I ein alder av 84 år vil han gjerne formidle noko av det han har opplevd og bidratt med i sitt liv som felespelar. Og det er spennvidde i Knut Myrann sitt liv som musikar. Han vann yngste klasse på Landskappleiken i 1951. I 1954 vann han klasse B, og så vann han klasse A både  i 1973 og i 1976. Og med gangaren «Pål Løytnantsdrengs minne»  vann han klassa for nyskaping i 1988. Knut Myrann er ein vinnar.

Sine fyrste læreår hadde han i heimbygda Nore med Strømmenkarane, Olav og Steinar og storspelemannen Halvor Kåsin. Og med felemakar Gjermund Strømmen i grannelaget var det kjelder å ause av. Eit par mil lenger syd i dalen levde Steingrim Haukjem, som òg var til stor inspirasjon for den unge Knut Myrann. Særleg når det kom til Løytnantsdrengspelet som Steingrim var ein god berar av.

Men som tittelen på denne nye plata seier, så har det aldri vore langt «Frå Numedal til Tinn». Som spelemenn før han, reiste også Knut til Tinn for å lære. Dei gamle noringane rekna Numedal og Tinn til same tradisjonen, og Dahlespelet sto soleis høgt i kurs. Så også for den unge Knut Myrann som reiste til Johannes Dale for å lære. Seinare drog han vidare i Telemark. Det at han tidleg fekk koma til Gjermund Haugen, fekk stor betyding for den unge Knut Myrann. Og han framhevar sjølv det tekniske som Gjermund var eksponent for.

Eit anna kapittel i Knut Myrann sitt spelemannsliv er åra med gamaldansorkesteret Knut Hallvards. Dei nådde store høgder og fekk eit stort publikum. Knut seier sjølv at han ville inn i gamaldansen for å vise at hardingfela kunne brukast, og for å vise at ho fortente ein større plass i eit gamaldansorkester.

 

Knut Myrann er ein perfeksjonist, han har søkt dei beste kjeldene, han har søkt etter dei beste felene, han har søkt etter dei beste felamakarane og han søkjer stadig etter det perfekte lydbildet. Og han er alltid på leit etter nye løysingar. Til dette høyrer at han har fått nedskrivi dei nylaga slåttane sine på notar og dei følgjer med tekstheftet til CD-plata.

Med plata «Frå Numedal til Tinn» får vi møte ein spelemann med lang fartstid og med stor slåttekunne. Og har du tid, så ta deg ein tur til Nesbyen den 5. juni, da er det plateslepp med konsert der mange av spelemannsvenene til Knut skal vera med.

---------------------------
Tekst: Even Tråen
Pressekontakt: Niels J. Røine /niels.roine@talik.no / tlf. 99024439
Musikar Knut Myrann: tlf. 47868601