Sigurd Sørenson Eldegard var fødd den 22.oktober 1893 i Eldegarden, Årdal i Sogn. Far var Søren Sjurson Eldegard (1868-1946) og mor var Olina Eriksdotter Eldegard f. Moen (1869-1938), og Sigurd voks opp som den eldste i ein søskenflokk på fire. Sigurd starta med fela allereie i gutedagane, og dei første taka fekk han lære av far sin. Seinare lærde han også av bestefaren, den kjende spelemannen Sjur I. Eldegard (1834-1920). Som gutunge hadde Sigurd ein draum om å verte stor spelemann som for landet rundt og heldt konsertar. Stor spelemann vart han, men fela kom til å skulle låte mest i stova heime på Eldegard.
Når Sigurd var ferdig med arbeidet for dagen, sette han seg kvar kveld ned på vedkassen i stova og spelte. Desse speleøktene var kjærkomne avbrekk frå den elles tøffe og harde kvardagen som gardbrukar i Eldegarden.
Sigurd var ingen kappleiksspelemann, men det hende likevel han deltok. Særleg tykte han landskappleiken var interessant, og ofte var han der som tilhøyrar. Elles spelte han mange gonger til dans i bryllaup og andre samkomer i Årdal og områda rundt. Sigurd var med på å skipe Årdal Spelemannslag, og var i nokre år musikalsk leiar for laget.
Tidleg på 1920-talet tok Sigurd over Eldegard, ein veglaus fjellgard utan straum og vatn. Her dreiv han gardsbruk med husdyrhald; geiter, storfe, grisar og hest, og han laga seg flotte frukt- og grønnsakshagar. Til garden høyrde det over 600 mål gild fureskog, og Sigurd bygde sitt eige sagbruk i Eldegarden.
I 1921 gifte Sigurd seg med Jensina Tomasdotter Holseter (1891-1926), og dei fekk fire born saman; Sverre (1922-1989), Olaug Maline f. 1923, Torolv (1924-1983), og Svanhild f. 1926. Men Jensina gjekk bort allereie etter fem års ekteskap, og Sigurd levde resten av livet som enkjemann.
Sigurd gjekk bort den 1.oktober 1962, og er gravlagd på Farnes, Årdal.
SPELEMENN I ELDEGARDSSLEKTA.
Der har vore fleire spelemenn i slekta til Sigurd Eldegard. Dei mange generasjonane Eldegard har sett sitt preg på musikken, og det er nok ei av dei viktigaste spelemannsslektene i Årdal og Indre Sogn.
Musikkgjevnaden seiest å ha kome inn i slekta med Sjur S. Åretun (1781-1825), tippoldefar til Sigurd. Han kom frå Strendene, Lærdal, men gifte seg med odelsjenta i Eldegarden og kom såleis inn i slekta. Soneson til Sjur S. Åretun, Sjur I. Eldegard (1834-1920), var den største av alle spelemennene i Eldegardsslekta. Sjur tok i gutedagane til å leite seg fram på Tronda-fela etter bestefaren, og snart kunne han spele slåttane han høyre far sin, Ingebrikt S. Eldegard (1813-1885), tralle etter far sin att.
Fire av sønene til Sjur var også gode spelemenn; Olav (1876-1947), Jørgen (1864-1936), Sigurd (1866-1950) og Søren (1868-1946).
Av borna til Søren S. Eldegard var det fleire som kom til å dyrke felespelet. Den fremste var nettopp Sigurd, men også søstrene Brita (1909-1977) og Johanna f.1906 visste å handtere fela.
SLÅTTANE OG SPELET.
Sigurd Eldegard reindyrka og heldt ved like spelet er bestefar sin Sjur I. Eldegard. Mange vil nok karakterisere slåttematerialet etter Sigurd som enkelt og lite utbygd, for slåttane er ofte korte og oppbygde av små, enkle melodiske motiv. Det interessante er å sjå korleis desse motiva er sett saman, krydra med harmoniske og rytmiske overraskingar, og korleis desse innbyrdes verkar saman. Dette er eit slåttemateriale som har sin styrke i si enkelheit.
Arne Bjørndal seier det slik: ”Melodisk hev sogneslåtten eit eige lag til å tumla seg gjennom store intervall, og sluttkadensen kjem ofte noko brått og uventa, soleis er sluttfall på sekunden ikkje sjeldsynt. Og det lydiske draget er særs sterkt i desse slåttane”.
Ein finn ikkje særleg store tonale utsving i spelet til Sigurd, og tonaliteten peikar ganske klart mot ei dur-/moll-kjennsle. Eit visst drag mot ein slags modalitet kan ein likevel kjenne når Sigurd i mange tilfelle nyttar seg av ei veksling mellom stor og liten kvart, noko som på hardingfela ofte gjev sitt utslag i veksling mellom høg og låg andrefinger. Dette førekjem oftast i samband med utføring av triol-rørsler. Elles førekjem også halvhøge kvartintervall.
Sigurd vel somme tider harmoniske løysingar som frir til parallelltonearten. Eit døme på dette kan vere at i melodiske figurar der andre spelemenn ville valt reine durtreklangar, der brukar Sigurd ein molltreklang i omvending.
Spelet til Sigurd kan neppe karakteriserast som lyrisk. Meir dekkjande er det å seie at han dyrkar råskapen, intensiteten og elegansen. Sigurd spelar med framifrå tekniske eigenskapar, og særleg bogehanda framstår som høgt utvikla. Sjeldan møter ein ei slik djervheit, som når han ”skyt” ut ristetaka sine, og her får verkeleg den eminente bogehanda kome til sin rett. Han utfører også enkelte parti i slåttar med spiccato boge, og dette gjer at spelet hans får eit ”luftig” preg. Elles vekslar han elegant mellom ein- og tostrengsspel, og har spenstige og velplasserte føreslag og trillar.
Glissando og vibrato er musikalske verkemiddel som ein ofte kallar framande stilelement i slåttemusikken, og kanskje særleg i hardingfelemusikken. Sigurd tek likevel ibruk desse verkemidla i blant anna lydarslåttane ”St.Thomasklokkene” og ”Huldretone frå Sletterust”. Her er det viktig å peike på at bruk av desse effektane ikkje er eit overordna musikalsk stilideal eller toneideal, men ei utsmykking eller eit ornament.
VALDRESSPEL I ÅRDAL.
Ei av dei eldste og viktigaste ferdselsårene mellom aust og vest går over Filefjell. Ei følgje av dette er at det har vore eit rikt samkvem mellom indre Sogn og øvre Valdres, noko som også har sett merkje etter seg i musikken. Valdrisane var kjærkomne og populære spelemenn i både bryllaup og andre samkomer i Sogn. Av spelemenn frå Valdres, kjenner ein til at både Jørn Hilme (1778-1854), Knut Nordland (1794-1877), Nils E. Sveji (1801-1886), Ola K. Strond (1813-1902) og Trond Eltun (1822-1896) var jamleg i Sogn.
Sjølv om kommunikasjonen med aust har sett djupe spor etter seg i heile Sogn, så står Årdal i ei særstilling i høve til Valdres. Den viktigaste kjelda til Sigurd var bestefaren Sjur I. Eldegard. Allereie i konfirmasjonsalderen reiste Sjur over fjellet til Valdres for å lære spel. Dei fremste læremeistrane hans der, var Ola K. Strond, også kalla ”Søynin” og ”Strond’n”, og Trond Eltun. Blant notenedskriftene Arne Bjørndal gjorde etter Sjur I. Eldegard, finn ein fleire slåttar som Sjur lærde hjå valdrisane, og særleg etter Strond’n og Eltun.
Lærdalsmarknaden, årleg marknad fram til 1876, har også sett sitt preg på musikken i Sogn. Der møttest spelemenn både frå Sogn, Valdres, Hallingdal, Voss, og andre stader. Dei stal slåttar av kvarandre og kappast åt. Av kjende spelemenn som var fast på Lærdalsmarknaden, kan ein nemne Sjur I. Eldegard, Jørn Hilme, Nils Hilme, Ola Mosafinn og Sjur Helgeland.
INNSPELINGANE.
Ein kjenner til at det vart gjort 38 innspelingar med Sigurd Eldegard. I 1949 var Rolf Myklebust på vitjing og gjord opptak av 22 slåttar for NRK. Blant desse opptaka finn ein både bygdedans-, runddans- og lydarslåttar. I 1956 kom Arne Bjørndal og gjorde opptak av ytterlegare 13 slåttar. Denne gongen berre bygdedans- og lydarslåttar. Året etter, i 1957, gjorde Rolf Myklebust opptak av 3 lydarslåttar.
/Synnøve S. Bjørset
SLÅTTEOMTALE
01. Springar, etter Sjur Eldegard. Slåtten er også kjend under namna ”Førkjeslåtten” og ”Hei so dansa jenta mi”. Felestille: a-d-a-e
02. Springar, etter Sjur Eldegard. Felestille: a-d-a-e
03. Halling, etter Sjur Eldegard. Felestille: a-d-a-e.
04. Vals. Felestille: g-d-a-e (1629 Kb)
05. Springar, etter Sjur Eldegard (1834-1920). Slåtten er ei form av ”Purkekragen”. Høyr Olav Moe spele ”Springar etter Jørn Hilme” på TA1CD og Haldor Røyne spele ”Purkekragin” på TA2CD. Felestille g-d-a-e
06. St.Thomasklokkene. Lydarslått etter Sjur Eldegard. Felestille: a-e-a-c#
07. Huldretone frå Sletterust. Lydarslått etter Sjur Eldegard. Felestille: a-d-f#-e
08 Springar, etter Sjur Eldegard. Denne slåtten er kjend i Valdres under namnet ”Fanteladda”. Felestille: a-d-a-e
09. Halling, etter Sjur Eldegard. Slåtten går også under namnet ”Hopparen”. Felestille: a-d-a-e
10 Springar, etter Sjur Eldegard. Arne Bjørndal skreiv ned slåtten etter Sjur i 1916, og nemner han der under namna ”Nordfjedli” og ”Semjarslåtten”. Andre stader går slåtten under namna ”Hatlelien” og ”Danse lauskar og gå fri”. Sjur lærde slåtten av Ola K. Strond (1813-1902) i 1855, heime hjå Strond’n i Valdres. Høyr Haldor Røyne spele ”Lauskarlåtten” på TA2CD. Felestille: g-d-a-e
11. Halling, etter Sjur Eldegard Felestille: g-d-a-e
12. Springar, etter Sjur Eldegard. ”Trumpen” er det mest kjende namnet på denne slåtten. Felestille: a-d-a-e
13. Springar, etter Sjur Eldegard. Denne slåtten er kjend både i Valdres og Hallingdal, og går blant anna under namna ”Skraddarlåtten”, ”Kubakkin”, og ”Krotakyr”. Høyr Haldor Røyne spele ”Skraddarlåtten” på TA2CD og Harald Fylken spele ”Kubakkin” på TA3CD. Felestille: a-d-a-e
14. Springar, etter Sjur Eldegard. Høyr Olav Moe spele ”Springar etter Jørn Hilme” på TA1CD. Felestille: g-d-a-e
15. Halling, etter Sjur Eldegard. Dette er ei form av slåtten som andre stader blir kalla ”Tussebrureferda” eller ”Røven”. Høyr Olav Moe spele ”Tussebrureferde” på TA1CD. Felestille: g-d-a-e
16. Springar, etter Sjur Eldegard. Dette er ei form av ”Bjølleslåtten”. Felestille: a-e-a-c#
17. Halling, etter Sjur Eldegard. Ei form av denne slåtten er kjend under namnet ”So sulla ho mor”. Felestille: a-e-a-e
18. Huldreslått. Lydarslått etter Sjur Eldegard. Felestille: a-d-f#-e
19 Halling, etter Sjur Eldegard. Felestille: g-d-a-e.
20 Dorthea. Vals. Felestille: g-d-a-e
Prosjektleiing: Synnøve S. Bjørset Opptak: NRK v/ Rolf Myklebust 1949 og Arne Bjørndal 1956 Mastering og produksjon: Lindberg Lyd AS Engelsk omsetjing: Mary Hegge Grafisk formgjeving: Eva Karlsson Økonomisk stønad: Rådet for folkemusikk og folkedans, Årdal Kommune, Hydro Årdal, Sogn Spel og Dansarlag Takk til: Familie og slekt etter Sigurd Eldegard for informasjon og utlån av bilete, Svein Skjerdal for utlån av opptak.
Hardanger fiddle playing from Årdal
Hardingfelespel frå Årdal Early in the 1920s Sigurd took over Eldegard, a mountain farm with no access roads, electricity, or water. He was a livestock farmer, with goats, cattle, pigs, and horses, and he made superb fruit and vegetable gardens. More than 150 acres of fine pine forest belonged to the farm, and Sigurd built his own sawmill at Eldegard.
In 1921 he married Jensina Tomasdotter Holseter (1891–1926), and they had four children together: Sverre (1922–1989), Olaug Maline (1923– ), Torolv (1924–1983), and Svanhild (1926– ). Jensina died after only five years of marriage, and Sigurd lived the rest of his life as a widower.
Sigurd died October 1, 1962, and was buried at Farnes, Årdal.
FIDDLERS IN THE ELDEGARD LINE
There have been several fiddlers in Sigurd Eldegard’s lineage. The generations of Eldegards have left their marks on the music, making it certainly one of the most important musical families in Årdal and inner Sogn.
The musical talent is said to have come into the lineage with Sjur S. Åretun (1781–1825), great-great-grandfather of Sigurd. He was from Strendene, Lærdal, but married the heiress to the Eldegard farm and thus came into the family. Sjur S. Åretun’s son’s son, Sjur I. Eldegard (1834–1920), was the greatest of all the Eldegard fiddlers. In his boyhood, Sjur played on his grandfather’s Tronda-fele (Trond fiddle) and was soon able to fiddle the tunes he heard his father, Ingebrikt S. Eldegard (1813–1885), trall or hum in his own father’s style. Four of Sjur’s sons were also good fiddlers: Olav (1876–1947), Jørgen (1864–1936), Sigurd (1866–1950), and Søren (1868–1946).
Several of Søren S. Eldegard’s children pursued fiddle music. The foremost was Sigurd, but his sisters Brita (1909–1977) and Johanna (1906– ) also knew how to handle the fiddle.
THE TUNES AND THE PLAYING
Sigurd Eldegard cultivated and stuck to the fiddling style of his grandfather Sjur I. Eldegard. Many will likely characterize Sigurd’s tune material as simple and somewhat underdeveloped, because the tunes are often short and built up from small, simple melodic motifs. It is interesting to see how these motifs are put together and seasoned with harmonic and rhythmic surprises, and how they work together. This is folk music material with strength in its simplicity.
Arne Bjørndal said it thus: “Melodically, Sogn tunes have a certain tendency to tumble through large intervals, and the final cadence often comes suddenly and unexpectedly, so it is not unusual that the ending comes on the second note of the scale. And the Lydian mode is especially strong in these tunes.”
There are not especially large tonal variations in Sigurd’s playing, and the tonality points quite clearly toward a major-minor feeling. One can imagine a certain tendency toward a kind of modality when in many instances Sigurd uses an interchange between large and small quarter intervals, which on the Hardanger fiddle is often expressed in the shift between high and low second finger. This happens usually in connection with the execution of triplets. He also uses half-high quarter intervals. Sigurd sometimes chooses harmonic solutions that tend to suggest the parallel key. For instance, in melodic figures where other fiddlers would have chosen pure major triads, Sigurd uses an inverse minor triad in a melodic inversion.
Project Management: Synnøve S. Bjørset Recordings: NRK Rolf Myklebust 1949 og Arne Bjørndal 1956 Mastering and productions: Lindberg Lyd AS English translation: Mary Hegge Cover: Eva Karlsson Financial support: Rådet for folkemusikk og folkedans, Årdal Kommune, Hydro Årdal, Sogn Spel og Dansarlag
Thanks to: The Sigurd Eldegard-family and Svein Skjerdal.