I 1973 skreiv eg ei oppgåve ved Lærarhøgskulen i Bergen om bånsullar og småviser. I fjor vart
musikkoppgåva teke fram att, og ideen kom om å gje ut ei bok med bånsullar og småsongar.
Resultatet har du i handa. NRK og Norsk folkemusikksamling (NFS) gav meg opptak med Rønnaug
Vangen og Klara Kjørren. Både far min, Hans W. Brimi, og eg gjorde opptak med Rønnaug
Biløygard, samt at eg gjorde opptak med Marit Tykket. Eg fekk etterkvart også tak i opptak
med Kari Horten og Hans Klepp. Oddbjørg Blakar er kjelda for rim og regler.
Med denne boka ynskjer eg å gjere eit utval av dei gamle songane og stubbane tilgjengelege.
Boka kan vere ei songkjelde for heimar, barnehage og skule og alle songlade, og såleis vekkje
interesse for denne songskatten. Eg trur au at mange kan eller har høyrt visene, eller variantar
av dei, og eg vonar at denne boka kan vere motivasjon for at visene blir teke i bruk att og lært
vidare.
Eit anna mål er å heidre dei som song og tok vare på folkemelodiane i vårt tradisjonsområde.
Dei lærte viser og songar frå ungdomen av. - Eg hulla og song støtt, sa Rønnaug Biløygard. Det
same blir fortalt om dei alle, at dei song og tralla mykje. Slik heldt dei ved like songskatten dei
hadde lært. Etterkvart vart opptaksutstyr vanleg og songen kom på band. Det er slike opptak
som er kjelde for denne boka.
Vi var så heldige å ha med Mari, Mads Erik og fem songjenter til å synge og spele inn alle
songane. Dette vil vere til stor hjelp til å lære songane. Bruk CD-en i heimen saman med barna;
set den på i bilen og få heile familien til å synge med; eller ta den fram om de tykkjer notane er
vanskelege. Uansett, vi vonar boka og CD-en vil vere til glede, hjelp og motivasjon til å ta i bruk
denne fantastiske musikkskatten.
Garmo mai 2016
Rolv Brimi