FRONT_cover_2400x2400pix

og historia fortel om to forpaktarspelemenn i Lom og Skjåk: Ola Halldogsen og Kristen Turrmoen (Spelmann-Kristen). Fel-Jakup (1821–1876) var den store, og tradisjonen fortel at han ruvde over dei andre spelemennene. Jakup spelte saman med Rolv Gaupar (1824–?) og Jo Krøkje (1824–?). Dei hadde høg status og vart omtala som «Lomspelmeinn» av mellom andre Iva Bråtå i Vågå. Rolv Gaupar og Jo Krøkje reiste til Amerika, så vi veit ikkje nøyaktig når dei døydde. Trass i den store utvandringa frå bygdene her vart heldigvis mange dyktige spelmenn att, slik at folkemusikktradisjonen ikkje fekk noko brot, men har levd samanhengjande. I boka si Ei spelmannsoge skriv Erling Kjøk om spelmenn i Lom og elles i Ottadalen, og han fortel at det var mange som tok vare på og førte musikken vidare. Mange lærte av og spelte saman med Jakup, og Per Kringelhaugen (1830–1907), gjerne kalla Per Spelmann, vart den mest kjende av dei. Per vart sjølv kjelde og læremeister for fleire, som Sigurd Eggen og Ola Moløkken, og det har heile tida vore eit sterkt nettverk av spelmenn i heile bygda. Da vanleg fele vart tevlingsklasse på landskappleiken i 1924 i Molde, stilte Ola Moløkken opp og vann. Ola vann også i 1926 og 1932. Dette kan vere ein grunn til at så mange spelmenn frå Lom har vore flinke til å vere med på Landskappleiken. I klasse A vanleg fele har spelmenn frå Lom vunne 40 gongar.

Per Spelmann

Fel-Jakup (1821–1876) er den mest kjente spelmannen som har levd i Lom og Skjåk. Han var fødd i nåverande Skjåk kommune, men utanfor bygda gjekk han ofte under namnet Loms-Jakup i og med at Skjåk var ein del av Lom kommune fram til 1866. Han spelte for Ole Bull, og han skal ein gong ha sagt at Myllarguten hadde dei finaste slåttane, men Fel-Jakup var best til å spele. Jakup synte tidleg talent for felespel og kom i lære hjå Gamel- Sjugurd Hjeltartredet (1810–1889) både i skreddering og felespel. Ei herme etter Gamel-Sjugurd er slik: «Detta bli gild spelmann, for tonhugu æ’ så gløgt og håndlaget så godt.» (Erling Kjøk: Ei spelmannsoge). Den kjente Fant-Karl (truleg Karl Johansen Rosenberg, ca 1775–ca 1855) kom åt dalen, og Jakup reiste saman med han i fleire år. Og Jakup spelte så flott og gjorde slikt inntrykk at han vart ein kjent spelmann både i Rørosområdet, Trøndelag og på Nordvestlandet. Fel-Jakup bytte slåttar der han for, og det er nok hovudårsaka til at Ottadalen har mykje fellesstoff med desse områda. Ingen spelmann i dalen er så mykje omtala og skrive om som Fel-Jakup. Det fortel om den sterke posisjonen han hadde i si samtid, og at han fekk så godt eit ettermæle. Han spelte på ballar for storfolk og i stugu til småkårsfolk. Han var spelmann for alle, og «Jakup-leikjen» er minnesmerket etter Fel-Jakup. Uttrykket lever enda, og slåttane blir stadig brukt.

Per Spelmann

Per Kringelhaugen (1830–1907)

Per Kringelhaugen voks opp i Lom hovudsokn, men busette seg som ung i Bøverdalen. Her budde han fleire plassar før han gifta seg med Eldri på Kringelhaugen, der han var resten av livet. Per gjekk i skomakarlære, og det vart yrket hans. Han begynte tidleg å spele fele, og Rolv Gaupar vart ein viktig læremeister. Det er hermt etter Per at han tykte Rolv spelte somme slåttar betre enn Jakup. Seinare vart Fel-Jakup både læremeister og spelvenn, og desse to reiste i hop på Romsdalsmarknaden minst sju gonger. Da var dei borte i mange veker, for spelinga gjorde at dei ikkje hadde hast med å kome seg heim. På slike spelferder lærte Per svært mykje av Fel-Jakup og kom såleis til å bli den viktigaste arvtakaren av musikken hans. På folkemunnet vart han kalla Per Spelmann. Etter at Fel-Jakup var borte, vart Per den mest brukte spelmannen i Lom nesten ein mannsalder. Han var sjølvskriven gjestbodsspelmann, og Per reid føre mangt eit bryllaupsfylgje. Og han lét på marknad, auksjonar, ulike ballar og i andre tilstellingar der det var bruk for musikk. Det var naturleg at andre spelmenn kom til Per for å lære. Slik vart han slåttekjelde og læremeister for mange. Både Sigurd Eggen og Ola Moløkken lærte av Per Spelmann.

Ola Moløkken

Ola Moløkken (1871–1957)

Ola synte tidleg interesse for felemusikk, og han prøvde å lage seg feler sjølv. Mor hans var ikkje glad for det, så ho øydela dei når ho fekk tak.Men snart fekk Ola ei riktig god fele, og nå vart det øving og speling.Ola nemner sjølv tre viktige læremeistrar. Den fyrste var Lars Kjørren (1826–1890), som budde i same grenda. Seinare var Ola eit par år iBøverdalen, og her fekk han spele med og lære av Per Spelmann. Ein tredje læremeister Ola tala om var Ola Ringneset (1811–1902), meisterspelmann frå Vågå. Ola Moløkken arbeidde ein del på setrene ved Tesse, og han fortalde at Ringnesen ofte kom hit om kveldane, og da vart det låting og læring. Ola fann ein spelpartner i grenda si, toraderspelemannen Knut Runningen (1866–1947). «Knut og Lykkjen» som dei vart kalla, lét til dans i ein mannsalder utover på 1900-talet. Ola vart sjølv ein gjæv læremeister, særleg i Garmo. Alle som spelte fele i bygda, lærte spel og slåttar av han, og typiske slåttar for Ola, vart gjerne kalla «Lykkjeleikje». Han vann landskappleiken tre gonger, og i 1948 var han i NRK og spelte for opptak. Ola lét inn 24 leikar, og dette er av dei viktigaste folkemusikkopptaka vi har i Lom. Leikane Ola spelar på denne plata, er frå desse opptaka. Ola fekk Kongens fortenestemedalje og var æresmedlem i Landslaget for spelemenn (LfS), i dag FolkOrg.

Lom spml 1955

Sigurd Eggen (1883–1964)

Sigurd Eggen voks opp i Lom hovudsokn, og der var det mange spelmenn. Han stifta familie og flytte til Bøverdalen, og arbeidde som skomakar og steinmurar. Her budde Per Kringelhaugen, og han vart den store læremeisteren og idealet for Sigurd. Gjennom Per går slåttane attende til Fel-Jakup, Gamel-Sjugurd og fleire. Per var au skomakar, så det var både skoing og speling når Sigurd kom for å lære. Sigurd lét mykje til dans, særleg i Lom og Skjåk, og han gjekk mang ei mil til fots med fela under armen. Spelet hans var drivande og han hadde stor slåttekunne. Sigurd var ideal og læremeister for yngre spelmenn i både Lom og Skjåk, og mange er slåttane som blir nemnt «etté ’om Sigurd».Han var med på kappleikar, og på landskappleiken i 1957 vann han fyrste premie i eldste klasse. Sigurd laga fleire fine slåttar, og den mest kjende, springleiken «Gamel-Haugjen», er brukt i heile Ottadalen. Sigurd var æresmedlem i Landslaget for spelemenn (LfS), i dag FolkOrg.

Johannes Langøygard

Johannes Langøygard (1901–1991)

Johannes var yngst av 13 sysken. Det var ein musikalsk familie, og båe foreldra var gode til å syngje. Johannes var òg ein dyktig kvedar med den gamle tonaliteten, men det var ikkje mykje han song ute. Det var helst i heimen med få personar til stades. Derimot vart han svært aktiv og kjent som spelmann. Saman med Iva Kolden (1900–1973), «Johannes og Iva», spelte han mykje til dans i Garmo. Johannes var med i Lom Spelemannslag frå laget vart stifta i 1942 og til ut på 1980-talet. Han var også mykje med på kappleikar, og han gledde seg kvar gong han skulle på scena. Hos Johannes var det spelgleda og ikkje nervane som rådde. Johannes hadde eit smidig og lett spel. Han hadde ei mjuk bogehand, så han var god både å sjå på og høyre på. Til og med takttrampen til Johannes var uvanleg elegant. Han sette ikkje foten hardt i golvet, men berre ein lett markering der foten lyfta seg opp att med det same. Johannes laga fleire slåttar, og springleiken «Skjellbergjen», som han kanskje var mest stolt av, er med her. Han spelte inn i NRK fyrste gongen i 1952, og siste gongen i 1984, 83 år gamal. Stø bogehand og glød i spelet hadde han heilt til det siste. Johannes var æresmedlem i Landslaget for spelemenn (LfS), i dag FolkOrg.

Erling Kjøk og Ola Aasen ca 1970

Erling Kjøk (1913–1999)

Erling Kjøk er den spelmannen i seinare tid som kunne flest slåttar og attåt hadde han stor kunnskap om tradisjonsstoffet. Han var og ein ivrig samlar av vokal folkemusikk. I tillegg hadde han eit minne som få og noterte ned det han fekk greie på. Dette vart samla i boka Ei spelmannsoge (1995). Erling er også hovudkjelda til det store noteverket Slåtte og leikje (2012) som sonen Knut gav ut. Utover 1930-talet spelte Erling og fleire i bygda saman. Dette gav kimen til Lom spelemannslag som Erling var med og stifta i 1942. Han var leiar i laget dei fyrste 10 åra. Både før og etter krigen let han mykje til dans i fleire bygder. Men så reiste han til Oslo på arbeid og var pendlar i mange år, og speling vart det derfor mindre av. På 70-talet fekk Erling derimot ein ny giv da Sven Nyhus frå Norsk Folkemusikksamling (NFS) gjorde opptak med han. Han både spelte og song inn mykje og er ei av dei største kjeldene til NFS. Erling var ein oppsøkjande spelmann og hadde derfor mange kjelder og læremeistrar i ulike bygder. Han nemnde særleg tre Ola- karar, Ola Moløkken, Ola Nystugun (1875–1946) i Vågå og Ola Gjerdet (1871–1952). Men det var Ola Gjerdet i Lom han sette høgast. Erling skriv i boka si: «Eg var ute etter å finne og lære det eldste og det beste. Det er eg viss på at eg fann hjå Ola Gjerdet, og det utta å spørje». Erling har og laga fleire slåttar, og «Krokhallingen», som har vore brukt på fleire kappleikar, er på repertoaret til Lom Spelemannslag. Han hadde eit kraftfullt fleirstrengsspel med ein særprèga tonalitet og rytmikk. Erling var æresmedlem i Landslaget for spelemenn (LfS), i dag FolkOrg.

Rolv Brimi / Ola Grøsland / Rasmus Stauri

FRONT_cover_2400x2400pix

In Norway, the municipalities of Lom, Vågå, and Skjåk are central areas

for folk music played on regular fiddle. There has been an active folk music and dance tradition in Lom since the 18th century, and there were two concessionaire fiddlers in Lom and Skjåk, Ola Halldogsen and Kristen Turrmoen (also known as «Spelmann-Kristen»). Fel-Jakup (1821– 1876) was the greatest fiddler of them all, and according to tradition, he towered over the other fiddlers. Jakup played with Rolv Gaupar (1824–?) and Jo Krøkje (1824–?). They were highly regarded and were referred to as Lomspelmeinn by Iva Bråtå in Vågå, among others. Rolv Gaupar and Jo Krøkje emigrated to America, and we do not know exactly when they died. In spite of mass emigration from the districts in Lom, many great fiddlers remained, so the music has been passed on in unbroken tradition. In his book, Ei spelmannsoge, Erling Kjøk writes about fiddlers from Lom and elsewhere in Ottadalen, and he recounts that there were many fiddlers who preserved the music and passed it on. Many fiddlers learned from and played with Jakup, and Per Kringelhaugen (1830–1907), who was also known as Per Spelmann, was the most renowned of them. Per was a teacher and source of tunes for several fiddlers, including Sigurd Eggen and Ola Moløkken, and there has always been a strong network of fiddlers in the area. When a competitive class for regular fiddle was introduced at Landskappleiken (Norway›s annual national folk music and dance competition) in 1924 in Molde, Ola Moløkken entered and won. Ola also won in 1926 and 1932. This may be one reason that so many fiddlers from Lom have participated actively at Landskappleiken, and that eight fiddlers from Lom are responsible for 40 of the victories in the A class for regular fiddle.


Fel-Jakup

Fel-Jakup (1821–1876) was the most well-known fiddler who lived in Lom and Skjåk. He was born in what is currently known as Skjåk municipality, but outside of the district he often went by the name «Loms-Jakup», since Skjåk was a part of Lom municipality until 1866. He played for the famous violinist, Ole Bull, and Bull once said that Myllarguten had the finest tunes, but Fel-Jakup was the best player. Jakup showed an early talent for fiddling and apprenticed in both tailoring and fiddling under Gamel-Sjugurd Hjeltartredet (1810–1889). About Jakup, Gamel-Sjugurd is quoted as saying: “He’ll be a great fiddler, because he has such a sharp mind for music, and his manual skill is so good” (Erling Kjøk: Ei spelmannsoge). The renowned Traveller fiddler, Fant-Karl (probably Karl Johansen Rosenberg, ca. 1775 – ca. 1855), came to the valley, and Jakup travelled with him for several years. Jakup played so well and made such an impression that he became a well-known fiddler in the Røros area, in Trøndelag, and in northwest Norway. Fel-Jakup exchanged tunes wherever he went, and this is probably the main reason why Ottadalen has a large number of tunes in common with these areas. No fiddler in the valley has been discussed and written about to the same extent as Fel-Jakup. This is an indication of the prominent

position he held during his lifetime. He played at balls for the upper class, and in the homes of people of humble means. He was a fiddler for all, and the “Jakup Tunes” (Jakup-leikjen) remain as a reminder of Fel-Jakup. His way of playing is still alive, and the “Jakup Tunes” are played a great deal.


Per Spelmann,

Per Kringelhaugen (1830–1907)

Per Kringelhaugen grew up in Lom, but settled in Bøverdalen as a young man. He lived in several places in Bøverdalen before marrying Eldri on the Kringelhaugen farm, where he remained for the rest of his life. Per apprenticed to become a shoemaker, and shoemaking became his occupation. He began playing fiddle at a young age, and Rolv Gaupar was an important teacher. Per is quoted as having said that he thought Rolv played some tunes better than Jakup. Fel-Jakup later became both

a teacher and a friend, and the two of them travelled together to the market in Romsdal at least seven times. On these trips, they would be gone for weeks: they were so caught up with fiddling that they did not hurry to get home. On trips such as these, Per learned a great deal from Fel-Jakup, and thus came to be the main inheritor of his music. Per was also known as «Per Spelmann». After Fel-Jakup passed away, Per became the most popular fiddler in Lom. He was the obvious choice to

perform at banquets, and Per rode in front of many bridal processions. He also played at markets, auctions, balls, and other events where there was a need for music. It was natural that other fiddlers came to Per to learn. As such, he became a source of tunes and a teacher for many fiddlers. Both Sigurd Eggen and Ola Moløkken learned from Per Spelmann.

The Fiddlers on this CD

Ola Moløkken (1871–1957)

Ola showed an early interest in fiddle music, and he tried to make his own fiddles. His mother was not happy about this, and she destroyed the fiddles when she got hold of them. But then Ola got a very good fiddle, and he was able to practice and perform. Ola mentions three important teachers. The first was Lars Kjørren (1826–1890), who lived in the same local community. Later on, Ola lived in Bøverdalen for a few years, and while he was there he played with and learned from Per Spelmann. A third teacher Ola mentions is Ola Ringneset (1811–1902), the master fiddler from Vågå. Ola Moløkken sometimes worked at the summer mountain farms by the Tesse lake, and he said that Ringnesen often came here during the evenings, and they would play and learn tunes. Ola also found a playing companion in his local community: button accordion player Knut Runningen (1866–1947). The two of them were referred to as “Knut og Lykkjen”, and they played at dances for many years. Ola was an influential teacher, especially in Garmo. Everyone who played fiddle in the district learned tunes from him, and typical tunes Ola played were often called “Lykkje Tunes” (Lykkjeleikje). He won Landskappleiken three times, and in 1948 he made a recording for NRK (Norsk rikskringkasting, the Norwegian state-owned public broadcasting company). Ola recorded 24 tunes, and these are some of the most important folk music recordings we have in Lom. The tunes Ola plays on this album have been selected from these recordings. Ola received the King’s Medal of Merit, and was made an honorary member of Landslaget for Spelemenn (now called FolkOrg).

Sigurd Eggen (1883–1964)

Sigurd Eggen grew up in Lom, among many fiddlers. He started a family and moved to Bøverdalen, where he worked as a shoemaker and a stonemason. Per Kringelhaugen lived in Bøverdalen, and he became Sigurd’s teacher and role model. From Per, the tunes go back to Fel-Jakup, Gamel-Sjugurd, and others. Per was also a shoemaker, so Sigurd learned both shoemaking and fiddling when he visited. Sigurd often played for dance, especially in Lom and Skjåk, and he walked many

miles by foot with his fiddle under his arm. His playing was very energetic, and he had an extensive repertoire of tunes. Sigurd was a role model and teacher for younger fiddlers in both Lom and Skjåk, and there are many tunes that are referred to as being after the playing of Sigurd. He competed in kappleikar, and at Landskappleiken in 1957 he won first prize in the category for elder fiddlers. Sigurd composed several fine tunes, and the most well-known of them, the springleik “Gamel-Haugjen”, is played throughout Ottadalen. Sigurd was an honorary member of Landslaget for Spelemenn.
 

Johannes Langøygard (1901–1991)

Johannes was the youngest of 13 siblings. He had a musical family, and both of his parents were good singers. Johannes was also a skilled folksinger and sang with an older tonality, but he didn›t sing for an audience very often. He preferred to sing at home with few people present. On the other hand, he was a very active and wellknown fiddler. He and Ivar Kolden (1900-1973), who called themselves «Johannes og Iva», played a great deal for dance in Garmo. Johannes was a member of Lom Spelemannslag from the time the group was established in 1942 until the 1980s. He also competed often at kappleikar, and he always looked forward to going on stage. For Johannes, the joy of playing reigned, and not his nerves. Johannes had a free and light playing style. He had a flexible bow hand, so he was a pleasure to watch and to listen to. Even Johannes’s foot tramping was unusually elegant. He didn’t stamp his foot hard, but gave a light indication of the beat and lifted his foot up

right away. Johannes composed several tunes, and the springleik “Skjellbergjen”, which he was probably most proud of, is included on this album. He made his first recording for NRK in 1952, and his last in 1984, at the age of 83. He had a steady bow hand and passion in his playing up until the last years of his life. Johannes was an honorary member of Landslaget for Spelemenn.

Erling Kjøk (1913–1999)

Among more recent fiddlers, Erling Kjøk was the fiddler who knew the most tunes, and he also had extensive knowledge about folk music traditions. In addition, he was an eager collector of vocal folk music. He had an unusually good memory, and he transcribed many tunes. These were collected in the book Ei spelmannsoge (1995). Erling is also the main source for the large collection of transcriptions called Slåtte og leikje (2012), which his son, Knut, published. Erling and several other local

fiddlers played together during the 1930s. This served as the origins for Lom Spelemannslag, which Erling helped found in 1942. He was the group’s leader for the first 10 years. Both before and after the war he played a great deal for dance in several districts. But then he went to Oslo for work, and he commuted for many years and played less during this time. During the 1970s Erling received new inspiration when Sven Nyhus, from the Norwegian Collection of Folk Music (Norsk Folkemusikksamling, or NFS), made recordings of him. Erling recorded both fiddle music and folk songs and was one of the most important sources for NFS. Erling had many sources and teachers in various districts. In particular, he mentioned three men named Ola: Ola Moløkken, Ola Nystugun (1875-1946) from Vågå, and Ola Gjerdet (1871-1952). He rated Ola Gjerdet in Lom the highest. In his book, Erling writes: «I wanted to find and learn the oldest and best tunes. This is exactly what I found when I played with Ola Gjerdet, and I didn›t even have to ask.» Erling also composed several tunes, and «Krokhallingen», which has been played at several kappleikar, is on Lom Spelemannslag’s repertoire. He had an energetic playing style with a distinctive sense of rhythm and tonality. Erling was an honorary member of Landslaget for Spelemenn.
 

Rolv Brimi / Rasmus Stauri / Ola Grøsland

 

Sources:

O.M. Sandvik: Folkemusikk i Gudbrandsdalen, 1948

Årbok for Gudbrandsdalen, 1957, 1963, 1964, 1980, 1993

Olav Sæta: Norsk Folkemusikk Oppland 1–2, 1992

Erling Kjøk: Ei spelemannsoge, 1995

Arvid Møller: Den vare tonen, 1997

Jon Kolden: Bygdabok for Lom, 2000

Knut Kjøk: Slåtte og leikje, 2012

Hans W. Brimi: Various written documents.