Her vert det mellom anna eksperimentert med å filtrere nokre av slåttane gjennom munnharpeskalaen (naturskalaen) og gamle langeleikskalaer. Instrumenta som vert nytta omfattar tradisjonelle instrument frå folkemusikken, som til dømes hardingfele, vanleg fele, langeleik og munnharpe, men her vert også gitar og mandolin nytta. Dei to sistnemnde instrumenta har fått mikrotonalt oppsett, for å betre kunne spegle tonaliteten frå arkivopptaka.
 
Anders Hana og Olav Christer Rossebø har båe allsidig musikalsk bakgrunn. Olav frå diverse folkemusikk, Anders mest frå diverse jazz- og rockegrupper.