JENS AMUNDSEN (1921–1987),
Bø i Telemark
Bøherad i Telemark er eit av dei rikaste folkemusikk-distrikt i landet når det gjeld hardingfelespel. Mange spelmenn i desse bygdene frå langt tilbake i tida har tilført norsk folkmemusikk varande verdiar. Det kan nemnast spelemenn i Flatlandsætti: Hans Erikson Hellos f. 1782, vidare brørne Halvor og Hans Flatland. Halvor Flatland og Gregar O. Nordbø har tilsaman æra for utforminga av fleire av dei største Telemarkslåttane. Myllarguten fekk mykje å seia for slåttemusikken i Bøherad og i seinare tid har Torkjell Haugerud og Halvor og Gunnulf Borgen sett sitt stempel på folkemusikk-tradisjonen i Bøherad og dermed heile Telemark. Det må ikkje gløymast at Bøherad har vore eit senter for kunsten å byggje hardingfeler. Jens Amundsen tok tidleg til å spela, først lærde han av broren Alfred. Etter kvart høyrde han eldre spelemenn i bygda og henta litt her og litt der. Amundsen har interessert seg for å lære både dei vanlege store slåttane som er brukte i Bø, og å få tak i gamle, sjeldnare slåttar.
Men Jens Amundsen har og vitja Johannes Dahle i Tinn som villig har lært frå seg både gamle slåttar
og sine eigne komposisjonar. Jens Amundsen er ikkje av dei ivrigaste når det gjeld å delta på kappleik, men har likevel mange 1. premiar frå store kappleikar.

SLÅTTAR FRÅ TELEMARK
Jens Amundsen, hardingfele


01. Nordfjorden, springar. Prenta i Schart nr. 1. Skal koma i Norsk folkemusikk, Hardingfeleslåttar B. 8 nr. 522. Det fins 13 variantar frå dei fleste hardingfelebygder. Ein spesiell variant er Valdreskvelven med reindyrka 8-takt-periodikk som ein ekte flatfeleslått. I Telemark er formi på denne slåtten fullstendig sundsprengd til 1-takts og 2-takts periodar. Slåtten har her fått ei rik utforming. På dei tidlegare kappleikar i Telemark var Nordfjorden obligatorisk spelemannsprøve.
02. Gangar etter Olav Bakkene. Sjeldsynt. Kjem noko inn på Sordølen eit tak. Har ikkje kome med i nokor samling.
03. Springar etter Tollef Forberg. Prenta i Nfm. HFs. B. 4 nr. 250 som er variant etter Gunleik Smedal. Slåtten er svært lite kjend. Siste taket er 8-takts-periode. Dei hine er 2-takts.
04. Sandsdalen, gangar etter Leiv Sandsdalen. Prenta i Nfm. Hfs. B. 2 nr. 77. Visstnok ikkje kjend utanfor Telemark. Den prenta utgåva er etter Gunnulf Borgen. Slåtten var eit av hans glansnummer.
05. Tjugedalaren, springar etter Myllarguten. Kjem i Nfm. Hfs. B. 6 nr. 490. Det er 6 variantar. Til slåtten knyter det seg ei soge: Myllarguten hadde ord på seg for å vera vond få til å spela. Men når han først kom på gli, kunne han mest ikkje slutte. Det kom eit par framandkarar til Myllaren og ville ha han te spela. Nei sa Myllarguten, eg kan ikkje spela. Men karane hadde høyrt at berre han kom på gli, skulle dei nok få høyre spel. So baud dei han 20 dalar om han berre ville spela ein
slått. Jau, Myllarguten tok fela og spela denne eine slåtten og ikkje meir. Karane måtte gå med det. Men etterpå kom Myllarguten til grannegarden og då spela han so han ikkje fekk slutte.
06. Maris minne, gangar etter Lars Fykerud. Variant prenta i Nfm. Hfs. B. 3 nr. 161 s Geituften. Denne Fykerudformi er blanda saman med noko av Sveinsongangaren. Slåtten er variant av Perigarden (sjå under Odd Bakkeruds innspelingar).
07. Springar etter Halvor Flatland. Skal prentast i Nfm. Hfs. B. 8 nr 510 h. Av denne har vi 8 variantar, jamvel ein frå Ringerike. Slåtten heiter ogso Jenta ned med strondi. Denne Flatlandformi er bygd på 2
eldre slåttar. 
08. Hildalen, halling. Prenta i Nfm. Hfs. B. 3 nr 158 e. I alt 14 variantar. Er i Telemark elles kjend under namnet Bordkøyraren eller Bordstabelen (Sjå elles Nfm. Hfs. B 3 s. 238 og 158 b). 
Alle opptaka er gjort i NRK i 1970.


ODD BAKKERUD (1931–1989),
Nes i Hallingdal
Fekk si første spillelære hos onkelen Knut Bakkerud og sambygdingen Kristen Eidal. Vidare søkte han spel frå andre distrikt hos Kristian Øvrevollseie i Hol i Hallingdal og Truls Ørpen i Krødsherad. Ørpen hadde sjølv eit sers stort repertoar med slåttar frå alle hardingfeledistrikt i landet. Odd Bakkerud fekk læra mykje hos Ørpen, som og gjorde den unge spelemannen merksam på at slåttetradisjonane ikkje måtte blandast. Odd Bakkerud har delteke på over 100 kappleikar, fått ei mengd 1. premiar og vunne
Landskappleiken fleire gongar. Han spelar gjerne til folkedansframsyning og er mykje brukt som konserterande spelemann.

09. Sjåheimen, springar. Er under prenting i Norsk folkemusikk. Hardingfeleslåttar. B. 6 n. 463. Slåtten har namn etter Knut Sjåheim. Er vel mest kjend som Valdresslått. Veksling mellom 2- og 4-takts periodar. Tonalt interessant med naturskala-dåm på grannstrengene, men rein durskala på grovstrengene.
10. Perigarden, halling. Prenta i Nfm. Hfs. B. 3 nr. 161 m. Høyrer til ei stor variantgruppe på 20 stk. m. a. er Førnesbrunen med her. Slåtten må såleis ha høg alder. Som rimeleg kan vere ber han mange ulike namn som Geitufsen, Bøkårennan, Ljøsnohallingen, Roesverkjen m. fl. Namnet på hallingdalsformi skriv seg frå stordansaren Perigarden, ein kjempekar i Gol. I utgåva av hardingfeleslåttar B. 3 s. 244 finn vi denne soga. «Perigarden levde på same tid som Rotneims-Knut. Perigarden spente høgre enn Rotneims-Knut i eit jolegilde, og denne tolde ikkje dette, brukte kniv og skamskar Perigarden. For dette fekk Rotneims-Knut fengsel i mange år og kom ut att som ein helseknekt mann. Dei rekna denne slåtten jamngod med Rotneims-Knut-hallingen både i Hallingdal og andre stadar.» 
11. Springar etter Sortebergen. Prenta i Nfm. Hfs. B 4 nr. 192. Wilhelm Sorteberg hadde slåtten etter Gudbrand Skjellerud. Slåtten er reindyrka autlandsform med fast oppbygde 8-takts periodar. Her er i
alt 3 slike. 
12. Skåren, halling. Prenta i Nfm. Hfs. B 3 nr. 149 d. Er ogso kalla Asle-Knut. Namn etter Knut Skøro frå Hol f. 1822. I band 3 s. 288 finn vi desse opplysningar. «Bakkerud hadde lært slåtten av Kristian Øvrevollseie, Hol, og denne av Herleik Kvanneberg. Kvanberg var yngste son og flytte til fjellgarden Trettestølen som låg under dei høge Kvanneberga. Herleik tok namn etter desse fjella. Han hadde lært av Knut Skøro». Slåtten er elles merkeleg med skifting millom durters og nøytral ters opp frå grunntonen.
13. Gammal springar frå Nes. Prenta i B. 5 nr 408 e. Bakkerud har slåtten etter onkelen sin, Knut Bakkerud, Nes. Han att hadde slåtten etter Tor Grimsgard. Rein durskala.
14. Gammal reiselått. Utforma i Nes, Hallingdal. Ei vending sams med den kjende Bruremarsj frå Seljord, Telemark.
15. Sølvsmed-Morten, springar. Slåtten ber mange namn: Jenta i fjøllo (Sogn), Hatlebusken (Sogn), Semjeslåtten (Valdres) og Fuglen etter Ola Dekko (Hallingdal). Innregistert 8 variantar. Ukjent i Telemark, sovidt ein kan sjå.
16. Kubbestollåtten, halling. Slåtten har vendingar sams med andre slåttar. Første taket svarar til første taket i Møsstrandfenta. Og vending nr. 2 og 3 er frå Kongsbergfenta, begge Telemarkslåttar.
Denne slåtten er vel ikkje elles kjend utanom Hallingdal og Krødsherad.
17. Naustehaugen (Nauste-Lars), springar. Prenta i B. 5 nr. 436 a og b. Andre namn: Den som rullar etter golvet og Rotneims-mordaren. I B. 5 s. 293 er det fortalt: «Slåttenamnet skal kome av at ein brudgom som dansa etter denne slåtten, bøygde seg i hop og meir rulla etter golvet». Og «Rotneims-Knut og ein annan ville ha same gjenta. Den andre fekk ja, men i bryllaupet møtte Rotneims-Knut opp, dansa etter brureparet og stakk brudgomen ned medan spelemannen Knut Toen spela
denne slåtten». Slåtten er og kalla Hallibrekka i Hallingdal.
18. Gammal halling. Variant av B. 1 nr. 91 c. Slåtten er kalla Gamle-Hagen etter Anders Haga frå Voss,
men heiter elles Storebrøten. Formi i Hardingfele-slåttar er etter Ola Hagen, Ål som hadde han etter Ola Dekko, Torpo. Slåtten var mykje spela av Olav Moe, Valdres og Gunleik Smedal, Telemark.
19. Tjedbaln, springar. Namnet etter ein mann frå garden Kinneberg i Gol. Typisk for Hallingdal. Heile slåtten er samansett av 2-taktsvek med brigde-teknikk. Rein durskala.
20. Bråta-Per, halling. Variant av B. 1 nr. 117 d. Har vaiantar i mange bygder under ulike namn, soleis i
Telemark: Guro Heddelid. Hallingdalsformi har namn etter Per Perplassen i Ål. Sermerkt periode-bygnad, i det 1. taket er 4-takts-periode med ein takt konsekvent utvida til 9/8. Elles 2-taktsperiodar med små brigde i vendingane.
Alle opptaka er gjort i NRK i 1971.

 

Traditonal hardanger fiddle playing from Telemark and Hallingdal

JENS AMUNDSEN (1921–1987),
Bø, Telemark
The Hardanger fiddle tradition of Bøherad, Telemark ranks among the country’s finest. For centuries, fiddlers from this area have made lasting contributions to Norwegian traditional music. The Flatland family has contributed several key players, among them Hans Erikson Hellos (b. 1782) and the brothers Halvor and Hans Flatland. Between them, Halvor Flatland and Gregar O. Nordbø have fashioned a number of seminal Telemark tunes. Myllarguten was a major influence on Bøherad music, and in later years Torkjell Haugerud and Halvor and Gunnulf Borgen have made their mark on the Telemark tradition. Bøherad is also known as a fiddle-making centre. Jens Amundsen started playing at an early age under his brother Alfred’s tuition. Later, as he got in touch with older fiddlers in the area, he started picking up a bit here and a bit there. Not content with learning the popular Bø repertoire, he started collecting older, more obscure tunes. He also visited Johannes Dahle at Tinn, who happily taught him both older tunes and his own compositions. Jens Amundsen was not seen
frequently at championships, but nevertheless he took home quite a few first prizes.

01. Nordfjorden, springer. Published in Schart No. 1; awaiting. publication in Norsk Folkemusikk: Hardingfeleslåttar Vol. 8 No. 522. 13 versions exist, covering most Hardanger fiddle territories. “Valdresverven” is a unique variation with straight eight-bar phrases as is common in ordinary fiddle tunes. The structure of the Telemark version is exploded into phrases of one and two bars with much embellishment. “Nordfjorden” used to be mandatory at Telemark championships.
02. Gangar after Olav Bakkene. A little-known tune, reminiscent in parts of “Sordølen”. The tune has never been anthologised.
03. Springar after Tollef Forberg (1:57) Published as Nfm. Hfs. B. 4 nr. 250 in a version after Gunleik Smedal. A quite obscure tune, where the final section has eight-bar phrases while the rest are two-bar. 
04. Sandsdalen, gangar after Leiv Sandsdalen. Published as Nfm. Hfs. B. 2 nr. 77, apparently not found outside of Telemark. The published version is after Gunnulf Borgen, who made it one of his signature
tunes. 
05. Tjugedalaren, springar after Myllarguten. Awaiting publication as Nfm. Hfs. B. 6 nr. 490. Six versions exist. Legend has it that Myllarguten was reluctant to perform, but when he got into it, he found it hard to stop. Two strangers approached Myllarguten and asked him to play. When he refused, they offered him 20 daler just to play one tune. Myllarguten accepted the money, picked up
his fiddle and played this one tune and no more. But when he visited the neighbouring farm afterwards, he could not stop playing. 
06. Maris minne, gangar after Lars Fykerud. A version called “Geituften” is published as Nfm. Hfs. B. 3 nr. 161. This Fykerud version incorporates elements from “Sveinson-gangaren”. The tune is a variant form of “Perigarden”. (Cf. the recordings by Odd Bakkerud.)
07. Springar after Halvor Flatland. Awaiting publication as Nfm. Hfs. B. 8 nr 510 h. Eight versions exist, even one from Ringerike. Also known as “Jenta ned med strondi”. This Flatland variant is based on two older tunes.
08. Hildalen, halling. Published as Nfm. Hfs. B. 3 nr 158 e. All in all, there are 14 versions in existence.
The tune is known throughout Telemark as “Bordkøyraren” and “Bordstabelen”. (Cf. Nfm. Hfs. B 3 s. 238 and 158 b.) The recordings were made by the Norwegian Broadcasting Corporation (NRK) in 1970.

ODD BAKKERUD (1931–1989),
Nes, Hallingdal
His first tutors were his uncle Knut Bakkerud and local fiddler Kristen Eidal. Later, he sought out impulses from other regions through Kristian Øvrevollseie, Hol in Hallingdal and Truls Ørpen, Krødsherad. Ørpen had a huge repertoire of tunes from every Hardanger fiddle district in the country. Odd Bakkerud learnt a lot from Ørpen, who pointed out to the young fiddler that the various traditions must be kept apart. Odd Bakkerud has taken part in more than 100 championships, taking home a large number of first prizes and winning the National Championships several times over. He appeared frequently at traditional dance shows and on the concert stage.

09. Sjåheimen, springar. Pending publication in Norsk folkemusikk: Hardingfeleslåttar B. 6 nr. 463. Named after Knut Sjåheim and generally known as a Valdres tune, it alternates between two- and
four-bar phrases, with interesting tonalities resulting from the juxtaposition of natural harmonics with major scales.
10. Perigarden, halling Published as Nfm. Hfs. B. 3 nr. 161m. Belongs to a large group of variants which includes “Førnesbrunen”, indicating that the tune must be quite old. It is known by various
names, among them “Geitufsen”, “Bøkårennan”, “Ljøsnohallingen” and “Roesverkjen”. The Hallingdal variant is named after champion dancer Perigarden from Gol. Nfm. Hfs. contains the following anecdote (Vol. 3, p. 244): “Perigarden was a contemporary of Rotneims-Knut. At a Christmas celebration, Perigarden outdid Rotneims-Knut on the dancefloor, and in a fit of jealousy, Rotneims-Knut pulled a knife and wounded Perigarden severely. Rotneims-Knut was sent to prison for many years and came out a broken man”. Both in Hallingdal and elsewhere, this tune is considered equal to
the “Rotneims-Knut” halling. 
11. Springar after Sortebergen. Published as Nfm. Hfs. B 4 nr. 192. Wilhelm Sorteberg got the tune from Gudbrand Skjellerud. The tune has an East Norwegian structure with strict eight-bar phrases, three in all.
12. Skåren, halling. Published as Nfm. Hfs. B 3 nr. 149 d. Also known as Asle-Knut, the tune is named after Knut Skøro from Hol (b. 1822). Nfm. Hfs. provides the following (Vol.3, p. 288): “Bakkerud learnt the tune from Kristian Øvrevollseie, Hol, who got it from Herleik Kvanberg. Kvanneberg had settled on the mountain farm Trettestølen beneath the tall Kvanneberga, taking his name from the mountains. He had been taught by Knut Skøro.” The tune has a curious tonality, alternating between major and neutral thirds. 
13. Old springar from Nes. Published as Nfm. Hfs. B. 5 nr. 408 e. Bakkerud learnt the tune from his uncle Knut Bakkerud, Nes, who had it from Tor Grimsgard. Straight major scale.
14. Old travelers’ tune. From Nes, Hallingdal, similar in parts to the well-known wedding march from Seljord, Telemark.
15. Sølvsmed-Morten, springer. This tune goes by many names: “Jenta i fjøllo” (Sogn), “Hatlebusken” (Sogn), “Semjeslåtten” (Valdres) and “Fuglen etter Ola Dekko” (Hallingdal). Eight recorded variants exist. It seems the tune is unknown in Telemark.
16. Kubbestollåtten, halling. This tune is similar in parts to two other tunes: The first section corresponds to the first section of “Møsstrandfenta”, while sections two and three are from “Kongsbergfenta”. Both are Telemark tunes. “Kubbestollåtten” hass not been found outside of Hallingdal and Krødsherad.
17. Naustehaugen (Nauste-Lars), springer. Published as Nfm. Hfs. B. 5 nr. 436 a and b. Also known as “Den som rullar etter golvet” (“He who rolls across the floor”) and “Rotneims-mordaren” (“Rotneim the Killer”). Nfm. Hfs. gives the following explanations for the titles (Vol. 5, p. 293): “One bridegroom,
dancing to this tune, crouched down and more or less rolled across the floor”; “Rotneims-Knut and another man had set their sights on the same girl, and when she consented to marry the other, Rotneims-Knut came to the wedding and stabbed the groom just as fiddler Knut Toen was playing this
tune”. In Hallingdal, it goes by the name of “Hallibrekka”.
18. Old halling A variant form of Nfm. Hfs. B. 1 nr. 91 c. The tune has been called “Gamle-Hagen”,  after Anders Haga of Voss, and is also known as “Storebrøten”. The published form is after Ola Hagen, Ål, who had got it from Ola Dekko, Torpo. The tune was much used by Olav Moe, Valdres, and Gunleik Smedal, Telemark. 
19. Tjedbaln, springar. Named after a man from the farm Kinneberg, Gol. A typical Hallingdal tune, composed of two-bar phrases running into each other. Straight major scale. 
20. Bråta-Per, halling. A variant form of Nfm. Hfs. B. 1 nr. 117 d. Many local versions exist, with different names. The Telemark form is known as Guro Heddelid. The Hallingdal version is named after Per Perplassen, Ål. The structure is unusual in that the first section has four-bar phrases with one bar consistently lengthened into 9/8 meter. The rest of the tune has two-bar phrases with short transitions. 

The recordings were made by the Norwegian Broadcasting Corporation (NRK) in 1971.

ORIGINALUTGJEVING
Redaktør og produsent: Rolf Myklebust
Opptak: NRK 1970–1971
Tekst om slåttane: Eivind Groven
Tekst om utøvarane: Rolf Myklebust
Teikning: Kari Rolfsen
Utgjeve av RCA Victor i samarbeid med NRK

NYUTGJEVING
Redaktør og produsent: Gunn Sølvi Gausemel, NRK
Prosjektleiar: Frode Rolandsgard, ta:lik
Lydrestaurering og mastring: Terje Hellem, NRK
Grafikar: Eva Karlsson
Engelsk omsetjing: Svein Svarverud

Økonomisk støtte: Norsk kulturråd og Rådet for folkemusikk og folkedans
Takk til tidl. programsekretær i NRK Lisa Halvorsen for konsulenthjelp.

78 plater, EP- og LP serien «Norsk folkemusikk» vart utgitt av NRK og plateselskapet RCA mellom 1953 og 1974. Nyutgjevinga av serien blir gjort av NRK og plateselskapet ta:lik, i samarbeid med Arne Bendiksen records.

The series “Norsk folkemusikk” comprises a number of 78s, Eps and LPs released by the NRK and RCA Records between 1953 and 1974. The recordings by Jens Amundsen and Odd Bakkerud were originally released as an LP in 1971 (RCA FLP 8).