«Heilt sidan eg var lita, har slåttemusikken fascinert meg. Det var mykje musikk i heimen då eg voks opp, med ein bestefar som spela hardingfele, ein far som spela trekkspel og gitar, og ein eldre bror som spela trekkspel. Det var hardingfela eg alltid kjende ei dragning mot, og eg hugsa eg kunne sitje i timevis og høyre på besten når han sat ute i kammerset sitt og spela om kveldane og fortalde meg historier frå gamle dagar. Eg byrja så smått å spele på ei lita gamal, svart fele som besten ein gong i tida hadde bytt til seg mot ein 25 kilos sekk med bygg, og første melodien eg lærte var «Fager kveldsol smiler». Seinare kom tilbodet om feleundervisning i valfag på skulen. Eg fekk Oddgeir Tomasgard som lærar, ei eldsjel av dei sjeldne som var ei sentral drivkraft for musikklivet i Hornindal på 70- og 80-talet. Etter kvart kom eg også med i spelemannslaget. Det var då eg verkeleg vart introdusert for honndalsspelet, og særleg slåttane til Lars Hjellbakk, som har sett så sterkt preg på folkemusikken i Hornindal. «Honndalstausene» vart nominert til spelemannspris på den tida, og det var sjølvsagt stor stas og svært inspirerande å høyre desse flinke damene spele honndalsslåttar på fjernsynet.
Det er først etter at eg har budd vekke frå Hornindal nokre år, at det verkeleg har gått opp for meg kva for ein rik musikk- og kulturskatt vi har og har hatt i Nordfjord og på Sunnmøre. Eg har også vorte merksam på kor stort skapande og kreativt miljø det har vore innanfor eit relativt lite geografisk område, noko som er svært imponerande. På denne plata har eg gjort eit lite utval av slåttar og visetonar frå Hornindal og området ikring som eg tykkjer er svært gode. Dette er ein musikktradisjon eg er svært stolt av å kunne formidle vidare, og eg håpar at du óg får glede av å høyre alle desse gode slåttane.»
/ Britt Pernille Frøholm
I’ve been fascinated by traditional music since childhood. I grew up in Hornindal, Nordfjord on the west coast, in a home full of music: My grandfather played the Hardanger fiddle, my father played accordion and guitar, and my older brother played the accordion. But it was always the Hardanger fiddle that held the strongest attraction for me, and I remember sitting for hours on end listening to my granddad playing his fiddle in the evenings and telling stories from the old days.
I started learning to play on a little old black fiddle that my granddad had once traded for 25 kilos of barley. Later on, I had the opportunity to study fiddle playing in school. My teacher was Oddgeir Tomasgård, a genuine enthusiast and a driving force n Hornindal’s music community throughout the 70s and 80s. After a while, I joined a fiddlers’ group, and this was where I really got to know the Hornindal style, in particular the tunes of Lars Hjellbakk, a major influence on Hornindal music. Honndalstausene (“The Hornindal Girls”) were nominees for a Spelemann award around that time, and watching such talented ladies playing Hornindal music on national television was a real treat. But it was only after living away from Hornindal for several years that I truly realized how rich and varied the musical and cultural heritage of Nordfjord and Sunnmøre is, and how much creative effort is concentrated into that relatively small area.
For this recording, I have selected a number of my favourite tunes and songs from Hornindal and the immediate vicinity. I am very proud to be a part of this tradition, and sincerely hope that you will enjoy listening to these great tunes.
Britt Pernille Frøholm