- "Då eg var liten gjekk eg ofte og song for meg sjølv. Det var songen og musikken som var mitt selskap.  "
 Tittelsporet “Indre bølgjer” er eit innblikk i det som skjer i kroppen når ein bestemmer seg for å gjere endringar i livet. Komposisjonen er inspirert av det sakte, ornamentrike og den melankolske stemninga i salmesongen.
- “Då eg starta med folkesong var det- desse nære og innadvendte songane som traff meg først, og som kjentest mest naturlig for meg å synge. Det som er litt sårt, men samstundes så
kraftfullt.

Malin Alander kjem frå Sandane i Sogn og Fjordane. Musikken var alltid ei stor interesse for henne, men folkesongen oppdaga ho først i tolvårsalderen. Sakte men sikkert var det i denne verdenen ho landa i, med en fleksibel og variert musikalsk innfallsvinkel. Ho har utdanning frå Norges Musikkhøgskole, og har i dei siste jobba som distriksmusikar i Gloppen. Malin er ein del av den prisbelønte vokaltrioen Aurom, og jobbar som solist og vokalist i fleire prosjekt.
-”Når eg no gir ut mitt første soloalbum er det desse songane de får høyre. Kveldssongar og salmar, den rolige og sakte tilstandsmusikken. Dei fleste salmane har eg lært etter kjelder frå min heimkommune Gloppen. Nokre er i heilt tradisjonell form, men mange har eg forma litt sjølv. Nokre har eg og skrive sjølv.

Albumet kan vere mjukt og lett å høyre på, andre gongar nesten ubehagelig og intenst. Særtrekk frå songkjeldene er ivaretatt, og vi høyrer samtidig eit hint av samtida, der klang, dynamikk, tid og rom blir brukt som verkemiddel.
- Salmane “Jeg arme synder trøde må”, “I denne verden” og “Unn meg Gud ert lite rom” handlar om det store og uforklarlige i livet - døden, samvittigheten, sorg og glede. Kveldssongane “Når søvnen falder mitt øie på” og “Sullankrakk” er nære og trygge. Eg har laga eit album som vekslar mellom tradisjon og personlege tolkningar.