Kjetil Løndal merkte seg ut med di han både var konsertspelemann og dansespelemann. Han kunne fange inn publikum med fullendt musikalsk og teknisk framføring av lydarslåttar og fyrige danseslåttar med snert og spenst. Kjetil Løndal har både spelt og dansa i dei fleste bygdelag i Oslo, og elles representert norsk folkemusikk og folkedans ved offisielle tilskipingar. Han har vore spelemann for ulike norske dansegrupper i mange europeiske land. Den største oppgåva var som deltakar i programmet «Dans ropte fela», som vart framsynt over heile Nord-Amerika, i Canada og på Cuba i 1960.

Kjetil Løndal er oppvaksen med folkemusikken i heimen og bygda Tuddal. Faren, Svein Løndal (1864-1949), var rikaste kjelda for Kjetil og brørne Olav og Einar. Svein Løndal var på morssida av den kjende Leikanrud-ætta i Austbygdi i Tinn. Der har det vore ei lang rad med gode spelemenn. Frå Hølje Sveinsson, fødd 1759, har musikken gått i arv ned gjennom slekta til våre dagar. Kjetil og broren Einar er typiske kappleiksspelemenn. Dei trivst i tevlingsmiljøet på scenen framfor publikum og i atmosfæren mellom spelemennene bak kulissane. Dei har begge evna til å yte sitt beste i rette augneblinken og blir oppelda av kappinga.

01. Jon Vestafe, springar etter Knut Dahle (1834–1921), Tinn
02. Luråsen I, gangar
03. Gammal springar etter Svein Løndal (1864–1949), Tuddal
04. Duft, gangar etter Lars Fykerud (1860–1902), Sauherad
05. Igletveiten, springar etter Leiv Sandsdalen (1825–1986), Seljord
06. Guro Heddelid, gangar
07. Jåle-Ragnhild, springar
08. Jenta på Lauvøya, gangar
09. Hålehåven, springar
10. Gibøens draum, springar
11. Fenta, halling
12. Tjugedalaren, springar
13. Sevliden, halling

Opptak:
Spor 01–03: 28.03.1958, studio, Oslo (RCA FEP 7)
Spor 04: 07.05.1954, studio, Oslo (RCA FEP 7)
Spor 05: 27.09.1956, studio, Oslo (RCA FEP 7)
Spor 06–09: 22.01.1966, studio, Oslo (RCA FEP 46)
Spor 10–12: 24.08.1963, Austlandskappleiken i Porsgrunn (RCA FEP 45)
Spor 13: 29.08.1964, Folkemusikkdagane i Porsgrunn, kappleik (RCA FEP 45)

TUNES FROM TELEMARK III

KJETIL LØNDAL (1907–1987), TUDDAL, TELEMARK, HARDINGER FIDDLE

Kjetil Løndal stood out because he was both a concert fiddler and a dance fiddler. He could capture an audience with musically and technically perfect presentations of listening tunes and fiery dance tunes played with dexterity and suppleness. Kjetil Løndal both played and danced in most of the bygdelag (organizations centered  around association with a particular rural district in Norway) in Oslo, and otherwise represented Norwegian folk music and folk dance at official arrangements. He was a fiddler for various Norwegian dance groups in many European countries. The greatest assignment was as a participant in the show «Dans ropte fela» (Dance, cried the fiddle), which was performed throughout North America, in Canada and in Cuba in 1960.

Kjetil Løndal grew up with folk music in the home and in the local township, Tuddal. His father, Svein Løndal (1864-1949), was the richest musical source for Kjetil and his brothers Olav and Einar. On his mother’s side, Svein Løndal was from the well-known Leikanrud family in Austbygdi in Tinn. There has been a long line of good fiddlers in this family. The music has been passed down through the generations from Hølje Sveinsson, born in 1759, to the present day.
Kjetil and his brother Einar were typical kappleik fiddlers. They enjoyed themselves in the competition milieu, on stage before an audience, and in the atmosphere among the fiddlers behind the scenes. They both had the ability to bring forth their best at the right moment and become fired up by the competition.