Spelemennene sin spelemann

Eivind Mo vart fødd i Rauland den 20. november 1904 av foreldra Gunnhild, f. Kvåle (1872-1951) og Halvor Mo (1869-1949). Når ein køyrer frå Rauland sentrum mot Rjukan og kjem øvst i Austbø ser ein dei to Mo-gardane, Øvre Mo og Ner-Mo, til høgre nedi bakkane, med sine karakteristiske okergule hovudbygningar og gamle tun. Her, på Øvre Mo, voks Eivind opp, som nummer fire i ein syskenflokk på seks. Foreldra var kunnskapsrike menneske med kulturelle interesser, ikkje minst for musikk. Båe sette stor pris på felespel, og mor Gunnhild var syster til spelemannen Høye Kvåle (1879-1967) i Seljord, som kom til å bli den fyrste viktige læremeisteren for Eivind.

Eivind levde sine fyrste år i ei tid der hardingfela enno fullt ut rådde grunnen som instrument til danse- og lydarspel på bygdene i Telemark. Dei beste spelemennene var store heltar i folkelivet. For ein smågut som han, med dei musikalske evner han seinare kom til å leggje for dagen, og i ein slik heim, må tanken på å bli spelemann ha vakna tidleg. Rett nok fanst det ikkje verkeleg gode spelemenn i nærmiljøet på Rauland på denne tida, men det hjelpte at morbror Høye Kvåle kom på vitjing kvar sommar. Her fekk Eivind lære ei mengd slåttar, og her fekk han også inn spelet etter Håvard Gibøen, slik Høye hadde lært det av Kjetil Håvardsson. Ein annan viktig spelemann i slekta var Eilev Smedal (1889-1938). Eilev utvandra til Amerika i 1914 og arbeidde som lækjar der i mange år, men han spela inn fleire plater før han drog, og var dessutan heim att i 1928 og 1936. Båe gongene møtte Eivind han.

Slik fekk Eivind tidleg inn gibøspel og gibøslåttar, og sansen for det lyriske spelet frå Møsstrond hadde han med seg heile livet. Ja, han vart sjølv ein viktig formidlar av dette spelet.

 

Tidlege år

Ein annan som kom til å gjera stort inntrykk på Eivind, både musikalsk og personleg, var meisterspelemannen Olav Groven (1895-1929). Olav var handelsmann og fòr ikring og handla med skinn og knivar og klokker og allslag småting. Kvar gong han var på Rauland kom han innom på Øvre Mo, og han fekk alltid godt stell av Gunnhild. Det fylgde fest med Olav. Han hadde ein varm, smittande sjarm og ein saftig replikk og kunne seia kva han ville til folk utan at dei tok seg nær av det. Ein dag kjem Olav med feleskrin under armen. Han får sjå fela til Eivind, og seier: ”Å nei, denna fillefela. Sjå her, her er fele for deg, Eivind!”

Slik fekk Eivind nytt instrument, laga av Halvor Bringsvær i Ytre Vinje. Eivind er seksten år gamal. Med den nye fela på ryggen går han på ski til Rjukan og er med på sin fyrste kappleik, skipa av Rjukan Arbeiderforening i Folkets Hus. Han spelar seg til ein fyrstepremie, noko som ikkje var så heilt lett i ei tid med svært streng døming, og vinn klassen for dei under 20 år.

Hardingfeleslåttar vart tidleg utgjevne på plate, så tidleg at Eivind fekk viktige impulsar på denne måten. Dermed fekk han òg tid til å studere ulike spelstilar inngåande, både frå Telemark, Vestlandet og andre distrikt. Halldor Meland i Hardanger spela tidleg inn grammofonplater; ein annan utøvar som gjorde inntrykk på Eivind via plate i dei tidlege åra var Kristiane Lund frå Bø. Og likevel – det var tre spelemenn Eivind alltid drog fram når det var tale om påverknad: Høye Kvåle, Olav Groven, – og Torkjell Haugerud, frå seinare i livet, som Eivind kom til å bli granne med i Seljord. Kvåle og Haugerud finst det opptak med, men ikkje Olav Groven. Om vi i ettertid skal prøve å undersøkje korleis Eivind har late seg påverke av den sistnemnde, lyt vi derfor gå til andre kjelder, og den viktigaste i så måte er noteoppskriftene som bror til Olav, komponisten Eivind Groven, gjorde av slåttane hans. Groven-spelet er eit komplisert spel med mange og til dels også mindre brukte dobbeltgrep og ofte med ei sterkt personleg utforming av slåttane. Når ein høyrer kor mykje Eivind nyttar dobbeltgrep (dvs. nedtrykt bordunstreng), er det freistande å tenkje at han hadde dette frå Olav Groven. Rett nok finn ein dette fenomenet hjå andre også, i større eller mindre mon, men det ser ut til å ha vore eit nokså typisk drag hjå Olav Groven.

 

Seksten år gamal stod Eivind fram for eit større publikum. Og det kom til å bli mange kappleikar og konsertar i dei komande åra. Seint i livet sa han det slik: ”Det var ingenting eg heller ville enn å spela for folk. Det var det eg levde for.” Han fekk seg dessutan bil på eit svært tidleg tidspunkt, noko som sjølvsagt gjorde det lettare å koma seg rundt på speling. I det heile var nok dette ei sterk utfaldingstid for han. I bladet til ungdomslaget på Rauland, der ungdomar i bygda vart karakteriserte med få ord, fekk han denne merkelappen: ”Eivind Mo – fele, jenter og bil.” (Sitert etter minnet.) Ein heil del dansespeling vart det òg, i desse åra, også gamaldans; Eivind lærde seg valsar og reinlendarar, og han har fortalt at han kunne sitje i lange stunder og improvisere slike melodiar medan folk dansa. Og han lærde seg å spela fiolin, spela på leikarringkurs og framførde folketonar på fiolin og orgel saman med Ragnvald Skrede, som var lærar i Rauland på denne tid. Etter kvart stod han også fram som konsertspelemann, og då ofte saman med Olav Groven. Desse to, som vel må kunna karakteriserast som dei fyrste meisterspelemenn i dei øvre Vest-Telemarks-bygdene sidan Myllarguten og Gibøen, var mykje saman gjennom fleire år, anten dei no møttest berre for å spela for kvarandre eller for å halde konsert.

 

To spelbolkar

Det fell naturleg å dela livet til Eivind Mo som aktiv scenespelemann i to periodar: den tidlege bolken frå omkring 1920 til 1930, og den andre frå omkring 1974 og framover, med ein topp i åra rundt 1980. Over ein periode på 30-40 år var han såleis mindre synleg for det større publikumet, sjølv om han spela i andre samanhengar. Og jamvel i denne forholdsvis lange mellomperioden dukkar han i blant fram med fela. Mellom anna vann han Landskappleiken to gonger, i 1939 og i 1949.

I 1931 gifte han seg med Tone Knutsdotter Li (1903-81) frå Seljord. Tone var sjølv ein framifrå felespelar. Ho var god veninne med Anne Haugerud (Hoff), dotter til Torkjell Haugerud, og dei to jentene hadde lært slåttar av Torkjell. Det finst opptak med Tone; det er eit vakkert og godt spel, og sjølv om Eivind nok kom til å bli den mest aktive av dei to med fela, heldt ho spelinteressen levande livet ut. Fleire av Haugerud-slåttane som Eivind spela hadde han lært av Tone.

Saman med Tone pussa Eivind opp garden Tytegrav ved Brunkeberg, som dei tok over etter Knut Li. Dei fekk fire born saman: Anne (f.1931), Håvard (f.1932), Knut (1934-76) og Arve (1937-87). I 1946 kjøpte Tone og Eivind bruket Nordgarden i Seljord, og her vart dei buande livet ut. I 1959 fekk Eivind stillinga som sjef i Seljord sparebank og hadde denne til han gjekk av med pensjon i 1974.

Med eit aktivt yrkesliv som banksjef og bonde vart det mindre konsert- og kappleiksspeling på Eivind. Men fela var med i kvardagen. Og gjennom ein periode på over femti år kunne radiolydarane glede seg over feleslåttar med han. Debuten skjer i 1927, i direkte sending, og to år seinare, vinteren 1929-30 då han var elev ved Hvam landbruksskule, går slåttane også rett ut ”på lufta”. Seinare spela han i NRK ei rekkje gonger i perioden frå 1935 til 1979. Alt i alt har NRK over 100 nummer med han i arkivet, og Norsk Folkemusikksamling ved Universitetet i Oslo har 83.

Mange er også dei spelemenn som har late seg inspirere av han, møtt han og bytt slåttar med han. Blant desse finn vi fleire av våre fremste utøvarar på hardingfele, og det er interessant å tenkje på at han nærast vart eit ideal også for jamaldrande spelemenn. Anders Kjerland, Torleiv Bolstad og Kjetil Løndal tala alle varmt om spelet til Eivind, og ei rekkje andre kunne nemnast, frå våre eldste nolevande utøvarar og til dei unge som har stått fram dei siste åra. Eivind var kan hende meir enn nokon ein spelemennenes spelemann.

Då han gjekk av som banksjef vart det meir tid til speling, og han tok også på seg konsertoppdrag. Denne siste bolken i livet hans vart ei blømingstid. Dei fleste av hans eigne komposisjonar skriv seg frå denne tid. Han heldt eigen konsert i heimbygda Seljord, for fullt hus. Han vart utnemnd til heiderslagsmedlem i Landslaget for Spelemenn i 1979 og kvitterte med ei framføring av Eivind Grovens Brønnslåtten som fekk det til å dirre i veggene i Førde. Han vart heidra med eigen konsert det året han fylte 90, under Landskappleiken i Rauland 1994, og frå 1990 hadde han Kongens fortenestemedalje i gull.

 

Musikken hans – og eit møte

Spelet hans er kjenneteikna av poetisk, suggestiv kraft og ein lysande blank tone. Slåtteframføringane er korte, med få repetisjonar, men med eit intenst, levande nærvær så lenge det varer. Han fraserer på ein måte som skaper fortettingar og forskuvingar i slåtten, samstundes som framføringa heile vegen held ei svært høg framdrift. Sjølv klaga han over at han ofte hadde spela for fort når han spela for mikrofon, og det kan vel ha noko for seg; dei av oss som har høyrt han i storslag livs levande, veit at han sanneleg kunne måle med brei pensel. Og endå dette flyktige, hastige, plutselege. Bogebruken hans eigna seg godt for snøgge vekslingar; og der mange kan ha ein heller flat bogebruk, med jamn tyngde heile vegen, hadde Eivind ei fjøring som gav luft, og rik variasjon i tyngde og frasering. I dette likna han Torkjell Haugerud noko. Og kanskje fleire av dei gamle? Når ein høyrer opptaka med Ola Mosafinn, opplever ein litt av det same. Stemningsmessig gjekk nok spelet hans, trass i høg framdrift og energi, ofte mot det melankolske.

 

Det raude huset på Nordgarden er stort og luftig. Ute på tunet er det stilt. Nokon heime?

Det er det, som regel. Ein veit det, når ein kjem køyrande, at han er heime; han er ein eldre mann, og ikkje så mykje ute. Idet ein går ut av bilen og skrår over tunet forstår ein i ein glimt at inntrykket av Eivind, slik ein kjenner han, er med og pregar det inntrykket ein dannar seg av omgivnadene her. Her er stilt. Ikkje så mykje aktivitet. Men likevel: format. Intenst, sitrande nervøst liv bak eit ryddig, kultivert ytre. Ein tek i dørklinka og veit at han er einstad der inne. Gler seg til å møte han. Men samstundes ei aning oppspilt.

Gjennom yttergangen, inn til den blå døra i kjøkenet. Bankar på.

– Kom inn!

Røysta er høg og klår, med ein eigen, open farge på vokalane. Han sit i lenestolen ved

fjernsynsapparatet i andre enden av huset, ein tanke inntilbeins, rak i ryggen. Hendene er store og samstundes nesten feminine: breie ved knokane, smalnande sterkt av framover mot fingertuppane. Det blinkar bak brilleglasa.

Etter å ha helsa god dag går han i førevegen inn i storstova, der felene ligg; bakfrå verkar han litt eldre. Likevel er det vanskeleg å gjette at han snart er nitti.

Samtalen flyt lett. Intensiteten i rommet krev å få ytre seg i ord. Sterkt engasjement i dei ulike tema, og samstundes rikeleg rom for digresjonar. Eit kjapt intellekt: ivrig engasjert i samtida. Ein gong i ungdomen må han ha valt å normalisere talemålet ei aning; raulandsmålet har, i det minste eit stykke på veg, måtta vike for eit normalisert vest-telemål. Kultivert, forfina. Og samstundes stadig dette rastlause, spontane, hastige, – som sprengjer på bak yta. I denne spenninga lever han, eller, kan hende rettare: Han lever denne spenninga.

Samtalen kjem fort inn på spel og spelemenn. Han er kritisk og legg ikkje noko imellom når han uttalar seg om ting han mislikar. Sterke sympatiar og antipatiar. Men samstundes tolerant, romsleg: til å diskutere med. Og slett ikkje uvillig til å nyansere eigne inntrykk og meiningar. Framfor alt: eit hjarta som bankar for det levande i folkemusikken, for den personlege utfalding, for musikken som uttrykk for det sant menneskelege. Når han talar om musikarar som har gjort inntrykk på han, det vere seg spelemenn eller andre, er det med ein varme som han truleg ikkje er klar over sjølv; han kjenner seg i slekt med, kjenner seg knytt til, i eitt med.

Fela lyt fram. Gunnar Røstad. Hardingfelas Stradivarius. Idet han legg henne inntil bringa skjer det noko: Mannen er forandra. Ein annan person? Nei, han er den same. Men likevel. Han har fått noko heilt anna over seg. Kroppshaldninga er ei anna; han sit som ein konge, bratt i nakken. Det er som om han kommuniserer frå ein heilt annan stad i seg sjølv, samanlikna med den han er når han talar. Som om han seier:

 

Her gjeld ikke noko utanomsnakk.

Dette er klår tale.

Eg dreg eit forheng til side og viser dykk noko som ikkje finst ord for. Men her er det. Og nett fordi der ikkje finst ord, nett fordi dette berre kan visast, berre kan spelast, er det at eg held ut å vise det. Det er så sterkt at det berre så vidt er til å bera.

Sjå. Og høyr. Lyd etter. Det er ikkje mitt, einast. Det tilhøyrer alle.

Men det er meg det går gjennom no.

 

 

\ Stein Versto

The fiddlers fiddler

Eivind Mo was born in Rauland, Telemark, 20 November 1904, to Gunnhild Kvåle (1872–1951) and Halvor Mo (1869–1949). When one drives from the center of Rauland toward Rjukan and comes to the upper part of Austbø one sees the two Mo farms, Øvre Mo and Ner-Mo (upper and lower Mo), to the right below the hill, with their characteristic ocher-colored main buildings on the old farmyards. Here on Øvre Mo, Eivind grew up as the fourth of six children in the family. His parents were learned people with cultural interests, not the least of which was music. They both valued fiddle music highly, and Gunnhild was the sister of the fiddler Høye Kvåle (1879–1967) of Seljord, who became Eivind’s first important teacher.

During Eivind’s early years the Hardanger fiddle, or hardingfele, was still the dominant instrument for dance and listening music in the rural communities in Telemark. The best fiddlers were great heroes in the lives of the people. For a small boy such as Eivind, with the musical talent he later showed and in a home such as his, the thought of becoming a fiddler must have awakened early. There were no really outstanding fiddlers in the Rauland environs at that time, but it helped that his uncle Høye Kvåle visited every summer. From him Eivind learned many tunes and also the playing tradition of Håvard Gibøen, which Høye had learned from Kjetil Håvardsson, Gibøen’s son. Another important fiddler among Eivind’s kinship was Eilev Smedal (1889–1938). Eilev immigrated to America in 1914 and worked as a doctor for many years, but before he left he made several recordings, and he made trips home in 1928 and 1936. Eivind met him on both occasions.

Thus Eivind was exposed early to Gibøen’s style and his tunes, and he retained his interest in this lyrical music his whole life. Indeed, he was himself an important bearer of the Gibøen tradition.

 

The early years

Another fiddler who made a great impression on Eivind, both musically and personally, was the master Olav Groven (1895–1929). Olav was a tradesman who traveled around dealing in furs, knives, clocks, and all sorts of small things. Every time he was in Rauland, he stopped in at Øvre Mo, where Gunnhild always treated him well. It was fun when Olav turned up. He had a warm, contagious charm and a pungent repartee and could say what he wanted to people without offending them. One day he came with a fiddle case under his arm. He saw Eivind’s fiddle and said, “Oh, no, not that worthless fiddle. Look here, here is the fiddle for you, Eivind!”

And so Eivind got a new instrument, made by Halvor Bringsvær in Ytre Vinje. Eivind was sixteen years old at the time. With the new fiddle on his back, he skied to Rjukan and participated in his first kappleik (competition), which was arranged by the local labor organization. He played well enough to earn a first prize rank, not so easy in a time when the judging was stringent, and he won the class for those under twenty years of age.

Phonograph recordings of hardingfele music came early enough to be an important inspiration for Eivind, and he also had the opportunity to study carefully various styles of music, from Telemark, Vestlandet, and other districts. Among those who impressed Eivind through their recordings were Halldor Meland from Hardanger and Kristiane Lund from Bø. Nevertheless, there were three fiddlers whose influence Eivind always drew upon: Høye Kvåle, Olav Groven, and later on Torkjell Haugerud, who was a neighbor of Eivind’s in Seljord. Recordings exist of Kvåle and Haugerud, but not of Olav Groven. To learn how Groven influenced Eivind, we have to turn to other sources, the most important of which are the notations Olav Groven’s brother, the composer Eivind Groven, made of Olav’s tunes. The Groven playing is complex, with many double stops (including lesser-used ones), and often with a strong personal interpretation of the tunes. When one hears how much Eivind Mo uses double stops, it is tempting to think that he took it from Olav Groven. Of course others use this technique as well, to a greater or lesser degree, but it seems to have been a rather typical characteristic in Olav Groven’s playing.

 

At age sixteen, Eivind had a large following. In the next years there were many competitions and concerts. Late in his life he commented, “There was nothing I’d rather do than play for people. That is what I lived for.” Quite early on, he got an automobile, which made it easier for him to get around to play, and he blossomed during this time. The magazine for the young people’s association in Rauland labeled him: “Eivind Mo—fiddle, girls, and car.” He also played a lot of dance music, including old-time dance (gamaldans). Eivind taught himself waltzes and reinlenders, and he has said that he could sit for long periods and improvise such melodies while people danced. He learned to play violin, played for folk-dance courses, and presented folk tunes on violin together with the organist Ragnvald Skrede, a teacher in Rauland. But his main instrument was still the Hardanger fiddle. Later he performed as a concert fiddler, often together with Olav Groven. These two—who could well be characterized as the first master fiddlers in the upper west Telemark mountain valleys since Myllarguten and Gibøen—were together often for many years, whether fiddling only for each other or holding concerts.

 

Two fiddling periods

It’s natural to divide Eivind Mo’s life as an active performing fiddler into two periods, the early period from approximately 1920 to 1930, and the second from about 1974 onward, with the peak years around 1980. Over a thirty-to-forty-year span he was less visible to the greater public. But during this relatively long period he occasionally turned up with his fiddle, even winning the national hardingfele competition (Landskappleiken) twice, in 1939 and 1949.

In 1931 he married Tone Knutsdotter Li (1903–81) from Seljord. Tone was herself an exceptional fiddler. She was good friends with Anne Haugerud (Hoff), Torkjell Haugerud’s daughter, and the two girls learned tunes from Torkjell. Recordings of Tone show that she played beautifully and well, and even though Eivind was the more active fiddler of the two she remained interested in fiddling throughout her life. Several of the Haugerud tunes Eivind played he had learned from Tone.

Together Tone and Eivind renovated the Tytegrav farm at Brunkeberg, which they took over from her father. They had four children, Anne (b. 1931), Håvard (b.1932), Knut (1934–76), and Arve (1937–87). In 1946 they bought the Nordgarden farm in Seljord, where they lived the rest of their lives. In 1959 Eivind became head of the Seljord savings bank and remained in that position until he retired, in 1974.

With his active working life as bank chief and farmer, there were fewer concerts and competitions, but the fiddle was a part of his everyday life. Over a fifty-year period, radio listeners could enjoy his fiddle music. He made his radio debut in 1927, in a live broadcast, and played again two years later, when he was a student at Hvam agriculture school. He made a number of broadcasts on Norwegian National Broadcasting (NRK) from 1935 to 1979. NRK has more than 100 of his programs in its archives, and the Norwegian folk music archives at the university in Oslo has 83.

He inspired many fiddlers and met and exchanged tunes with them. Among these are many of the foremost performers on hardingfele, and it is interesting to consider that he was close to an ideal for his contemporary fiddlers. Anders Kjerland, Torleiv Bolstad, and Kjetil Løndal all spoke warmly about Eivind’s fiddling, as did many others, from the oldest now-living fiddlers to the youngsters who have come along in recent years. Eivind was perhaps more than anyone a fiddler’s fiddler.

When he retired from the bank there was more time for playing, and he also gave concerts. He flourished in this last phase of his life. Most of his own compositions came during this time. He held concerts in his home village Seljord to packed houses. He was appointed an honorable member in Landslaget for Spelemenn (National Association for Fiddlers) at the national competition in 1979, and to acknowledge this honor he performed Eivind Groven’s “Brønnslåtten,” which made the walls tremble. During the national competition in Rauland in 1994 he was honored with a concert for his ninetieth birthday, and in 1990 he received the King’s gold medal of honor.

His music—and an encounter

His playing is characterized by poetic, suggestive strength and a bright tone. The tunes are short with few repetitions, but with an intense, living presence as long as the tune lasts. He phrases in a way that creates syncopated asymmetries while the presentation keeps its strong forward drive. He admitted himself that he often played too fast when he played into the microphone, and that could well be so; those of us who heard him at his best know that he could paint with a broad brush, but still he had interesting details that came quickly and suddenly. His bow technique was well suited for quick transitions. Whereas many other fiddlers use a flat bow with even weight on the whole stroke, Eivind had a tension that gave air and a rich variation in pressure and phrasing. In this he can be compared somewhat with Torkjell Haugerud, and perhaps even with others among the old masters. When one listens to recordings of Ola Mosafinn, for example, one experiences a bit of the same. The mood in his playing, even at high tempo and energy, often tended toward the melancholic.

 

The red house at Nordgarden is large and airy. Out in the yard it is quiet. Is anyone home? Yes, as a rule, there is. One knows, when one drives up, that he is home. He is an elderly man and not out so much. As one gets out of the car and cuts across the yard, one understands in a flash that Eivind is reflected in the surroundings. It is quiet here, not so much activity. Looking forward to seeing him but at the same time a bit anxious, one touches the doorknob and knows that he’s somewhere inside.

Through the entryway, toward the blue kitchen door. Knock, knock!

“Come in!”

The voice is loud and clear, with a certain open shading to the vowels. He sits in an easy chair by the television at the other end of the house, slightly pigeon-toed, straight in his back. His hands are large and at the same time nearly feminine: wide in the knuckles, narrowing sharply toward the fingertips. His eyes are twinkling behind his glasses.

After saying hello he leads the way into the living room, where the fiddles lie. From behind he seems a little older. Even so, it is difficult to guess he is nearly ninety.

The conversation flows easily. The intensity in the room calls for words. Strong engagement in various themes, but with room for digression. A quick intellect, eagerly engaged in the contemporary. At a point in his youth he must have chosen to normalize his spoken language a bit; the Rauland dialect has at least in some way changed to a more conventional west Telemark speech. Cultivated, refined. And yet with restlessness, spontaneity, haste—pressing under the surface. He lives in this tension, or perhaps more correctly, he lives this tension.

The conversation soon turns to music and fiddlers. He is critical and leaves nothing out when he talks about things he doesn’t like. Strong sympathies and strong aversions. But at the same time tolerant, open—good to have discussions with. And not unwilling to temper his own impressions and opinions. Above all: a heart that beats for the life in the folk music, for thepersonal development, for the music as an expression of the truly humane. When he speaks about musicians who have made a great impression on him, whether fiddlers or others, it is with an ardor he probably isn’t aware of himself; he feels related to, connected with, at one with them.

The fiddle must come out of its case. Gunnar Røstad. The Stradivarius of Hardanger fiddles. When Eivind takes it up, something happens: The man is changed. Another person? No, he is the same. But something quite different has come over him. His bearing has changed, he sits like a king, proud. It is as if he is communicating from quite another place within himself, compared to when he is speaking. As if he is expressing:

 

Here there is no beating around the bush.

This is clear speech.

I am drawing aside a curtain to show you something for which there are no words. But here it is. And just because there are no words, just because it can only be shown, only be played, that’s why I keep showing it. It is so strong that I almost can’t bear it.

Look. And listen. Hear. This is not only mine. It belongs to everyone.

But it is through me it flows now.

\ Stein Versto