BÅRA HO BRYTER SÅ VIDE…
Viser og stubbar frå Nordland og Troms
sunge av Edvard Ruud

01. Kveitevisa. Denne skjemtevisa er i tradisjon frå Fiskenes på Andøya. /Brynjulv Alver 
02. Sjur-Svein-visa. «Sjur-Svein-visa» er frå Lofoten. Den har same form som mellomalderballadane, men innhaldet kan ikkje vera eldre enn frå 1600–1700-talet, og har ikkje noko med ballade-genren å gjera. Det er mogleg at namnet Sjur-Svein har samanheng med segntradisjonen om Sigurd Fåvnesbane som i ei norsk kjempevise verta kalla Sigurd Svein. /BA 
03. Morten-Finn-visa. «Morten-Finn-visa» er frå Forfjorden på Innøya, og fortel om samen som veider bjørn. /BA 
04. Koftefallet. Bånsullen «Koftefallet» frå Andøya fortel at samen høgg båtved inne i fjorden, og at vederlaget for arbeide er mjøl. /BA 
05. Å, vi skal gifte ho Sissel bort. «Sisselvisa» frå Lofoten fortel til synes berre om kallen som sit og sullar ho Sissel-ban. 
Men det kjem snart fram at han har noko han vil ha sagt om gamal og ny matskikk der i garden. /Finn Myrvang 
06. Lars Linkelifot. 
07. Bånsull frå Senja. 
08. Ha’ du sett den gamle grå geita. 
09. Kallen og staven. «Kallen og staven», som Edvard Ruud syng med ulike tonar om omkvede frå Andøya og Lødingen, er same skjemtevisa som andre stader vert kalla «Torstein tala til staven sin». I dei norske formene er det vanleg å høyra at 
dei flådde skinnet av den drukna, og sidan gjorde sko og klede av det. I innhald ligg visa såleis nær «Kråkevisa». «Kallen og staven» er kjend også i Danmark og Sverige. /BA 
10. Skriftekjerringa 
11. Kråka sat på garitind 
12. Heian og hå 
13. Kysje roe bånegull 
14. Å ser du lappan 
15. Der sat ein lapp 
16. Ro, ro, rare, bånsull 
17. Ro, ro att og fram, bånsull 
18. Tauskjerringvisa. Frå Beiarn kjem stevet «Å ser du, ser du lappan», eigentleg laga til ein slått av spelemannen Pe’Tåmmeso’. Reinen hadde reksterfar over eigendommen hans, så han akta vel på åker og eng når han såg fjellfinnar 
i ferda. «Der sat ein lapp» er òg ein skjemtestubb frå Beiarn, om samen som sit og gløttar opp gjennom ljoren i kota si, til han trur ho er komen på hall. Så vil han fortøye ho og rette opp, men nettopp då kjem ho verkeleg for fall. /FM 
19. Kråkevisa 
20. Stev og ordspel frå Troms 
21. Julgeitsonen. Edvard Ruud syng mellomalderballaden om «Julgeitsonen» i tradisjon frå Beiarn. Dette er ei trollvise, som oftast vert kalla «Jutulen og stolt Øli». Den er elles berre kjend frå Telemark og Færøyane. Namnet julgeitsonen 
har kome til ved ei samanblanding av julgeit og jutulsonen, og det er nok det siste som er det rette. /BA 
22. Haugebonden. Dette er ei mellomalder-ballade som berre er kjend i Noreg. Den nordnorske visa representerer ei sær-form, der innlandsmiljø er bytt ut med eit kystmiljø. I den forma av «Haugebonden» som Edvard Ruud syng 
høyrer vi om ei jektferd til Bergen. Eit troll har hjelpt skipparen i eit knipetak på Stadhavet, og no vil det ha løn. Slik har visa vore sungen på Grytøya i Troms og i Øksnes i Vesterålen. /BA 
23. Lagje og Jon. Mellomalderballaden «Lagje og Jon» er eigentleg ei riddarvise. Truleg er visa dikta i Danmark, og derifrå har ho spreidd seg til alle andre nordiske land. Dei eldste norske oppskriftene er frå Trøndelag. Dei inneheld svenske ord og uttrykk som klårt fortel oss at grunnlaget må ha vore svenske skillingstrykk. I Noreg vart riddarvisa omdikta til skjemte- 
vise med grov parodiering av riddarlivet og riddarideala. Edvard Ruud syng etter tradisjon frå Tjeldsundet. /BA 
24. Friarvise frå Kvæfjord. «Friarvise frå Kvæfjord» («Myllarvisa» er ei skjemtevise som er mykje kjend i vårt og i 
mange andre land, i Danmark, Sverige, Island, Tyskland og Polen. Slike skjemteviser bruker ikkje vera av høg alder, men for 600 år sidan var «Møllevisa» kjend i Italia og England. Visa vart emne for ein novelle av Boccacio, og Chaucer laga ei fortelling på rim over vise-innhaldet. Viser som har vandra så langt og så lenge, blir ofte omforma. Visa det her er tale om, høver særs godt for omforming.  Det gjeld både rim og innhald, men særleg dei lange omkveda. I dei fleste former har 
omkveda mest blitt ein ordleik, somtid som ein mellomting av barnerim og trall, utan meining i det heile. Kvar syngjar har hatt glede av å forme omkvedet etter sin hug. 
/OLAV BØ 

Opptak: 
1958: Spor 11–13 og 19 
1969: Spor 1–2, 4–10, 14–18 og 20 
1970: Spor 3 

Produsent og redaktør: Gunn Gausemel, NRK 
Prosjektleiing: Frode Rolandsgard, ta:lik 
Framsideteikning: Karl Erik Harr 
Opptak: NRK 1957–1970 
Engelsk omsetjing: Svein Svarverud 
Grafikar: Eva Karlsson 
Lydrestaurering og mastring: Terje Hellem, NRK 
Økonomisk støtte: Norsk kulturråd og Rådet for folkemusikk og folkedans 

Denne plata var del av EP- og LP-serien «Norsk folkemusikk» som NRK og plateselskapet RCA ga ut mellom 1953 og 1974 med Rolf Myklebust, NRK som produsent og redaktør. Innspelinga blir gjeven ut i samarbeid med Arne Bendiksen Records. 


 

Traditional songs from Nordland and Troms

Båra ho bryter så vide… 
Traditional songs from Nordland and Troms, 
performed by Edvard Ruud 

Edvard Ruud, from Elgsnes in the vicinity of Harstad, was among the most important performers and sources of traditional vocal music in Northern Norway. He collected material from a large number of older singers in the region, as well as from his father, fishingboat master Edvard Ruud (1854-1932), and his mother, Lena Sebulonsdatter (1863-1952). Ruud’s repertoire runs the gamut from old ballads and worksongs to more recent broadside ballads. Ruud receives a government grant for his contributions to Norwegian culture and was much sought after as a performer and lecturer throughout the country. 

01. Kveitevisa. A comic ballad in the tradition of Fiskenes, Andøya. /Brynjulv Alver 
02. Sjur-Svein-visa. A song from Lofoten, similar in form to the medieval ballads, but definitely not older than the 17th or 18th century, and thus unrelated to the ballad genre. The name Sjur-Svein may be related to the legend of Sigurd 
Fåvnesbane, sometimes referred to as Sigurd Svein. /BA 
03. Morten-Finn-visa. This song about a Sami bear-hunter comes from Forfjorden, Innøya. /BA 
04. Koftefallet. A lullaby from Andøya, about a Sami chopping wood in exchange for flour. /BA 
05. Å, vi skal gifte ho Sissel bort. At first, this song from Lofoten seems to be about nothing more than an old man singing a lullaby to little Sissel, but then he starts voicing opinions about local eating customs old and new. /Finn Myrvang 
06. Lars Linkelifot 
07. Lullaby from Senja 
08. Ha’ du sett den gamle grå geita 
09. Kallen og staven. This comic ballad, performed here by Edvard Ruud in various forms from Andøya and Lødingen, is known in other regions as Torstein tala til staven sin. In Norwegian variants, the skin of the drowned man is usually turned into shoes and clothing, a turn of events reminiscent of Kråkevisa. Kallen og staven is also found in Denmark and 
Sweden. /BA 
10. Skriftekjerringa 
11. Kråka sat på garitind 
12. Heian og hå 
13. Kysje roe bånegull 
14. Å, ser du lappan 
15. Der sat ein lapp / 
16. Ro, ro, rare, bånsull 
17. Ro, ro att og fram, bånsull 
18. Tauskjerringvisa. The song Å, ser du lappan from Beiarn was originally written to a tune by fiddler Pe’Tåmmeso’. He had a reindeer trail running right across his property, and so would guard his fields jealously whenever he spotted high-plains Sami in the area. Der sat ein lapp is another comic ballad from Beiarn. /FM 
19. Kråkevisa 
20. Songs and word plays from Troms 
21. Julgeitsonen. This medieval ballad, performed here in the Beiarn tradition, is a troll song usually known as Jutulen og stolt Øli and otherwise found only in Telemark and the Faroe Islands. The title probably derives from a distortion of 
Jutulsonen (Son of the Jotun). /BA 
22. Haugebonden. This medieval ballad is found only in Norway. The Northern variant performed here has a coastal setting and describes a journey by boat to Bergen, where a troll who has helped the skipper through a difficult spot at sea returns to claim its reward. This is the form in which the song has been sung at Grytøya, Troms and in Øksnes, Vesterålen. /BA 
23. Lagje og Jon. This medieval ballad is originally a knight’s ballad. Most likely, it was written in Denmark and has since spread to the rest of the Nordic countries. The earliest recorded instances in Norway are from Trøndelag and contain Swedish words and expressions indicating that the source must have been a Swedish broadsheet. In Norway, the song 
was turned into a comic ballad presenting a coarse parody of knightly ideals. Edvard Ruud performs the song in the tradition from Tjeldsundet. /BA 
24. Friarvise frå Kvæfjord. Also known as Myllarvisa, this comic ballad is widely known in several countries, among them Denmark, Sweden, Iceland, Germany and Poland. Unusually for a comic ballad, this song dates back some 600 years, when it was known throughout Italy and England as “The Miller’s Song” and provided inspiration for stories by Boccaccio and Chaucer. Songs that travel far and wide for extended periods of time tend to be transformed in the process, and this particular song lends itself readily to such transformations, especially the refrains, which have often been reduced 
to something akin to nursery rhymes, sometimes with no meaning whatsoever, each singer fashioning the refrain to their own liking. 
/ Olav Bø 
 

This record was originally part of Norsk folkemusikk, a series of LPs and Eps released by NRK and RCA in the years from 1953 to 1974.