Arne Olsen 2
Arne Olsen

Arne voks opp på ein liten gard, Kronset. Den ligg høgt oppi åssida ovafor Lampeland. Åleine med foreldra som arbeidde med gards og skogsarbeid og dreiv den vesle garden, gjekk barne- og ungdomsåra.  Skulen han gjekk på var Lampeland. Arne var sjenert og stakk seg ikkje fram på nokon måte. Onkelen hans, Eivind Krokmogen, lærte han å spela hardingfele frå han var om lag 7 år. Dårleg fele og elendig boge (sjølvlaga) av brisk og hestetagl frå arbeidshesten, «Bron», var starten. Utstyret vart vel snart betre, og han fekk ny fele i konfirmasjonsgåve frå gode vener, Hellik Frågått med familie.

Det var få unge spelemenn i nærleiken dei fyrste åra han spela. Familien hadde ikkje bil, så det var ikkje dagleg å koma seg ut blant andre. Ola Frågått heitte ein annan ungdom som spela hardingfele. Han var eit år eldre, men desse møttest stundom, og saman kom dei i kontakt med fleire eldre spelemenn. Særleg Kjell Evju i Flesberg tok seg av ungdommane, fekk dei med på kappleik og til møtes med andre spelemenn. Mellom anna var dei på kappleik i Tinn i Telemark. Der spelte Arne slåtten «Jon Vestafe’». Arne fekk fyrste premie i klasse under 20 år den gongen og stor fagnad for spelet sitt. Men på same stemnet overhøyrde han ein kommentar frå nokon som meinte at det var ein annan som skulle ha vunne. Det vart siste kappleiken han spelte på, han skulle «så visst ikkje taka premiane frå nokon».

I 1959 var han med på spelkurs der Paul Lia (1886–1971) var læremeister. Paul var ein god spelemann, slekta frå dei gamle spelemennene i Flesberg og var soneson til Gullek Spellemann (1807–1859). Her fekk Arne slåttar og møtte dei fleste av bygdas spelemenn. Kristiane Lund hadde vore i Flesberg og halde kurs for spelemennene alt i 1953. Mellom anna dette påverka spelet til dei aktive vaksne spelemennene i bygda. Telespelet var svært populært i desse åra. For Arne Olsen vart det likevel dei gamle numedalsslåttane og det gamle spelet som fengde mest i åra frametter. Riktig nok spelte han meir asymmetrisk takt enn dei gamle, men likevel ga han dei gamle slåttane ny kveik. Kjeldene hans var mest opptak han fekk av Bjarne Bratås. Bjarne og far hans Olav og broren Asbjørn hadde teke opp spel av dei eldste spelemennene frå fyrst på 1950 talet. Dette var ei gullgruve for Arne Olsen. Hellik Ranvik (1885–1971) sitt spel fengde nok aller mest. Dei fleste slåttane lærde Arne etter opptak med han. Arne kjente Hellik Ranvik. Skulevegen hans gjekk forbi der Hellik budde. Men som barn og ungdom hadde ikkje Arne framferd til å spørja om å lære slåttar direkte. Berre ein slått spela Arne for Hellik og fekk litt rettleiing på. Men han høyrde Hellik spela mange gonger hjå naboen til Kronset, Ole Sæther (1895–1977) som òg spela noko. Han bad ofte naboane til hyggelege samvær med kaffi, spel og litt kortspel attåt.
Arne Olsens første fele og boge.jpg
Fyrst på 1960-talet flutte Arne frå Kronset, budde eit par år i Lyngdal, og flutte så til Øvre Eiker. Dei neste 10 åra vart det mykje gamaldansspel attåt. På Eiker møtte han musikarar som spela trekkspel, gitar og andre instrument. Her fekk han lære samspel i gruppe. Det vart mykje musikk desse åra. Han gifta seg med Astrid Karlsen, og dei fekk to barn, Finn Roar i 1969 og Gro Bodil i 1971. I 1972–73 flutte familien til Lampeland, Arne jobba som tankbilsjåfør, fyrst med diesel og fyringsolje, seinare var han sjåfør på mjølketankbilen. I 1979 bygde Arne nytt hus i Landegrenda i Flesberg og flutte dit med familien. Frametter åra vart det mykje musikk, både slåttespel og gamaldansspel. Mellom anna var han ofte saman med Leif Aasane (1933–2014) frå Kongsberg. Det var meisterspel å høyre når desse to spela for kvarandre og saman. I 1978 spela Arne til dansekurs, springarkurs i Flesberg. Det gjekk svært godt, han fekk seinare mest ikkje fred for dansarar som trong spelemann på kappleikar eller framsyningar. Han vart ein meister til å spela til dans.

Då verksemda i folkemusikkmiljøet i Numedal tok seg oppatt utover i 1970 åra var han med på det meste. Spelemannsmøte og faste øvingskveldarmed nybyrjarkurs. Han lærde og lærde frå seg. Det var i denne tida han tok til å spela durspel for alvor. Han vart ein meister på det og. Frå 1981 starta Numedal spelemannslag med samspel/lagspel. Sigurd
Frogner var leiar. Arne Olsens spel fekk stor plass i repertoaret i laget. Slåttane passa så godt i samspel og Arne var svært god til å læra frå seg. Det var spel med eggande dansetakt. Såleis påverka Arne Olsen spelet i heile Numedal.

I 1979 kom Sven Nyhus til Veggli på opptaksferd for NRK. Programmet som vart sendt etterpå heitte «Spel og dans i Veggli». Det var fyrste gongen Arne spela for NRK. Det vart fleire besøk der utetter åra, siste gongen i 1991. 1980- åra var glansperioden for Arne Olsen med høgdepunktet i 1986. Knut Buen kom til Veggli for å gjera opptak til kassettutgjevinga Vårdagen med musikk frå Numedal. I samband med dette spurte Knut om Arne ville spela inn nokre danseslåttar. Det vart til at han gjorde det. 20 slåttar spela han inn på ei lita eftastund, 12 springarar og 8 hallingar. Dette vart til soloutgjeving med Arne Olsen, Springar og hallingi Numedalstradisjon. Dette er av det aller beste som er utgjeve av solo hardingfelespel her i landet. Vi som sto han nær høyrde godt at han spela til opptak og vart noko bunden, men det var stort spel. Arne var med på mange kassett- og plateutgjevingar, mellom anna:

Buskerudtonar med tradisjonar vol 1, 2 og 3. Kassett med Hans Torsås gammaldansorkester, På Døladans. Han spelte til fleire dansepar ved opptak av videoutgjevinga: Bygdedansar frå Buskerud amt.Han er med på Norsk folkemusikk/Folkemusikk frå Buskerud (Grappa/ NRKP2, 1995). Likeeins på Kjelde-CD til Kvint og Kvart, eit opplæringsverk i folkemusikk i Buskerud. På ein lokal CD, deltakarpremie på Buskerudkappleiken 2001, var han med. På utgjevinga Einradar’n i solo og samspel spela Arne mange slåttar, han var initiativtakar til denne utgjevinga.

Kjeldene og musikken
Spelet hans Arne var ikkje kopiering av kjeldene, det vart hans eige spel straks han hadde lært seg slåtten. Slik var det med dei gamle slåttane, mest frå Flesberg, og slik vart det òg med slåttar frå andre tradisjonar. Ein sumar sat han to veker i ferien og lærte seg slåttar etter Eilev Smedal. Arne hadde alltid hatt nokre teleslåttar på repertoaret, no vart det mange fleire. Han lika godt spelet til Smedal og spela slåttane godt. Hellik A. Juveli (1897–1986) sitt spel, særleg telemarksslåttane, inspirerte mykje. Truleg hadde Hellik òg Smedal som førebilete. Arne spelte aldri slåttar frå Hallingdal eller Valdres, takten der passa ikkje for han. Han spela gjerne slåttar etter Truls Ørpen i Krødsheradtradisjon og slåttar frå Sigdal. Spelet hans Arne vil stå som ein bauta i framtida i tradisjonen i nedre Numedal.

I Numedal har dei siste generasjonane spelemenn nytta runddansmusikken mest på likefot med slåttespelet. Gjennom tida har sjølvsagt dette variera noko, men området har eit rikt tilfang av runddansslåttar. Då den positive bølja for folkekulturen starta att på 1970-talet, var det slåttespelet som var gjevast. På slutten då hardingfela rådde grunnen med spel til dans, var nok runddansen minst like mykje nytta. Dei gamle spelemennene som spela til opptak fyrst på 1950-talet og utover hadde mykje av dette. Arne spela og desse gamle runddansslåttane. Nokre av kjeldene er alt nemnde, Hellik Ranvik fyrst og fremst, men òg Paul Lia. Utanom gamle opptak lærte han slåttar av lokale spelemenn som Kjell Evju, Knut Sønåsen, Leif Aasane, Sigurd Frogner, og elles av spelemenn han møtte. Særleg har telemarksspelet til Hellik A. Juveli inspirert. Nokre slåttar lærte Arne direkte frå Hellik, men flest lærte han nok etter opptak frå Folkemusikkarkivet i Buskerud. Mange slåttar lærte han frå opptak han gjorde av Folkemusikkhalvtimen i NRK. Plater og kassettar var og kjelder, særleg for gamaldansmusikken.

Spelemannen Arne var sjenert, han laut ha nokon til å «tala saka» for seg og «skuva på», slik at han fekk utfalda evnene sine. Han var eit «kunstnarsinn» som ikkje fremja seg sjølv noko, men meiningar hadde han og blant vener var han snakkesalig og munter. Han var tolerant, lika musikk av ymse sjangrar og spela sjølv fleire instrument. Han syntest godt om dei fleste andre spelemenn, men stilte krav til seg sjølv og andre om reinleik og god takt. Som mange andre gode spelemenn på hardingfele spela han sjeldan slåttane heilt likt frå gong til gong. Særleg i spel til dans når slåttane vart spela gjennom mange gonger, kom det ofte improvisasjonar og små variasjonar av tak og tonar. I 1982 spela han på konsert i Veggli i høve avduking av ein minnestein reist for spelemannen Steingrim Haukjem (1897–1968). Arne spela «Spursmann», ein halling. Publikum vart så rivi med i spelet og takten at heile salen dundra i takt då slåtten bar til endes. Sven Nyhus var der for NRK og gjorde opptak. Han kom inn i salen og bad om at Arne måtte spele ein slått til for det vart altfor mykje «publikumslyd» på den han nettopp spela. Det vart ein god springar, men den nådde nok ikkje opp mot hallingen han nettopp hadde levert. Diverre er dette opptaket av Spursmann ikkje teke vare på i NRKs arkiv.

I mindre samkomer og trygg blant vener slepte han spelet laust, heldige var vi som fekk oppleva det mange gonger gjennom mange år. Spel til dans vart hans arena framfor noko. Han lika seg ikkje på scenen og spela berre nokre få gonger på konsertar og tilstellingar. Derimot lika han seg veldig godt når han fekk spele til dans. Han spela mykje til dans, fyrste gongen var til springarkurs i Flesberg 1978.  Med tida vart det så mykje spurnad etter han som dansespelemann. Det kunne bli i meste laget iblant. Under Landskappleiken på Geilo 1986 spela han for mange dansepar. Det hadde ikkje tidlegare vore delt utpremie for framifrå dansespel på Landskappleiken. Dette året kravde dansedomarane at spelemennene Sigmund Eikås og Arne Olsen skulle mota slik premie. Og det fekk dei.

Heider
I 1998 vart Arne Olsen tildelt Flesberg kommunes kulturpris. Heiderskonsert for Arne Olsen vart skipa til av Numedal spel- og dansarlag. Konserten var på Lokalet Høgheim i Lyngdal. Her vart det berre framført musikk som han hadde komponert. Det var ein flott konsert for fullsett sal, og Arne var sjølv med å spela til dans etter konserten. Opptak er å finne i Folkemusikkarkivet i Buskerud. Framsidebiletet til «Hør der, ja» er teke under denne tilstellinga.

Slåttesmeden
Komponisten, slåttesmeden vakna i Arne Olsen utpå 1990-talet. Kvar einaste veke vi møttest hadde han ein ny slått. Fyrst slåttespel, på fleire stille, men òg runddansmusikk, mest for durspel, men og for hardingfele. Det var planar om ei CD utgjeving i 2000, men eitt «drypp» nokre år tidlegare hadde teke noko av glansen frå bogehanda til Arne. Han såg seg ikkje i stand til å gjennomføra noko innspeling. Det vart elevar og musikkvener som sto for innspeling av komposisjonane hans. Det vart to CD-ar, ein med slåttemusikk og ein med gamaldansmusikk med ulike instrument. Desse to, Brørsteinane og Lauvnesdansen vart gjeve ut av Folkemusikksenteret i Buskerud.

Felene
Fyrste hardingfela, den han byrja på som sjuåring, var truleg laga av spelemannen og felemakaren Gullik Sandbek (1877–1906) frå Svene. Arne fekk ei fele i konfirmasjonsgåve, laga av Gjermund G. Strømmen (1898–1975). Den bruka han til ca 1970. Etter det bruka han eit par år ei fele laga av Sveinung Gjøvland (1892–1977). Av Ola Brøtan kjøpte han ei G. G. Strømmen-fele som Kristoffer Bjørnsrud (1885–1972) hadde gjort om litt. Denne bruka han i mange år. Så kjøpte han seg ei O. Underberg-fele som han hadde i nokre år. I 1982 kjøpte han ei fele av felemakaren Ola Brøtan (1917–2001) på Lampeland. Fela hadde fått sølvmedalje i 1981 på Feleutstillinga på Landskappleiken i Oslo. Eit par år bruka Arne denne før Ola kjøpte ho att og hadde ho sjølv. I denne tida fekk han òg tak i ei fele som Anders Buen (1910–1977) frå Jondalen hadde stelt til. Fela vart kalla «Tordenskjold». Ho hadde understrengene festa heilt bak saman med strengehaldaren. Dei vart stemde både framom og bak stolen. Dette var eit krevjande instrument med mange klangar og det var nett noko for Arne. Denne hadde han til han slutta å spela. Til dei fleste opptaka som vart gjort lånte han fele av Jan H. Lislien. Denne fela var laga i 1970 av Gunleik Stuvstad (1894–1987). Ho var høgstilt (c/ciss), men høvde godt for spelestilen til Arne.Han spela òg på ei Røstad-fele som vart brukt i eitt radioprogram.
Gjennom åra spela Arne på mange fleire feler, instrument som han vart tilbydd å låna, men berre i kortare tid.

Hør der, ja!
Denne CD-utgjevinga er kome i stand i samarbeid med Arne Olsen sjølv. Tida gjekk, mykje vart snakka om og klargjort. Slåtteutvalet var på plass. Det sto berre att å diskutere opplysningane om slåttane og kjeldene då Arne brått døydde 14. september. Difor vert det ikkje fyrstehandsopplysningar frå Arne i denne samanhengen, slik ein helst skulle ynskje seg. Musikken er viktigast. Arne Olsen utforma slåttane på sin eigen måte i stor respekt for dei som hadde bore musikken fram til hans tid.

Takk for musikken, Arne!
Lyngdal i Numedal, desember 2014
/ Jan H. Lislien

Arne Olsen

Arne grew up on a small farm called Kronset

Arne grew up on a small farm called Kronset. The farm lies high up on the hillside above Lampeland. His childhood and youth were spent alone with his parents, who did lumbering work and ran the little farm. He went to school in Lampeland. Arne was shy and did not stand out in any way. His uncle, Eivind Krokmogen, began teaching him to play Hardanger fiddle when he was about seven years old. He started out using a bad fiddle and a terrible (home-made) bow made from juniper and horse hair from the workhorse, “Bron”. His tools soon became better, as he was given a new fiddle as a confirmation gift from Hellik Frågått and his family, who were good friends. There were few young fiddlers in the vicinity during the first years he was playing. The family didn’t own a car, so it was not possible to come out among others every day.

Another boy who played Hardanger fiddle was named Ola Frågått. He was a year older, but the two met now and then, and together they came in contact with several older fiddlers. Kjell Evju in Flesberg looked after the youths, bringing them along to kappleikar (fiddle competitions) and to meet with other fiddlers. Among other things, they attended a kappleik in Tinn in Telemark. Arne played the tune “Jon Vestafé” there. Arne was awarded first prize in the “under 20” category, and received great praise for his playing. But at the same event he overheard someone comment that they thought someone else should have won. It was the last kappleik he played at, he certainly “didn’t want to take the prizes from anyone”.

In 1959 he took part in a fiddle course that Paul Lia (1886–1971) taught. Paul was a good fiddler, descended from the old fiddlers in Flesberg, and was the grandson of Gullek Spellemann (1807–1859). At the course Arne got to learn tunes and met most of the rural district’s fiddlers. Kristiane Lund had held a course in Flesberg in 1953. This influenced the playing of the active adult fiddlers in the district. Telemark-style fiddling was very popular during these years.

All the same, for Arne Olsen it was the old Numedal tunes and the old playing style that excited him the most in the years to come. He played with a more asymmetrical rhythm than the old fiddlers; nevertheless, he gave the old tunes a new vigour. His sources were mostly recordings he received from Bjarne Bratås. Bjarne, his father Olav, and his brother Asbjørn had made recordings of the oldest fiddlers starting in the early 1950s. This was a gold mine for Arne Olsen.

The playing of Hellik Ranvik (1885–1971) excited him the very most. He learned most of Hellik’s tunes from recordings. Arne knew Hellik Ranvik. His way to and from school went past where Hellik lived. But as a child and youth Arne did not have the determination to ask to learn tunes directly. Arne only ever played one tune for Hellik and was given a little guidance. But he heard Hellik play many times at the home of Ole Sæther (1895–1977), a neighbour to the Kronset farm who also played a bit. Sæther often invited the neighbours to pleasant gatherings with coffee, fiddling, as well as a little card-playing.

At the beginning of the 1960s Arne moved away from Kronset, lived for a couple of years in Lyngdal, and then moved to Øvre Eiker. During the next 10 years he also played a lot of gamaldans music. In Eiker he met musicians who played accordion, guitar, and other instruments. He learned to play in a group. He played a great deal of music during these years. He married Astrid Karlsen, and they had two children, Finn Roar (b. 1969) and Gro Bodil (b. 1971). The family moved to Lampeland in 1972–73, and Arne worked as a tank truck driver, first hauling diesel and heating oil. He later drove a milk tanker.In 1979 Arne built a new house in Landegrenda in Flesberg and moved there with his family. There was a lot of music through the years, both bygdedans and gamaldans music. He spent a lot of time with Leif Aasane (1933–2014) from Kongsberg. When these two played for each other and together, masterful fiddling was to be heard. It went very well, and later there was almost no respite from dancers who needed a fiddler at kappleikar or performances. He was an expert at playing for dance.

When activity in the folk music milieu in Numedal picked up again during the late 1970s he took part in most of what went on. Fiddlers’ meetings and regular evening practices with a beginner course. He learned and taught. It was during this time that he began playing button accordion in earnest. He became a master of the accordion as well. In 1981 Numedal spelemannslag (Numedal Fiddlers’ Association) started organizing ensemble playing. Sigurd Frogner was the leader. Arne Olsen’s tunes became a large part of the group’s repertoire. The tunes were very suitable for ensemble playing, and Arne was very good at teaching. His playing had irresistible dance rhythm. In this way, Arne Olsen influenced the playing style in the entire Numedal region.



In 1979 Sven Nyhus came to Veggli on a recording trip for NRK (Norsk rikskringkasting, the Norwegian state-owned public broadcasting company). The program that was broadcast afterwards was called “Fiddling and Dance in Veggli”. It was the first time Arne had played for NRK. He made a number of visits to NRK through the years; the lasttime was in 1991.

The 1980s were golden years for Arne Olsen, with the high point in 1986. Knut Buen came to Veggli to make a recording for a cassette release called Vårdagen, featuring music from Numedal. In connection with this Knut asked if Arne would record some dance tunes. Arne ended up consenting. He recorded 20 tunes during an afternoon, 12 springar tunes and eight halling tunes. This came to be a solo release with Arne Olsen, Springar og halling i Numedalstradisjon. This is among the very best recordings that have been released of solo Hardanger fiddle playing in Norway. Those of us who were close to him could hear clearly that he was playing for a recording and was a bit restrained, but it was great playing.

Arne took part in many cassette and record releases, including Buskerudtonar med tradisjonar vol 1, 2 og 3, and a cassette with Hans Torsås gammaldansorkester, På Døladans. He played for a number of dance couples during the recording of the video Bygdedansar frå Buskerud amt. He is part of the CD Norsk folkemusikk/Folkemusikk frå Buskerud (Grappa/NRKP2, 1995), as well as Kjelde-CD for Kvint og Kvart, an instructional book on folk music in Buskerud. He was also part of a local CD which was given out as a participant prize at the Buskerud kappleik in 2001. Arne played many tunes on the recording Einradar’n i solo og samspel and was an instigator for this release.

The Sources and the Music 
Arne’s playing was not a duplicate of his sources, it became his own playing as soon as he had learned the tune. This was the case with the old tunes, which were mostly from Flesberg, as well as with tunes from other traditions. One summer he sat for two weeks during the holiday and learned tunes after the playing of Eilev Smedal. Arne had always had some Telemark tunes on his repertoire, and now he had many more. He really liked Smedal’s playing and played the tunes well. The playing of Hellik A. Juveli (1897–1986), especially the Telemark tunes, inspired him a great deal. Hellik probably also had Smedal as a role model. Arne never played tunes from Hallingdal or Valdres, the rhythm in these districts was not suitable for him. He enjoyed playing tunes after Truls Ørpen in the Krødsherad tradition, as well as tunes from Sigdal. In the future, Arne’s playing will stand as a memorial stone in the tradition from lower Numedal.

Recent generations of fiddlers in Numedal have placed runddans music on an equal footing with bygdedans music. Of course, this has varied somewhat over time, but the area has a rich selection of runddans tunes. When the positive trend for folk culture began during the 1970s, bygdedans music was highly regarded. At the end, when the Hardanger fiddle dominated in the context of dance fiddling, runddans music was played just as much. The old fiddlers, who played for recordings at the beginning of the 1950s, and later on, had a great deal of this music. Arne also played these old runddans tunes. Some of Arne’s sources have already been mentioned, first and foremost Hellik Ranvik, but also Paul Lia. In addition to old  recordings, Arne learned tunes from local fiddlers, including Kjell Evju, Knut Sønåsen, Leif Aasane, Sigurd Frogner, and from other fiddlers he met. Hellik A. Juveli’s Telemark fiddling particularly inspired him. Arne learned some tunes directly from Hellik, but he probably learned most of them from recordings from the Folk Music Archive in Buskerud.

He learned many tunes from recordings he made of Folkemusikkhalvtimen i NRK (a weekly radio show which focused on folk music). Records and cassettes also served as sources, especially for gamaldans music.

Arne the fiddler was shy, he had to have someone to “plead his case” and “take action” so that he was able to develop his abilities. He had an “artistic temperament” and did not promote himself much, but he had opinions, and among friends he was talkative and cheerful. He was tolerant, liked music from various genres, and played several instruments. He thought well of most other fiddlers, but placed high demands on himself and others regarding intonation and good rhythm. Like many other good Hardanger fiddlers, he seldom played tunes the same way each time. Improvisations and small variations on themes and notes often arose, especially when playing for dance, when he played through the tunes many times.

In 1982 he played at a concert in Veggli on the occasion of the unveiling of a memorial stone erected for fiddler Steingrim Haukjem (1897– 1968). Arne played “Spursmann”, a halling. The audience got so carried away by his playing and rhythm that the entire hall thundered in tempo when the tune came to an end. Sven Nyhus was there to record the concert for NRK. He came into the hall and asked Arne to play another tune because there was far too much “audience sound” in the background of the one he had just played. Arne played a good springar, but the tune was not on par with the one he had just played. Unfortunately, this recording of “Spursmann” has not been conserved in NRK’s archive.

At smaller gatherings and at ease among friends, he liberated his playing; those of us who were able to experience this many times over the years were fortunate.

Above all else, his domain was playing for dance. He didn’t enjoy himself onstage and only played a few times at concerts and events. On the other hand, he very much enjoyed playing for dance. He played a great deal for dance; the first time was for a springar course in Flesberg in 1978. He became very sought-after as a dance fiddler. It could be a bit much at times. At Landskappleiken (Norway’s annual national folk music competition) in Geilo in 1986 he played for many dance couples. A prize for exceptional dance fiddling had not previously been awarded at Landskappleiken, but in 1986 the dance judges demanded that fiddlers Sigmund Eikås and Arne Olsen be given a prize. And they were.

Honour
In 1998 Arne Olsen was awarded Flesberg municipality’s Culture Prize. A concert in honour of Arne Olsen was arranged by Numedal spel- og dansarlag. The concert was held at Lokalet Høgheim in Lyngdal. Only music that he had composed was performed. It was a great concert for a packed hall, and Arne himself took part in playing for dance after the concert. A recording of the concert can be found at the Folk Music Archive in Buskerud. The cover photo of Hør der, ja was taken during this event.

 

Numedal spelemannslag 1985
Numedal spelemannslag 1985

The Tunesmith
The composer, the tunesmith awoke in Arne Olsen during the 1990s. Every single week we met he had written a new tune. First bygdedans music in several tunings, but also runddans music, mostly for button accordion, but also for Hardanger fiddle. Plans had been made to release a CD in 2000, but a “mini stroke” several years earlier had taken some of the brilliance from Arne’s bow hand. He did not see himself able to go through with the recording. Students and musician friends took charge of recording his compositions.  The result was two CDs, one of bygdedans music and one of gamaldans music played on different instruments. These two CDs, Brørsteinane and Lauvnesdansen, were released by the Folk Music Centre in Buskerud.

The Fiddles
The fiddles he owned and played. His first Hardanger fiddle, the one he started on as a seven-year-old, was probably made by fiddler and fiddle maker Gullik Sandbek (1877–1906) from Svene. Arne was given a fiddle as a confirmation gift which was made by Gjermund G. Strømmen (1898–1975). He used it until about 1970. After that he played a fiddle made by Sveinung Gjøvland (1892–1977) for a couple of years. He bought a G. G. Strømmen fiddle from Ola Brøtan that Kristoffer Bjørnsrud (1885–1972) had adjusted. He played this fiddle for many years. Then he bought himself an O. Underberg fiddle that he owned for several years. In 1982 he bought a fiddle from fiddle maker Ola Brøtan (1917–2001) in Lampeland. The fiddle had received a silver medal in 1981 at the Fiddle Exhibition at Landskappleiken in Oslo. Arne played it for a couple of years before Ola bought it back. During this period he also got hold of a fiddle that Anders Buen (1910–1977) from Jondalen had made. The fiddle was called “Tordenskjold” and had understrings which were fastened at the bottom of the tailpiece. The understrings were to be tuned both in front of and behind the bridge. This was a demanding instrument with many tonal qualities, and it was just the thing for Arne. He owned this fiddle until he stopped playing. He borrowed Jan H. Lislien’s fiddle for most of the recordings that were made. This fiddle was made in 1970 by Gunleik Stuvstad (1894–1987). It was tuned at a high pitch (C/C#), but it suited Arne’s playing style well. He also played a Røstad fiddle, which he used on one radio program.Through the years Arne played on many more fiddles – instruments which he had been offered to borrow, but only for shorter periods.

Glimpses of Dance
This CD release has come about in collaboration with Arne Olsen himself. Time passed, and much was discussed and prepared. The tune selection was in place. It only remained to discuss information about the tunes and sources when Arne passed away unexpectedly on September 14. This information has therefore not been obtained firsthand from Arne, as one would hope for.  The music is what’s most important. Arne Olsen developed the tunes in his own way, with great respect for those who had carried the musicforward to his time.
Thank you for the music, Arne.
Lyngdal in Numedal, December 2014
/ Jan H. Lislien

english translation: Laura Ellestad