Hardingfelespel frå Sunnfjord

Opptaka er gjort i perioden 1949 til 1962 av folkemusikksamlarane Arne Bjørndal, Steinar Kyvik og Rolf Myklebust.

NILS FURNES
Nils Furnes var fødd den 25.april 1901 på Furnes i Bygstad, Gaular, og voks opp i ein søskenflokk på fire. Far var Rognald f. Nos (1861-1949) og mor var Rebekka Furnes (1862-1916), begge frå Gaular. Nils starta å spele fele allereie i 11-års alderen, og første læremeisteren var farbroren Ola Nos (1850-1923), eller Spele-Ola, som han vart kalla. Spele-Ola hadde lært felespel av far sin, Nils Nos (1818-1870), og hjå den gamle meisteren Gunnar Lundekvam (1816-1912), Spel-Gunnja, også frå Gaular. I 1925 flytte Nils til Bergen for å gå i lære som bøkkar (tønnemakar), og seinare tok han seg arbeid som maskinvedlikehaldar på ein tønnefabrikk. I byen møtte Nils Gulen-jenta Jenny f. Birknes (1908-1997) som han seinare gifte seg med. Saman fekk dei borna Reidun f. 1939 og Johan f. 1941. I Bergen kom Nils i kontakt med eit spennande spelemannsmiljø med spelemenn frå store delar av Vestlandet, og i 1929 var han med på å skipe spelemannslaget Fjellbekken. Her var han svært aktiv og engasjert gjennom eit langt spelemannsliv, og vart også utnemnd som heidersmedlem. I tillegg til å spele til dans i dei ulike bygde- og ungdomslaga i byen, var han ein ivrig kappleiksdeltakar. Nils reiste kvar sommar heim til Bygstad der han møtte slekt, vener og spelkameratar. Særleg på Osen gard var han mykje, her hadde han vore dreng i yngre dagar og her budde spelemannen Olav Johan Mo (1893-1947). Sommartida i Sunnfjord nytta han elles til å spele i bryllaup og andre samkomer. Både i NRK Folkemusikkarkivet og i Arne Bjørndals Samling fins det ei rekkje opptak av Nils. Av det innspelte repertoaret finn ein eit rikt utval av både runddans- og bygdedansmelodiar frå Sunnfjord, og ein god del slåttemateriale som truleg stammar frå tida i Fjellbekken. Nils Furnes gjekk bort den 14. august 1990.

JOHANNES HOLSEN
Johannes Olai Holsen var fødd den 27. mars 1910 og voks opp på garden Hetle på Viksdalen, Gaular. Far var Nikolai Ludvigson Holsen (1871-1953) frå Holsen, Førde, og mor var Olina Andreasdotter f. Hetle (1876-1968) frå Viksdalen, Gaular. Johannes voks opp i ein søskenflokk på ni born, og han var den einaste av borna som vart god spelemann. Johannes lærde felespel av faren, som igjen hadde det etter sin far, spelemannen Ludvig Holsen (1839-1892). Rundt 1930 flytte Johannes til Førde, og han var busett der heile sitt vaksne liv. Dei første åra dreiv han ein kafé på Flaten saman med søstera si. I 1935 utdanna han seg som urmakar ved ”Forskolene for Håndverks- og Industrilærlinger” i Bergen. Tilbake i Førde starta han sin eigen urmakarverkstad på Hafstad, og han hadde også ein frisørstol i forretninga der kundane også kunne få seg ein hårklipp om det trongst. I sommarhalvåret var Johannes ein mykje brukt spelemann i bryllaup og andre samkomer i heile indre Sunnfjord, og kanskje spesielt på Viksdalen og elles i Gaular. Han var ein ivrig deltakar på både små og store kappleikar rundt ikring, og ein trufast lyttar til Folkemusikktimen i NRK. Johannes gjorde innspelingar både for NRK Folkemusikkarkivet og Arne Bjørndals Samling, og det er særleg runddans- og bygdedansslåttar etter faren og bestefaren som pregar repertoaret hans. Johannes Olai Holsen gjekk bort den 18. september 1992.

KNUT SANDAL
Knut Ludvigson Sandal var fødd på Støfring i Jølster den 20. januar 1913 og voks opp i ein søskenflokk på tre. Far var Ludvig Sandal (1885-1962) frå Sandal, og mor var Marthea Andreasdotter f. Støfring (1893-1963), begge frå Jølster. Dei første leveåra budde Knut på morsgarden på Støfring då faren var i Amerika. Seinare flytte familien til Strand, Jølster. På Støfring fekk Knut kallenamnet ”Lisje-Knuten” av di det var ein anna kar i nabotunet som også heitte Knut. Knut synte tidleg god gjevnad for musikk, og felespel fekk han lære av faren Ludvig og farbroren Nikolai Sandal (1883-1971). Også farbrørne Anders (1878-1958) og Kristian (1890-1982) spelte fele. Alle desse fire brørne var flinke spelemenn, og dei spelte ofte i bryllaup, både saman og kvar for seg. Om Knut blir det sagt at han hadde ei uvanleg evne til å harmonisere og lage stemmer til slåttar, gjerne også til slike han ikkje hadde høyrt før. Etter andre verdskrigen flytte Knut til Bergen der han tok arbeid som stein- og vegarbeidar. Tida hans i Bergen har ein ikkje så mykje kjennskap til, men han var innom spelemannslaget Fjellbekken, og vart av nokre der omtala som eit musikalsk geni! Somrane og feriane elles var han stort sett heime på Jølster, der han hjelpte til med arbeidet heime på garden og besøkte vener. På Jølster vart det mykje speling, og ofte kom han saman med lokale spelemenn og søskenbarnet Erling Sandal (1922-2004) som også var spelemann. Elles var Knut ein mykje brukt bryllaupspelemann. Så langt ein kjenner til fins det berre opptak av sju slåttar spelt av Knut. Opptaka vart gjort av Arne Bjørndal i Bergen, og repertoaret er eldre tradisjonelle slåttar frå Jølster; springar og brureslåttar på ulike felestille. Men enno fins det folk som hugsar at han spelte både runddans og kjende slåttar frå andre landsluter. Knut Ludvigson Sandal gjekk bort den 27. januar 1964.

SLÅTTESPELET I SUNNFJORD
I Sunnfjord finn ein eit rikt repertoar av både bygdedans- og runddansslåttar. Mange av dei tradisjonelle slåttane i dette området er korte og har ei enkel melodioppbygging, noko som kan vere med på å gje slåttane eit noko arkaisk preg. Med unntak av dei mange brurslåttane, kan sunnfjordmusikken først og fremst karakteriserast som dansemusikk. Folkemusikksamlaren Arne Bjørndal skreiv om Sunnfjord-slåttane i Gula Tidend 20. mars 1932: ”Når det gjeld slåttane i Sunnfjord er dei gjerne noko stutte, men rytmisk, karakteristisk og tonefriske; stundom naive, men jamnt friskdæmde og humørfyllte. Dei hev jamnast ein egte gamalvoren svip, som syner at spelemennene hev vore noko konservativ når det galdt å byggja vidare på det gamle tilfanget”.

”RARE SLÅTTAR”
Slik formulerte NRK-mannen Rolf Myklebust seg så fortreffeleg i boka ”Femti år med folkemusikk”, etter å ha høyrt Johannes Holsen spele. For den ukjende lyttaren kan nokre av springarane i Sunnfjord kome til å skape litt av eit hovudbry. Og det Myklebust sikta til, var nettopp den noko uvanlege springartypen ein ofte finn i Sunnfjord. Det er vanleg å rekne med fire ulike metrikktypar for springarar; Udelt takt og tre ulike typar av tredelt takt: symmetrisk tredelt takt, symmetrisk tredelt takt med taktbrot og asymmetrisk tredelt takt. Litt forenkla kan ein seie at det i dei austnorske hardingfeleområda som oftast er snakk om ei asymmetrisk tredelt takt, medan vi i dei vestnorske hardingfeleområda finn dei andre metrikktypane. Særleg i Sunnfjord førekjem det springarar i sokalla udelt takt. Det vil seie slåttar som har ei motivoppbygging der det ikkje er naturleg å gruppere taktslaga i tre, men heller bruke sjølve pulsslaget som teljeeining. At desse slåttane blir kalla springar, forklarast først og fremst ut frå at dei blir spelt til springardansen. Det fins ei ytterlegare gruppe slåttar som også blir spelt til denne dansen. Desse slåttane har ei melodioppbyggjing kor melodifrasene går over to taktslag, og isolert frå dansen kan desse slåttane lett gje inntrykk av å gå i todelt takt. Men også her gjeld prinsippet med å bruke sjølve pulsslaget som teljeeining.

INNSAMLING AV FOLKEMUSIKK
Innsamling av norsk folkemusikk starta allereie på midten av 1800-talet, og må sjåast i samanheng med ”oppdaginga” av folkemusikken. På slutten av 1700-talet og tidleg på 1800-talet var den tradisjonelle folkekulturen på sterk retur mange stader i Europa, og dei intellektuelle starta å interessere seg for ”folket” og ”folkekulturen”. Ei rekkje middelklasseborgarar inntok landsbygdene og oppmoda folk om å syngje eller spele, og gjorde musikken til eit innsamlingsobjekt. Fram til 1930-åra føregjekk innsamlinga hovudsakeleg ved å skrive ned melodiar på notar, med alle dei avgrensingane denne innsamlingsmåten medførte. På 1930-talet vart det gjort ei rekkje grammofonopptak, og då folkemusikksamlarane på starten av 1950-talet kunne reise rundt og gjere lydopptak ved hjelp av magnetofon (bandopptakar), førte dette til ein revolusjon i innsamlingsarbeidet. Det er særleg to folkemusikkentusiastar som har hatt mykje å seie for innsamling av folkemusikk i Sunnfjord. Nordhordalendingen Arne Bjørndal (1882-1965) gjorde ei rekkje notenedskrifter og lydopptak gjennom heile sitt liv. Alt materialet han samla inn ligg i dag på Arne Bjørndals Samling, Universitetet i Bergen. Nordfjordingen Rolf Myklebust (1908-1990) var tilsett i NRK og gjorde også ei imponerande mengd innspelingar. Opptaka han gjorde ligg i dag på NRK Folkemusikkarkivet. Dei historiske innspelingane du høyrer på denne plata har ein lydkvalitet som skil seg frå nye produksjonar, og knirk, knitring og bandstøy er ein del av lydbiletet. Opptaka vart gjort i ein periode då dokumentasjon og bevaring stod i høgsetet, og innspelingane var opphaveleg ikkje tenkt brukt til utgjevingar som dette. Lydkvaliteten kan difor forklarast ut frå dåtidas bruk av lagringsmedium. Men bak desse ikkje-musikalske elementa ligg der musikk, og det er nettopp slåttane og spelet som står i fokus på denne produksjonen.

/ Synnøve S. Bjørset
 

Redaktør og produsent: Gunn Sølvi Gausemel, NRK Prosjektleiar, tekstforfattar og produsent: Synnøve S. Bjørset Opptak: Arne Bjørndals Samling og NRK Økonomisk stønad: Norsk Kulturfond, Rådet for folkemusikk og folkedans, Førde Kommune, Gaular Spelemannslag, Indre Sunnfjord Spelemannslag, Sunnfjord Energi, Åsen & Øvrelid

Hardanger fiddle playing from Sunnfjord

This record presents a selection of village dance and old-time dance tunes from Sunnfjord. The performers are three of Sunnfjord’s foremost fiddlers in the 20th century: Nils Furnes, Johannes Holsen and Knut Sandal. These three fiddlers display both similarity and diversity, as well as three unique musical visions: Holsen’s energetic dance rhythms, Furnes’ lyrical, ornate style, and Sandal’s simple, forceful performances.

The recordings were made between 1949 and 1962 by the folk music collectors Arne Bjørndal, Steinar Kyvik and Rolf Myklebust.

NILS FURNES
Nils Furnes was born on April 25, 1901, at Furnes in Bygstad, Gaular, as one of four children. His father was Rognald (born Nos, 1861–1949), and his mother Rebekka Furnes (1862–1916), both natives of Gaular.

Nils was no more than 11 when he took up the fiddle, and his first tutor was his uncle Ola Nos (1850–1923), known as Spele-Ola (Ola Fiddler). Spele-Ola had been taught to play by his father, Nils Nos (1818–1870), and the old master Gunnar Lundekvam (1816–1912), Spel-Gunnja, also from Gaular.

I 1925, Nils moved to Bergen to become a cooper’s apprentice, and was later employed as a maintenance worker at a barrel factory. In Bergen, he met Gulen-born Jenny (born Birknes, 1908–1997). They married and had two children: Reidun (born 1939) and Johan (born 1941).

In Bergen, Nils was introduced to an inspiring circle of fiddlers from most of western Norway. In 1929 he became a founding member of the fiddlers’ group Fjellbekken, where he remained an active contributor throughout his long career as a fiddler and was awarded an honorary membership. In addition to playing at dances in the city’s various cultural societies, he frequently participated in competitions.

Every summer Nils would return to Bygstad to meet with family, friends and fellow fiddlers. In particular, he was a frequent visitor to Osen farm, where he had been a farm hand in his youth, and which was also the home of fiddler Olav Johan Mo (1893–1947). The summers in Sunnfjord were spent playing at weddings and other gatherings.

A number of recordings of Nils exist, both in the NRK Folk Music Archive and the Arne Bjørndal Collection. The recordings comprise a wide selection of village dance and old-time dance tunes from Sunnfjord, as well as a substantial body of work which probably dates from his Fjellbekken days.

Nils Furnes passed away on August 14, 1990.

JOHANNES HOLSEN
Johannes Olai Holsen was born on March 27, 1910, and grew up on the farm Hetle in Viksdalen, Gaular. His father was Nikolai Ludvigson Holsen (1871–1953), from Holsen, Førde, and his mother was Olina Andreasdotter (born Hetle, 1876–1968), from Viksdalen, Gaular. Out of the family’s 9 children, Johannes was the only one to become a prominent fiddler. Johannes was taught to play by his father, who in his turn had been taught by his father, the fiddler Ludvig Holsen (1839–1892).

Johannes moved to Førde around 1930, and remained there for the duration of his adult life. The first few years he managed a café at Flaten with his sister. In 1935 he went to Bergen to become a clockmaker. Returning to Førde, he started his own clockmaker’s shop at Hafstad, incorporating a barber stool so his customers could have a haircut if they wanted to.

In the summer half, Johannes was in much demand as a fiddler at weddings and other occasions all over Sunnfjord, particularly in Viksdalen and the rest of Gaular. He participated in contests large and small throughout the area, and rarely missed a broadcast of the NRK’s weekly folk music program.

Johannes recorded both for the NRK Folk Music Archive and the Arne Bjørndal Collection, with a repertoire consisting mainly of village dance and old-time dance tunes passed down from his father and grandfather.

Johannes Olai Holsen passed away on September 18, 1992.

KNUT SANDAL
Knut Ludvigson Sandal was born at Støfring, Jølster on January 20, 1913 as one of three children. His father was Ludvig Sandal (1885–1962) from Sandal, and his mother was Marthea Andreasdotter (born Støfring, 1893–1963), both from Jølster. Knut’s early years were spent at his mother’s farm at Støfring while his father was in America. The family later moved to Strand, Jølster. At Støfring, Knut was given the nickname Lisje-Knuten (‘Little Knut’), as the neighboring farm also had someone called Knut.

Knut’s musical talent was apparent early on, and he was taught the fiddle by his father Ludvig and his uncle Nikolai Sandal (1883–1971). His uncles Anders (1878–1958) and Kristian (1890–1982) also played the fiddle. The four brothers were all accomplished fiddlers and frequently played at weddings, as a group or separately. It was said of Knut that he had a special talent for creating harmony parts for tunes, even those he didn’t know beforehand.

After World War II, Knut moved to Bergen as a road worker. Little is known of his time in Bergen, but for a while he was part of the fiddlers’ group Fjellbekken, where he was described by some as a musical genius. He spent most of his summers and holidays at home in Jølster, helping out on the farm and visiting friends. He played frequently there, often alongside local fiddlers or his cousin Erling Sandal (1922–2004), who was also a fiddler. Knut was also much in demand at weddings.

Knut’s known recordings are limited to just seven tunes. The recordings were made by Arne Bjørndal in Bergen, and consist of old, traditional Jølster tunes, springar and wedding tunes played in various tuning modes. But there are still people around who remember him playing village dances and well-known tunes from other parts of the country.

Knut Ludvigson Sandal passed away on January 27, 1964.

THE SUNNFJORD STYLE
Sunnfjord sports a rich repertoire of both village dance and old-time dance tunes. Many of the area’s traditional tunes are short and melodically simple, which lends them a slightly archaic character. Apart from the many wedding tunes, Sunnfjord music is primarily dance music.

Folk music collector Arne Bjørndal wrote of Sunnfjord music in the newspaper Gula Tidend on March 20, 1932: ‘The Sunnfjord tunes are often rather short, but with strong rhythm and character, fresh, sometimes naïve, but usually sprightly and humorous. They generally have a rather old-fashioned character, which shows that the fiddlers have been somewhat conservative in developing the traditional repertoire.’

‘STRANGE TUNES’
This was NRK reporter Rolf Myklebust’s excellent description of Johannes Holsen’s playing in his book Fifty Years of Folk Music. To the unaccustomed listener, some of Sunnfjord’s springar tunes may be somewhat bewildering, and it was precisely the rather unusual kind of springar frequently found in Sunnfjord that Myklebust had in mind.

The springar form customarily employs four different types of meter: non-segmented meter and three forms of triple meter: symmetrical, symmetrical with deviations, and asymmetrical. Generally speaking, asymmetrical triple meter is common in the harding fiddle territories in eastern Norway, while the other metric forms predominate throughout the western areas.

A frequent feature of the Sunnfjord springar is non-segmented meter, where the melodic structures are not readily grouped into threes, but rather base their measures on the pulse itself. The main reason these tunes are called springar at all, is that they commonly accompany this dance.

There is another group of tunes played with this dance, where the melodic phrases last for two beats. Outside of the dance context, these tunes may easily be taken to have a duple meter. But even here, the principle of pulse-based measures applies.

COLLECTING FOLK MUSIC
The collecting of Norwegian folk music started as far back as the mid-19th century, and should be viewed in light of the ‘discovery’ of folk music. In the late 18th and early 19th centuries, European folk traditions were in decay, and intellectuals started to take an interest in ‘the people’ and ‘folk culture’. A number of middle-class citizens went out into the rural communities, encouraging people to sing or play and turning the music into an object for collecting.

Until the 1930s collecting was based primarily on traditional musical notation, with all of its inherent limitations. A number of gramophone recordings were made during the 1930s, and access to tape recorders in the early 1950s completely revolutionized the task of location recording.

Two folk music enthusiasts in particular have been of importance in collecting Sunnfjord music. The transcriptions and recordings Arne Bjørndal (1882–1965) made throughout his life are now kept in the Arne Bjørndal Collection at the University of Bergen. Rolf Myklebust (1908–1990) from Nordfjord worked for the NRK (the Norwegian Broadcasting Corporation) and made a substantial number of recordings. The material he gathered currently resides with the NRK Folk Music Archive.

The sound quality of the historic recordings on this disc is markedly different from modern productions, and pops, crackle and tape hiss are a part of the ambience. The recordings were made in a period where documentation and preservation were primary goals, and accordingly never intended for releases such as this. But although the sound quality is limited by the recording medium, there is living music behind the extraneous noise, and it is precisely the tunes and the performances that are the focus of this CD.

/ Synnøve S. Bjørset