Eg har vore så heldig å få møte eldre songarar med ein særprega stil. Repertoaret har eg såleis både direkte etter eldre songarar, etter arkivopptak og eg har tolka eldre notenedteikningar. Gjennom dette prosjektet har eg eit ønskje om at stoffet som blir presentert skal inspirere folk til å bruke det og få lyst til å leite fram endå meir. Det finst så uendeleg mange songar som bør vekkast til live.

Samarbeidet med to ihuga multiinstrumentalistar begynte som del av ein konsertserie i tilknytning til boka «Folkesong i Vest-Agder» som Vest-Agder fylkeskommune og underteikna gav ut på Portal forlag i 2016. Der finst det også to cd-ar med ulike songtypar. Heldigvis er det fleire enn eg som lar seg inspirere av dei vakre melodiane, og gode naboar kan ein spørre om så mangt. Ein rusletur på eit par minutt fører meg fram til ingen ringare enn Anders Erik Røine (f. 1971)! Han er eit oppkome av nye og gode idéar, og spelar stort sett på det han får tak i, ofte på uvanlege måtar – som å stryke på gitar. På denne cd-en spelar han på gitar, langeleik, hardingfele og munnharpe. Ein av Anders sine mange samarbeidspartnarar er oslojenta Elisabeth Vatn (f. 1973). Ein telefon til henne, så var Ragnhild Furholt trio på plass! Elisabeth er først og fremst pianist og organist, og ho er ei av få i Noreg som spelar svensk/nordisk sekkepipe. Det er trøorgelet som blir mest brukt her, men også klarinett, meråkerklarinett og calimba. Både Anders og Elisabeth har deltatt på fleire cd-prosjekt med folkemusikk og på tvers av ulike stilistiske sjangrar. Begge er godt innafor folke musikksjangeren samstundes som dei tilfører noko nytt. Samla sett gjer dette at eg både geografisk, sjangermessing, musikalsk og klangleg kjenner meg heime.