Snøfnugga daler stille ned. Dei er så reine. Krystalla glinsar i snøen. Like vakre no som før. Den store snømannen blei bygd av gamle og unge hender. Den kramme snøen måtte rivast av ullvottane. Endeleg kom desember til oss. Så gjekk vi rundt juletreet. Han far spelte fele og ho mor kompa på pianoet. Mens vi andre i familien song «Det lyser i s ille grender av tindrande ljos i kveld». Det lukta pinnekjøtt og kålrabistappe over heile huset. Julegåvar og papir lå strødd utover golvet. Vi ga og vi fekk. Takka pent og delte ut varme klemmar. Denne julekvelden. Alle var komen heim til jul. Vi var så glade, pynta i det finaste vi eide. Då vi song om bornet som blei født denne heilage natta, at lyset viste veg, om stille snø og velsigna fjell og djupe dalar. Åra går og minna er det kjæraste vi har. Sterke minne kjem alltid tilbake. Vi ønsker dei velkommen inn.
// Anne Nymo Trulsen
H E K L A S T Å L S T R E N G A
Anne Nymo Trulsen: Vokal
Ragnhild Furebotten: Fele, bassfele og kor
Tore Bruvoll: Gitar, orgel og kor
Ole-Jakob Larsen: Trommer, perkusjon, klokkespill, orgel og kor
Trond-Viggo Solås: Kontrabass og kor
Alle arrangement er gjort av Hekla Stålstrenga og Are Bredal Simonsen.
Innspilt og produsert av Are Bredal Simonsen.
Spilt inn i Kysten Studio i Tromsø.
Mastret av Chris Sansom i Propeller mastering.
Design: Martin Kvamme