Ola O. Reishagen av Ola Hjelle
Ein meisterspelemann Ola O. Reishagen var sonen til Ola Gudmundson Hamre, frå plassen Hamro undå Midtre Hande i Vestre Slidre. Han var fødd i 1884, og levde barneåra sine hjå foreldra i Hamro. Han hadde to brør, som óg hadde fått namnet Ola. Den eine kjøpte ikring år 1900 bruket Reishagen, og Ola flytte etterkvart dit, og tok namn etter garden. Den andre bror hans utvandra tidleg til USA, og var busett i Minnesota. I 1912 gifte Ola seg med Ambjørg Sårrbu frå Vang. Dei utvandra straks til Amerika, og fekk sidan ei dotter saman. Då dei to brørne hans óg heitte Ola, tok han namnet Oscar, og etternamnet Hamry, etter far sin.Dei budde ei tid i St. Paul. Seinare flytte dei til Northfield, og sidan til Fairbault, Minn. Av yrke var han vaktmeister ved St. Olavs College, og spelte i orkesteret der.
Det er rotekte slidrespel me høyrer hjå Ola Reishagen, men med sterk påverknad frå Jørn Hilme. Han lærde spel av Ivar Ringestad. Men mest lærde han hjå Ola Neste, som hadde lært av Olav Moe, syskenbarnet sitt. I USA vart Ola fort kjend med Jøger Quale, som ofte sa at Ola var den beste spelemannen han hadde høyrt. Elles var Ola mykje saman med smedalsbrørne Eilev og Harald, men mest var han saman med Gunnleik Smedal. I 1939 kjøpte Jøger Quale seg ein fonograf, og han hadde som mål og ta opp alt Ola kunne. I fyrste omgang reiste han heim til Ola i Fairbult, monterte opptakarutstyret på kjøkenet hans, og tok opp 20-30 låttar. Han tok også opp nokre låttar med Gunnleik Smedal. Men det vart ikkje fleire låttar, for ikkje lenge etter dette, så døydde Ola. Han vart brått sjuk på arbeidet sitt, og døydde same dag. Alle desse låttane fekk eg sonen til Jøger, Thorwald, til å spele inn på band i 1978. Opptaka vekte åtgaum her, og eg let Folkemusikksamlinga for Valdres få spela dei over til sitt arkiv. Etter at Thorwald og kona døydde ved århundreskiftet, fekk me syster til Sigrid Olga kona mi, Randi Johansen, til å få tak i originalplatene. Dei er no tekne vare på av V. Slidre Folkemusikk- og Danselag. I tillegg til platene, fekk me også ein liten filmbit, der Ola spelte ein springar til dansarane Jøger Quale og kona og Reidar Qualley og kona. Det er sjeldan me høyrer opptak av storspelemenn frå V. Slidre. Det er såleis eit storhende at me har fått hand om alle desse originalinnspelingane frå trettiåra. Og ære vera Jøger Quale som med sitt store hjarta for folkemusikken tok dette initiativet. Som nemt, vart det stor interesse for desse opptaka her i landet. Olav Jørgen Hegge lånte bandet av meg. Då eg fekk det att, skreiv han: - Her har me mykje å lære.-
Det kan nemnast at Ola Reishagen var ein god felemakar. Han laga sine eigne feler, og ei sers god fele laga han til Ola bror sin i Slidre. Den beste fela, den som vart rette fela hans, laga han ferdig då han var heimatt ein vinter i 1921, og budde på Reisvangen. Ho er fint utstasa med perlemor overalt på brett og lokkant. Ein kar som sat og såg på Ola medan han dreiv med dette perlemorarbeidet sa det til han: - Kvifor legg du så mykje arbeid på ei fele, når du ikkje veit om ho vil låte. - - Ho ska låte, svara Ola. Og ein kan høyre det på desse opptaka, at det er mål i fela hans Ola Reishagen. Det er i stor takksemd til Ola Reishagen og Jøger Quale, at me no får gjordt dette verdfulle stoffet lett tilgjengeleg.
---------------------------
Låtteomtale:
Perigarden, springar. Form etter Ivar Ringestad.Typisk ringestadspel i form og farge. Høyr også Perigarden på TA1 Moe og TA3 Fylken
Springar etter Brøtagut’n. Olav Moe spelte den saman med Spelemannsprøva, men Ivar Ringestad let den som ein sjølvstendig lått. Ola Fylken fortalde: - Han let dessa låttadn han far me (Ola Fylken d.e.), men han let dei kor før se. Varianter av denne låtten finst også i Sogn og Gudbrandsdalen.
Springar etter Lars Mikkjelson Krøsshaug. Jøger Quale kalla denne låtten ”Springar ette Gamle Krøsshauge ifrå Vang.”
Sylkjegulen på nedstilt, springar. Låtten blir også kalla Bendik i Nøn. Lært av Olav Moe som truleg hadde han etter Ulrik Jensestogun. Høyr også Sylkjegulen på TA3 Fylken
Grålysing frå Slidre, springar. Ola Fystro hadde ei form av låtten som han kalla ”Prillargurilåtten.” Høyr også låtten på TA4 Eldegard
Huldrelått frå Vang, lyarlått. Truleg ein krøsshauglått.
Beitohaugen. Høyr også låtten på TA5 Beitohaugen Granli
Trollstemt springar. Olav Moe fortalde at han hadde mistanke om at dette var ein gamal hilmelått, men låtten er godt kjend i Telemark som del av ein slåttesyklus på tre låttar knytta til segnet om Kivlemøyane. Høyr også låtten på TA30 Hytta
Låtten hass Mikkjel Moe, springar. Springar på ljøsblått.
Springar etter Brøtagut’n. Olav Moe fortalde at Reishagen hadde lært låtten av han.
Trumpen, springar. Det skulle ha vore sju av hilmerengjene, dette er den eine. Også kalla ”Trumpen hass Trond”(Hilme) Høyr også låtten på TA4 Eldegard og TA16 Bakkerud.
Epleskjula, springar. Dette var det vanlege Slidre-namnet. Også kalla Heksedansen og Kjeglesmeden. Toneføring og dåm i denne låtten er nokså typisk for det gamle slidrespelet. Lært av Ivar Ringestad. Høyr også låtten på TA1 Moe
Hamrisbrøtin,springar. Ein av storlåttane etter Hamrisbrøtin, eller Brøtaguten. Denne har nok Reishagen for det meste frå Ivar Ringestad, for to av læregutane hans Ivar, Jørn Haslebrekk og Ola Fylken, brukte same forma av låtten.
Fanteladda,springar. Form etter Ivar Ringestad, som hadde lært låtten hjå Andris Teigen. Uvanleg god danselått med mange namn. ”Den som Fa’n blistra då’n reiste forbi Kjørlie,” var namnet Andris Teigen brukte. Ola Fystro kalla låtten ”Vølin,” og Jøger Quale brukte namnet ”Påld i Dale.”- - ”Fanteladda,” er det vanlege Slidre-namnet. Høyr også låtten på TA4 Eldegard
Springar etter Ulrik Jensestogun. Truleg lært av Olav Moe.
Halling e. Olav Moe. Kalla Flatabøen i Hardanger
Halling e. Olav Moe
St. Tomas-Klukkelått’n, lyarlått. Eige form. Kan hende lært av Ola Neste, eller Ivar Ringestad. Ivar hadde ei gamal og mykje kortare form, enn den utbygde forma til Olav Moe. Høyr også låtten på TA1 Moe, TA4 Eldegard, TA6 Grihamar, TA10 Bolstad, TA24 Andersen og TA32 Kvernberg
Luråsen, springar Har kanskje namn etter samvære mellom Jørn Hilme og Knut Lurås.
Kari Hagen, springar. Også kalla ”Gamle Kari.” Høyr også låtten på TA2 Røyne
Sylkjegulen oppstilt, springar. Form etter Ivar Ringestad. Typisk Jørn Røn-spel.
Bikkjelått’n, springar. Ivar Ringestad brukte også namnet ”Perigarden nr. III.” I nyare tid mest kalla ”Fagerdalen.”. Slåttestevet til Bikkjelått`n er: Ei gamale kjering i ein harde vår, svelte på ei bikkje ei to-tre år, noko smale lejji endå smalar lår, men endå behelt ’o live. Høyr også låtten på TA2 Røyne, TA3 Fylken og TA5 Beitohaugen Granli
Springar etter Torgeir Hegge. Reishagen spelar denne låtten i Slidre-form. Høyr også låtten på TA2 Røyne
/ Erland Nefstad
Retting: I CD-heftet skreiv Erland Nefstad om låttane til plata. Han ønskjer å presisere at lått nr. 7 skal kallast Beitohaugen, og ikkje Beitohaugspringar. Dette er to forskjellige låtar, og mistaket skuldast ei forbytting i innspurten i arbeidet med plata.
Oscar Hamry og Gunleik Smedal i USA |
Oscar Hamry - a master fiddler from Valdres/ USA
Oscar Hamry (Ola O. Reishagen) was the son of Ola Gudmundson Hamre from the tenant farm Hamro, belonging to Midtre Hande in Vestre Slidre. He was born in 1884, and spent his childhood years with his parents at Hamro. He had two brothers, also named Ola. Around 1900, one of the brothers bought the farm Reishagen. After a while Ola moved in there and adopted the farm’s name. His other brother emigrated to the USA while still quite young and settled in Minnesota. In 1912 Ola married Ambjørg Sårrbu from Vang. They immediately emigrated to America, and later had a daughter.
To avoid being mistaken for his brothers, he took the name Oscar and the surname Hamry after his father. They lived for a while in St. Paul before moving to Northfield and, finally, Fairbault, Minnesota. He made a living as caretaker at St. Olav’s College, and was also a member of the orchestra there.
Ola Reishagen’s playing is faithful to the Slidre style, but strongly influenced by Jørn Hilme. His mentors were Ivar Ringestad and, most of all, Ola Neste, who had been taught to play by his cousin, Olav Moe. In the US, Ola quickly became acquainted with Jøger Quale, who would often describe Ola as the best fiddler he had ever heard. Ola spent time with the Smedal brothers Eilev and Harald, but his closest friend was Gunnleik Smedal.
In 1939, Jøger Quale bought a phonograph, intending to record every tune that Ola knew. For a start, he visited Ola in Fairbault, set up his recording equipment in Ola’s kitchen and recorded some 20 or 30 tunes. He made some recordings of Gunnleik Smedal as well. But he never got to record any more, because Ola died shortly after, taking suddenly ill at work and dying the same day.
In 1978, I had Jøger’s son Thorwald make tapes of these tunes. The recordings met with enthusiastic response in Norway, so I let the Valdres Traditional Music Archive have copies. When Thorwald and his wife passed away at the turn of the century, we had Randi Johansen in St. Paul, my wife Sigrid Olga’s sister, obtain the original phonograph recordings. They are now in the care of the Vestre Slidre traditional music and dance society.
In addition to the records, we got a short film clip of Ola playing a springar to accompany the dance-steps of Jøger Quale, Reidar Qualley and their respective wives. Recordings of master fiddlers from Vestre Slidre are hard to come by. Accordingly, gaining access to these original recordings from the 1930s is a major event. Credit for this initiative goes to Jøger Quale and his great dedication to traditional music. To give an example of their reception in Norway, when I lent my tape of the recordings to fiddler Olav Jørgen Hegge (1941-2005), he returned it with a note saying “We have much to learn from this.”
It should also be noted that Ola Reishagen was an excellent fiddlemaker. He made his own fiddles, and made an especially good one for his brother Ola in Slidre. His best fiddle, which became his preferred instrument, was completed in the winter of 1921 while was visiting his home, staying at Reisvangen. The body and fingerboard are masterfully inlaid with mother-of-pearl. A man who was watching Ola at work assked him: “Why do you put som much work into a fiddle, when you don’t even know if it will sound good?” “It will sound good,” was Ola’s reply.
And indeed, these recordings prove that Ola Reishagen’s fiddle did sound good. We are grateful to Ola Reishagen and Jøger Quale for this opportunity to publish the recordings.
/ Ola Hjelle