og alle desse fire er kjende som solospelemenn både frå kappleikar og radio- og fjernsynsprogram. Ved somme høve har desse fire spelt saman, mellom anna på fjernsynsprogram både i 1978 og 1988.
Pål og Jakob Skogum
Pål var ni og Jakob sju år da dei byrja å spela i hop på gardar der det var dansefestar. Det gjekk gjetord om dei musikalske gutane. Jakob fortel at han var så liten at han laut sitja oppe på eit bord for at dansarane skulle sjå han. Denne låtinga var visst ikkje vellikt av læraren på skulen. Jakob seier at han til og med ”sat att” som straff. Samspelet mellom dei to heldt òg fram etter dei vart vaksne. Ved sida av faren vart det fleire læremeistrar, særleg Ola og Pål Eide og Per Brænden. Eide-karane let mykje i hop til dans og brukte ofte sekundering, eller spelte ”uppå og nedpå”, altså grovt og grant med ein oktav imellom. Dette tok Skogumsbrørne etter. Den mest sentrale læremeisteren vart nok likevel Per Brænden, som altså hadde Iva Braataa som hovudkjelde. Per spelte mjukt og kjenslevàrt, og han kom til å bli eit ideal for Skogumsbrørne. Skilnaden i alder på brørne førte til at dei òg kom til å lære av einannan. Dei yngre brørne lærte av Pål og Jakob, i tillegg til at dei sjølvsagt lærte av faren, Østen.
Tradisjon og spelestil
Skogumsbrørne har ein sikker tradisjon og eit godt stoff å formidle. Mange av dei eldste slåttane i Ottadalen har dei på repertoaret. God tame har dei òg, dei er altså flinke med fingring og bogestrøk og formar slåttane med mange detaljar. Både i tonalitet og rytmikk har spelet deira alderdommelege trekk. Springleikane er som som oftast asymmetriske, altså dei tre taktslaga er ikkje like lange. Mange leikar har eldre folkemusikktonalitet, ein svevande tonalitet mellom dur og moll. I tillegg er dei teknisk flinke med mjuke bogedrag og høgt utvikla fingerteknikk, og dei meistrar ulike toneartar og posisjonsspel. Spelegleda og evna til å gje musikken dåm og farge etter stemning og situasjon er òg kjenneteikn. Likevel er det nok det vàre og lyriske mange forbitt mest med spelet deira. Naturleg nok er dei sentrale tradisjonsformidlarar og såleis kjelde for yngre spelemenn. Dette gjeld nok mest dei to eldste nålevande brørne, Jakob og Øyvind, som begge bur i Vågå. Pål var ein sentral spelemann i folkemusikkmiljøet i Oslo i mange år og vart ei viktig kjelde for spelemennene der. Skogumsbrørne, særleg Pål og Jakob, har òg spelt ein del annan dansemusikk, t. d. komposisjonar av Per Bolstad (1875 – 1967), Anders Sørensen (1821 – 1896) og Anders Viken (1898 – 1977), ved sida av litt klassisk musikk. Dette er heller uvanleg, da dei er sjølvlærde. Pål budde lenge i Begnadalen og lærde også leikar frå det området, t. d. av Lars Bertelrud i Hedalen. Elles spelte han ein del hardingfele. Når dei spelte til dans, kunne det iblant vera behov for meir moderne rytmar, og dei var heller ikkje i beit for å låte både tango, foxtrot og swing. Skogumsbrørne er både flinke og allsidige spelemenn og gledesspreiarar. Mange i bygda set pris på humøret deira med sans for gode og råkande replikkar.
Pål Skogum, f. 1921 var ein flink arbeidskar livet igjennom. Pål deltok på fyrste kappleiken sin på Otta i 1933, og var ofte å sjå på scena med det formsikre og gode spelet sitt. Han vart A-klassing etter landskappleiken på Kongsberg i 1957. Han reiste ut på ymse arbeid som 18-åring, og budde i fleire landsdelar, i Nord-Noreg, på Vestlandet og i Begnadalen, der han bygde seg hus og gifta seg med si Anne i 1947. Men frå 1964 og fram til 1987 var han vaktmeister, snikkar og spelemann i Oslo, og ikkje minst sentral i Gudbrandsdølenes spelemannslag saman med Reidar Skjelkvåle og andre dølaspelemenn. Dei dreiv det langt og var i fleire år eitt av dei fremste spelemannslaga i landet. I Oslo vart Pål sett høgt av fleire. Han ferdast både i og utanfor folkemusikkmiljøet med fela, i fengslet og på husbåtar i hamna, i Gudbrandsdalslaget og i Laget for folkemusikk. Repertoaret var stort, og dette fekk mange stor nytte av. Han vart ein sann ambassadør for folkemusikken i Gudbrandsdalen. Han leidde Osloungdommens spelemannslag i fem år, og hadde ein fast elev, Per Sæmund Bjørkum. Personleg var han ein uvanleg gladgut – full av kunnskap, historier og gode kommentarar, og ein meister i å fortelja. Han var liketil og uhøgtidleg, og kunne sjå attende på eit spelemannsliv på heile 60 år, da han brått døydde i 1990.
Jakob Skogum, f. 1923, har vore og er ein flittig arbeidsmaur. Med det same han var konfirmert, var det å ta til å arbeide, fyrst som underbudeie på Sygard Snerle, seinare på ymse gardsarbeid og skogsarbeid. Han og broren Pål dreiv saman på tømmerhogst i Begnadalen i to år frå 1947. Etter kvart vart det mest bygningsarbeid, og han sette opp hytter og hus fleire stader, t. d. i Røyken og på Nesodden. Til og med i Sverige har han vore på arbeid. I 1957 gifta han seg med Ragnhild Bråten, og saman har dei barna Anna og Odd Øystein. Dei overtok gardsbruket etter foreldra til Ragnhild, og Jakob vart da gardbrukar ved sida av bygningsarbeidet. Sjølv om han har vore pensjonist i mange år, har han stått på og arbeidd. Nå sist sommar har han og sonen tømra ei hytte. Jakob er særleg fingernem og likar å arbeide med hendene. Han skjer ut i tre og har elles laga fleire feler. Det gode handlaget høyrer ein òg tydeleg i spelet, for han er ein meister til å forme spelet med finger og boge. Ei tid var han ein særleg aktiv spelemann og dreiv mykje med dansespeling. Han er utan ei hovudkjelde for slåttemusikk i Ottadalen, og det er ei mengd opptak av han i ulike arkiv, både i NRK og ved universitetet i Oslo. I samkomer og på seminar har han vore nytta som spelemann. Elles spelte han ein del i hop med Ola Opheim, og desse to har òg spelt inn ei LP-plate saman. Fyrste kappleiken han deltok på, var på Otta i 1940, og han deltok på landskappleik så tidleg som i 1946 i Oslo. Sia har det vorte mange fleire.
Øyvind Skogum f. 1936 bur i Vågå og arbeidde i kleberindustrien på Bårstad i 21 år. Seinare har han drivi som bygningssnikkar og gardbrukar. Han er gift med Barbro Sveen frå Skjåk. Han har eit lognt og stillsleg vesen, noko som smittar over på spelet. Ikkje sjeldan spelar han til underhaldning, og han har elles vore lærar i musikkskulen.
Arne Skogum f. 1940 bur i Vågå og arbeider som bygningsnikkar. Tidlegare har han arbeidd både på Bårstad, som Øyvind, og elles som gardbrukar i Naustedalen i nokre år. Han er gift med Oddbjørg Standal frå Naustedalen. Arne har spelt ein del hardingfele. Ei tid spelte han ein del til dans, og det gode bogestrøket og temperamentet skapte stemning og liv.
Fiddle playing from Gudbrandsdalen
In the Gudbrandsdalen valley the local community Lalm has fostered a number of outstanding fiddlers, the oldest among them being Ola Sjugurdson Skaar (1773-1863). In his youth Gamel-Skårin (Old Man Skår) as he was later called, was a state musician, which meant that for a contract and a fee he had gained the sole right to play at dances within his district. In the early years of the 19. century he served as a soldier at the Swedish border, and on his return home he was able to enrich the local repertoire with some new marches and menuets. In his old age his eyesight weakened, leaving him almost blind. A spectacular figure in his day was Hansliguten (the Hansli Lad). His real name was Ola Brurusten (1806-1892).
In his younger days he travelled around the country playing at dances. But under the influence of Vis-Knut, a renowned evangelist, he became a devout Christian. Convinced that his fiddle was a tool of the Devil be it devoured by flames. For 20 years onwards he did not touch a musical instrument.
Two fiddlers from Lalm who are often mentioned today in connection with the local musical tradition, are Ola and Iva Bråtå. Iva Bråtå (1927-1916) had a large repertoire consisting of springleik pieces and other types of dance music. Being somehow a recluse, Iva was not easily approached by those who wanted to learn from him. An exception, however, was the academic O. M. Sandvik (1875-1976) to whom he became the main source in the doctoral work Folkemusikk I Gudbrandsdalen (1919). Per Brænden (1886-1963) was a local apprentice who won the trust of the old fiddler, and who has passed on the tradition to our generation of practitioners. More than anybody else Ola Bråtå (1844-1923) was popular with the dancers, and he was the grandfather of four fiddlers from the Eide farm: Ola (1901-83), Pål (1903-67), and Petter (1911-94). Only some of the most important names have been mentioned, the list could have been made longer. The large number of outstanding fiddlers fostered a widespread interest in music and dance.
On the Runningen farm
The Skogum brothers grew up on a Lalm farm called Runningen. At home and in the neighbourhood folk music flourished. The parents, Østen, locally known as Eistin, and Anna, had altogether 13 children. The eldest was born in 1919, the youngest in 1946. Østen played the fiddle, and no fewer than seven of his sons became practitioners. Five of them are still alive in 2005. Østen (1883-1983) came from the Skogum farm in neighbouring Heidal. His music instructor was Ola Bjølstadlykkjun, who had followed the older fiddler Hans Slettmo (1825-1894), the most outstanding musician in that valley. Another musical influence was the tradition from Iva Bråtå, who has already been mentioned. Staying parts of the year in Bøneslia, a summer abode halfway between Lalm and Heidal, Iva would sometimes pay visits to the Skogum farm. In his youth Østen often played at dances. It tells something about the atmosphere on such occasions that on one and the same night the hair of both Østen Skogum’s and Ola Bråtå’s bows were left in tatters. Østen loved his fiddle and always kept it fit and ready. Almost as a ritual he would take it from its peg on the wall and play a couple of pieces when he came home from work at the Bårstad talc mill. The fiddle had its place high up on the wall, he did not like the boys to touch it while he was away. But as soon as he realized that they had a talent and were quick learners, he became eager to spur them on. Seven of Anna and Østen’s sons became fiddlers: Pål (1921-90), Jakob (b. 1923), Anders (1933-97), Øyvind (b. 1936), Johan (b. 1938), Arne (b. 1940), and the youngest, Einar (b. 1946). On several occasions the seven brothers have given performances publicly as a group, and the musical level has been outstanding. Four of the brothers, Pål, Jakob, Øyvind, and Arne have gained personal renown as solo players in contests as well as in radio and television programmes. Pål and Jakob Skogum Pål was nine and Jakob was seven years old when they started to play together at dances around on the neighbouring farms. Word of their talent ran ahead of the lads. Jakob recalls he was so small that he had to sit on a table for the dancers to see him. This activity, however, was not well liked by the teacher, and Jakob remembers being punished by parole after school. As grown-ups the two brothers kept on playing together. Along with their father the Skogum brothers had other instructors in the Lalm community, above all Ola and Pål Eide, and Per Brænden. The Eide brothers often played at dances, and would frequently apply what was known as seconding, which meant that one played a parallel voice one octave above the other. This technique the Skogum brothers adopted. More important for his tradition from Iva Bråtå was Per Brænden. His soft and lyrical tone became a musical ideal for the Skogum brothers. Difference in age made the brothers become instructors to each other. The younger brothers learnt from Pål and Jakob, in addition to what they got from their father, Østen.
Tradition and style
The Skogum brothers represent a strong musical tradition, and many a good piece of music has been passed on through their activity. Deeprooted tradition present in rhythm and sound characterizes their careful performance. The springleik rhythm is asymmetrical. Technically this means that the three strokes between each pair of bars have different lengths. Many pieces are characterized by a tonality older than the more familiar major-minor pattern. A soft bow and a nimble finger technique are their trademark, often giving their music a tender and lyrical note. Along with the local tradition the brothers have also practised other types of dance music, notably pieces by composers such as Per Bolstad (1875-1967), Anders Sørensen (1821-96), and Anders Viken, and some classical music as well. Among practitioners with no formal training this is quite uncommon. For a long time Pål Skogum lived in Begnadalen in Valdres. He took up music from that district, and also tried out the harding fiddle. The Skogum brothers are popular and clever as dance musicians, and also a mirthful gang. Their sense of humour and striking verbal comments are widely appreciated in their community.
Pål Skogum
For a long time he stayed in Oslo working as a caretaker and carpenter. In the folk music band Gudbrandsdølenes spelemannslag he played together with Reidar Skjelkvåle and other fiddlers from Gudbrandsdalen. Frequently he could be seen with the fiddle on his way to playing jobs in a variety of settings, where different kinds of repertoire might be in demand. Without doubt his best and foremost pupil was the fiddler and violinist Per Sæmund Bjørkum. As a workman Jakob Skogum has been, and still is, untiring. Immediately after his confirmation at 14 he started work as a farmhand and a woodman. For two years from 1947 he worked in Begnadalen with his brother Pål, gradually turning to construction work in various parts of the country. In 1957 he married Ragnhild Bråten, and they took over the farm after her parents. Jakob carried on as farmer and construction worker. Jakob is a clever craftsman, and he likes to work with his hands. He practises wood carving, and he has built several fiddles. The connection between the craftsman and the fiddler is apparent in his musical performance. In his day Jacob’s music was often called for at dances, and in many other connections. At one time he produced an LP disc together with another fiddler from Vågå, Ola Opheim. At Otta in 1940 Jakob participated in a music contest for the first time. As early as in 1946 he tried his fortune in the Landskappleiken contest, in that year arranged in Oslo.
In his backlooking book Femti år med folkemusikk (Samlaget 1982) Rolf Myklebust writes: "For the Landskappleiken contest in 1946 a special class was eventually set up for the ordinary fiddle. The two Skogum brothers felt as outsiders in the company of harding fiddle practitioners, and as soon as they had received their second prizes, they took to their heels and left. Their play made an impression on me, it was lively and fervent, the springleik had a swinging rhythm. The melodies were brief and concise, it was music alive." Throughout the years 1952-78 Myklebust was the leader of the folk music department in the NRK, radio. From the beginning of the 1950s Pål and Jakob Skogum’s music was often taped and presented in the weekly radio programme Folkemusikkhalvtimen. Later the other brothers were called upon to contribute. The bulk of recordings we have had to choose among represents the contest repertoire of the Skogum brothers, pieces of springleik and halling, marches, concert pieces, the so-called lydarslått, and waltzes. We have aimed at presenting a cross section of the recorded music of the Skogum brothers. The selection is representative of the various types of thythm. form, tonality, and tune. By presenting the springleik Finn-Marte played both by Pål and Jakob in turn we have wished to demonstrate the individual temperament of the two players. also lives in Vågå where he has been a construction worker. Like Øyvind he has a past in the talc industry at Lalm, and for some years he was a farmer. Arne has also practised on the harding fiddle. lives in Vågå. For 21 years he worked in the talc mill at Bårstad. Later he has made a living from farming and construction work. For a while he was engaged as an instructor in the music school in Vågå. was a trusty workman all through his life. In 1933 he participated for the first time in a folk music contest at Otta. In 1957 at Kongsberg he secured his membership among the elite in the annual national contest Landskappleiken. At age 18 he left home to take up odd jobs in various parts of the country. In Begnadalen he settled with his Anne in 1947.