Etter kvart snevra utvalet seg inn til nokre av dei eldste lydopptaka i traktene; polsdansrepertoar frå to voksrullinnspelingar frå 1920-talet med storspelemennene Martinus Amundsen Norstad (f.1846) og Martinus Helgesen (1849–1926), og to andre innspelingar frå 1939, 1941 og utpå 1950-talet med Gustav Kåterud (1882–1941) og Jon Østhaug (1886–1963).
I tillegg til polsdansar fann dei mange gammaldansperler i arkiva som gjer seg godt på ein dansekveld i hop med polsdansane.
Jonas Åkerlund er felespelar og mangeinstrumentalist. Han har djup forankring i musikken frå vestre Dalarna, og er mellom anna kjend for samarbeidet med spelemannen Anders Rosén.
Anette Thorsheim har først og fremst repertoar sitt frå Vestlandet, men har gjennom mange år også spelt låtar med og etter Atle Lien Jensen (1956–2011) frå Hamar.
Spelt inn i Bruvik kyrkje av Davide Bertolini, 2024, og i Värends Nöbbele av Jonas Åkerlund, 2026
Miks: Davide Bertolini
Mastring: Audun Strype
Foto: Isak T. Kvinge
Grafisk design: Eva Karlsson
Albumet er gjeve ut med støtte frå Kulturdirektoratet, Senter for folkemusikk og folkedans, Trondheim og Institutt for musikk – Griegakademiet, Universitetet i Bergen.















