I denne utgjevinga tar Siljes salong for seg runddansslåttar som Nils Brakvatne skreiv ned medan han budde på Valen sinnssjukehus, nokon han gjorde mesteparten av sitt vaksne liv.
Arrangeringstrollmannen Einar Mjølsnes har skrive ut finurlege arrangement til slåttane og gitt dei ein ny renessanse.
16 utvalde runddansslåttar frå ei handskriven notesamling på 112 slåttar frå 1934 blir gitt ut på vinyl og på digitale flater.
Det blir plateslepp for Siljes salong på folkemusikklubben Columbi egg på Litteraturhuset i Bergen 9/12-24, og dansekonsert på Riksscenen 30/1-25.