Einar Løndal
Svein Løndal (1864-1949) er største bautasteinen. Men fleire spelemenn både før og etter i løndalsætta har same sermerkte kjerne i sitt spel. Ætta kom frå Tinn, og det var Hølje Sveinson Leikanrud (1759- ?) som var fyrste kjende spelemannen. Han var attåt Brynjulv Olson beste spelemannen i Tinn og arva særretten etter han til å spela offentleg. Det var ikkje utan grunn Knut Lurås (1782-1843) sa: ”Ha´ eg hatt Bokko boge og Leikanrud finga´, da sku´ eg ha vore spelemann da!”
Frå Svein gjekk spelet i arv til sønene Olav (1904-1986), Kjetil (1907-1987), og til Einar som vart fødd 28. februar i 1914. Einar er altså 91 år gamal når denne CD-produksjonen kjem ut, men han tek framleis fela fram om du skjønar spel, og kjem innom på Sletta i Tuddal.
Folk som er gamle nok hugsar dei tre namngjetne løndalsbrørne frå kappleikar og konsertar over mange tiår på 1900-talet. Einar var yngst men fekk likevel høyra far sin spela i heile 34 år. Som spelemann hadde Einar ei nokso spesiell utvikling: Han byrja å spela heller seint – borti mot konfirmasjonsalderen, men då kunne han alle tradisjonsslåttane med ein gong. Dei hadde lagt seg på minnet direkte, og han måtte ikkje pugge slåttane vek for vek som var det vanlege - dei bare var der, fortel han. Han gifte seg med Margit (f. Sletta), fødd same år som han. Dei har budd heile livet seinare på Sletta i Hovdegrenda i Tuddal.
Einar har delteke på tallause kappleikar og konsertar, og framskåpet er fullt av pokalar. Mange folkemusikkhalvtimar har han fylt, og mange elevar har han gjeve musikalsk næring – me nemner Nils Sletta, Knut Buen, John Bondal, Anne Hytta og Per Anders Buen Garnås og fleire.
Einar har også vore ein velsett og premiert felemakar i ein mannsalder. Dei fleste av slåttane på denne CD-en er spela inn med fele som Einar har laga.
Einar har hatt sterke meiningar om folkemusikken, tradisjonsliner og tekniske sider ved spelet – og han har hatt sine meiningars mot. CD-en har Einar sine eigne kommentarar til slåttane.
Kjære lyar; kjenn på tonen og ånda til Einar i spelet du no høyrer og kjenn at du er nær ein supernova i folkemusikken!
Slåttetekstar
Einar Løndal kommenterer sjølv slåttane:
1. Guro Lomodden, springar 1965
- ”Guro Lomodden” er ein slått etter Håvard Gibøen (1809–1873), men historia og namnet er frå Seljord. Eg hadde slåtten tidleg inne, lærde han av far. Slåtten låg i minnet lenge før eg begynte å spela.
2. Fossegrimen, gangar 1964
- Dette er ein gangar eg lærde i form etter far. Når det gjeld ”Fossegrimen”, så finst to tradisjonar - den som truleg var etter Myllaren (Torgeir Augundsson 1801-1872) og som Groven tok fram, og så den her som er etter Håvard Gibøen.
3. Fjellrosa, springar 1968
- Eg meiner springaren ”Fjellrosa” er laga av far. Ei tid måtte ”alle” til Tuddal for å lære han - det var ingen i Bø som spela slåtten. Lars Fykerud (1860-1902) laga ein gangar han kalla Fjellrosa. Han hadde grunndraga i frå mor si som spela sjøfløyte, og som song stevet ”No ser eg atter slike fjell og dalar”. Det er lite truleg at Lars Fykerud laga to slåttar med same namnet. Han laga gangaren Fjellrosa – far laga springaren Fjellrosa. Motivet frå Fjellrosa er stoff far tok med når han utforma siste delen av lydarslåtten ”Rosa”, som er tillegg til Fjellrosa av Lars Fykerud.
4. Traskjen, springar 1964
- Dette er ein springar etter Olav Naper. Far spela den for meg, og derfrå har eg slåtten. Olav Naper hadde med seg ein ung gut når han reiste rundt, fortalde far. – No må du koma da, Traskjen min, sa Naperen til guten, som óg var spelemann. Formen her er nok mykje prega av Håvard Gibøen, så han har truleg vore borte i slåtten formmessig.
5. Fjellmannjenta, gangar 1952
- Eg veit fælt lite kor denne slåtten kjem ifrå, men det må vera ein gangar etter Myllarguten. Eg spelar slåtten i fars form. Far spela for Arne Bjørndal (1882 – 1965) i 1935, og Bjørndal skreiv ned slåtter etter han då. Bjørndal sende bod etter far som var på stulen og slo. Han var her fleire vendur for å skriva opp etter han.
6. Kivlemøyane, lydarslått 1964
- Første veket går på at dei tre Kivlemøyane hadde eit signal til kvarandre. Kven som har laga veket er ukjend. Eg spurde far ein gong kor han hadde lært det. Han nemnde på ein som heitte Halvorsen som hadde skrivi det opp etter Leiv Sandsdalen (1825 – 1896). Det var ein Halvorsen frå Ulefoss som hadde vore domar mykje, var lærar og hadde lært seg notar. Sandsdalen ville ikke lære bort, men Halvorsen hadde skrivi det opp i løynd.
7. Tullar-Margit, springar 1952
- Tullar-Margit var mykje i Lyndalen då far var liten. Gomo, Gro Lyndalen, fortalde at Tullar-Margit var på lægd. Ho var mykje hjå oss - det var tonestoffet hennes som passa så godt med tonemåten i familien. Slåtten Tullar-Margit har nok far laga, slåtten minna om hennar måte å synge på. Tullar-Margit skal vera født på Odden, ein plass på ein odde som gjeng ut i Bjårvatn, med hus og alt som ein plass skulle ha. Plassen blei lagt til Hågåviken seinare. Husa på Odden blei flutte til Nord-Hågåviken. Tullar-Margit reiste mykje. Ho blei litt rotete med åra, fortalde at ho hadde ei gruve i Årmotdalen i Bø. Etternamnet til Tullar-Margit veit me ikke sikkert, mulig va det Odden. Du ser, slike fattigfolk blei ikkje akta på i den tid, dei blei ikkje skrivne inn i kyrkjebøkene eingong.
8. Veneflamma, springar 1968
- Far og Lars Fykerud hadde mykje til felles, og det er ikkje godt å vita kven av dei som har laga denne slåtten. Lars var mykje i Bø, men dei spela ikkje ”Veneflamma” i Bø. Mogeleg kan far ha laga slåtten – det ligg i alle fall mykje av hans tonefarge og måte å uttrykkja seg på i denne slåtten.
9. Hellosen, gangar 1965
- Slåtten er opprinneleg frå Bø, - frå Flatland. Kor eg har lært han, kan eg ikkje seie. Eg har aldri sete og lært ein slått tak for tak frå nokon spelemann. Denne slåtten har eg lært ved det at eg har høyrt han så mykje av andre spelemenn. Eg var mykje i Bø, men eg lærde ikkje eigentlig så mykje av bøheringane, så det er nok mange eg har lært ”Hellosen” av.
10. Prestegangaren 1965
- Dette er nok opphavleg ein numedalsslått, som óg blir kalla for ”Knut Bekkjin”. Eg spelar slåtten slik eg har han etter far.
11. Lappebakken, gangar 1965
- Slåtten er nok opphavleg ein gangar etter Myllaren. Forma er etter far.
12. Tullar-Margit II, springar 1965 - Dette er også ein komposisjon av far. Tonestoffet her stemde overens med det han hugsa etter Tullar-Margit. Johannes Dahle hadde med noko av denne i ”Signe Ulladalen”, slik han spela han. Eg lærde slåtten av far.
13. Fykeruds farvel, marsj 1965
- Lars Fykerud skal ha spela denne marsjen på båten då han reiste frå Amerika. Dei seier det er Lars som skal ha komponert slåtten, men ein tinndøl høyrde at dei spela han i eit militærorkester i Amerika. Eg hugsar ikkje heilt visst at far spela slåtten, men eg har lært han heime i Tuddal.
14. Gjestebodslåtten, gangar 1968
- Dette er ein slått etter gamle-Hans Fykerud (1823 – 1879) som far lærde av Lars. Slåtten er seinare nemnd som ”Slik spela far joleftan”.
15. Rosa, lydarslått 1968
- Slåtten er laga av far og gjev uttrykk for sakn etter Lars Fykerud som han reikna som ein bror. Det er sorg i Rosa. Lars Fykerud døydde i 1902, 42 år gamal.
16. Va’ det ’kje du som leika med Guro, halling 1964
- Far spela denne slåtten. Eg kan ikkje seia sikkert kvar han kjem ifrå. Slåtten spikra seg fast i hukommelsen då eg var gutunge.
17. Bøheringen, springar 1963
- Dette er ein god springar, ein myllarslått som kom via Flatlandane og den vegen frå Myllaren. Eg spelar slik far spela slåtten. Vi spela han nokså likt alle i familien.
Redaktør og produsent: Gunn Sølvi Gausemel NRK Idé, tekst og repertoarutval: Kjell Chr. Midtgaard og Bjørn Wibe Prosjektleiarar: Niels Røine og Frode Rolandsgard Lydrestaurering og mastering: Gudrun Gardsjord, NRK Opptak: NRK-arkiv CD-produksjon: Lydmuren Grafisk formgjeving: Eva Karlsson. Engelsk omsetjing: Turid Senungetuk Økonomisk støtte: Norsk kulturråd, Rådet for folkemusikk og folkedans, Hjartdal kommune, Hjartdal historielag, Tuddal spelemannslag, Spelemannslaget Bøheringen, Turid Askjem, Kjell Chr. Midtgaard og Bjørn Wibe
Kontakt: Frode Rolandsgard / info@talik.no
Einar Løndal from Tuddal in Telemark
It might be said that the Løndal fiddling style represents a special genre in Norwegian folk music. The Tuddal writer O.J. Rui described some of its characteristics as “the soft and pure playing and the light and effortless finger work”. Many a fiddle player has taken the Løndal style to be the ideal and has tried to emulate its special lyricism. There are not many fiddlers from Telemark that have escaped its influence—and that holds for fiddlers from many other places as well.
It is Svein Løndal (1864-1949) who stands out as the most important fiddler here, but other players in the Løndal family who came before as well as after him have played from the same distinct base. The family came from Tinn and it was Hølje Sveinson Leikanrud (b.1759-?) who was the first known fiddler. He was, with Brynjulv Olson the best fiddler at Tinn and inherited the special right to play at public events from Brynjulv. It was not without basis when Knut Lurås (1782-1843) said: “If I had a Bokko bow and Leikanrud’s fingers, what a fiddler I would have been.”
Svein Løndal’s sons Olav (1904—1986), Kjetil (1907 - 1987), and Einar, born February 28, 1914, inherited the fiddling talent from their father. Einar, who is 91 years of age at the time of this production, is still happy to take out his fiddle if you appreciate this kind of music and happen to visit Sletta in Tuddal!
People of a certain age remember the three famous Løndal brothers from their many decades of competitions and concerts. Even though Einar was the youngest he was fortunate to have heard his father play for 34 years. As a fiddler Einar had a somewhat special development. He began playing rather late—around age 14—but by that time he knew all the traditional slåttar in his head. The tunes had laid themselves on his mind directly when he heard them and he didn’t have to practice playing them week after week like other fiddlers. They just were in place, he later explained. He married Margit (nee Sletta), born the same year as he, and he has lived at Sletta in Hovdegrenda in Tuddal ever since.
Einar has participated in countless fiddle competitions and performances over the years and his shelves are filled with awards. He has contributed to many a “folk music half hour,” and has musically nurtured many students such as Nils Sletta, Knut Buen, John Bondal, Anne Hytta and Per Anders Buen Garnås to name a few.
Einar is also an acknowledged prizewinning fiddle maker. Several slåttar on this CD are played on a fiddle he made.
Einar has come to hold strong opinions about folk music, its traditions and technical aspects of fiddling - and he has convincingly stood by them. This CD includes Einar’s own comments about the slåttar he plays.
Commentary Recorded for release with this CD
Einar Løndal’s own commentary:
1. Guro Lomodden, springar 1965
- “Guro Lomodden” is a slått from Håvard Gibøen (1809 – 1873), but the history behind it and the title came from Seljord. I knew this tune from early on - learned it from my father. It existed in my mind long before I began to play.
2. Fossegrimen, gangar 1964
- I learned the form of this gangar from my father. As far as “Fossegrimen” is concerned there are two traditions - the one attributed to Myllaren (Torgeir Augundsson 1801-1872), that is the one Groven uncovered, and then there is this one from Håvard Gibøen.
3. Fjellrosa, springar 1968
- I believe that my father composed the springar “Fjellrosa”. At one time everyone went to Tuddal to learn it because no one in Bø played this slått. Lars Fykerud (1860-1902) made a gangar he called “Fjellrosa”. The basis for it came from his mother who played the Norwegian flute “sjøfløyte” and also sang the song ‘Now I see those mountains and valleys.’ It is doubtful that Lars Fykerud made two slåttar with the same name. I think he made the gangar named “Fjellrosa” - and my father made the springar named “Fjellrosa”. He later used the theme from “Fjellrosa” in the last part of lydarslåtten “Rosa”. It is now an addition to “Fjellrosa” by Lars Fykerud.
4. Traskjen, springar 1964
- This is a springar from Olav Naper. My father played it for me and that is how I got it. My father told me that Olav Naper traveled around with a young lad who also played the fiddle. ‘Oh, come now, my Traskjen’ he’d say to the boy. The form of this slått seems to be influenced by Håvard Gibøen so he must have lent his hand to its form.
5. Fjellmannjenta, gangar 1952
- I know very little about where this slått came from but I suspect it is from Myllarguten. I played it the way my father played it. He played it for Arne Bjørndal (1882-1965) in 1935 when Bjørndal wrote down slåttar from father. Bjørndal sent for him while father was off haying at the mountain farm. Bjørndal came many times to write down slåttar my father played.
6. Kivlemøyane, lydarslått 1964
- The first section is about how the three girls signaled each other. Who made this section is not known. I once asked my father where he had learned it and he told me that a teacher from Ulefoss named Halvorsen, who often was a judge and knew how to write down music, had written it down from Leiv Sandsdalen (1825-1896). Sandsdalen did not like to teach anyone but Halvorsen wrote it down in secret.
7. Tullar-Margit, springar 1952
- Tullar-Margit came often to Lyndalen when my father was young. She often visited our home too. The tone of her voice blended well with our family’s music making. I think my father made this slått in memory of her singing style. From Gomo, Gro Lyndalen, we learned that Tullar-Margit was a pauper. She came from Odden, a place on a tongue of land jutting into Bjårvatn. The place had houses and everything as a place should have but later it came under Hågåviken and the houses at Odden were moved to Nord-Hågåviken. Tullar-Margit traveled a lot. She became somewhat confused as she aged and spoke about owning a mine in Årmotdalen at Bø. We did not know her last name but it probably was Odden. You see, little attention was paid to poor people like her at the time. Their names were not even recorded in the church books.
8. Veneflamma, springar 1968
- My father and Lars Fykerud had much in common and it is not easy to say who made this slått. Lars was often in Bø but they did not play the “Veneflamma” there. It’s possible that my father made this slått - it has a lot of his colors and expressions in it.
9. Hellosen, gangar 1965
- This slått is originally from Flatland in Bø. I cannot recall where I learned it. I never sat down to learn a slått note for note from any fiddler. I learned this tune by hearing others play it. I was often in Bø but didn’t really learn much from the fiddlers there so I’d say that I learned “Hellosen” from many different players.
10. Prestegangaren 1965
- This is most likely an original tune from Numedal. It also goes by the name “Knut Bekkjin”. I played it the way my father played it.
11. Lappebakken gangar 1965
- I think this slått is originally from Myllaren. The form is my father’s.
12. Tullar-Margit II springar 1965
- This is also one of my father’s compositions. He used the tune to recall his memory of Tullar-Margit’s voice. Johannes Dahle used some parts of it in “Signe Ulladalen”. I learned the slått from my father.
13. Fykeruds farvel, marsj 1965
- Lars Fykerud is said to have played this march on the ship when he returned from America. People said that Lars had composed it but a fellow from Tinn said he had heard it played by a military band in America. I’m not sure I heard my father play it but I know I learned it at home in Tuddal.
14. Gjestebodslåtten, gangar 1968
- This is a slått from old Hans Fykerud (1823-1879) that my father learned from Lars. The slått was later renamed ‘Father plays on Christmas Eve”
15. Rosa, lydarslått 1968
- This slått is made by my father and it expressed his sadness at the loss of Lars Fykerud who he regarded as a brother. We can hear the sorrow in “Rosa”. Lars Fykerud died in 1902, when he was 42 years old.
16. Va’ det ’kje du som leika med Guro, halling 1964
- My father played this slått. I cannot say for sure where it came from. The slått got stuck in my mind when I was just a lad.
17. Bøheringen, springar 1963
- This is a good springar. It is a Myllarslått that came via Flatlandane from Myllaren. I played it the way my father played it. Everyone in our family played it in similar fashion.