Klaus Sande frå Vik i Sogn
Klaus Sande var fødd den 26.juni 1888 på garden Sande ved Ortnevik, Kyrkjebø (no Høyanger). Far var Lars Øysteinson Sande (1854-1929) og mor var Marta Klausdotter Sande f. Nesse (1860-1928), og ungeflokken deira talde 7 born. I 1902, då Klaus var 14 år, flytte familien Sande til Nessane i Vik (no Balestrand), der Lars hadde kjøpt gardsbruket etter bror til kona Marta. Klaus heldt fram med å bu på Nessane heile sitt liv, og i vaksen alder dreiv han bruket i lag med tre av søskena: Eivind, Øystein og Anna. Dei dreiv tradisjonelt jordbruk med husdyrhald, og i tillegg dyrka dei frukt.
Klaus kom frå ei slekt der musikken og songen var høgt verdsett, både på mors- og farssida hadde der vore spelemenn og songarar. Far til Klaus, Lars Sande, var ein kjend spelemann, og Klaus fekk lære dei første tonane på fela av han.
I heimen på Nessane sytte Klaus for musikk kvar einaste dag. Han sat i stova eller på kammerset og spelte for den som ville høyre, og kom det gjester var han ikkje sein om å finne fram fela. På kammerset sat han også mykje og ordna på dei mange felene sine, der nokre også var sjølvlaga.
Klaus var både spelemann og kulturpersonlegdom. Og i nærmiljøet var han kjend for sin svært så slåande og kjappe replikk, og sine gode historier.
Klaus gjekk bort 29.desember 1963
SPELEMANN OG KULTURPERSONLEGDOM
Klaus var ikkje berre spelemann, men også ein kulturpersonlegdom i sitt nærmiljø. Ofte spelte han i bryllaup, og somme tider var han også kjøkemeister der. Han likte å syngje og deklamere dikt, spesielt etter farbroren Olav Sande (1850-1927), diktar og innsamlar av vokal folkemusikk. Og han skapte stor underhaldning med sine gode historier.
Ei tid reiste Klaus rundt og heldt konsertar, særleg i Sogn. Der vitja han mellom anna Luster, Øvre Årdal, Jostedal, Sogndal, Kyrkjebø, og Høyanger. Etter ein konsert stod det å lese i avisa: ”Ein hugnadsam kveld hadde me på Kyrkjebø. Felespelaren Sande er no ein av Sogns beste spelemenn, ja kann eg trygt segja den beste. Det var reint ein hugnad å få høyra det kvikke og reine spelet hans – og den fine teknik han hadde var sjeldsyn”. Fulle hus og gode konsertkritikkar viser at Klaus var ein godt omtykt spelemann og underhaldar.
Klaus samarbeidde også med andre musikarar og dansarar på konsertferdene sine. På turnéen i Sogn hadde han med seg hallingdansaren Jakob M. Botnen (1890-1982) frå Kvam. Klaus heldt også ein del konsertar saman med hardingfelespelaren Halvor Braathen (ca.1890-1950) frå Jondalen.
Klaus var fleire gongar i Bergen der han spelte for dei ulike bygdelaga, og av Sognelaget fekk Klaus pokal og heiderstittel som ”beste spelemann på hardingfele frå Sogn”. I Bergen møtte Klaus spelemenn som Jon Rosenlid (1891-1974) frå Fjelli, Stryn, og Lorentz Hop (1887-1954) frå Fana, Bergen. SLÅTTANE OG SPELET
Klaus sin viktigaste læremeister var faren Lars, og dei fleste slåttane fekk han denne vegen. Lars var ein god spelemann, og han hadde lært spel av mange ulike spelemenn. Jens Høgheim (1817-1886), ”Skrangle-Jens" eller ”Byggjar-Jens”, storspelar frå Fresvik, Leikanger (no Vik), som hadde lært spel i både i Hallingdal og Valdres, var ei viktig kjelde for Lars. Men blant læremeistrane finn ein også meir lokale namn som t.d. Anders Sagen (1829-1922) frå Vik (no Balestrand), Sjur H. Berge (1848-1931), Anders M. Dyrdal (1816-1894), begge frå Kyrkjebø (no Høyanger).
Ved sida av faren var det vossingen Ola Mosafinn (1828-1912) som kom til å få mest å seie for spelet til Klaus. Då han avtente militærtenesta si på Voss kom han truleg i kontakt med Mosafinn, og ved seinare høve var han heime hjå Mosafinn på Bulken og lærde spel ei tid. Klaus lærde også noko spel av Arne Bjørndal (1882-1965) frå Hosanger/Bergen og bytte slåttar med Olaf Sperle (1900-1971) frå Jostedal.
På repertoaret til Klaus er både bygdedans- og runddansmusikken representert. Blant dei innspelte slåttane er det springarane som tel flest, men ein finn også dei todelte slåttetypane i form av halling/laus, rull, gangar og brureslått. Av runddansslåttar finn ein vals og reinlender.
Størsteparten av dei innspelte slåttane går på vanleg stille (a-d-a-e), men det førekjem også nokre få på låg bass (g-d-a-e). Ein av dei innspelte slåttane går på eit svært uvanleg felestille, c-e-a-e, og ein kjenner berre til to slåttar på dette stillet. Den eine er "Tåran i troppene", komponert av Torkjell Haugerud (1876-1954) frå Bø/Seljord, og den andre er "Gygri frå Trollebotn" spelt av Klaus.
Slåttane og spelet etter Klaus representerer eit interessant vegskilje der ei gamal spelemannsarv frå Sogn møter eit meir moderne spel i samtida. Klaus utfordrar på mange måtar det gamle sognespelet idet han frigjer seg frå ei relativt enkel og klår slåtteoppbyggjing. Dette gjer han ved å improvisere over eksisterande slåttetema i tillegg til å byggje ut og setje saman slåttar. Med ein utprega sans for dei små detaljane, tilfører Klaus noko personleg og annleis, sjølv til dei slåttane som i dag høyrer til eit slags standardisert fellesrepertoar.
Mykje av slåttematerialet Klaus har etter Mosafinn, er prega av eit noko lyrisk einstrengsspel, og ei litt ”mild” form for vibrato ser ut til å vere ein naturleg del av toneidealet til Klaus. På dei tradisjonelle sogneslåttane han har etter faren, spelar han stort sett tostrengsspel, og med eit nokså røft uttrykk. Melodilinja Klaus utformar er rikeleg utsmykka med ornamentikk i form av ulike trillar og føreslag. Klaus sin måte å bruke ornamentikken på viser tydeleg at han har blitt inspirert av spel frå andre landsluter, kanskje særleg frå Voss.
Det varierte repertoaret til Klaus viser at han på mange måtar må ha kjent ein slags fridom til å velje den musikken han likte best. Han meistrar både den faste dansetakta i dei karakteristiske sogneslåttane og den meir frie, lyriske måten å spele på i slåttane han har fått andre stadar frå. INNSPELINGANE
Ein kjenner til at det er gjort 64 opptak der Klaus spelar. Alle opptaka var gjort då Klaus var godt opp i åra, men det er likevel ein rimeleg sprek spelemann ein får høyre. Arne Bjørndal (1882-1965) står bak dei fleste opptaka, og i 1961 gjorde han innspelingar av 34 slåttar spelt av ein 74 år gamal Klaus. Det var ikkje første gong Bjørndal hadde med Sande-musikken å gjere. Allereie i 1916 var han på vitjing i Sogn og gjorde då notenedteikningar av 14 slåttar etter far til Klaus, Lars Sande.
Ein slektning av Klaus, Oddvar Eikelund (1926-2001), gjorde opptak av 24 slåttar i ca.1960. Elles fins det også nokre små opptaksseriar i privat eige hjå ulike personar.
Det er eit utval av slåttane Arne Bjørndal og Oddvar Eikelund gjorde opptak av som er presentert på denne plata..
SLÅTTEOMTALE
01. Stemnesmiten, springar. Notenedskrifter Arne Bjørndal (1882-1965) gjorde etter Lars Sande (1854-1929) i 1916 viser at Klaus her har sett saman to slåttar etter faren. Felestille: a-d-a-e
02. Høgaloftet, springar e. Lars Sande. Arne Bjørndal skreiv ned slåtten etter Lars Sande i 1916. Felestille: a-d-a-e
03. Snunane, springar e. Lars Sande. Arne Bjørndal skreiv ned slåtten etter Lars Sande i 1916. Høyr Ola Grihamar spele ”Jentudn små som på bryggja stå” på TA7CD. Felestille: a-d-a-e
04. Kvilehola, springar e. Lars Sande. Bjørndal skreiv ned slåtten etter Lars Sande i 1916. Sande hadde lært slåtten av Anders M. Dyrdal (1816-1894), Kyrkjebø (no Høyanger), i 1890-åra. Felestille: a-d-a-e
05. Semjarslåtten, springar. Notenedskrifter Arne Bjørndal gjorde etter Lars Sande i 1916 viser at Klaus har sett saman og bygd ut to slåttar etter faren. Felestille: g-d-a-e
06. Ein golo gut, rull e. Ola Mosafinn (1828-1918), Voss. Slåtten er ei form av "Hjerki Haukeland" som skal vere dikta av Øystein Luraas (1785-1832), Tinn. Felestille: a-d-a-e
07. Gygri frå Trollebotn, springar. Felestille: c-e-a-e
08. Høganklett, laus e. Lars Sande. Felestille: a-d-a-e
09. Rundevabben, springar e. Lars Sande. Arne Bjørndal skreiv ned slåtten etter Lars Sande i 1916. Felestille: a-d-a-e
10. Røysekatten, laus e. Lars Sande. Felestille: a-d-a-e
11. Roesverkjen, rull e. Ola Mosafinn, Voss. Felestille: a-d-a-e
12. Store Vetle-Per, springar. Felestille: a-d-a-e
13. Hildalen, gangar e. Ola Mosafinn, Voss. Felestille: a-d-a-e
14. Vossabruri, rull e. Ola Mosafinn, Voss. Felestille: a-d-a-e
15. Sandsbotnen, springar e. Lars Sande. Arne Bjørndal skreiv ned slåtten etter Lars Sande i 1916. Sande hadde lært slåtten av Ola Osland frå Lavik, Kyrkjebø (no Høyanger), i 1880-åra. Osland hadde truleg slåtten frå Jens Høgheim (1817-1886) frå Fresvik, Leikanger (no Vik). Felestille: a-d-a-e
16. Garbogen, laus e. Lars Sande. Slåtten er ei form av den kjende Valdres-hallingen ”Lea deg, lea deg, gamle Ola”. Felestille: a-d-a-e
17. Halling e. Ola Mosafinn, Voss. Slåtten er mest kjend som "Gangar e. Knut Dahle" (1834-1921), Tinn. Felestille: a-d-a-e
18. Hei so dansa jenta mi, springar. Høyr Sigurd Eldegard spele slåtten på TA4CD. Felestille: a-d-a-e
Kutt 01-11: Arne Bjørndal 1961 // Kutt 12-18: Oddvar Eikelund ca.1960
Prosjektleiing: Synnøve S. Bjørset
Opptak: Arne Bjørndal 1961 og Oddvar Eikelund ca.1960
Mastering og produksjon: Lindberg Lyd AS
Engelsk omsetjing: Mary Hegge
Grafisk formgjeving: Eva Karlson
Økonomisk stønad: Norsk kulturfond, Rådet for folkemusikk og folkedans, Statkraft, Balestrand kommune, Vik kommune, Høyanger kommune, Sogn spel- og dansarlag
Takk til: Liv Sande for god hjelp, informasjon, og utlån av bilete, Dagny Eikelund for utlån av opptak, Svein Skjerdal og Håkon Høgemo for informasjon.
Hardanger fiddle playing from Vik in Sogn
Klaus Sande was born July 26,1888, on the Sande farm at Ortnevik, Kyrkjebø (now Høyanger). His parents were Lars Øysteinson Sande (1854-1929) and Marta Klausdotter Sande, born Nesse (1860-1928), and the family had seven children. In 1902, when Klaus was 14 years old, the family moved to Nessane in Vik (now Balestrand), where Lars had bought Marta’s brother’s farm. Klaus lived at Nessane the rest of his life, and in his adult years he operated the farm together with three of his siblings, Eivind, Øystein, and Anna. They carried on traditional farming with livestock and also grew fruit.
Klaus came from a family that highly appreciated music and song. There had been fiddlers and singers on both his mother’s side and his father’s side. Klaus’s father, Lars Sande, was a well-known fiddler, and Klaus learned his first fiddle tunes from him. At home at Nessane Klaus played music every day. He sat in the living room or the small side room and played for those who wanted to hear. If guests came, it wasn’t long before he took out his fiddle.
In the side room he also worked on his many fiddles, some of which he had made himself. Klaus was both fiddler and cultural personality. In his local environs he was know for his exceptionally witty repartee and his good stories.
Klaus died December 29, 1963.
FIDDLER AND CULTURAL PERSONALITY
Klaus was not only a fiddler but also a cultural personality in his local society. He often played at weddings, where sometimes he was also the master of ceremonies. He liked to sing and recite poetry, especially that of his uncle Olav Sande (1850-1927), a poet and collector of vocal folk music. And he was a great entertainer with his stories and anecdotes.
For a time Klaus made concert tours, especially in Sogn, where his visits included Luster, Øvre Årdal, Jostedal, Sogndal, Kyrkjebø, and Høyanger. After one concert, a newspaper reported, “A delightfull evening we had at Kyrkjebø. The fiddler Sande is now one of Sogn’s best fiddlers, yes, I can safely say the best. It was pure delight to hear his lively and clear playing—and the fine technique he had is rare.” Full houses and good reviews show that Klaus was a highly regarded fiddler and entertainer.
Klaus worked together with other musicians and dancers on his concert tours. In Sogn the halling dancer Jakob M. Botnen (1890-1982), from Kvam, was with him. Klaus also had a number of concerts with the hardingfele player Halvor Braathen (ca. 1890-1950), from Jondalen.
Klaus was in Bergen several times, where he played for various associations of people from rural districts. The Sogn association gave Klaus a prize and the title of honor as “the best hardingfele player from Sogn.” In Bergen Klaus met fiddlers such as Jon Rosenlid (1891-1974), from Fjelli, Stryn; and Lorentz Hop (1887-1954), from Fana, Bergen.
THE TUNES AND THE PLAYING
Klaus’s most important teacher was his father, Lars, from whom he got most of his tunes. Lars was a good fiddler and had learned from many different fiddlers. Jens Høgheim (1817-1886), called “Skrangle-Jens” or “Byggjar-Jens” (Bony Jens or Builder Jens), great fiddler from Fresvik, Leikanger (now Vik), who had learned fiddling in both Hallingdal and Valdres, was an important source for Lars. But among his teachers one also finds more local names, for example, Anders Sagen (1829-1922), from Vik (now Balestrand); and Sjur H. Berge (1848-1931) and Anders M. Dyrdal (1816-1894), both from Kyrkjebø (now Høyanger).
Besides his father, the Voss fiddler Ola Mosafinn (1828-1912) was the most important source for Klaus’s playing. When Klaus served in military duty in Voss he likely came in contact with Mosafinn, and on later occasions he was at Mosafinn’s home at Bulken and learned tunes. Klaus also learned from Arne Bjørndal (1882-1965), from Hosanger/Bergen, and exchanged tunes with Olaf Sperle (1900-1971), from Jostedal.
Rural-dance tunes and old-time dance music are both represented in Klaus’s repertory. Most of the tunes on this recording are springars (in 3/4 time), but there are also the double-time halling, rull, gangar, and wedding tunes. Old-time tunes include a waltz and a reinlender (schottische). Most of the tunes are in the usual hardingfele tuning (a-d-a-e), but a few are in low bass (g-d-a-e). One is in the unusual fiddle tuning c-e-a-e, in which there are only two know tunes. One is “Tåran i troppene,” made by Torkjell Haugerud (1876-1954), from Bø/Seljord, and the other is “Gygri frå Trollebotn,” played by Klaus.
Klaus’s tunes and his playing represent an interesting crossroad where the old fiddling tradition from Sogn meets a more modern form. Klaus challenges the old Sogn playing while at the same time he also liberates himself from a relatively simple and clear tune structure. He does this by improvising on existing melody themes in addition to developing and putting together tunes. With a pronounced sense for small details, Klaus brings in something personal and different, even to the tunes that belong to today’s standardized common repertory. Much of the material Klaus has from Mosafinn is characterized by a somewhat lyrical single-string playing, and mild vibrato seems to be a natural part of Klaus’s tone ideal. In the traditional Sogn tunes from his father, Klaus plays mainly on two strings and with a rather rough expression. The melody lines Klaus formulates are embellished with ornamentation that shows he has been inspired by playing from other parts of the country, especially Voss.
Klaus’s varied repertory shows he must have had the freedom to choose the music he liked best. He mastered both the steady dance rhythm in the characteristic Sogn tunes as well as the more free, lyrical way of playing tunes from other places.
THE RECORDINGS
We know that there are 64 recordings of Klaus’s playing. All recordings were made when he was well up in years, but nevertheless we get to hear a reasonably spry fiddler. Arne Bjørndal (1882-1965) was behind most of the recordings, and in 1961 he recorded 34 tunes played by the 73-year-old Klaus. This wasn’t Bjørndal’s first contact with Sande music. In 1916, while on a visit in Sogn, he made notations of 14 tunes after Klaus’s father, Lars Sande. Oddvar Eikelund (1926-2001), a relative of Klaus’s, made recordings of 24 tunes in approximately 1960. There are also some small series of recordings in private ownership. This CD presents a selection of the tunes from the recordings Arne Bjørndal and Oddvar Eikelund made of Klaus Sande.