I starten lærde han slåttar hjå ulike lokale spelemenn, men den fyrste verkelege læremeisteren hans var Ola Mosafinn frå Voss, som Meland kom i kontakt med som elev ved Voss Folkehøgskule åra 1900–01 og 1904–05. Ein annan viktig læremeister var telemarkingen Torkjell Haugerud. Meland sette spelet i Telemark, og særleg Haugerud sitt, svært høgt, og henta her mykje inspirasjon til sitt eige arbeid med slåttematerialet i Hardanger. Hjå Haugerud fekk Meland også læra slåttar som Myllarguten hadde hatt med seg til Telemark frå Hardanger, og kunne slik føra desse attende til hardangerrepertoaret. Halldor Meland har sett store spor etter seg ved å bygga ut og forma om eldre slåttar. Slik meinte han sjølv at han lyfta slåttane og henta attende til tradisjonen kvalitetar som hadde gått tapt. Kor mykje han endra på slåttane varierte, nokre gonger kunne han laga heilt nye motiv og vek som han sette saman med slåttar og småstubbar han hadde tileigna seg. Dei viktigaste kjeldene hans i denne samanhengen var Jon Isberg og Sjur Håstabø. Meland stod også for fleire heilt nye slåttekomposisjonar, som sidan har vorte ein del av tradisjonen.
Meland var dyktig teknisk, noko fleire av komposisjonane hans også vitnar om, og han hadde eit spel som ofte gjorde inntrykk på dei som høyrde det. Han var den fyrste spelemannen frå Hardanger som heldt konsertar. Han reiste på mange spelferder i store deler av landet, og spelte også konsertar i Sverige og Danmark. Mellom spelferdene heldt han til på Meland, der han var oppvaksen, fram til han i 1927 gifta seg og flytta til Valland i Kvam. Her hadde kona Kristi, som var kunstvevar, kjøpt eit lite småbruk, som dei to dreiv ved sidan av at dei begge verka som kunstnarar og underviste på kvar sine felt. Spelferdene vart sjeldnare etter at han gifta seg, men fela var nok ein like stor del av livet som før. Ikkje minst fekk Meland mykje å seia som læremeister, han var den viktigaste tradisjonsberaren for ein heil generasjon av yngre spelemenn i Hardanger. Av elevane hans er Anders Kjerland frå Granvin den som har vorte mest kjend, og som framfor nokon har ført spelet etter Meland vidare. Halldor Meland vart utnemnd til heiderslagsmedlem i Hardanger Spelemannslag i 1949, og i Landslaget for Spelemenn i 1953. Under Landskappleiken i Odda i 1962 vart han tildelt Kongens fortenestemedalje i gull. Han døydde 25. desember 1972. For ettertida står han att som ein svært viktig stilskapar i hardangertradisjonen.
/ Johanna Mjeldheim, Hardanger Folkemusikksamling