Det er eit vidt og rikt musikalsk liv som blir dokumentert på desse CD-platene.
Alle melodiane er komposisjonar frå notepennen hans, og titlane er fargelagt av den samtida han levde i, men også av personlege og allmenne livsuttrykk. Denne produksjonen har fått namnet “Rosita”, etter ein av dei vidast kjende og mest spelte komposisjonane hans. Mange grupper har denne komposisjonen på repertoaret, og han har nådd langt ut. Denne svenskinspirerte komposisjonen kom til etter ein tur med Vågå spelmannslag til “Musik vid Siljan” i Leksand i 1983. Ein lystbåt med akkurat det namnet, “Rosita”, tok dei felespelande vagværane med på Dalälven i det frodige landskapet der i Dalarna.
Gjennom meir enn ein mannsalder hugsar vi den karismatiske Harald gåande med eit strålande glimt i auga framfor Vågå spelmannslag på kappleikscenen. Men dei færraste av oss visste at han femnde langt vidare - ikkje minst som komponist. Og det i mange sjangrar. Somme menneske har dette ved seg at dei blir eit nav i eit miljø- eit drivhjul. Dei har rett og slett
stor kapasitet og særeigne evner, og dette bruker dei til glede for andre. Men også for å vera tru mot det ein definerer som sitt inste. Harald Haug frå Vågå var eit slikt musikalsk nav
midt i bygde-Norge. For han vart det komposisjonar, “leikje”, spelmannsleiing, mykje korps- og janisjarmusikk, strykeorkestermusikk, dikt, leiting etter klangar, harmoniar, orgelbrus,
saftige replikkar, samvær, menneskeglede og mot til å vise sentimentalitet og nær omsorg. Han fornya og sette skule i lagspelet blant spelmannslag på fele ved harmoniseringar og
stemmebruk som kledde melodien. Han skapte glede for andre i eit nærsamfunn, han kjende gleda ved å lykkast, men også vanskane med å møte motbør.
Denne produksjonen inneheld eit utval på 31 komposisjonar som speglar dei mangefasetterte livsuttrykka og stemningane i det musikalske livet hans. For det store publikum er dette
i stor grad ukjente melodiar, og dei blir her levandegjort av framståande utøvarar – av våre fremste i sitt slag i dag. Idéen bakom denne breie dokumentasjonen kjem fyrst og fremst frå
sonen Trond-Ole Haug og barnebarnet Hallgrim Ulvik Haug.
Men alle som er med har reist Harald Haug eit minnesmerke som blir ståande. Det har vorte eit vitnemål om eit skapande liv i musikken. I dag til glede for oss alle. Vegen går i eit variert
onelandskap i “Smilets land” til dei mollstemte tonane i “Sårlengten”, slik barnebarnet Hallgrim tolkar denne i springleiken på CD 1.
Harald Haug kan med god grunn seiast å vera eit episenter for det rike folkelege musikklivet i si samtid. Dette sette mange spor i denne samtida og i oss i dag – noko desse CD-ane så
absolutt vitnar om.
/ Rasmus Stauri