SLÅTTAR FRÅ TELEMARK I
JOHANNES DAHLE OG GUNNAR DAHLE, HARDINGFELE
Johannes Dahle (1890–1980) og Gunnar Dahle (1902–1988) er sønesøner til Knut Dahle (1834–1921) frå Tinn og har spela fleire hundre slåttar i opptak for Norsk rikskringkasting. Dei fleste av desse hadde dei lært av bestefaren, Knut Dahle, som var merksam på kulturverdien i hardingfelemusikken. Knut Dahle kunne ei mengd slåttar, men var redd for at dei skulle gå i grava med han, difor meinte han at slåttane burde skrivast på notar. Knut Dahle var 53 år gammal då han i 1888 skreiv til Edvard Grieg og ba om hjelp til dette. Grieg var svært interessert, men det gjekk 12 år før noko av musikken vart oppskreven. Det vart ordna slik at Knut Dahle reiste inn til Kristiania hausten 1901 der kappellmeister
Johan Halvorsen skreiv opp 17 av dei beste slåttane Dahle hadde etter Myllarguten og Håvard Gibøen, og desse var grunnlaget for Griegs klaververk «Slåtter», verk 72, som var ferdig i 1903. Men dei 17 nr. som Johan Halvorsen skreiv opp var berre ein liten del av det Knut Dahle kunne spela. Heldigvis vart slåttane redda på annan måte: Dei to sønesønene hans, Johannes og Gunnar Dahle, lærde av bestefaren det som var å lære, noko denne plata gjev eit utval av.
SLÅTT er fellesnemning for musikken til norske folkedansar, utvida til også å gjelde nyare dansar som kom til Noreg i siste halvdel av 1700-talet. Slått (låt, lått, læte, strok, gammalnorsk: ein slåttr og ein slagr av verbet slá). Slá fiddlu, slå, klimpre på fele.
SPRINGAR, norsk dans i 3/4 takt, den mest vanlege av våre gamle dansar. Dei enkelte bygdene har utforma springaren på ulike måtar. I Gudbrandsdalen kallas springaren springleik.
GANGAR, norsk dans i 6/8 eller 2/4 takt, i roleg og høgtideleg tempo. Pardans, men også lausdans, er no mest brukt i Setesdal og Telemark.
Johannes Dahle, hardingfele:
01.Haugeslåtten, gangar etter Brynjulf Olson (ca 1710–ca 1790), Tinn
02.Grimeliden, springar etter Hans Fykerud (1823–1879), Sauherad
Opptak: 01.06.1959, Atrå, Tinn
03.Gangar etter Myllarguten, Torgeir Augundsson (1801–1872), Arabygdi
Opptak: 02.06.1959, Atrå, Tinn
04.Bruremarsj frå Telemark
Opptak: 03.06.1959, Atrå, Tinn
05.Fossekallen, springar etter Håvard Gibøen (1809–1873), Møsstrond, Rauland, Vinje
Opptak: 01.06.1959, Atrå, Tinn
06.Gangar etter Håvard Gibøen
Opptak: 06.09.1958, Atrå, Tinn
07.Rjukanfossen, springar av Knut Dahle, (1834–1921), Tinn
Opptak: 05.09.1958, Atrå, Tinn
08.Bordkøyraren (Bordstabelen), gangar
Opptak: 05.09.1958, Atrå, Tinn
09.Springar etter Knut Dahle
10.Førnesbrunen, gangar etter Ola Bernås Kvåle (1864–1911), Tinn
Opptak: 06.09.1958, Atrå, Tinn
Gunnar Dahle, hardingfele:
11.Bruremarsj etter Håvard Gibøen
12.Kvenneslåtten, springar etter Myllarguten
Opptak: 07.09.1958, Atrå Tinn
13.Gangar etter Luråsen, Knut Lurås (1782–1843), Tinn
14.Bokkoen, springar frå Tinn
Opptak: 03.06.1959.06, Atrå, Tinn
Opptak:
Spor 01–05 også gjeve ut på RCA FEP 21
Spor 06–10 også gjeve ut på RCA FEP 22
Spor 11–14 også gjeve ut på RCA FEP 23
Spor 1, 2, 3, 4 og 11 er oppskrive av Johan Halvorsen og brukt i Griegs «Slåtter» verk 72.
SLÅTTAR FRÅ TELEMARK I
TUNES FROM TELEMARK I
TUNES FROM TELEMARK I
JOHANNES DAHLE OG GUNNAR DAHLE, HARDINGFELE
Johannes Dahle (1890–1980) and Gunnar Dahle (1902–1988) are grandsons of Knut Dahle (1834–1921), Tinn. The Norwegian Broadcasting Corporation has recorded about 300 “slåttar” from their repertory, the greater part of which they have learned from their grandfather who had a clear understanding of the great cultural value of the Hardanger fiddle music. In 1901 the composer Johan Halvorsen wrote down 17 of Knut Dahle´s best pieces. These were to be the basis of Grieg`s piano work “Slaatter” op. 72. Those 17 numbers which Johan Halvorsen wrote down, were, however, only a small part of Knut Dahle’s repertory. Fortunately enough his “slaatter” were saved in another way: His two grandsons, Johannes and Gunnar Dahle, learnt from their grandfather what was to be learnt, from which this recording gives a small selection.
SLÅTT is a common designation for music to Norwegian folk dances, extended to comprise even more recent dances introduced in Norway in the latter half of the 18th century. Slått (old Norse: sláttr and slagr) is derived from the verb
“slå” which means strike or thrum.
SPRINGAR, Norwegian dance in 3/4 measure, the most popular of our old dances. The various districts have their own adaptations of the “springar”, in Gudbrandsdalen called “springleik”.
GANGAR, Norwegian dance in 6/8 or 2/4 measure, in a quiet and rather solemn tempo. It is generally danced in couples, but may also be danced by a single person. At present most frequently used in Setesdal and Telemark.
ORIGINALUTGJEVING
Redaktør og produsent: Rolf Myklebust
Opptak: NRK 1958–1959
Tekst: Rolf Myklebust
Teikning: Kari Rolfsen
Utgjeve av RCA Victor i samarbeid med NRK
NYUTGJEVING
Redaktør og produsent: Gunn Sølvi Gausemel, NRK
Prosjektleiar: Frode Rolandsgard, ta:lik
Lydrestaurering og mastering: Terje Hellem, NRK
Grafikar: Eva Karlsson
Økonomisk støtte: Norsk kulturråd og Rådet for folkemusikk og folkedans
Takk til tidl. programsekretær i NRK Lisa Halvorsen for konsulenthjelp.
78 plater, EP- og LP serien «Norsk folkemusikk» vart utgitt av NRK og
plateselskapet RCA mellom 1953 og 1974. Nyutgjevinga av serien blir
gjort av NRK og plateselskapet ta:lik, i samarbeid med Arne Bendiksen records.
The series “Norsk folkemusikk ” comprises a number of 78s, Eps and LPs
released by the NRK and RCA Records between 1953 and 1974.
The recordings by Johannes Dahle and Gunnar Dahle were originally
released in the EP format, then as LP in 1974 (RCA FLP 10).