Kvernberg har fått med seg musikarar frå øvste hylle: Den friske og leikande folkesongen til Unni Boksasp leier an, medan tubavirtuosen Daniel Herskedal tek seg av både botn og nye høgder. Pianist Dag-Filip Roaldsnes loddar djupet på svarte og kvite. Kvernberg sjølv jagar opp og fram med boge og streng.

– Eg vart for alvor kjend med Aasmund Olavsson Vinje våren 2018, fortel Kvernberg.

Den tvisynte landsmål-pioneren fylte 200 år, og det vart feira over heile landet. Eg sjølv sat passande nok i Ivar Aasen sine heimtrakter og dikta nye tonar til Aasmund sine evig unge dikt. Målet var Førde Internasjonale Folkemusikkfestival i juli same år. Hit vart eg spurd om å ta med meg nykomponert musikk og handplukka musikarar for å lage ein konsert for born og unge – om og med Aasmund Olavsson Vinje. Sidan la me replikkane til sides og lagde ein heilmusikalsk konsert av materialet - som no har blitt plata Perleskum.

Jorun Marie Kvernberg sine komposisjonar har i seg ei reise frå det tradisjonelle og inn i samtida. Landskapet er forfriskande og utøvarane frå folkemusikken og jazzen smeltar overraskande naturleg i hop i ein miks der dei alle likevel er seg sjølve fullt ut. Perleskum har lagt stor vekt på å tilgjengeleggjere Aasmund Olavsson Vinje sine dikt for folk i dag:

I arbeidet med å opne dører inn til Vinje si dikting, har eg kjent meg fri til å plukke vers, flytte og endre på ord, setningar og titlar. Eg har endåtil bytta kjønn på forteljarstemma i dikta hans! Kanskje ville han ha slengt etter meg noko spit for dette, men eg trur det ville vore med eit lurt smil bak skjegget, ler Jorun Marie Kvernberg.

I heimane til dei fire erfarne musikarane står det fleire Spellemannprisar på peishyllene, og ei rekkje kritikarroste album frå ulike band og prosjekt dei har laga kvar på sin kant. Perleskum er på mange måtar eit stjernelag som vier Vinje sin musikalske kjærleik.

Med vare strøk så vel som ville soloar, med funklande song og ertande trillar tryllar ensemblet fram eit lydbilete utanom det vanlege. Folkemusikken sine fin-rare farger kjem heilt til sin rett i Perleskum sin musikk. Bandet opnar ikkje berre dører for Aasmund Olavsson Vinje, men også for lyttaren som kan finne seg sjølv svevande midt i eit nytt musikalsk univers.

---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
 

Jorun Marie Kvernberg (fele/hardingfele/komposisjonar) kjenner me som energisk musikar i felebandet Majorstuen gjennom 20 år. Me finn ho også i trioen Tindra, Kviven duo med Britt Pernille Frøholm, med Gabriel Fliflet, Kroke m.fl.

Unni Boksasp (folkesong) har sidan 2007 hatt sitt prislønte Unni Boksasp Ensemble kor musikarar som Kvernberg, Olav L. Mjelva, Mia Marin, Petter Berndalen og Mats Edén er/har vore med. Ho er elles ein særs attraktiv solist.

Daniel Herskedal (tuba) har gjort internasjonal karriere med band i eige namn. Hans unike tubaspel sett også ein sterk signatur på musikken til den sørsamiske songaren Marja Mortensson.

Dag-Filip Roaldsnes har gitt ut to album i eige namn med sjølvskrive materiale og har befesta seg som ein lyrisk og kjenslevar pianist i det norske jazzlandskapet
Aasmund Olavsson Vinje (1818-1870) blir rekna som Noreg sin fyrste journalist. Han var individualist, tydeleg samfunnsdebattant og folketalar, og del av det intellektuelle miljøet i Christiania. Det er likevel først og fremst for dikta sine han blir hugsa i dag.