SLÅTTAR FRÅ TELEMARK II

TORKJELL HAUGERUD (1876–1954) høyrer til dei store namn i norsk folkemusikk, både som spelemann og skapande kunstnar. Han var av den kjende Folkestadætti i Bø i Telemark. Av den same ætti var også Myllarguten og Lars Fykerud. I oppveksten lærde Haugerud mest av Halvor Flatland som hadde alt sitt spel etter Myllarguten. Som vaksen lærde Haugerud mykje av Knut Dahle i Tinn. I 22 årsalderen la Torkjell Haugerud ut på si første konsertferd, og i åra som fylgde reiste han kring heile sør-Noreg. På desse ferdene møtte han dei beste spelemennene i tida. Torkjell Haugerud tok ikkje berre vare på den gamle instrumentale folkemusikken og førde denne vidare. Han var også nyskapar og komponerte mange komposisjonar for hardingfele som lever mellom spelemennene.

EIVIND MO (1904–1997) er rekna som ein av dei fremste spelemennene i sin generasjon. Han var fødd på Rauland, men kom tidleg til Seljord, der han som gardbrukar vart nabo til Torkjell Haugerud. Eivind Mo var son av Halvor Moe (1869–1949) og Gunnhild Kvåle (1872–1951) i Rauland. Mora var søster til spelemannen Høye Kvåle (1879–1967), som også var den første læremeisteren hans. Høye Kvåle hadde igjen lært av Ketil Håvardson, son til Håvard Gibøen (1809–1873). Eivind Mo hadde elles slåttar etter mange spelemenn som Leiv Sandsdalen, Knut Dahle, Eilev Smedal, Torkjell Haugerud og Johannes Dahle, attåt slåttar etter andre kjende spelemenn.

SLÅTT er fellesnemning for musikken til norske folkedansar, utvida til også å gjelde nyare dansar som kom til Noreg i siste halvdel av 1700-talet. Slått (låt, lått, læte, strok, gammalnorsk: ein slåttr og ein slagr av verbet slá). Slá fiddlu, slå, klimpre på fele.

SPRINGAR, norsk dans i 3/4 takt, den mest vanlege av våre gamle dansar. Dei enkelte bygdene har utforma springaren på ulike måtar. I Gudbrandsdalen kallas springaren springleik.

GANGAR, norsk dans i 6/8 eller 2/4 takt, i roleg og høgtideleg tempo. Pardans, men også lausdans, er no mest brukt i Setesdal og Telemark. 

Spor 01: Opptak 19.06.1939 (FEP 50)
Spor 02–04: Opptak 10.02.1953 (FEP 44)
Spor 05: Opptak 17.11.1953 (FEP 44)
Spor 06: Opptak 31.08.1951 (FEP 50)
Spor 07–14: Opptak 07.11.1957 (FEP 10)

ORIGINALUTGJEVING
Redaktør og produsent: Rolf Myklebust
Opptak: NRK 1939-1957
Tekst: Rolf Myklebust
Teikning: Kari Rolfsen
Utgjeve av RCA Victor i samarbeid med NRK

NYUTGJEVINGA
Redaktør og produsent: Gunn Sølvi Gausemel, NRK
Prosjektleiing: Frode Rolandsgard, ta:lik
Lydrestaurering og mastring: Terje Hellem, NRK
Grafikar: Eva Karlsson
Engelsk omsetjing: Svein Svarverud
Økonomisk støtte: Norsk kulturråd og Rådet for folkemusikk og folkedans
Takk til tidl. programsekretær i NRK Lisa Halvorsen for konsulenthjelp.

78 plater, EP- og LP serien «Norsk folkemusikk» vart gjeve ut av NRK og plateselskapet RCA mellom 1953 og 1974. Nyutgjevinga av serien blir gjort av NRK og plateselskapet ta:lik, i samarbeid med Arne Bendiksen records.

 

TUNES FROM TELEMARK II


TORKJELL HAUGERUD (1876–1954) is one of the great names in Norwegian folk music, equally recognised as a composer. He was a member of the well-known Folkestad-family from Bø in Telemark. Myllarguten and Lars Fykerud were also members of the same family. Haugerud learned a lot in his childhood from Halvor Flatland, who, in his turn, had learned everything he knew from Myllarguten. In later years, Haugerud also learned a lot from Knut Dahle of Tinn. In his 22nd year Torkjell Haugerud embarked upon his first concert tour and, in the following years, he travelled around the whole of Southern Norway, meeting the best fiddlers of that period. Not only did Torkjell Haugerud cherish and preserve the old instrumental folk music, he also wrote music and created many new pieces for the «hardingfele» (Hardangerfiddle) which live on among presentday fiddlers.

EIVIND MO (1904–1997) ranks among the foremost fiddlers of his generation. Born at Rauland, he came to Seljord early in life and settled as a farmer next to Torkjell Haugerud. Eivind’s parents were Halvor Moe (1869–1949) and Gunnhild Kvåle (1872–1951), sister of fiddler Høye Kvåle (1879–1967), who became Eivind’s first mentor. Høye Kvåle had studied with Ketil Håvardson, son of Håvard Gibøen (1809–1873). Eivind Mo played tunes after Leiv Sandsdalen, Knut Dahle, Eilev Smedal, Torkjell Haugerud, Johannes Dahle and others.

SLÅTT is a common designation for music to Norwegian folk dances, extended to comprise even more recent dances introduced in Norway in the latter half of the 18th century. (Slått (old Norse: sláttr and slagr) is derived from the verb «slå» which means strike or thrum.)

SPRINGAR, Norwegian dance in 3/4 measure, the most popular of our old dances. The various districts have their own adaptations of the «springar», in Gudbrandsdalen called «springleik»

GANGAR, Norwegian dance in 6/8 or 2/4 measure, in a quiet and rather solemn tempo. It is generally danced in couples, but may also be danced by a single person. At present most frequently used in Setesdal and Telemark.

The series ‘Norsk folkemusikk’ comprises a number of 78s, EPs and LPs released by the NRK and RCA Records between 1953 and 1974. The recordings by Torkjell Haugerud and Eivind Mo were released in the EP format, then as an LP in 1974 (FLP 11).