Foto: Lars Erik Skrefsrud
Foto: Lars Erik Skrefsrud

Trioen Even Lusæter, Aslak Brimi og Hallgrim Haug gjev med denne boka eit raust og humoristisk møte med felespelaren, verksmeisteren og familiemannen Opheim (1920-2003). Dei presenterer samstundes nyinnspelingar av slåttar i tradisjonen etter storspelmannen – både i solo- og duoformat. 

Det er ikkje mange felespelarar frå Gudbrandsdalen som har nådd vidare og breiare med slåttemusikken og gammaldansen enn Ola Opheim frå Vågå. Han spelte land og strand rundt på dansefestar med både Oddvar Nygaards kvartett og Bjarne Liens kvartett. Han var også ein aktiv kappleikspelmann og engasjert lagspelar. I tillegg gjorde han eit omfattande arbeid som innsamlar, og komponerte fleire slåttar som framleis er i bruk.

For mange var han han likevel spelmannsstjerna med stor S – med sitt kveke vesen, si friske og eggjande dansetakt, og eit særleg personleg preg på slåttane. Få andre kunne skape liv i dansen og på festen som Ola Opheim. 

Det er ikkje tidlegare utgjeve bok om spelmannslegenda. Even Lusæter har lagt ned eit omfattande arbeid med å intervjue folk som stod Opheim nær. Dei skildrar episodar, opplevingar og samvær med Ola Opheim, og på denne måten får vi eit varmt og humørfylt møte med den fargerike og karakteristiske felespelaren frå Vågå. 

 

Foto: Henrik Kamphus
Foto: Henrik Kamphus

Eit album med nyinnspelingar følgjer med boka, der felespelarane Hallgrim Haug og Aslak Brimi i både solo- og samspel spelar slåttar i tradisjonen etter Ola Opheim. Haug og Brimi er båe aktive felespelarar frå Gudbrandsdalen, og har vore med på mange ulike produksjonar tidlegare. Dei er båe A-klassespelarar, og er aktive både i musikkmiljøet lokalt i Lom og Vågå og i Oslo der dei bur. Musikken var spelt inn i Hallibakken studio vinteren 2024. 

Journalisten og spelmannen Even Lusæter er co-produsent på plateinnspelinga og hovudtekstforfattar. Bok med medfølgjande CD vil bli lansert under ein konsertserie i Gudbrandsdalen med konsertar i Skjåk, Lesja, Vågå og Lillehammer.

21. november: Marlo grendehus, Skjåk kl. 19.30
22. november: Lesjaverk gard, Lesja kl. 19
23. november: Andre etasje, Vågå kl. 14 og 18
24. november: Kulturuthuset, Lillehammer kl. 19

Prosjektet er eit samarbeid mellom Hallgrim Haug, Aslak Brimi, Even Lusæter og ta:lik records, som står for utgjeving og distribusjon.