Leita fram skattar:
Seljord er ikkje berre festivalbygda, rik på fesjå, danseband og country. Bygda har også folkemusikk
og soger frå mellomalder til i dag. Det er ikkje berre vakre historiar, men og kulturhistorie.
Bygda er ei skattekiste for kvedarar og folkesongarar. Songane Ingebjørg har grave fram er gløymde
skattar, dei du må leite etter for å finne. På Seljordsheii og Trollebotn, hjå nolevande og bortgløymde
utøvarar og kjelder. Utvalet spenner vidt, og syner variasjonen i den lokale kulturen på ei tid då
songen var måten folk fortalde om dei store og små hendingane i livet, om ulykkelig kjærleik, svik og
store bragder.
Songane spenner i tid frå mellomalderballader til politisk visekunst frå 1980-talet, frå Peders Gråt til
friardans. Lengda varierer frå 15 sekund til 32 vers.
Blant skrapete gamle voksrullopptak og noter frå 1850, er det stor musikalitet og gripande soger om
levd liv. Ingebjørg har funne ei evne til å formidle folks historie med intens innleving, og ynskje om å
fortelje vidare det ein gjeng og ber på, om det er stor sorg, humor eller viltre eventyr.
Det eldste materialet fortalt på den nyaste måten:

Platesleppet blir ein minikonsert i samband med strømmekappleiken på Nesbyen 27. juni. Kappleiken
er arrangert av plateselskapet Ta:lik, som også gir ut denne plata. Jørn Hilmestemnet og Hallibakken
Lydstudio er medarrangørar. I vakuumet etter den avlyste Landskappleiken i Tinn, der plata egentlig
skulle premierast med ein heil konsert, har Ingebjørg også gjort daglege presentasjonar av alle
songane på plata på Instagram og Facebook.

https://www.facebook.com/pg/ingebjorglognvikreinholdt/posts/

Meir om kjeldene:
Materialet er henta frå nedteikningar av Olea Crøger, voksrullopptak frå 1917 med Kari Dale frå
Trollebotn og bygdeviser som Ingebjørg lærde som unge i musikkskolen i Seljord. Olea Crøger var ein
føregansperson på 1840-talet på å dokumentere folkemusikk og eventyr. 70 år etterpå kom Rikard
Berge til Trollebotn og tok opp dei same songane på fonograf med ein fantastisk livat songar i Kari
Dale. 90 år etter det att, fekk Ingebjørg høyre lyden av den strengen tilbake i tid, med god hjelp frå
Telemark Folkemusikkarkiv. Då var det gjort. Så har Ingebjørg fylt på med sine favorittviser.

Meir om Ingebjørg:
Ingebjørg Lognvik Reinholdt er ein allsidig kvedar kjent for si varme stemme og stø stilkjensle, sin rike
kunnskap om tradisjonen og kulturhistoria vår, og si forteljarevne. Ho har laga forestillinga «Guro
Heddelid» for Riksscenen for folkemusikk, turnert for store og små med vokalduoen Fivil, og vore
utøvande kvedar sidan 6-årsalderen. I 2019 laga ho bestillingsverket «Brokete Lauv» for
Telemarkfestivalen. I 2019 fullførte ho ein master i solo folkesong ved Norges Musikkhøgskole, om
songstil hos gamle storkvedarar. Hausten 2020 er ho også aktuell med konserten Burns på dialekt
med Åsmund Nordstoga og Sarah Jane Summers.