Felespelaren Signe Flatin Neset
I 1912 – då Signe Flatin Neset blei fødd – var Seljord ei bygd der det lavde av gode spelemennar. Torkjell Haugerud (1876–1954) hadde nyleg flutt til bygda. Alle Smedalane hadde enno ikkje reist til Amerika. Så var det Høye Kvåle (1879–1967), Harald Manheim (1879–1936) og ikkje minst far av Signe, Kjetil Flatin (1879–1960).
Og fleire til. At det var inspirasjon å hente for ei musikalsk ungjente rår det liten tvil om, og mykje tyder på at ho blei tidleg utvikla som felespelar. Alt i 1928 – 15 år gamal – spela ho konsertar i lag med far sin. Bladmeldingar frå denne tida er i all hovudsak positive – «vidunderborn» er godt stoff for journalistar. Korleis kunnige personar vurderte ho som utøvar har me ei god kjelde til: Kappleikane i regi av Telemark Ungdomslag. Signe var med fyrste gongen i 1928 og siste gongen i 1960. I desse åra var ho med til saman 13 gonger, flest før krigen. Plasseringane har variert noko, men stort sett midt på treet, eller litt betre. Lat kappleiken i 1935 i Gransherad vera nemnd: 22 år gamal, som einaste kvende blant deltakarane, kom ho der bak Johannes Dahle (1890–1980), Einar Lund (1882–1954) og OIav Løndal (1904–1986), men føre t.d. Gjermund Haugen (1914–1976), Einar Løndal (1914–2006), Hølje Wårstulen (1914–1988) og Anund Roheim (1913–1999)! Attåt premielistene er det òg i ein periode gjeve skriftlege kommentarar til utøvarane. Diverre finst ikkje slike frå 1935, men lat oss sjå kva kommentaren var til debuten: Signe Flatin spela godt til å vera berre 15 år. Sjølvsagt hev ho mykje att å lære. Ho må særleg arbeide med å få meir friskleik i spele sitt. Bogen er for tung enno. Men trass i det ufullkomne kan ein hava gode vonir om at ho vert god til å spela.
Dei som meinte dette var H. H. Einung, Thomas Tveit, Olav Tveito, Rikard Gøytil og Gunnulf Borgen. Vidare framover er kommentarane ei blanding av ros og ris, men oppsummert noko atterhaldne. Så godt som kvart år er domarane kritiske til bogabruken. Siste gongen, i Vinje i 1960 – det året ho vann Landskappleiken – sa Lars Jysereid, Rikard Gøytil og Halvor Smeland:
Signe Flatin Neset var ikkje heldig denne gongen. Spelet hennar vert noko skøyrt, og ho fekk ikkje til det gode jamne draget i slåtten som ho ofte har. Elles har ho framleis for stiv bogehand til å få det lette, leikande draget som må til for den som skal meistre Fykerudslåttane.
Det er ikkje fritt for at ein undrar seg noko over desse utsegnene når ein set dei opp mot opptaka som er med på produksjonen her, ja innspela materiale i det heile. Kan ho ha lika seg lite framfor domarar? Kappleikopptaka tyder ikkje på det. Skal ein vera vondtenkt og lesa mannleg sjåvinisme inn i orda? Så kan desse domarane ha gjenge i ei felle: I staden for å taka inn korleis det læt, kan dei ha sett for mykje på bogehanda. Det finst spelemennar i dag som har ei heller stiv høgrehand å sjå til, likevel læt det framifrå. Eg kom til å lata ein spelkunnig harding høyre på ein prøve-CD av denne produksjonen. «Ikkje noko frøkenspel», sa han. Ein slik karakteristikk er langt frå politisk korrekt, men me skjønar kva han meiner. Kraft, styrke, fast rytme, ein stor tone er inntrykket. «Høyr her! Slik er det!» seier ho. Spelet fortel om ein sterk vilje, som det òg blir fortalt at ho hadde. Skulle ein plukke fram ein av klisjeane som er nytta for å karakterisere hardingfelespel, måtte det bli fløymande. Ein liten negativ kommentar vågar eg koma med – i og for seg i samsvar med den siterte skriftlege kritikken: Her og der har ho det litt travelt i ristetaka. Elles er det nett bogehanda som gjev dei kvalitetane både hardingen og eg har peika på.
Litt meir om spelkarrieren og livet elles: Attende i 1934 eller 1935 spela ho i radio, beint på lufta som det då var. Konsertturneane med faren gjekk vidt, heilt til Oppdal var dei, og gjorde stor lukke, jamvel om dette var i «flatfeleland». I 1936 – kan hende òg fleire år – reiste ho på konsertturne saman med ei onnor speljente frå Seljord: Torbjørg Aas (1916–2008), seinare gift Gravalid. Dei har heilt sikkert lært mykje av kvarandre: Då utvalet på denne produksjonen var gjort, visa det seg at seks slåttar var sams med utvalet gjort på CD’en med Torbjørg (utgjeven på plateselskapet Grappa i 1998). Ein gjennomgang av alt innspela materiale fortel om endå større sams slåttetilfang. Stein Versto har skildra korleis denne konsertferda var, ut frå samtalar med Torbjørg:
Dei to unge kvinnene i Vest-Telemarksbunad har nok gjort eit visst inntrykk der dei kom, ikkje berre var dei vakre, men jamen kunne dei spela òg, og det betre enn mange av sine mannlege kollegaer! (…) Eit høgdepunkt var opphaldet i Ål, hjå det gjestmilde vertskapet på Ål hotell, og der oppglødde hallingar bar dei to felespelarane på gullstol rundt i lokalet etter konserten. Som nemnt, truleg var det fleire ferder, men i alle høve var dei rundt i Telemark, i Numedal og Hallingdal, i Bergen og Hordaland elles. I 1946 spela Signe inn fire slåttar på 78-plate, det var Nordfjorden, Førnesbrunen, Høybøfjoshjellen og Skuldalsbruri. Om det finst att kopiar skal vera usagt, 78-plater har ei avgrensa levetid i seg sjølv. NRK har lydbandkopiar av desse opptaka, og me har valt å taka med springaren Høybøfjoshjellen. I 1947 kom Leif Neset (f. 1925) frå Modalen til Seljord for å lære spel. Fyrst var han hjå Kjetil Flatin, seinare hjå Eivind Mo og deretter hjå Torkjell Haugerud. Naturleg nok blei han kjend med Signe, og i 1952 gifte dei seg. Dei flutte då til Sauda der Leif arbeidde på smelteverket med pakking av metall i pulverform – eit tungt arbeid, lite lageleg for ein spelemann som treng mjuke musklar i armar og fingrar. I 1955 gjekk ferda attende til Telemark, Leif fekk då arbeid på laboratoriet på Hydro sin fabrikk på Herøya. Husrom fekk dei på Klyve – trongt, men hjå ein triveleg husvert: Han var glad i felespel, kommunist og heimebrennar! Leif fortel elles at Signe var «ferdig utlærd» som felespelar då han blei kjend med ho. I all hovudsak var det faren ho hadde slåttar etter, kan hende litt òg etter Høye Kvåle. Slåttetilfanget gjekk i all hovudsak på vanleg stille. Slik var det òg med Kjetil. Felespelarar av Signe sitt format vil som oftast prøve seg som slåttemakar:
Leif fortel at Signe laga ein gangar ho kalla Haustkveld. Diverre finst han ikkje i NRK sitt arkiv. Det er ei kjend sak at Signe slutta å spela mange år før ho gjekk bort. Leif fortel at det var fleire ting som hende samstundes: Dei fekk seg endeleg eit romsamare husvære, i ein blokk. Der var noko lydt, og grannane lika ikkje hardingfelespel. Så blei Signe sjuk, fekk fleire barnesjukdomar ho hadde sloppe som lita, og attåt det hjarteproblem. Under eit sjukehusopphald blei ho utsett for intens religiøs påverknad, press er kan hende karakteristikken. Det førde til at ho fall for eit syn som har vore meir eller mindre sterkt så lenge hardingfela har funnest:
Hardingfelespel er ein veg til fortaping. Både ho og Leif la spelet til sides, og selde – men brende ikkje – felene. I åra etter kunne det råke at Signe tok gjennom ein slått om ho fekk ei fele i hendene, men SPEL var det slutt med. Noko etter at Signe gjekk bort i 1975 fekk Leif seg fele(r) att, han er framleis aktiv i Spelemannslaget Vårlengt.
Nokre historiske glimt om denne motsetnaden, som i dag verkar heller framand: Vis-Karivekkinga i andre helvt av 1800-talet førde til at mange feler blei brende både i Numedal og Hallingdal. Skikken her på Rauland i samband med gjestebod var at spelemannen spela brureparet fram til kyrkjegardsporten, men fela kom aldri innanfor den. Då Gjermund Haugen spela hardingfele i Heddal stavkyrkje i 1958 blei det opplevd som ei storhending, jamvel om Johannes Dahle hadde gjort det same tvo gonger før i Atrå kyrkje, i 1925 og 1954. Eg trudde lenge at felebrenning ikkje hadde funnest her i Telemark (Rikard Berge nemner det ikkje), men så seint som på 1950-talet blei det faktisk brent ei hardingfele i Vrådal.
Myreguten (Ola Jensen Myro, 1817–1901) frå Hallingdal opponerte mot fordøminga og skreiv på feleskrinet sitt: Se her er min felehytte og mange tror den er til liden nytte, men lad dem sige hvad dem vil jeg vandrer ærlig med mit spil.
Dette svartsynet har ikkje slokna heilt. Her om året kom ein predikant heim til Knut Buen og sa strengt til han: «Du spiller på Djevelens instrument!» «Å nei», svara tuddølen, «eg brukar nå mi eiga fele!» Kva Vår Herre sjølv kan meine om dette skal vera usagt. Lat likevel vera nemnt at i genren gospel gjeng gudstru, musikk og rytmisk utfalding opp i ei eining. Om Signe då – og me – ikkje fekk så mange gode spelår som det kunne ha blitt, er der ei rad med framifrå opptak i NRK sitt arkiv, og hjå Norsk Folkemusikksamling. Spelet har heilt klart falle i smak hjå Rolf Myklebust. På 1950-talet gjorde Signe opptak tett på årvisst, til saman ni gonger. Fleire gonger var Leif med, det finst ei rad gode opptak med han òg. Eit knippe slåttar har dei spela inn i lag. Myklebust skreiv: «Signe Flatin Neset var mellom våre beste spelemenn på hardingfele. Spelet hennar var myndig og rikt i ledig framføring».
Andre utgjevingar med slåttar spela av Signe Flatin Neset: GRCD 4066, Folkemusikk frå Telemark. Grappa Musikkforlag as/NRK 1995: Floketjørn. EM 89, Kring Skorve. Etnisk Musikkklubb 2011: Gaute Navarsgard. TA 61CD, Slåttar frå Setesdal og Telemark. ta:lik 2009: Nordfjorden, Halling etter Jon Kjos, Gudbrandsdølen, Moguten.
/ Johan Vaa
The fiddle player Signe Flatin Neset from Seljord in Telemark
Signe Flatin Neset
In 1912 – when Signe was born – Seljord was a district with many good fiddlers. Torkjell Haugerud (1876-1954) had recently moved to the district. Not all of the Smedals had yet gone to America. And then there was Høye Kvåle (1879-1967), Harald Manheim (1879-1936), and Signe’s father, Kjetil Flatin (1879-1960). And several more. There is little doubt that there was inspiration to be found for a musical young girl, and there is much to suggest that she matured quickly as a fiddler. In as early as 1928 – 15 years old – she gave concerts with her father. Newspaper reviews from this period are primarily positive – “child prodigies” are good material for journalists.
The kappleikar arranged by Telemark Ungdomslag provide a good source of information about the way experts assessed her as a performer. Signe competed for the first time in 1928 and for the last time in 1960. During these years she competed a total of 13 times, mostly before the war. Her placings varied somewhat, but she generally placed in the middle, or a little better. At the kappleik in 1935 in Gransherad, 22 years old and the only woman among the participants, she placed behind Johannes Dahle (1890-1980), Einar Lund (1882-1954), and OIav Løndal (1904-1986), but ahead of fiddlers such as Gjermund Haugen (1914-1976), Einar Løndal (1914-2006), Hølje Wårstulen (1914-1988), and Anund Roheim (1913-1999)!
In addition to the result lists, written comments were also given to the competitors for a time. Unfortunately, written comments from the kappleik in 1935 cannot be found, but the following is the commentary on her debut:
As a 15-year-old, Signe Flatin plays very well. To be sure, she has much left to learn. In particular, she must work to develop more vibrancy in her playing. Her bow is still too heavy. But in spite of these imperfections, one can have confidence that she will become a good player.
These comments were given by H. H. Einung, Thomas Tveit, Olav Tveito, Rikard Gøytil, and Gunnulf Borgen. In later years, the comments are a mixture of praise and criticism, but on the whole they are somewhat restrained. Almost every year the judges are critical of her bow technique. The last time, in Vinje in 1960 – the year she won Landskappleiken – Lars Jysereid, Rikard Gøytil, and Halvor Smeland said:
Signe Flatin Neset was not fortunate this time. Her playing was somewhat fragile, and she did not achieve the good, balanced expression in the tune which she often has. Otherwise, her bow hand is too stiff to achieve the light, playful characteristic which is essential to master the Fykerud tunes.
It can’t be denied that one is surprised at some of these statements when one sets them side by side with the recordings that are included on the present CD, and the recorded material on the whole. Could she have felt uneasy in front of the judges? The kappleik recordings do not suggest this. Should one be suspicious and read male chauvinism into the words? Or the judges may have fallen into a trap: instead of absorbing the way the music sounded, they may have looked too much at the bow hand. There are present-day fiddlers who have a rather stiff right hand; nevertheless, their music is exceptional.
I got a chance to let a person from Hardanger who is well-informed in traditional fiddle music listen to a test CD of this production. “This is no girly fiddling,” he said. Such a characterization is far from politically correct, but we understand what he means. Her playing gives the impression of power, strength, solid rhythm, and a big sound. “Listen here! That’s the way it is!” she says. Her playing reveals a strong will, something she is also said to have had. If one were to pick out one of the clichés which are used to characterize Hardanger fiddle playing, it would be flowing. I venture to add a small negative comment, which is also in agreement with the quoted written critique: here and there she rushes the triplets. Apart from that, it is precisely her bow hand which creates the qualities both the man from Hardanger and I have referred to.
A little more about her playing career and life otherwise: back in 1934 or 1935 she played on live broadcast radio. She travelled far and wide on concert tours with her father; they went all the way to Oppdal and were a great success, even if it was in “flat fiddle country”. In 1936 – and perhaps other years as well – she went on a concert tour with another female fiddler from Seljord: Torbjørg Aas (1916-2008), whose married name was Gravalid. They undoubtedly learned a lot from each other: when the tune selection for this production was done, it became apparent that six of the tunes were also present on Torbjørg’s solo CD (released on the record label Grappa in 1998). An examination of all the recorded material reveals an even greater common repertoire.
Stein Versto has described this concert tour, based on conversations with Torbjørg:
The two young women wearing West Telemark bunad certainly made an impression wherever they went, not only were they beautiful, but they could indeed play as well, and that better than many of their male colleagues! (...) A high point was the stopover in Ål, with the welcoming hosts at Ål hotel, and where enthusiastic audience members carried the two fiddle players around the hall in triumph after the concert.
As mentioned, there were likely several trips; among other places, they toured in Telemark, in Numedal and Hallingdal, in Bergen and other parts of Hordaland.
In 1946 Signe recorded four tunes on a 78 rpm record, they were Nordfjorden, Førnesbrunen, Høybøfjoshjellen and Skuldalsbruri. It is unknown whether copies can still be found; 78 records have a limited lifetime. NRK has reel-to-reel copies of these recordings, and we have chosen to include the springar Høybøfjoshjellen.
In 1947 Leif Neset (b. 1925) came from Modalen to Seljord to learn fiddle music. First he learned from Kjetil Flatin, later from Eivind Mo, and after that from Torkjell Haugerud. Naturally enough he became acquainted with Signe, and in 1952 they married. They moved to Sauda, where Leif worked at the smelting plant, packing metal in powdered form – heavy work, not very suitable for a fiddler who needs to have supple muscles in his arms and fingers. In 1955 they went back to Telemark, Leif obtained work in the laboratory at Hydro’s factory on Herøya. They had lodgings in Klyve – cramped, but with a pleasant landlord: he was fond of fiddle playing, was a communist and an illicit distiller! Leif says that Signe was “fully qualified” as a fiddle player when he got to know her. She had mainly learned tunes from her father, and perhaps a few from Høye Kvåle. Her tune material was primarily in standard fiddle tuning. This was also the case with Kjetil.
Fiddle players of Signe’s stature often try their hand at making tunes: Leif recounts that Signe made a gangar she called Haustkveld. Unfortunately, it can’t be found in NRK’s archive.
It is a well-known fact that Signe stopped playing many years before she passed away. Leif says that there were several things that occured simultaneously: they finally got more spacious lodgings, in an apartment building. It was not very soundproof, and the neighbours didn’t like Hardanger fiddle playing. Then Signe became ill, catching several children’s diseases she had been spared from as a child, and in addition to that, she developed heart problems. During a hospital stay she was exposed to intense religious influence, pressure is perhaps the right word. That led her to be taken in by an outlook which has been more or less strong as long as the Hardanger fiddle has existed: Hardanger fiddle playing is a road to perdition. Both she and Leif stopped fiddling, and sold – but didn’t burn – their fiddles. During the following years Signe could happen to play through a tune if she got a fiddle in her hands, but she was finished with FIDDLING. Some time after Signe passed away in 1975, Leif got the fiddles back, and he is still an active member of Spelemannslaget Vårlengt.
Some historical glimpses of this opposition, which today seems rather strange: the religious awakening known as Vis-Karivekkinga, which took place during the second half of the 1800s, resulted in the burning of many fiddles in both Numedal and Hallingdal. The custom at wedding ceremonies here in Rauland was that the fiddler led the bride and groom up to the churchyard gate, but never went beyond it. When Gjermund Haugen played Hardanger fiddle in Heddal Stave Church in 1958 it was considered to be a significant event, even if Johannes Dahle had done the same two times before in Atrå Church, in 1925 and 1954. I long believed that fiddle burning had not occurred here in Telemark (Rikard Berge does not mention it), but in as late as the 1950s there was actually a Hardanger fiddle burned in Vrådal.
Myreguten (Ola Jensen Myro, 1817-1901) from Hallingdal opposed the condemnation and wrote on his fiddle case:
See here is my fiddle hut
and many think it is of little use,
but let them say what they will
I wander honourably with my fiddling.
This pessimism has not been completely extinguished. A few years ago, a preacher came to Knut Buen’s home and said sternly to him: “You play the devil’s instrument!” “Oh no,” answered Knut, “I use my own fiddle!”
What our Lord Himself may think about this shall remain unsaid. Let it nevertheless be mentioned that in the gospel genre, faith in God, music, and rhythmic expression are bound together in one whole.
If Signe – and we – did not get as many good playing years as there could have been, the exceptional recordings in NRK’s archive and at Norsk Folkemusikksamling provide a remedy. Her playing was clearly to the liking of Rolf Myklebust. During the 1950s Signe made recordings nearly annually, a total of nine times. Leif participated several times, there exist a number of good recordings of him as well. They recorded several tunes together. Myklebust wrote: “Signe Flatin Neset was among our best players on Hardanger fiddle. Her playing was masterful and rich in natural expression.”
Other CD releases with tunes played by Signe Flatin Neset:
GRCD 4066, Folkemusikk frå Telemark. Grappa Musikkforlag as/NRK 1995: Floketjørn.
EM 89, Kring Skorve. Etnisk Musikkklubb 2011: Gaute Navarsgard.
TA 61CD, Slåttar frå Setesdal og Telemark. Ta:lik 2009: Nordfjorden, Halling etter Jon Kjos, Gudbrandsdølen, Moguten.