Kristian P. Åsmundstad

Kristian Person Åsmundstad var født i Kvikne i Gudbrandsdalen 11. november 1885 som den yngste av fem sysken, ei syster og tre brør. Han døydde 23. mars 1976 i Ringebu der han hadde heimen sin frå hausten 1926. Foreldra hans var Per Torson Åsmundstad (1839-1920) og Rønnaug Iversdotter født Melby (1849-1947). Dei var bønder på garden søre Åsmundstad. Faren var omgangsskulelærar i Skåbu og Kvikne til han tok over farsgarden i 1868. Han hadde inga formell lærarutdanning. Mora dreiv som meierske og budeie før ho gifta seg. Frå smågutdagane var Kristian med på setra som gjetlsvein om somrane.

Han fekk hug til bokleg lærdom og tok til på lærarskule på Hamar i 1903 etter ein vinter på Møre folkehøgskule i Ørsta vinteren 1901/02. Han måtte slutte på lærarskulen etter stutt tid avdi han fekk ein lungesjukdom og vart sendt til Reknes tuberkulosesanatorium ved Molde. Etter nokre månader der kom han heim og dreiv med ymse slags kroppsarbeid til han kom seg til Hamar att og tok lærarprøva der våren 1915. Sidan dreiv han i læraryrket både i folkehøgskule eit par år og sidan i folkeskulen fram til pensjonsalder i 1955.

Kjelder
Interessa for kultur og bokleg syssel har vore sterk særleg på farsida til Kristian. Ein av oldefedrane, Per Jehansson Hågåstugun i Skåbu, og dei tre brørne hans – den eldste født ca. 1765 – var penneføre, noko som må ha vore uvanleg blant husmannsfolk i Fron den tida. Somme i slekta dreiv både med treskjæring og skreddarhandverk og nokre vart utpeikte av presten til skulemeistrar. Slik var det au med far til Kristian som vart skulemeister berre 16 år gamal. Han var au klokkar i Kvikne ei tid. Salmodikon vart nytta ved innøving av salmar og songar på skulen. Han sat inne med ei mengd songar og vart viktigaste kjelda for Kristian. Det meste av songskatten til faren var munnleg overlevering frå far hans, Tor Person (1809-1888) og frå farmora Lisbet Olsdotter, født Roven (1779-1857), som båe helst song gamle salmetonar, mest til husbruk. Elles fortalde Kristian at han au hadde nokre av visene etter mora Rønnaug og etter ein granne som heitte Anders Torgerson Massingjorde (1821-1912). Kristian nemnde og ein eldre bror Tor (1875-1954) som ei god kjelde i samtale med Rolf Myklebust i boka Femti år med folkemusikk (Det norske samlaget 1982, s. 87 og 88). Dei somrane Kristian var gjetlsvein på Murudalssetra var det ei av budeiene der som gjekk og murra og song attåt arbeidet mest støtt. På den måten fekk han inn mange bygdeviser frå ho. Somt hadde Kristian lært av farbroren Olav (1850-1925) som mellom anna var lærar ved Møre folkehøgskule frå 1899 til 1912. Kristian budde hos han den vinteren han var elev der 1901/02. Møte med folkehøgskulen i Ørsta vekte sansen for den folkelege kulturen. Kristian vart tidleg knytt til den frilynde ungdomsrørsla. Seinare vart mållagsarbeid og lokalhistorie eit viktig interessefelt og han skreiv ein del artiklar særleg i Årbok for Dølaringen frå 1903 og framover.

Møte med Pål Kluften og NRK
Det er ingen tvil om at utan Pål Kluftens (1888-1942) innsats hadde ikkje songskatten til Kristian Åsmundstad vorte særleg påensa. Dei var båe frå Nord-Fron og da Kluften fekk greie på at Åsmundstad sat inne med ein del viser, vart han med Kluften og batt saman programma med song og forteljing ”frå gåmålt”. I tida 1934/35 går det fram av Eivind Grovens notatbøker at Åsmundstad var med og song folketonar i direkte radiosendingar frå Hamar Kringkaster saman med Pål Kluften. Frå 1937 kom sendingar med Åsmundstad med i opptaks-kartoteket til NRK. Siste opptaka med Kristian Åsmundstad vart gjort i juli 1954 da han på tre dagar song inn 91 ulike nummer i studio i Oslo. Da Jørn Tore Haanshus skreiv hovudoppgava Kristian P. Åsmundstad – Ei songkjelde frå Gudbrandsdalen ved Institutt for Musikkvitenskap, Universitetet i Oslo, i 1976 var det opptaka frå 1937 og 1954 som vart lagt til grunn. Elles hadde Haanshus mange samtaler med Åsmundstad sist på han levde og han hadde au tilgang på private opptak av samtaler programsekretær i Norsk Rikskringkasting, Liv Greni, hadde med Åsmundstad nokre gonger. Ho hadde dessutan eit minneprogram om Kristian Åsmundstad i NRK ei stund etter at han gjekk bort. Musikken i heimen Heime og elles i kvardagslaget song Åsmundstad helst viser til tidtrøyte. Da var særleg ”Kråkevisa” og Knut Soksens ”Heilagdagsvandring” gjæve, medan det var heller sjeldan at han song salmetonar. Derimot var visene etter Petter Dass meir nytta. Det same med dølavisene hans Edvard Storm. Av og til song han desse gamle visene til skuleelevane sine au, men ikkje for å lære frå seg. På lærarskulen fekk Åsmundstad opplæring i fiolinspel og oppnådde i følge vitnemålet ”megen ferdighet i fiolin”. Når nye songar skulle lærast i skuletimane, nytta han helst fela. Elles hadde han nok prøvd seg på fela før han gjekk lærarskulen. Sjølv fortalde han det slik: ”E raspa nå någgå, og døm dansa nå ette di”. Heime fekk vi han til å spelle både vals, reinlendar og kanskje ein masurka, men han var langt fra nokon god spellmann. Songen var god å høyre på. Rolf Myklebust har skildra møtet med songen hans slik på gjesting i Ringebu våren 1954: ”Det var ei fin oppleving, den 68 år gamle mannen hadde ei mjuk, klår barytonrøst, enkel syngjemåte og åndfull innleving i framføringa.” Kristian Åsmundstad var smålåten i uttryksmåten om den songskatten han bar med seg. ”Det va nå en del gamle stubbe og en del våsviso e song. Det va nå vel kanskje mange som det va berre så vidt det tok seg ut for ein klukkar å syngje,” sa han ein gong. Likevel må vi tru han var klår over verdien visene og dei gamle salmetonane stod for. Han visste om at både Catharinus Elling og Ole Mørk Sandvik hadde skrivi ned melodiar som faren og farbroren hadde sungje. Hulda Garborg var i kontakt med sistnemnde og fekk skrivi ned både tekst og tone av ”Bukkevisa” og ”Gubben og gamla” som det seinare vart laga dansemåte til. Sjølv var Olav Åsmundstad , farbroren, ein flink hallingdansar og ivrig folkedansinstruktør på folkehøgskulen i Ørsta. I dag kunne Kristian Åsmundstad ha gledd seg over fornya interesse for songskatten han tok vare på. Folkemusikarar som Tone Hulbækmo, Kristi Kinsarvik, Lillibeth Lunde Elgstøen, Camilla Granlien og Sondre Bratland fører mange av tonane vidare. For oss som stod Kristian Åsmundstad nær, set vi pris på at ikkje alt etter han støvar ned i opptaksarkiva. Kanskje er det slik her som Ivar Aasen syng om forfedrane at ”dei gav oss ein arv til å gøyma, han er større enn mange vil tru”?

Skrivi av Per Åsmundstad, son til Kristian, født 1930, har vore lærar i framhaldsskule og folkehøgskule. Busett i Ringebu. Syng gjerne tonar etter faren. Lokalhistorikar.

Singing the old way

The recordings demonstrated a capable singer, truthful to his local vocal tradition, with a large repertory of religious tunes, medieval ballads, broadside ballads, lullabyes, shepherds’ worksongs, stev, slåttestev and lots of short tunes. All this material had been handed down in his family. I was fascinated by Kristian’s style of singing. He himself called it ‘singing the old way’. Kristian was aware of different singing traditions, and he adapted to different occasions. The songs on this album were culled from his 1937,1954 and 1959 NRK recordings. Kristian is one of the most significant singers from Gudbrandsdalen. His songs deserve public attention and being taken up and kept alive by people like you and me
/ Camilla Granlien

Kristian Person Åsmundstad

Kristian Person Åsmundstad was born at Kvikne, Gubrandsdalen, on November 11, 1885, the youngest of five children; he had one sister and three brothers. He died on March 26, 1976 at Ringebu, where he had settled in the autumn of 1926. His parents were Per Torson Åsmundstad (1839–1920) and Rønnaug Iversdotter, born Melby (1849–1947), farmers at Søre Åsmundstad. His father worked as an ambulatory school teacher in Skåbu and Kvikne until he took over the family farm in 1868. He had no formal training as a teacher. His mother worked as a milkmaid until she married. From an early age, Kristian spent his summers as a herdboy in the mountain pastures. Craving an education, he enrolled in teacher training at Hamar in 1903, having first spent the winter of 1901/02 at Møre people’s college in Ørsta. He was forced to quit school prematurely when he contracted a respiratory disease and was sent to the Reknes sanatorium outside Molde. After a few months, he returned home and took odd jobs until he could return to Hamar, where he graduated in 1915. He subsequently taught for a couple of years at a people’s college before becoming an elementary school teacher, which he remained until he retired in 1955.

Sources
A passion for culture and letters runs in Kristian’s family, especially on his father’s side. One of his great grandfathers, Per Jehansson Hågåstugun from Skåbu, and his three brothers – the eldest of which was born around 1765 – could read and write, which must have been quite unusual for smallholders in Fron at that time. Some of his relatives had taken up woodcarving or tailoring, and some were appointed schoolmasters by the local parson, among them Kristian’s father, who became a schoolmaster at the age of 16. For a time, he was also the sexton at Kvikne. The psaltery was used when teaching hymns and songs in school. He had a large repertory of songs and became Kristian’s primary source. He had learned most of his repertory from his father Tor Person (1809–1888) and his grandmother Lisbet Olsdotter, born Roven (1779–1857). They would mainly sing old hymns, mostly at home. Kristian also acknowledged picking up tunes from his mother Rønnaug and a neighbour, Anders Torgerson Massingjorde (1821–1912). During the summers spent as a herdboy at Murudalssetra, Kristian picked up a large number of local tunes from one of the milkmaids, who had a habit of singing while working. Some tunes came from Kristian’s uncle Olav (1850–1925), who was a teacher at the Møre people’s college in the years 1899–1912. Kristian stayed with him while he was a student there in 1901/02. While in Ørsta, Kristian became immersed in popular culture, and quickly joined the liberal youth movement. He later developed an interest in the New Norwegian language movement and local history, publishing a number of essays, mainly in Årbok for Dølaringen from 1903 onwards. In his book Femti år med folkemusikk (Det norske samlaget 1982, pp. 87–88), Rolf Myklebust quotes Kristian as saying that his older brother Tor (1875–1954) had been a valuable source of material.

Pål Kluften and the norwegian broadcasting corporation
There can be no doubt that Pål Kluften (1888–1942) was instrumental in bringing Kristian Åsmundstad’s musical legacy to the attention of the public. They both came from Nord-Fron, and when Kluften heard that Åsmundstad had a repertory of tunes, he was brought in to embellish Kluften’s broadcasts with songs and stories of ‘old times’. Eivind Groven’s notebooks from 1934–35 mention Åsmundstad singing folk songs in live broadcasts with Kluften from the studio at Hamar. Åsmundstad’s broadcasts from 1937 onwards can be found in the NRK archives. His last recordings were made in July 1954, when he recorded 91 tunes during a three-day studio session in Oslo. When Jørn Tore Haanshus wrote his thesis Kristian P. Åsmundstad – ei songkjelde fra Gudbrandsdalen at the University of Oslo’s department of musicology, his primary sources were the recordings from 1937 and 1954. Haanshus interviewed Åsmundstad several times towards the end of his life, and he also had access to private recordings of Åsmundstad in conversation with NRK journalist Liv Greni. Greni also did a memorial broadcast some time after Åsmundstad passed away.

Music in the home
At home and in everyday life, Åsmundstad would sing songs to pass the time. While Kråkevisa and Knut Soksen’s Heilagdagsvandring were firm favourites, he rarely sang religious tunes. On the other hand, songs by Petter Dass and Edvard Storm were put to good use. He would occasionally sing these old songs to his pupils as well, though not with an intention of passing the material on. At teachers’ college, Åsmundstad also learnt to play the violin, achieving ‘great skills’ according to his diploma. He mostly used the fiddle for teaching songs to his pupils. Had he been more interested, he would probably have learnt the instrument before going to teachers’ college. In his own words: ‘I would scratch out something and make them dance to it.’ At home he could be made to play waltzes, mazurkas and other dance tunes, but he was never a great fiddler. His singing was pleasant. Rolf Myklebust relates his impression after visiting Ringebu in the spring of 1954: ‘It was a fine performance. At 68 his baritone was sonorous and clear, his style simple and his delivery genuinely spiritual.’ Kristian Åsmundstad was modest about his musical legacy. ‘I used to sing a few old tunes and nonsense songs. Many of them were just barely fit for a sexton,’ he once said. Even so, one must assume that he knew the value of the old songs and hymns. He was aware that both Catharinus Elling and Ole Mørk Sandvik had transcribed songs from performances by his father and uncle Olav Åsmundstad. Hulda Garborg had been in touch with his uncle to get the music and lyrics for Bukkevisa and Gubben og gamla, both of which were furnished with dance steps. Olav was himself an accomplished Halling dancer and an enthusiastic folk dance instructor at the people’s college in Ørsta. Kristian Åsmundstad would have been pleased to see the current renewed interest in his song legacy, with performers like Tone Hulbækmo, Kristi Kinsarvik, Lillibeth Lunde Elgstøen, Camilla Granlien and Sondre Bratland taking up his tunes. To us that were close to him, it is good to see his recordings lifted from obscurity to remind us of Ivar Aasen’s words that our forefathers ‘gave us a heritage to treasure, more precious than most could fathom.’

Text by Per Åsmundstad, Kristian’s son, born in 1930 and living in Ringebu. A local historian and former high school and people’s college teacher, he frequently sings his father’s tunes.