Olav Snortheim vart fødd på Midtre Snortei (87/3) i Røn i Vestre Slidre 9. april 1911. Garden er den eine av tre Snorteisgardar, som alle ligg høgt oppe i åsen på austsida i Røn. Faren, Ola Snortheim (1878–1973), var odelsgut, og spelte hardingfele. Mora Ragnhild (1881–1973) var frå Nordviste, lengre nede i bygda, og spelte langeleik. Dei fekk fire born: Knut i 1907, Ivar i 1909, Olav i 1911, – og Marit i 1922. Knut overtok garden, men dreiv også som sløydlærar. Han spelte hardingfele og var ein framifrå rosemålar. Ivar var offiser og lokal leiar av Heimefronten under krigen, Marit var lærar, som det også hadde vore fleire av bakover i slekta.
Olav lærte langeleikspel av mora Ragnhild. Ho hadde lært av Kari Rudi Braute (1845–1916), frå Øyebygdn vestafor fjorden i Røn. Kari var ein kjend utøvar på langeleik, med konsertar både her i landet og i Amerika, der ho døydde. Mellomnamnet sitt hadde ho frå Røe i Øystre Slidre, der faren kom frå. Det meste av langeleiktradisjonen på 1900-talet kan sporast dit. Øystein Øysteinsson Rudi, som gjerne blir rekna som far til den moderne langeleiken var frå eine garden, Guri Hegge var frå den andre, og far til Kari var frå eit tredje bruk. Både spelteknikken og utforminga av instrumentet er påfallande likt hjå alle som kan føre tradisjonslinene sine tilbake til Røe, og det er
grunn til å plassere også Olav Snortheim i denne tradisjonen. Men han gjekk også sine eigne vegar, og det alt i ung alder, i følgje det han sjølv fortel i eit brev til Rolf Myklebust i mai 1958: «Dei endringane eg har gjort med langeleiken er 30 år gamle, og kom fram på den tid da eg enda var upåvirka av vår tids allhånde harmonioppfatningar».
Tredve år før 1958, det blir omtrent då han tok sin fyrste fyrstepremie i langeleikspel. Det var som sekstenåring
på ein kappleik i Ulnes, fortel Knut Hauge. Olav fortel elles at det var broren Knut som laga langeleik åt han, og det gjorde han som «næming» 17 år gamal. Han «var ulært den gongen. Likevel er min langeleik eit meisterverk, i form, dimensjon, klang og bruk av trevyrkje. » Knut var fødd i 1907, så alt dette tyder på nokre sterkt formande
år på midten av 1920-talet. Olav og Knut spelte også saman, langeleik og hardingfele, også til dans.
Eldre langeleikar var heilhola av eitt stykke ved, og hadde såleis ikkje botn, og dei hadde ganske jamn noterekke utan klar inndeling av heile og halve tonetrinn. Øystein Øysteinsson Rudi laga langeleikar ved å lime saman sider, slik at leiken fekk botn, og nota opp ein durtoneskala. Snortheimsmodellen følgjer dette, men har dessutan
kromatiske halvtonesteg og dobbel melodistreng. Halvtonane hadde vore brukte sidan århundreskiftet, fortel Olav i
eit brev til Rolf Myklebust i 1958, og han er klar i sin dom: «Det er stort sett eit mislykka tiltak.» Denne   12-toneskalaen reknar han som resultat av eit ynskje om fastare avstemt toneavstand enn dei som var i bruk på dei gamle svævande skalaformene si tid. «Dei uendeleg mange ulike skalaformer på gamle instrument fortel tydeleg nok om ein slump, søking eller leiting, om bra eller dårlege instrumentmakarar », skriv Olav Snortheim.
«Halvtonane på langeleiken er altså ikkje mitt påfunn», skriv han i 1958. «Men eg er vel den einaste som har funne nytte i dei når dei fyrst var komne der», legg han til. «Det er mogleg å bruke dei ved omstilling til andre tonearter. På det vis kan langeleikens register nyttast betre, men framleis halde seg i ramma: Modulasjon forbode.»
Det siste er vel ei helsing til Boris Borisoff (..), som var i ferd med å konstruere langeleikar som skulle kunne skifte toneart. «På langeleik kan ein ikkje modulere frå ei toneart til ei onnor. Den faste underlagde klangen frå harmonistrengen forbyr strengt dette», skriv Olav Snortheim.
«Min spesielle forbetring i langeleiken ligg i den niande strengen», fortel han vidare i brevet frå 1958, «den forsterka melodistrengen som gjev melodien større fylde i forhold til den underlagde harmonien, – og som gjer dobbeltspel mogleg. Merk: det er skilnad på dobbel melodistreng og streng over halvnotane. Eg kan altså spele to-stemt på min langeleik utan å nytte halvtonane.»
Snortheimsleiken har såleis ni strenger: «to melodistrenger som båe er stemte i a, dei andre i a a e a ciss a e. Leiken er stemt etter mitt eige prinsipp, etter sterkt tradisjonsbunden tonekjensle saman med gamle naturbundne tonar. Den er ikkje temperert i vanleg tyding, sjølv om det ser ut so», skriv han. Det er også interessant å merke seg korleis han forklarar den spesielle måten han brukar leiken på i «Juleskreia»: «Juleskreia er spelt i F-dur, der ein auka kvart delvis gjer seg gjeldande ( f g a b/h c).»
Langeleikspelet til Olav Snortheim utmerkar seg med ei teknisk svært avensert venstrehand. Repertoaret er ei blanding av tradisjonelle langeleiklåttar, låttar han har ført over på langeleiken frå andre instrument, og låttar han har teke frå nedskrive notemateriale. I 1938 spelte han inn 19 låttar på langeleik i NRK. «Far spilte i Folkemusikkhalvtimen for å finansiere klassisk musikkstudium, Konservatoriet og operasang» fortel dottera Rannveig. Dette er eit blad i livet hans som han tala lite om, og som er lite kjend. Eit lite innblikk gjev dagboka til ungdomsvenen, forfattaren Knut Hauge (1911–1999). Han hadde vorte kjend med Olav Snortheim på framhaldskulen, og nemner han ofte i dagboka si frå 1930-talet. 11. desember 1932 skriv han om ein Bjørnson-fest på Slidretun, med sang av den verdskjende operasongaren Bjørn Talen (1890–1945): «Men det gildaste var for meg var då Olav Snortheim song eit par songar. (..) Han er ein kunstnar av Guds nåde».  28. april 1934 skreiv han på nytt om Olav Snortheim: «Han hadde vore i Oslo i vinter og snakka med Erpekum Sem. Og han hadde vorti veldig uppglødd for røysti hans! (..) Han ville undervise han og moderere prisen til det halve.» Og 27. mars 1935 : «Olav Snortheim er i Oslo i songlære.» Om det var hjå Arne van Erpekum Sem (1873–1951) står det ikkje noko om, men det er vel truleg. I minneordet frå 1988 skriv Knut Hauge om Olav Snortheim at «Han nådde fram til ein konsert i Slidre kyrkje, saman med Erling Krogh» (Erling Krogh (1888–1968) var ein dei fremste norske operasongarane i mellomkrigstida). Men så kom krigen og okkupasjonen, og «Det vart den endelege dødsdomen over framtidsplanane hans for song, og eg trur det var det største vonbrotet han hadde i ungdomen ». Me veit vidare at han fleire gonger song i Valdreslaget i Oslo så seint som 1940 og 1941. Det var før dei frilynde ungdomslaga vart sette under kontroll av styremaktene, og før konsertforbodet frå Heimefronten (oktober 1943), så det skulle vera uproblematisk.
Hausten 1946 heldt komponisten Eivind Groven (1901–1977) konsertar i Trondheim og Oslo, med Olav Snortheim som solist. Han blir omtalt som «en ubearbeidet natursanger med et praktfullt stemmemateriale.» Dette er likevel det siste å finne om Olav Snortheim som operasongar utanom det heilt lokale. Frå 1947 opptrer han som folkemusikar, fyrst og fremst langeleikspelar.
I biografien til Knut Hauge i 1966 er det konsertane og særleg utlandsferdene han sjølv legg vekt på. Den første utanlandsferda gjekk til Praha i 1947. Han var den eine av ein to-manns kulturdelegasjon til ei verdsungdomsstemne, der ikkje mindre enn 57 nasjonar var med. I 1948 deltok han i ein stor internasjonal konkurranse i Llangollen i Wales, der 21 nasjonar tevla og Olav Snortheim fekk fyrsteprisen, skriv Knut Hauge.
I 1950 hadde den internasjonale folkemusikkinstitusjonen Pro musica ein stor kongress i Lund i Sverige, der Snortheim og langeleiken gjorde stor lykke. Dette resulterte seinare i radio- og fjernsynprogram i Sverige og dessutan ein turne i Tyskland. Han fortel også utførleg om oppdraget som jurymedlem ved eit storstemne i Warzawa i 1955.
I Danmark hadde han fleire turnear i høgskolane og i Foreningen Norden. I 1953 og ei tiårs periode var han fast ved Festspela i Bergen, med eige program og ensemble. Her var han også med på oppsetjinga «Dans ropte fela», både i Bergen og på den omfattande turneen fyrst i USA i 1960, seinare i Danmark, Tyskland, Holland, Belgia, Frankrike, og England som scene- og TV- framføring. Han var også med då oppsetjinga vart sett opp på Det Norske Teateret i Oslo, «40 gonger for fulle hus».
I 1962 sette Det Norske Teateret opp Peer Gynt, som i Tormod Skagestads regi vart ei romantisert
og slåande ny oppsetjing. Der vart korkje Griegs eller Sæveruds musikk nytta til stykket, det skulle vera autentiske tonar frå Per Gynts heimtrakter, både til Hægstadbryllaupet, og til møtet med seterjentene og den Grønnkledde, og ikkje minst i Dovregubbens hall. Det vart då sjølsagt spørsmål etter slike karar som Sibgjørn Bernhoft Osa og Olav Snortheim.
Han nemner elles dei mange turneane i skolane i Oslo, dessutan Bergen og Trondheim, turnear for Rikskonsertane i mange år over heile landet og også noko i Folkeakademia. I radio hadde han spelt både i Norge, Sverige, Finland, Danmark, England, Tyskland, Nederland, Estland og Amerika.
Rolf Myklebust fortel i boka «50 år med folkemusikk» at Olav Snortheim frå 1953 til 1973 årleg spelte for opptak til folkemusikkhalvtimen, og legg til at han også kunne blåse på seljefløyte, bukkehorn og lur. Olav Snortheim laga fleire radioprogream i serien «Spelemenn i norsk folkemusikk», der han presenterte dei gjevaste langeleikspelarane i Valdres med forteljing og spel. I somme høve brukte han langeleik med gammal skala, fortel Myklebust.
Han fekk mange prisar og utmerkingar med åra, skriv Knut Hauge i minneordet i 1988. Han fekk avisa Valdres sin kulturpris i 1966 og livsvarig kunstnarløn frå Staten, men den utmerkinga som han var mest glad for, og sette aller størst pris på, var nok den livsvarige  æresløna han fekk frå dei seks Valdreskommunane, skriv Hauge.
Olav Snortheim gifta seg i 1944 med Gyda Vigerust (1912–1989) frå Ringebu. Dei busette seg på Fåberg fram til 1950. Då flytta dei til garden Solbrå på Harpefoss og budde der fram til 1963. Dei bygde seg då hus i Sør-Fron.
Barn: Ida Ragnhild født 1944, Eva Elise født 1947, Rannveig født 1950 og Ola født 1954. Ola var ein svært anerkjend trommeslager og musikar på 1980/90-talet. I 1986 gav han ut «Langsomt mot nord» der han brukte opptak av faren både på langeleik og bukkehorn.
Olav budde dei siste åra sine i eit lite hus han fekk sett seg opp på Harpefoss. Der var han på 1950- og 1960-talet fast gjest på nordiske sommarkurs for lærarar på Gudbrandsdalens folkehøgskule, og han var også brukt av styrar Are Stauri (1912–1970) på vinterstid. Han spelte og fortalte med stor innleving, fortel sonen, Rasmus Stauri. Det er nok likevel ikkje til å koma frå at Olav Snortheim vart ein litt framand fugl i folkemusikkmiljøet, både i Gudbrandsdalen og i Valdres.
Heime på Harpefoss var Olav Snortheim i nokre år dirigent for Fossegrimen sangkor, og der song han operaarier med koret bak. Han døydde 2. februar 1988, og er gravlagd på Røn kyrkjegard.

/ Ingar Ranheim

Kjelder
Arkivet etter Olav Snortheim, VFF 473, Opplandsarkivet, Valdres Folkemuseum
Hauge, Knut, 2003: Diktardraum. Dagbok 1931–1940, Vestre Slidre
Myklebust, Rolf, 1982: Femti år med folkemusikk, Oslo.
Valdres bygdebok band VI, 1968, Leira.
Avisa «Valdres», Fagernes
Wikipedia
Aftenposten, elektronisk arkiv

Muntlege opplysningar:
Familien
Rasmus Stauri

Plateinnspelingar
3 EP plater (jfr Ola Snortheim) samleplater for folkemusikk
Langsomt mot nord i 1986 saman med sonen Ola
Tusseliten og trippeliti Agnes Buen Garnås med to spor på langeleik

the foremost langeleik player in late 1900s

Olav Snortheim was born on the Midtre Snortei farm (87/3) in Røn in Vestre Slidre on 9 April 1911. His father, Ola Snortheim (1878– 1973), was the oldest son and heir to the ancestral farm, and played Hardanger fiddle. His mother Ragnhild (1881–1973) was from Nordviste, further south in the district, and played langeleik. They had four children: Knut in 1907, Ivar in 1909, Olav in 1911, and Marit in 1922.
Knut took over the farm, but also worked as a carpentry teacher. He played Hardanger fiddle and was an exceptional rose painter. Ivar was an officer and local leader of the underground resistance movement during the war, and Marit was a teacher; there had been several other teachers in previous generations of the family.
Olav learned to play langeleik from his mother Ragnhild. She had learned from Kari Rudi Braute (1845–1916) from Øyebygdn on the west side of the fjord in Røn. Kari was a well-known performer on langeleik and had held concerts in both Norway and America, where she died. She had her middle name from Røe in Øystre Slidre, where her father came from.
Most of the 20th century langeleik tradition can be traced back to this area. Øystein Øysteinsson Rudi, who is generally regarded as the father of the modern langeleik, was from the one farm, Guri Hegge was from the other, and Kari’s father was from a third farm. Both the playing technique and the physical shape of the instrument are strikingly similar among all those whose tradition lines can be traced back to Røe; these are also grounds to locate Olav Snortheim in this tradition.
But he also followed his own path, starting at a young age, according to what he recounts in a letter to the host of Folkemusikktimen (a weekly radio show which focuses on folk music) at NRK, Rolf Myklebust, in May 1958: “The changes I have made on the langeleik are 30 years old, and emerged at a time when I was as yet unaffected by today’s assorted concepts of harmony.” Thirty years before 1958 is approximately when he won first prize in langeleik playing for the first time. This was as a sixteen-year-old at a kappleik (a judged competition in Norwegian folk music and dance) in Ulnes, relates Knut Hauge.
Older langeleikar were carved out of a single piece of wood and thus had no back, and they had a relatively evenly spaced row of frets which were not clearly divided into whole and half steps. Øystein Øysteinsson Rudi constructed langeleikar by gluing together six sides, so that the instrument obtained a back, and he arranged the frets in a major scale. The Snorthiem model, made by Olav’s brother Knut, follows the same guidelines, but it also has chromatic semitone steps and a second melody string. The semitones had been used since the turn of the century, relates Olav in a letter to Rolf Myklebust in 1958, and he makes his opinion clear: “It is generally speaking an unsuccessful undertaking.”
He considers this 12-tone scale to be the result of a desire for a more fixed pitch distance than the intervals that were in use during the era of the old natural scale forms. “The great number of various scale forms on old instruments can be attributed to haphazardness, exploration, and inquiry, as well as good and bad instrument makers,” writes Olav Snortheim. “So the semitones on the langeleik are not my invention,” he writes in 1958. “But I am probably the only one who has found a use for them,” he adds. “It is possible to use them upon re-tuning into other keys. In that way the langeleik’s range can be better utilised while still adhering to the framework: modulation prohibited.” This last comment is no doubt directed to Boris Borisoff (...), who was on the point of constructing langeleikar which would be able to change keys. “On langeleik one cannot modulate from one key to another. The fixed underlying sound from the harmony strings strictly prohibits this,” writes Olav Snortheim. “My special improvement to the langeleik lies in the ninth string,” he recounts in the letter from 1958, “the reinforced melody string which gives the melody greater fullness in relation to the underlying harmony, – and which makes it possible to play two melody lines at the same time. Note: there is a difference between the second melody string and the string which lies over the semitone frets. So I can play two melody lines on my langeleik without using the semitones.”
So the Snortheim langeleik has nine strings: “two melody strings which are both tuned in A, the others in A E A C# A E. The langeleik is tuned according to my own principle, on the basis of a deeply tradition-bound sense of intonation together with old natural tones. It is not equally tempered in the usual sense, even if it appears to be,” he writes.
It is also interesting to note the special way in which he uses the langeleik in the tune “Juleskreia”: “Juleskreia is played in F major, with intermittent use of an augmented fourth (F G A Bb/B C).” Olav Snortheim’s langeleik playing is characterised by a very advanced left hand technique.
His repertoire is a mixture of traditional langeleik tunes, tunes he transferred to the langeleik from other instruments, and tunes he learned from transcriptions. In 1938 he recorded 19 tunes on langeleik for NRK. “My father played on Folkemusikkhalvtimen to finance classical music studies, the Conservatory, and opera singing,” relates his daughter Rannveig. In the autumn of 1946 the composer Eivind Groven (1901–1977) held concerts in Trondheim and Oslo with Olav Snortheim as a soloist. He is referred to as “an unaffected, natural singer
with a splendid singing voice.”
In Knut Hauge’s 1966 biography it is the concerts and especially the trips abroad he attaches importance to. The first trip abroad was to Prague in 1947. He was one half of a two man cultural delegation to a world youth gathering, at which no less than 57 nations took part.
In 1948 he participated in a large international competition in Llangollen in Wales, in which 21 nations competed and Olav Snortheim won first prize, writes Knut Hauge. In 1950 the international folk music institution Pro musica held a large convention in Lund in Sweden, where Snortheim and the langeleik were a great success. Later on, this led to involvement in radio and television programs in Sweden and a tour in Germany. In Denmark he went on several tours to colleges and to Foreningen Norden (The Nordic Association).
During a ten-year period beginning in 1953, he was a regular performer at Festspela i Bergen (Bergen International Festival), with his own program and ensemble. He also participated in the performance “Dans ropte fela”, both
in Bergen and on an extensive tour to the USA in 1960, and later to Denmark, Germany, Holland, Belgium, France, and England as a stage and TV progran. He also took part when the performance was staged at Det Norske
Teatret in Oslo, “40 times for a full house.”
In 1962 Det Norske Teatret staged Peer Gynt, directed by Tormod Skagestad, which was a romanticised and striking new performance with Sigbjørn Bernhoft Osa and Olav Snortheim as musicians. He received many prizes and distinctions over the years. He was awarded the newspaper Valdres’s culture prize in 1966 and a lifelong
artist’s state grant from the government, but the distinction which he was most pleased about and valued above all was the lifelong honorary salary he received from the six municipalities in Valdres.
Olav Snortheim was married in 1944 to Gyda Vigerust (1912–1989) from Ringebu. They settled in Gudbrandsdalen. At home in Harpefoss, Olav Snortheim was the conductor of Fossegrimen choir for several
years, and he also sang opera arias accompanied by the choir. He died on 2 February 1988 and is buried at Røn churchyard.

/ Ingar Ranheim