Hardingfelespel frå Øystre Slidre
Haldor Røynes spel kan beskrives som lyrisk. Måten Haldor former og bygger opp låttene på er ganske særegent for han. Spelet bærer preg av å være gjennomtenkt. Formene er velutbygde og stilen er bevisst. Haldor tar i bruk et bredt spekter av virkemidler for å få fram det han ønsker. Hyppig bruk av enstrengsspel og mindre vanlige grepskombinasjoner er han svært glad i. Variasjon i ansatsene, og hvordan man setter i gang basstrengen, er noe han legger stor vekt på. I tillegg til likringer og forslag, bruker Haldor sine karakteristiske ruller. Han setter ned flere fingre i hurtig oppadgående rekkefølge, og ender opp på tredje eller fjerde finger, for å gå videre derfra.
Dette er en effekt som er lite brukt, og som danner et innholdsrikt tonebilde. Et annet karakteristisk trekk ved Haldor sitt spel, er at han ofte velger fjerdefinger på kvarten som borduntone for den videre melodiføringa. Hyppigheten i bruken av dette virkemiddelet tyder på at Haldor har hatt sans for den musikalske effekten dette gir (eksempelvis i Purkekragin og Gofalåtten). Lav intonering av tersintervallet for å øke mollfølelsen, er en ingrediens i uttrykket til Haldor. En svak vibrato kan også anes.
Selv om spelet inneholder mange snirkler og særegenheter, klarer han alltid å løfte ut en sterk, klar og ikke minst energisk melodilinje. Mye av det som ligger i stilen til Haldor handler om hans form for intensitet. Energien i spelet bygger på en bevisst intonasjon, en kontrollert bue og et pulserende tempo, samt godt utviklet harmonisk sans. Haldor er musiker i utvidet betydning.
Litt om opptaksmaterialet
Opptakene som er brukt på denne produksjonen er gjort i perioden 1967 til 1974. I de aller fleste tilfellene er det Haldor Røyne selv som er ansvarlig for opptakene, hjemme på kjøkkenet i Ekornveien på Ås. Haldor var, som mange andre spelemenn på den tiden, forsiktig med spolebåndene. Man ville nødig sløse og var derfor rask til å trykke på stoppknappen når låtten var ferdig. Å lene seg fram for å slå av opptaksmaskinen med fele og bue i handa, er ofte støyende. I mange tilfeller er også båndene slitte og gamle. For å omgå disse forstyrrende elementene har vi valgt å justere volumet i slutten av enkelte låtter. Et begrenset antall opptak og ujamn lydkvalitet har også ført til at vi har gjort en del lydtekniske kompromisser. Vi har satt det kunstneriske i høysete.
/ Niels J. Røine
Haldor Røyne (1908-1979)
Haldor Røyne var ikkje berre ein ypperleg spelemann, han var og ei sjeldan oppkome av kunnskap om spelemenn og speltradisjonar ij Valdresbygdene. Haldor var født 10.september 1908 i oppigarden på Røyne i Øystre Slidre der han var yngst av fem sysken. Faren var Torstein Torsteinson Røyne født 26.03.1871 og mora var Rangdi Haldorsdotter Rudi født 06.06. 1878. Haldor tok til å spela i 10-års alderen på ei fele som faren laga i unge år. Meisterspelemannen Ola G. Okshovd (1872-1960) arbeidde mykje på Røyne då Haldor var i 15-20 års alderen, og nettopp Okshovd skulle kome til å bli den viktigaste læremeisteren. Han lærde ikkje berre spel, men og historiene som var knytt til spelemenn og låttar. Andre spelemenn som Haldor var i saman med denne tida var slektningane i Røe, morbror, farsyster og dobbelt-syskinborna som alle let på fela (meir om dette seinare).
Som vaksen valde han ei landbruksfagleg karriere. Frå Storhove landbruksskule (1930-32) gjekk han ut med nest beste karakterar som hadde vore oppnådd der. Seinare (1938) vart det eksamen frå Norges Landbrukshøgskule på Ås. Haldor var gift med Ingrid Julie, f. Enger i Redalen 28. august 1917. Saman fekk dei ungane; Torsten, Liv-Randi, Helge, Astrid og Håvard. Haldor arbeide så nokre år ved Valdres landbruksskule på Leira. Det var i denne perioden han var mykje saman med jamnaldringen og spelemannen Olav O. Hegge (1910-1974). Dei dyrka Okshovdspelet begge to, men utvikla etterkvart ein eigen spelstil som desse to spelemennene vart einerådande om. Seinare gjekk vegen vidare til småbrukslærarskulen i Asker. Haldor avslutta yrkeskarrieren som dosent i driftslære og landbruksøkonomi ved Norges Landbrukshøgskule på Ås. Haldor skreiv mykje. I tillegg til landbruksfagleg stoff skreiv han utallige artiklar om spelemenn, låttar og folkemusikkpolitiske spørsmål. Han var sterkt engasjert i opprettinga av folkemusikkinstruktør i Valdres. Haldor laga svært mange folkemusikkhalvtimar i radioen. Han var suveren som programleiar i desse halvtimane. Programma var tettpakka med informasjon, men likevel med ein humoristisk snert. Alt han gjorde var prega av grundigheit og nøyaktigheit og han var svært nøye med å sjekka kjeldene sine. Haldor var deltakar på kappleikar både som utøvar og domar. Han var ein stillfarande mann, men slett ikkje redd for å seia meininga si når det var påkravd. Dersom nokon kom med usannheitar om spel eller spelemenn var han ikkje sein til å svara. Bygging av feler og langeleikar var han og interessert i, og alt i konfirmasjonsalderen laga han fyrste fela si. I verkstaden sin i Ekornvegen på Ås vart det laga utallige langeleikar. I det heile hadde Haldor ei mengd gjeremål framfor seg då han gjekk av med pensjon, men lagnaden ville det ikkje slik. Haldor gjekk burt i 1979.
Litt om spelemenn i slekta til Haldor
Det er mange tradisjonslinjer i spelet i Valdres. For Haldor var nok linja tilbake til Torstein Knutson Røyne (1765-1830) den viktigaste. Denne linja var og tjukkaste slekta til Haldor på farssida. Torstein Knutson Røyne var bror til tipp-tipp oldefar til Haldor. Torstein var kjent spelemann og sylvsmed. Han er av dei eldste spelemennene me veit om i Valdres og var mellom anna i sylvsmedlære hjå Torstein Heggland på Vossastrond. Torstein hadde ein bror som og var spelemann. Han heitte Svein Knutson Røyne (Svein i Viken) og var født 1784. Frå Torstein Knutson Røyne gjekk spelet vidare til Knut Vårum (1802-1892). Knut vaks opp på garden Bjelbøle, og det var ikkje meir enn vel så ein kilometer bort til garden Røyne der Torstein Knutson Røyne held til. Knut vart seinare gardbrukar på Nørre Vøle, noko lengre sør i bygda. Frå Knut Vårum gjekk spelet vidare til Gudbrand Istad (1841-1911). Gudbrand var bror til oldemor til Haldor. Arne Bjørndal skreiv ned låttar etter Gudbrand Istad i 1911. Med utgangspunkt i noteoppskriftene etter Gudbrand Istad skal ein altså berre to lekkjer tilbake før ein er ved Torstein Knutson Røyne. Gullik Okshovd (1826-1900) var farbror til bestemor til Haldor (bestemor på Røyne). Gullik hadde lært spel frå Jøger Sagahaugen (1816-1898), men og direkte av Knut Vårum. Gullik var far til Ola G. Okshovd (1872-1960) som altså vart viktigaste læremeisteren til Haldor. John Dale (1874-) var syskenbarn til far til Haldor. John spelte mykje ilag med Ola Okshovd. Dei laga blant anna den kjente springaren "Sumarkveld i Jotunheimen" i lag. John Dahle var med å stifte Landslaget for Spelemenn. Marit T. Rudi (f. Røyne, 1876-) var syster til far til Haldor. Ho spelte fele med ho var ung . Dei sa ho hadde slik "Sagahaugsleng" på spelet sitt. Ho spelte og langeleik og held på med det til ho var over 80 år. Dei spelemennene som er nemnt til no var slektningar på farssida til Haldor, men òg på morssida var det spelemenn.
Morfar til mor til Haldor, Ola Eriksson Alfstad, hadde ein fullbror og fleire halvbrør. Av desse var to spelemenn. Det var Knut Eriksson Alfstad (1810-1892) og Ola Eriksson Alfstad (1813-). Knut var god spelemann. I boka "Og fela ho let" av Bjørndal og Alver, er det fortalt att den som ville verta meisterspelemann kunne verta det ved å sitja tre torsdagsnetter i rad ved Lofossen og spela frå solarglad til solrenning. Knut Alfstad og Knut Ringestad (1815-1854) sat tida ut. Dei vart meisterspelemenn, står det. Morfar til Haldor var spelemannen Haldor Hallsteinson Rudi (1844-1924). Han gav seg med spelinga då han vart eldre, men Haldor Røyne fekk så vidt høyrt han. Slekta etter Haldor Hallsteinson Rudi er kanskje den største folkemusikkslekta me har i Øystre Slidre. Her finn me langeleikspelarar, kvedarar, instrumentmakarar og spelemenn som: Guri Hegge (1884-1976), Svein Hegge (1904-1975), Haldor Hegge (1907-1990), Ingvar Hegge (1917-), Olav Jørgen Hegge (1941-), Synnøve Hegge Sæta (1943-), Gunnvor Hegge (1955-), Oddrun Hegge (1961-), Kari Hegge (1958-), Ingvar O. Rudi (1920-1998), Torstein O. Rudi (1910-1992), Oddrun Rudi Moe (1948-), Hilde Rudi Bråten (1970-), Olav Viken (1921-) og altså Haldor Røyne.
Litt om felene som Haldor brukte
Som sagt tidlegare var fyrste fela til Haldor ei fele som faren laga. Morbror Ola Rudi som hadde laga fleire feler og var flink med slikt, sette i stand fela. Den neste fela Haldor hadde var ei fele han laga sjølv i konfirmasjonsalderen. Denne brukte han i fleire år. I 1932 fekk han ei fele av systera Anne. Denne var laga av K. Ø. Rudi (1878-1972), og fela hadde Anne vunne på ein helselagsfest på Tingvang. I 1960 fekk Haldor ei Knut K. Steintjønndalen fele av mor si. I tillegg lånte Haldor ei fele av syskenbornet Ingvar O. Rudi, og to feler som syskenbornet Torstein O. Rudi hadde laga. Den eine av felene som Torstein O. Rudi laga får me høyre på lydarlåtten Okserauten på denne CD-en. Denne fela likte Haldor svært godt. Kva andre feler Haldor brukar på desse innspelingane har det ikkje lykkast å finne ut.
/ Ås, 7.juni 2001, Tore Bolstad
LÅTTEOMTALE
1. Lydarlått etter Ola Okshovd. Ola hadde lært låtten av morbror sin Knut Dahle som igjen hadde lært låtten i Amerika av sin morbror Knut Neste. Låtten er og kalla "Låtten hass Vesle Knut Dahle". Arne Bjørndal skreiv ned låtten etter Nils Beitohaugen i 1912. Nils hadde lært låtten av Gullik Okshovd (1826-1900).
2. Springar etter Torstein Sveinson Hegge (Bustebakke). Vert i dag mest omtala som Okshovdspringar.
3. Fagerdalen, springar. Forma er utbygd av Ola Okshovd.
4. Lydarlått etter Ola Okshovd. Har vorte kalla "Låtten hass store Knut Dahle". Torleiv Bolstad har lagt til noko i starten på denne låtten. Haldor har låtten frå Ola Okshovd.
5. Ferespel etter Jøger Sagahaugen (1816-1898).
6. Springar etter Bustebakkin. Springaren er i tradisjon etter Torstein Sveinson Hegge (1814-1887), som seinare tok namnet Bustebakke. Kanskje den springaren som Haldor nytta mest, og mange har byrja å kalle låtten "Springaren hass Haldor".
7. Lauskarlåtten, springar på låg bas. Vert og kalla "Danse lauskar".
8. Den lange låtten, lydarlått. Vert og kalla "Svartedauen". Arne Bjørndal skreiv ned låtten etter Ola Okshovd i 1938.
9. Okshovdvalsen. Vals som er laga av Ola Okshovd. Haldor spelar her fire vek av låtten som var det opprinnelege. No i dag er det ei enklare form med tre vek som er mest nytta.
10. Skraddarlåtten, springar. Springar i tradisjon etter Nils Beitohaugen (1863-1927). Vert og kalla Kubakkin.
11. Lagdajordin, springar.
12. Okserauten, lydarlått. Går under namnet "Rødalsuksin" i Vang. Haldor hadde låtten frå Ola Okshovd og Olav O. Hegge. Ola Okshovd hadde lært låtten av Nils Beitohaugen (1863-1927) som igjen hadde lært låtten av Torger Hegge (1834-1898). Mest truleg har låtten kome med Lars L. Krøsshaug (1812-1888).
13. Purkekragin, springar på låg bas. Låtten er av Olav Jørgen Hegge omdøypt til "Haldor Røynes minne".
14. Knut Wårums springar. Springar på låg bas etter spelemann Knut Wårum (1802-1892). Låtten har og vore kalla "Gamle Vølin"
15. Smågutspringar. Haldor skriv i ein kommentar til innspelinga si at forma på låtten er for stutt. Likevel er den meir utbygd en nokon an spelar den.
16. Lydarlått etter Ola Okshovd på låg bas.
17. Raklekjølkin, springar. Tekst: "Inkje æ e nokon raklekjølke, o inkje æ e so langt ifrå". Vert og kalla "Kari Hagen" Tekst: " Kjenne du ho Kari Haga, kjenner du ho Kari sjøl ". Ola Okshovd har laga siste veket på låtten.
18. Springar etter Jørn Hilme (1778-1854). Mest kjent under namnet "Kletteguten"
19. Springar etter Bustebakkin. Mest kjent under namnet "Gofalåtten".
Haldor Røyne-prosjektet
Prosjektleiing: Tore Bolstad, Anders E Røine, Niels J Røine og Frode Rolandsgard. Mastering og produksjon: Lindberg Lyd AS Engelsk omsetjing: Karin Code Grafisk formgjeving: Eva Karlsson
Økonomisk støtte: Rådet for folkemusikk og folkedans Valdres Folkemusikklag Øystre Slidre spel- og dansarlag Øystre Slidre sparebank Øystre Slidre kommune
Takk til:
Familen til Haldor Røyne for informasjon og utlån av bilete.
Hardangerfiddle-playing from Øystre Slidre
Haldor Røyne was not only a superb fiddler, he was also an exceptional wealth of knowledge about fiddlers and playing traditions in the Valdres region. Haldor was born September 10, 1908 up on the Røyne farm in Øystre Slidre, the youngest of five siblings. His father and mother were Torstein Torsteinson Røyne (b. March 26, 1871) and Rangdi Haldorsdotter Rudi (b.June 6, 1878). Haldor began playing at age 10 on a fiddle made by his father in his youth.
When Haldor was a teenager, the master fiddler Ola G. Okshovd (1872-1960) often worked on the Røyne farm and came to be Haldor's most important fiddle teacher. He learned not only how to play, but the history behind the fiddlers and tunes as well. Other fiddlers whom Haldor got together with during that period were relatives in Røe--his mother's brother, father's sister and cousins--all of whom played the fiddle (see below). As an adult Haldor decided to pursue a career in agriculture. He attended the Storhove Agricultural School (1930-32) and graduated with high honors. In 1938, he then took certification exams at the Norwegian Agricultural College in Ås near Oslo. Haldor married Ingrid Julie Enger from Redalen (b.August 28, 1917) with whom he had five children: Torsten, Liv-Randi, Helge, Astrid, and Håvard. Haldor worked for a number of years at the Valdres Agricultural School in Leira. It was during this period that he played together with his peer and fellow fiddler Olav O. Hegge (1910-1974). They both focused on Ola G. Okshovd's fiddle tradition, but developed their own individual playing styles for which they became known. Haldor later moved on to another agricultural school in Asker. He ended is professional career as a professor of farm management and agricultural economics at the Norwegian Agricultural College in Ås. Haldor was a prolific writer. In addition to scholarly work in agriculture, he wrote an untold number of articles about fiddlers, tunes, and cultural-political issues within folk music. He was actively involved in the creation of a folk music teacher position in Valdres, the first position of its kind in Norway. Haldor also produced many folk music programs for radio. He was a terrific radio host: his programs were jam-packed with information, but nevertheless were peppered with a touch of humor.
Everything he did was characterized by thoroughness and accuracy and he always verified his sources. Haldor was a participant in folk music competitions both as a competitor and a judge. He was a quiet, unassuming man, but was not afraid to speak his mind when called for. He was always quick to respond when someone spoke out incorrectly about fiddling or fiddlers. He was also interested in building Harding fiddles and langeleiks (dulcimers) and made his very first fiddle as a teenager. Countless langeleiks were made in his workshop on Ekornveien in Ås. He had a number of other projects he had planned to pursue after retirement, but fate intervened. Haldor died in 1979.
About Haldor's musical lineage:
There are a number of fiddling-tradition lines in Valdres. Haldor's most significant line traces back through his father's side to Torstein Knutson Røyne (1765-1830), brother of Haldor's great-great-great grandfather. Torstein is one Valdres' oldest known fiddlers and was also well-known as a silver smith who studied under Torstein Heggland in Vossastrond. Torstein's brother Svein Knutson Røyne (b. 1784) was also a fiddler. From Torstein, the tradition passes on to Knut Vårum (1802-1892), who grew up at the Bjelbøle farm not far from the Røyne farm. Knut was later a farmer in Nørre Vøle, a little further south. The tradition next passed down to Gudbrand Istad (1841-1911), the brother of Haldor's great grandmother, whose tunes were preserved in written notation by Arne Bjørndal in 1911. Another student of Vårum's was Gullik Okshovd (1826-1900), who also learned from Jøger Sagahaugen (1816-1898). Gullik was Haldor's great-great uncle and father to Ola G. Okshovd (1872-1960), Haldor's teacher. John Dale, a founding member of the National Fiddler's Association (LfS), was a cousin of Haldor's father and playing companion of Ola's, with whom he composed the well-known springar-tune "Sumarkveld i Jotunheimen." Haldor's aunt, Marit T. (Røyne) Rudi (b.1876), played fiddle as a young woman and whose style was said to be reminiscent of Sagahaugen's playing. She also played langeleik well into her 80's.
All of the fiddlers mentioned so far come from his father's side, but Haldor also had a number of musical forbears on his mother's side. His great-grandfather, Ola Eriksson Alfstad had a brother and several half-brothers, two of whom were fiddlers: Knut Eriksson Alfstad (1810-1892) and Ola Eriksson Alfstad (1813-). Knut was able to endure a fiddler's challenge to earn the title of master fiddler mentioned in the book "Og fela ho let" by Bjørndal and Alver. He, along with Knut Ringestad (1815-1854) played from dusk until dawn at Lofossen waterfall on three consecutive Thursday nights. In addition, Haldor was able to hear his grandfather, Haldor Hallsteinson Rudi (1844-1924), play before he gave up fiddling in his later years. The Rudi clan is one of the legendary folk music families in Øystre Slidre in Valdres, whose members include langeleik players, folk singers, instrument makers, and fiddlers such as: Guri Hegge (1884-1976), Svein Hegge (1904-1975), Haldor Hegge (1907-1990), Ingvar Hegge (1917-), Olav Jørgen Hegge (1941-), Synnøve Hegge Sæta (1943-), Gunnvor Hegge (1955-), Oddrun Hegge (1961-), Kari Hegge (1958-), Ingvar O. Rudi (1920-1998), Torstein O. Rudi (1910-1992), Oddrun Rudi Moe (1948-), Hilde Rudi Bråten (1970-), Olav Viken (1921-) and, of course, Haldor Røyne himself.
About Haldor's Harding fiddles:
As mentioned above, Haldor's first fiddle was made by his father. This instrument was rebuilt and greatly improved upon by his uncle Ola Rudi, a prolific maker. His next fiddle was the one he made himself as a teenager, which he used for many years. In 1932 he got a fiddle from his sister Anne made by K.Ø. Rudi (1878-1972), which she won at a fair in Tingvang. In 1960, he got a Knut K. Steintjønndalen fiddle from his mother. In addition, he borrowed some fiddles from his cousins Ingvar O. and Torstein O. Rudi. One of the fiddle's made by Torstein was a favorite of Haldor's and can be heard on the tune Okserauten on this CD. It is not known which fiddles he was using for any of the other tracks.
By Tore Bolstad (translated by Karin Løberg Code) Ås, June 7, 2001.
About Haldor's playing style:
Haldor Røyne is best described as a musical performer. The manner in which Haldor shapes and molds the melodies is uniquely his own. His playing conveys a sense of careful consideration: well-crafted, fully-developed forms and deliberate styling.
Haldor has at his disposal a wide array of techniques for achieving his desired effect. He often prefers playing without drones or double-stops while using more unusual fingerings. Variations in articulation and expert control of the bass string, are also things Haldor pays close attention to. In addition to the standard Harding fiddle ornaments (e.g., "hammer-ons" and grace notes), Haldor has his own characteristic 'rolls', wherein he puts down each finger in rapid ascending succession ending up on the third or fourth finger before continuing on. This effect is used sparingly to create a richer musical landscape. Another characteristic feature of Haldor's playing is that he often holds his fourth finger down on the A-string as an upper drone together with the melody. The generous use of this technique in, for example, Purkekragin and Gofalåtten, demonstrates Haldor's sensibility for the unusal musical effect it creates. Two other ingredients found in Haldor's unique style are tightly-tuned thirds, which increase the minor-feeling of the music and use of subtle vibrato.
Even though his playing contains many flourishes and distinctive features, he is always able to bring forth a strong, clear, and not the least of all, energetic melody line. Much of what lies at the heart of Haldor's style is his own personal intensity. The energy of the music is built upon a solid intonation, controlled bow and driving tempo, together with a well-developed harmonic understanding. Haldor is a musician in every sense of the word.
About the recordings:
The recordings used for this CD were made between 1967 and 1974. In most instances it is Haldor Røyne himself who did the actual recording--in his kitchen back home on Ekornveien in Ås near Oslo. Like many other fiddlers from that time, Haldor was rather prudent with his tape reels and couldn't bear to waste any tape. In this manner, he would quickly push the stop button as soon as the tune was over, lunging for the tape recorder, fiddle and bow in hand. This was often noisy as well. In many cases the reels have also become old and worn. In order to minimize these distracting elements, it was decided to adjust the volume at the end of certain tunes. Due to the limited number of source recordings and their inconsistent sound-quality, it was also necessary to make a number of technical compromises with regard to this recording. The highest priority was instead placed on the artistic quality of the recording.
By Niels J. Røine Oslo, June 10, 2001. (translated by Karin Løberg Code)
The Haldor Røyne-project
Project Management: Tore Bolstad, Anders E Røine, Niels J Røine og Frode Rolandsgard. Mastering and technical production: Lindberg Lyd AS English translation: Karin Code Cover: Eva Karlsson
Financial support: Rådet for folkemusikk og folkedans Valdres Folkemusikklag Øystre Slidre spel- og dansarlag Øystre Slidre sparebank Øystre Slidre kommune
Thanks to: The Røyne-family for cooperation, picture and information