Kleppdalen

 

Garmo, ei grend i Lom, øvst i Gudbrandsdalen var plassen der Sjugurd Garmo (1896 – 1991) levde sitt liv som gardbrukar og spelemann. Han dreiv garden Uppigard Garmo, der han voks opp saman med mor si, bestemor og 3 tanter. Mor hans spelte trekkspel og Uppigard var ofte ein samlingstad for folk og musikk. Sjugurd Garmo gav frå seg garden til eldstesonen, Sigmund, omkring 1950. Etter den tida var han og kona Helene budeier på setra i Kleppdalen. Opphalda på Uppigardssetra i Kleppdalen vart produktive år som komponist. Han var særs glad i dyr, fjell og natur, og dette gav mykje inspirasjon til slåttane hans. Han meinte at han høyrde melodiar i naturen rundt seg, og komponerte ofte medan han gjekk i fjellet, noko ein høyrer ein i vemodet i musikken hans. Han komponerte både gammaldans- og bygdedansmusikk, og skreiv spesielt mange springleikar. Opp mot 50 slåttar er signert Sjugurd som er kjende for sitt tradisjonelle, men samstundes nytenkande særpreg.

Astrid Garmo har samla inn ein heil del arkivopptak etter oldefaren, som dannar grunnlaget for denne utgjevinga. Det er allereie gjeve ut ein del versjonar av nokre av slåttane hans, men mange av dei er både spelt og forma etter moderne spel, og for det meste i arrangert samspel.

 

 

Astrid_Garmo_0602

Hovudmålet med denne utgjevinga er å gjere tilgjengeleg Sjugurd Garmo sine komposisjonar, med fokus på å lyfte fram det gamle preget han hadde i spelet sitt og i komposisjonane sine. Sjølv om fleire av slåttane er å høyre både på innspelingar og i konsertsamanheng, er også ein stor del berre å finne gjennom lite tilgjengelege arkivopptak. Astrid ynskjer å gå attende til slik Sjugurd spelte slåttane - både med tanke på tonalitet, takt og framføring. Ho har handplukka ei blanding av dei gløymde og utelatne slåttane hans, i tillegg til dei ho likar aller best.

I med at ho er einaste i slekta etter Sjugurd som er aktiv folkemusikar er det ekstra betydningsfullt for ho å gjennomføre prosjektet, og det er noko ho har planlagt i mange år. Det er eit stort steg for ho som nyutdanna musikar å kome med si fyrste soloutgjeving.

Kyrkja i Garmo betydde mykje for Sjugurd, og det var difor fint å kunne gjere opptaka i Garmo kyrkje i november 2023 saman med produsent, teknikar og støttespelar Hans P. Kjorstad.

"Felespelaren Astrid kjem ifrå Garmo i Gudbrandsdalen, og jobbar for tida som frilansmusikar med base i Oslo. I tillegg til å ha føtene godt planta i flatfelemusikken fra heimtraktane, har Astrid også dei siste åra vore ein svært aktiv hardingfelespelar, og ho fordjupa spesielt seg i folkemusikken frå Valdres, Hallingdal og Telemark da ho studerte på Norges Musikkhøgskole i åra 2016-2020. I dag er ho leiar for Bærum Spellemannslag, spelar mykje til dans og er aktiv i grupper på tvers av sjangrar med forskjellige instrument som til dømes feler, gitar, synth og langeleik. Ho er å høyre i folkemusikkorienterte prosjekt som blant anna Pumpegris, Dålågjel, Ester og Astrid og LIN, men også som gitarist og vokalist i indierock-banda Clowder og Scoreboard.»


Sleppet blir på Landskappleiken på Gol, 29.juni 2024, kl.18:00 på Gol skule.