I dette prosjektet har kommunikasjonen i musikken og dansen stått i sentrum, og dei freista å utvikla dette intime samspelet. Alle fire er likestilte medskaparar og opphavspersonar til musikken. 

Kva er det som gjer spel dansbart? Kva er det som gjer dans spelbar? Det er dette Ami Dregelid, Håkon Dregelid, Jeanette Evansson og Anette Thorsheim har utforska dei siste åra; dansa, spelt, lytta, delt, prøvd å snakka om ting som evt. sit litt fast, om luft, om tyngde. Prøvd på nye måtar, med ny forståing, nye opptaktar, nye retningar for tonane og kroppen. Dobbelt-albumet «spel med dans dans med spel» (2025, Ta:lik records) er eit utsnitt av samspelet vårt. Me let kommunikasjonen i musikken og dansen stå i sentrum. Me gav kvarandre plass og tid. Slik kom me til spelet vårt og dansen vår slik du høyrer det på albumet. 

OM OSS 

Ami og Håkon Dregelid Håkon er dansar frå Vossestrand. Ami er dansar og dansepedagog frå Stockholm. Dei er veldig glade i å dansa saman og er båe opptekne av den musikalske leiken som dans og musikk er, både i lag med kvarandre og med den som spelar. 
«Å dansa e noko me gjer i lag med den som spelar, som at me e tre som dansar i lag. Eg tykkje me kjem inn i ei bobla og da berre flyt pao.»  
 

 Ami og Håkon er viktige tradisjonsbærarar. Håkon har undervist på Ole Bull Akademiet i ei årrekke. Ami Dregelid underviser også i dans m.a. ved Dansehøgskulen og Musikkhøgskulen i Stockholm samt ved Eric Sahlström institutet i Uppland.  

Jeanette Evansson og Anette Thorsheim Me har spelt saman i over tjue år, og dansespel har alltid vore det viktigaste og kjekkaste dei gjer. Å få samspela med Ami og Håkon vert ytterlegare ein dimensjon, og dei fine Vestlandslåtane kjem til sin rett.  

Anette Thorsheim frå Radøy spelar toradar/treradar. Jeanette Evansson er musikar på fele og hardingfele og pedagog från Östhammar i Sverige. Ho og Anette møtte kvarandre på musikkhøgskulen i Stockholm på slutten av 1990-talet og har sidan dess spelt og delt låtar frå speletradisjonane sine både i aust og vest. Duospelet kan ein høyra meir av på plata «östom vestom» (2025) https://open.spotify.com/album/4fdyL4qk5sGJ0jvCNRSvFL .   

Jeanette si soloplate: https://open.spotify.com/album/5JmDvNiIS4dsVwdFNtkAZ0 
 Anette si soloplate: https://open.spotify.com/album/4kfiNgEO4wCN3iLz1RVUMZ