NÅR EG TEK FELA I HENDENE, får eg uttrykkstrong og sjølvmedvit. Fela er for meg ein måte å kommunisere på, og i folkemusikken føler eg meg fri til å uttrykke meg som eg vil. I møte med publikum opplever eg folkemusikken som særleg eigna til å treffe folk der dei er, med det ærlege, nære og kraftfulle uttrykket den har. Eg har vakse opp i ein familie med mykje musikk, og dei første slåttane fekk eg lære av mamma. Pappa spelar piano og to av søskena mine er musikarar. Bestefar min på morssida var spelemann, og musikken etter han var mitt første møte med folkemusikken. Bestefar gjekk bort då eg var 8 år, så eg fekk ikkje lære av han direkte, men eg har i ettertid fått lære slåttane hans av mamma og gjennom opptak av bestefar. Seinare har eg fått utvida horisonten min både gjennom arkivopptak og direkte møte med mange spanande spelemenn. Eg er takksam for alt arbeid som er gjort med å ta vare på denne musikken. Ikkje minst er eg takksam for at de som eg har møtt, raust har lært vekk slåttane dykkar. Jorun Marie, oktober 2006
--------------
Jorun Marie R. Kvernberg (1979) frå Fræna i Romsdal har tatt utøvande folkemusikkutdanning ved Norges musikkhøgskole med fele og hardingfele som hovudinstrument. Lever i dag som frilans folkemusikar, mellom annna som felespelar i gruppene Majorstuen og Tindra.
Med på nokre av kutta på plata er også trekkspelar Øyvind Sandum frå Gudbrandsdalen.
Fiddle playing from Romsdalen
The tunes on this album come from Nordmøre and Romsdal: Deep red, sober and sonorous tunes from Tresfjord; bright green, breezy and upbeat dance tunes from Midsund; steel blue and razor sharp tunes from Nordmøre.
Jorun Marie R. Kvernberg (b. 1979) comes from Fræna, Romsdal. A graduate from the Norwegian College of music with fiddle and hardanger fiddle as her main instruments. She is currently freelancing as a traditional music perfomer with the groups Tindra and Majorstuen, as well as in other settings.
-----
PICKING UP MY FIDDLE fills me with confidence and creative spirit. To me, the fiddle is a means of communication, and traditional music gives me the freedom to express myself the way I want. When facing an audience, I’ve found that traditional music, with its sincere, intimate and powerful style, is particularly suited to touching people’s hearts. I grew up as part of a music-loving family, and learnt the first fiddle tunes from my mother. My father plays the piano, and two of my siblings are musicians. My maternal grandfather was a fiddler, and his music was my introduction to traditional music. My grandfather passed away when I was eight years old, so I never had him as a tutor, but later on I learnt his tunes from my mother and from recordings of his own playing. Since then, I have widened my knowledge by studying source recordings and meeting a number of master fiddlers. I am grateful for all the work that is being done to preserve this music, and especially for the generosity of all the people who have taught me their own tunes» \ Jorun Marie, October 2006
For more information: www.jorunkvernberg.com