Med boka følger ei cd-plate med 37 låttar framført av 18 ulike spelemenn frå Ål. Både velkjente og mindre bruka låttar og spelemenn. Dei fleste utøvarane har aldri vore spela inn på plate tidlegare.
Anders Lunden Herfoss er spelemann frå Drangedal i Telemark. Dei siste 15 åra har han budd i Ål og fordjupa seg i folkemusikktradisjonane der, både på durspel og hardingfele. Til dagleg arbeider han som lektor ved Gol vidaregåande
skule.
Knut Dekko, Olav Sataslåtten, Olav Sire, Arnfinn Bøygard, Bottolv Dekko, Jens K. Myro, Jens A. Myro, Nils Gjeldokk og Sevat Sataøen er nokre av dei du får lesa om og høyre!
Musikken og boka finn du feks på bandcamp, her ser du også nokre smakebitar av innhaldet.
Musikken finn du også i strømmetenestene.