Julesongar, salmer og folketoner i moll

Låtane på denne plata har vinter, jul, kveldstid og mørketid som tema, og inkluderer både salmer, religiøse folketoner og andre folkesongar. Tittelen for plata, Solhov, er eit anna ord for vintersolkverv, og speglar godt tematikken på plata.

Midtvintertida er ei tid med både lys og mørke, men jula har ikkje berre vore ei tid for fest. Til denne tida på året er det også knytt mykje overtru, både av heidensk og kristeleg opphav. Frå gamalt av var natta mellom juleftan og fyrste juledag ei av dei farlegaste nettene i året, og folk gjorde mykje for å verne seg mot mørke krefter. Men, dette er også ei tid på året der sola snur, og mørkeret blir til ljos. 

Solhòv og vintersolkverv kan både vera eit teikn på at vinter blir til vår og på at det finnast lys i mørkeret. For, som diktarpresten Anders Hovden ei gong har skrive: «Etter den lengste, den svartaste natt, kjem der ei vending med solhòv radt»

Plata vart spelt inn i januar 2023 hjå Hallibakken plateproduksjon på Nesbyen. Tuva Syvertsen har vore produsent for plata, og bidreg også med koring. 

Medverkande på plata er: 

Solfrid Nestegard Gjeldokk – Vokal
Espen Wensaas – Gitar, cittern, fløyte, kraviklyre
Lars Inge Tverberg – Tråorgel
Johan Hedin – Soprannøkkelharpe, oktavnøkkelharpe
Tuva Syvertsen – Produsent og kor

 

Om utøvarane
Espen Wensaas og Solfrid Nestegard Gjeldokk er begge musikarar frå Geilo, og har i gjennom mange år samarbeidd på ulike musikalske prosjekt i Hol kommune, og ofte kring høgtider som jul, nyttår og påske, og dette dannar grunnlaget for deira felles repertoar. Solhov er deira fyrste felles plateprosjekt.

Espen Wensaas (f. 1986) er ein vel etablert og anerkjend musikar innanfor folkemusikk og tradisjonsmusikk. Han turnerer, produserer og opptrer regelmessig både innanlands og utanlands. I tillegg til å vera kjend som mulitinstrumentalist er han òg ein av Noregs leiande utøvarar i folkemusikk på gitar, cittern og mandolin. Han er òg den fyrste som har teke mastergrad i utøvande folkemusikk på gitar ved Norges Musikkhøgskole. 

Solfrid Nestegard Gjeldokk (f.1987) er folkesongar, med repertoar frå Hallingdal og Telemark. Ho har studert på Ole Bull akademiet og har òg jobba mykje innanfor både korsong, viser, jazz, og pop. Solfrid N. Gjeldokk har stor kjennskap til religiøse folketoner og salmer, og er ein røynd solist.

Johan Hedin (f. 1969) er svensk folkemusikar og ein leiande utøvar på nøkkelharpe. Han er kjend som både soloutøvar og gjennom fleire grupper som til dømes: Nyckelharporkestern, Trio Patrekatt, Bazar Blå, Luftstråk, Silfver og Hazelius & Hedin. Hedin spelar både tradisjonell og nyskapande folkemusikk. I tillegg til å spele tradisjonell nøkkelharpe eksperimenterer han òg med andre ulike former av instrumenter, som til dømes luttnøkkelharpe og tenornøkkelharpe. 

Lars Inge Tverberg (f. 1972) er organist og kyrkjemusikar i Geilo Sokn. Han har tidlegare jobba som menighetsmusikar og vore tilknytt ungdomskoret Geilogospel i fleire perioder, mellom anna i perioden 1990 – 1994 og perioden 1999 – 2006, der han har fungert som dirigent og musikalsk leiar. Gjennom sitt arbeid som menighetsmusikar har han vore involvert i fleire større musikalske oppsetjingar, mellom anna bestillingsverket «Hallingskarvet» til tusenårsskiftet og opningskonserten til Geilo Kulturkyrkje i 2010. Han har sidan 2015 vore fast tilsett som organist i Hol kommune.