«Jamen spelte eg denne slåtten på Engen i bydn, åt kong Karl, og jentene danste so sølvbelta fauk i veggane»

(Baste Antun 1816-1904)

Dette er ei utgiving med heile 52 bygdedansslåttar, spelt inn av hardingfelespelar Silje Solberg, som òg har skrive bok om spelemennene som spelte dei. Silje er sjølv frå Osterøy, og har vore aktiv i folkemusikkmiljøet der heile livet. Ho har lært spel av mellom andre Håkon Høgemo, Øivind Vabø, Jon Jelmert, Einar Mjølsnes og Vegar Vårdal, og har ein bachelorgrad i utøvande tradisjonsmusikk frå Ole Bull Akademiet.

«Han hadde ei god fela, han, sa Ola Mossafinn til Nils Brakvatne ein gong dei snakka om Tress-Nils. Då eg kom inn i stova, sat den 17-årige gullhåra dottera hans med ein rokk og spann, skreiv Nils Brakvatne. Denne dottera var så makalaust flink til å tralla, og ho kunne alle slåttane til faren. Når Tress-Nils var ute og arbeidde, hjelpte ho Nils Brakvatne med å læra seg slåttane. Ho tralla så det var nett som å høyra fela. Mor hennar fortalde til Nils Brakvatne at ho hadde høyrd huldrespel ein gong ho var i marka og mjølka kyr. Det var så forunderleg fint spel, at det kunne ikkje vera folk, meinte ho.»