SJUR HESJEVOLL vart fødd 19. mars 1914 på garden Hesjevoll i Jostedalen, Luster i Sogn. Foreldra var Anna f. Krokgjelet (1875–1954) og Ola Hesjevoll (1870–1955). Sjur vaks opp i ein stor syskenflokk, med to søstre og ni brør. Til liks med Sjur, så dreiv fleire av brørne med kunstmåling, treskjæring og dreiing. Fleire av dei prøvde seg og på fela, men det vart Sjur som vart meistaren, og som verkeleg gjekk inn for musikken. Foreldra til Sjur var gode til å syngje og tralle, og med det fekk Sjur tidleg sans for musikken. Sjur var mykje sjuk i barndommen, og han var ikkje sterk nok til å vere med dei andre ute på gardsarbeidet. Sjølv sa han at dette gjorde til at han kunne drive med felespel.

Den eldre broren Hallvard (1899–1972) kom til gards med ei lita flatfele som han hadde fått kjøpt for tre kroner. Dette vart fyrste fela som Sjur spela på. I byrjinga hadde han ikkje feleboge, så han lærde seg tonar og slåttar ved å klimpre på fela. Seinare fekk han hardingfele av broren Olav (1905–34), som laga nokre feler.

I 1930 fekk Sjur, som då var 16 år, vere med til Årdal og delta på Sognastemna. Dette var Sjur si fyrste tevling, og han vart nr. to og fekk ti kroner i premie. Dette var stort, og det var mykje pengar for ein 16-åring.

Seinare deltok han på ei rekkje stemner og kappleikar, og henta med seg mange fine premiar. Men premiane i seg sjølv betydde ikkje så mykje for Sjur. For han var det gleda ved å spela til eit lydhøyrt publikum som betydde mest. Han hadde ei eiga evne til å trollbinde publikum med spelet sitt, og på kappleikar og stemner fann ein ofte Sjur og fela som eit naturleg midtpunkt blant interesserte tilhøyrarar. Men vart det enkelte gonger litt mykje prat blant publikum, så pakka han ned fela, for då var dei ikkje interesserte nok i musikken, meinte han.

Sjur spela mykje til dans. I krigsåra vart ungdomshusa i bygda stengde av tyskarane, men dans og spel vart ikkje stoppa av den grunn. I desse fem åra vart det dansa og spela rundt om i stovene. Sjur, saman med sambygdingen Olaf Sperle (1900–71), var det som oftast sto for musikk til desse stovedansane.

Sjur var aktiv i Sogn spelemannslag, og fungerte i periodar som musikalsk leiar for laget. Han lærde villeg vekk av slåttane sine, på same tid som han også fekk lære slåttar av dei andre sognaspelemennene i laget. Han var ein flink læremeister, og reiste også rundt i andre sognebygder for å halde vekeskurs i felespel. Såleis sette han spor etter seg i heile Sogn. I 1954 var han med på å skipe Jostedal Spel- og Dansarlag saman med Lars Stølen (1923–2008), Olaf Sperle og ei rad andre spelemenn.

Sjur hadde ikkje i mot trekkspelet då det byrja å gjere sitt inntog. Han samarbeidde og spelte saman med trekkspelarane, og fekk på den måten utvida bruksområdet til slåttane. Særleg kjend vart han for samarbeidet med trekkspelaren Oddvar Stegegjerdet (1940–84), og dei gav ut fleire plater med runddansmusikk frå Jostedalen og sjølvlaga melodiar i tradisjonell stil. Sjur stifta aldri familie, og budde på Hesjevollen heilt til han gjekk bort i 1994.
/Harald Hesjevoll

MUSIKKEN I JOSTEDALEN OG SPELET HANS SJUR
Sjur tok til med felespel allereie som gutunge, og fekk lære slåttar av fleire Jostedals-spelemenn, mellom anna Martin Halveg (1885–1966), Olaf Sperle (1900–71) og Johannes Ormbergstøl (1893–1949). Andre han lærde hjå, var Nils Bjørnheim (1872–1943), som anten tralla slåttane eller spelte dei på munnharpe. Jostedals-spelemennene hadde både bygdedans og runddans på repertoaret, og særleg springaren har hatt ei sterk stilling. Slåttane har ofte ei enkel oppbygging der det rytmiske står i sentrum, men har på same tid ein sterk karakter i form av uvande tonegangar og finurlege melodilinjer. Særleg påfallande er impulsar frå tradisjonsmusikken i Gudbrandsdalen og Nordfjord, noko som kan forklarast ved at Jostedalen i lang tid var ei viktig ferdselsåre for folk som skulle over fjellet. På same tid er påverknaden frå musikken frå bygdene rundt Filefjell tydeleg.

Sjur henta også slåttar og inspirasjon frå grammofonplater og radioprogram, og hadde såleis eit allsidig repertoar som ikkje avgrensa seg til berre det lokale. Mellom anna lærde han mykje etter plateinnspelingar med telemarkingane Gunnulf Borgen (1881–1953) og Torkjell Haugerud (1876–1954), men desse slåttane fekk nok etterkvart eit sognepreg over seg. Sjur hadde ein sterk signatur i spelet sitt, og hadde sin eigen måte å forma slåttane på. Han var også påverka av andre store spelemenn i si samtid, og tok med seg mykje av deira i sitt spel. Særleg inspirert var han av telemarkingen Gjermund Haugen (1914–76), nordfjordingen Alfred Maurstad (1896–1967) og Sigbjørn Bernhoft Osa (1910–90) på Voss. Med eit spel kjenneteikna av kraft og spenst, veksla Sjur elegant mellom eit stort spekter av uttrykk; frå det lyriske og ettertenksame til det fossande og storslagne. Eit sterkt rytmisk driv gjorde han også til ein svært ettertrakta dansespelemann.

INNSPELINGANE
Sjur Hesjevoll gjorde ei rekkje innspelingar, og idag fins det opptak i både NRKs Folkemusikkarkiv, Norsk Folkemusikksamling (NFS), Arne Bjørndals Samling (ABS), Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, og i private arkiv. Innspelingane på denne plata er gjort av NRK, NFS og Sjur Gjerde, og gjev eit bilde av Sjur Hesjevoll som spelemann i ulike situasjonar; kappleiksspelemann, dansespelemann og tradisjonsberar. Kvaliteten på opptaka speglar dåtidas tekniske utstyr og opptakssituasjon, og skil seg såleis frå dagens nyinnspelingar. Likevel betyr opptakskvaliteten forsvinnande lite når ein får tak i musikken Sjur Hesjevoll formidlar.

JOSTEDAL MUSIC AND SJUR’S PLAYING STYLE

SJUR HESJEVOLL was born on March 19, 1914, on the farm Hesjevoll in Jostedalen, Luster in Sogn. His parents were Anna (b. Krokgjelet, 1875–1954) and Ola Hesjevoll (1870–1955). Sjur grew up in a large family, with two sisters and nine brothers. Like himself, several of Sjur’s brothers practised painting, woodcutting and lathe work. Several of them tried the fiddle as well, but in this respect Sjur was the master and the one destined to really devote himself to music. Sjur’s parents were proficient singers who introduced him to music at an early age. Plagued by frequent illness throughout his childhood, Sjur lacked the strength to work in the fields with the rest of his family. He has since said that this was what gave him the opportunity to become a fiddler.

His older brother Hallvard (1899–1972) brought home a small violin he had bought for three kroner, and this became Sjur’s first instrument. At first he didn’t have a bow, so he learned songs and tunes by picking the strings. Later on his brother Olav (1905–34), an occasional fiddlemaker, gave him a Hardanger fiddle. In 1930 Sjur, then 16 years old, played his first championship, Sognastemna in Årdal. He finished second, and the prize money of 10 kroner was quite a large sum for a sixteen-year-old.

Over the years, he appeared at a large number of festivals and championships, taking home a string of prizes. But to Sjur, the prizes themselves were less important than the opportunity to play for an interested audience. He had a knack for holding audiences under his spell, and thus Sjur and his fiddle were often the centre of attention at championships and festivals. But if there was too much small talk among the crowd, he would resolutely put his fiddle away, arguing that the audience showed insufficient interest in his music.

Sjur would often play at dances. During W.W.II the Germans closed down the community centres, but this did not put a stop to the dances and parties, which retreated into private homes for the duration of the war. The music was usually supplied by Sjur and his fellow villager Olaf Sperle (1900–71). Sjur was an active member of the Sogn fiddlers’ group, at times acting as the group’s musical director. He shared his tunes freely, and picked up quite a few from other members as well. A gifted teacher, he travelled around Sogn holding week-long fiddle seminars. In this way, he has left his mark on the whole of Sogn. In 1954 he started the Jostedal Fiddlers’ and Dancers’ group alongside Lars Stølen (1923–2008), Olaf Sperle and a number of other fiddlers.

Sjur did not resent the growing popularity of the accordion. Instead, he collaborated with accordion players, thus extending the usefulness of his tunes. His collaborations with accordionist Oddvar Stegegjerdet (1940–84) became especially popular, and together they recorded several albums of Jostedal round dance music and their own compositions in the traditional style. Sjur never raised a family, and remained at Hesjevollen until he passed away in 1994.

/Harald Hesjevoll

JOSTEDAL MUSIC AND SJUR’S PLAYING STYLE
Sjur took up the fiddle while still a child, and was taught by several Jostedal fiddlers, among them Martin Halveg (1885–1966), Olaf Sperle (1900–71) and Johannes Ormbergstøl (1893–1949). Another teacher was Nils Bjørnheim (1872–1943), who would sing him tunes or play them on a Jew’s harp. The Jostedal repertoire included both traditional forms and old time dance music, with a strong bent towards the springar. The tunes mostly have a simple structure with a strong emphasis on rhythm, but they also display strong character in the use of unusual intervals and melodic embellishment. Influences from the traditional music of Gudbrandsdalen and Nordfjord are especially prominent, explainable by way of Jostedalen’s long-standing status as a nexus for travelers across the mountains. Influences from the Filefjell area are also in evidence. Because Sjur also drew tunes and inspiration from records and radio shows, he built a versatile repertoire stretching way beyond local influences. Major sources were records by Telemark fiddlers Gunnulf Borgen (1881–1953) and Torkjell Haugerud (1876–1954), though over the years their tunes acquired a distinctive Sogn sound. Sjur’s playing carried a strong signature, and he had a distinctive way of shaping his tunes. Even so, he was clearly influenced by other great fiddlers of his era, notably Gjermund Haugen (1914–76) from Telemark, Alfred Maurstad (1896–1967) from Nordfjord, and Sigbjørn Bernhoft Osa (1910–90) from Voss. With his characteristic strong and supple playing style, Sjur would slide effortlessly through a wide range of expressions, from thoughtful lyricism to exuberant grandeur. His strong rhythmic sensibility made him a sought-after dance fiddler.

THE RECORDINGS
Sjur Hesjevoll recorded frequently, and recordings can be found in the Norwegian Broadcasting (NRK) Traditional Music Archive, Norsk Folkemusikksamling (NFS), Arne Bjørndals Samling (ABS), the Sogn og Fjordane county archive and in private collections. The recordings on this album were made by the NRK, NFS and Sjur Gjerde, and provide a cross-section of Sjur Hesjevoll’s work as a championship contestant, dance fiddler and champion of a proud tradition. The quality of the recordings reflects the equipment and recording environments of the time, and this obviously sets them apart from modern recordings. That said, sound quality is of little importance when compared to Sjur Hesjevoll’s musical delivery.