Som hardingfelespelemann reiste han landet rundt og langt utanfor Noregs grenser, med ei tydeleg overtyding om at folkemusikken var ein berebjelke i nasjonsbygginga. Samstundes stod han midt i dei politiske brytingane i mellomkrigstida, frå radikal venstrepolitikk til seinare nasjonal konservatisme.

Dette er historia om ei motkulturell klassereise og om eit menneske som vigde livet sitt til ei større sak, men som òg opplevde djupe personlege tap. Soga om Olav Moe teiknar eit rikt og samansett portrett av ein av dei mest markante skikkelsane i norsk folkemusikkhistorie.

Kjellbjørn Karsrud (f. 1986) er oppvaksen på Leira i Valdres og spelar hardingfele blant anna i tradisjon etter Olav Moe. Han har tidlegare gjeve ut «Soga om spelemannen Ola G. Okshovd» (2021), og arbeider elles som redaktør i magasinet Folkemusikk.

Slepp 29. oktober!