Gravferdssalmane me har dokumentert, lydfesta og no vil formidla vidare til folk, er henta frå Nord-Rogaland og Hardanger. Nokre av salmane er kjende, medan andre er i ferd med å gå i gløymeboka. Her er salmar med innfløkte melodiske vendingar og forsiringar, og salmar med enkel melodiføring. Dei har tilknyting til ulike deler av seremonien; ved kista i heimen, då den døde vart frakta ut, langs vegen og ved grava. 

Tradisjonelt var det ein eller fleire menn som song desse songane og hadde rolla som liksongarar. Det gav ein spesiell dåm då dei song fleire saman fordi dei hadde ulik frasering, ornamentikk og tonalitet, men likevel song samtidig. Ein måtte bruka stemma på ein spesiell måte, då songen skulle høyrast over store avstandar. Kvart bygdelag hadde sine faste liksongarar. Gode songarar følgde slektene og gjekk i arv frå far til son. Kvinner var aldri liksongarar. Liksongarane gjekk oftast framfor hesten som drog kista, eller dei kunne sitja oppå kista eller i ei eiga kjerre. Resten av følgjet gjekk. Skikken var at liksongarane skulle syngja for “kvar rykande stove dei for framom”. Songen starta lenge før dei kom til tunet og det ljoma lenge etter dei var farne forbi. Ved somme høve måtte dei bruka båt og ro kista til kyrkjegarden. Då sat liksongarane i den fremste båten med kista, og songen bar langt utover vatnet. 

Kjeldene våre
Enok Olsen Vestre, Skjold (f. 1882)
Ola Olsen Fagerheim, Sauda (f. 1893)
Per Vetrhus, Suldal (f. 1875)
Odd Mehus (f. 1873)
Anders Lunde (f. 1894)
Vigleik Eide, Tørvikbygd (f. 1850)
Henrik Kleveland, Vats (f. 1879)
Bertha Rafdal (f. 1864)
Toralf Klungland, Ølen (f. 1919)
Ole Olsen Fykse, Kvam (f.1879)

 



Ingen liker å snakke om døden, eller tenke den, aller minst sin egen. Men om dine nærmeste dør, eller venner brått blir revet bort, kanskje nettopp det å sette ord på hjelper? Den nobelprisvinnende forfatteren Jon Fosse har skrevet dikt som bygger bro fra livet som vi kjenner det til noe annet som vi ikke helt kjenner. Da vi lagde forestillinga «Når du er borte» fikk vi ha med noen av diktene hans. Sammen med det som i eldre tider ble kalt liksalmer, forsøkte vi å sette sammen ord og toner, som kanskje kunne berøre, kunne være til hjelp for å begripe reisa over til den andre sida. Publikum kunne oppleve en trøst, kanskje, om de hadde mista noen. De kunne kjenne på savnet av eller minnene om de døde. Også de lyse minnene. Vi håper at denne utgivelsen med musikken fra forestillinga, kan bidra til liknende opplevelser for lytterne.
- Mette Brantzeg, regissør for forestillinga «Når du er borte»

1. Hjem jeg lenges                                   2.28
2. Jeg vet en hvile                                    4.54
3. Nærmere                                              3.23
4. Bordvers                                               2.24
5. Jeg råder eder alle                               1.11
6. Farvel min sjel                                      4.41
7. Gravferdsslått                                      3.38
8. Gravferdssong                                     4.39
9. Å hvor salig                                          5.49
10. Halleluja                                             4.37
11. Ned i vester soli glader                      4.04

 

Åshild Vetrhus - folkesong
Solbjørg Tveiten - folkesong 
Andreas Ulvo - flygel, synth, song
Sigbjørn Apeland – trøorgel, song 

Produsent: Tuva Syvertsen 
Opptak gjort av Bård Ingebrigtsen i Stange kirke april 2022. 
Miks: Bård Ingebrigtsen 
Master ved Helge Sten, Audio Virus Lab
Alle arrangement av musikarane. 

Grafikk framside: Jonas Howden Sjøvaag
Foto innside: Signe Fuglesteg Luksengard
Design, omslag: Jonas Howden Sjøvaag 

Hjarteleg takk til: Jon Fosse, Samlaget, Folkemusikkarkivet for Rogaland, Arne Bjørndals samling, Ruth Anne Moen, Mette Brantzeg, Hilde Sandvik, Stange kirkekontor, og alle kjeldene våre for å ha tatt vare på og ført songane og tradisjonen vidare. 

Innspelinga er støtta av: 
Norsk Kulturråd, Fond for utøvende kunstnere, Creos Vederlagsfond og Stange kommune.