Inge Gjevre på torader, Mads Erik Odde på trekkspel og Vegar Vårdal på hardingfele har spelt saman sidan 2017, og gav ut sitt fyrste album i 2020, «Husklugumt», som hausta gode kritikkar og resulterte i Folkelarmpris i kategorien dansesepel. Også denne gongen er dansespel i fokus, men trioen er klare på at plata er like mykje lyttbar som dansbar;

«Hovedsakleg er det dansemusikk vi har spelt inn, med hallingar, springleikar og runddans. I tillegg har vi med eit par lyarslåttar på plata. Vi har heile tida hatt som mål om å ta dansemusikken inn på konsertscena og vi forma låtene deretter. Det er like mykje lyttbart som dansbart, meiner vi. Plata er av same lest som den forrige vi gav ut, men kanskje meire gjennomarbeidd, samspelt og krydra denne gongen», seier trekkspelar Mads Erik Odde.

Han fortel at stoffet er ei god blanding av nykomponert stoff og tradisjonelt stoff etter blant andre Iva Bråtå, Sigurd Biløygard og Per Brenden. Torader, trekkspel og hardingfele er kanskje ikkje den vanlegaste besetninga, særleg ikkje når utgangspunktet er folkemusikk frå Nord-Gudbrandsdalen, men gruppa lovar både vakker og drivande god musikk. Tittelen på plata, «Vandring» er ein gangar av Vegar Vårdal. I tillegg har dei med den kjente valsen «Fjellvandring» av Sigurd Biløygard, og vandring blei ein raud tråd på plata.

«Folkemusikken vandrar frå person til person og musikken utviklar og formar seg heile tida. Dei nykomponerte låtene våre er inspirert av det gamle repertoaret frå heimtraktene våre. Samspelet vårt er i seg sjølv ei slags vandring og er heile tida i utvikling», seier primus motor og toraderspelemann Inge Gjevre.

Trioen skal ut på platesleppturné i månedsskifte august/september. Dei skal spele konsertar blant anna på Rudi Gard, Riksscena i Oslo, i Kongsberg og i Lom. I tillegg har dei alt mykje oppdrag i starten av 2024. «Vi er tilfredse og stolte av produktet vi gjev ut, og håpar det kjem mykje folk på platesleppkonsertane våre og sikrar seg Vandring», skyt musikar Vegar Vårdal inn.

Ansvarleg utgjevar er plateselskapet Ta:lik og plata er spelt inn hjå Hallibakken Lydproduksjon i Nesbyen.

 

ta215

Medan du ventar på det nye albumet, kan du kose deg med fyrstealbumet:
https://www.talik.no/husklugumt.6291491-274290.html