2

For nokre år sidan jobba Åsmund Solberg ei tid med å katalogisere musikk for NRK Folkemusikk. Der høyrde han på opptak og innspelingar frå morgon til kveld, og plutseleg kom han over nokre slåtteformer frå nedre Setesdal som han ikkje hadde høyrt før, men som han straks fekk fot for. 

I haust har duoen Flottorp/Solberg eksistert i 10 år. Det markerer Johanne Flottorp og Åsmund Solberg med å gje ut ei ny plate. Den første plata deira mottok Folkelarmprisen i Tradisjonelt samspel og blei nominert til Spellemann. Men den kom dessverre ut eit par dagar før Noreg stengte ned i 2020, så konsertverksemd blei det dårlig med. Denne gongen ser det lysare ut for at lanseringsturneen blir gjennomført som planlagt. 

Det nye albumet går djupare inn i tradisjonsmusikken frå nedre Setesdal. Der den førre var eit resultat av duoens repertoar gjennom mange år, har denne blitt til over ein meir konsentrert tidsperiode, samt med eit meir tydeleg konsept, som munna ut i ei innspeling i Juke Joint studio på Notodden i april i år.

På tur til Vidar Lande, den viktigaste kjelda for denne utgjevinga, i vinter fekk dei servert bonusmateriale og gode historier rundt slåttane. Og etter turen til Vidar, blei dei endå meir medvitne om at dei no gjev ut slåttar i variantar som representerer nokre av dei kulaste spelemennene Setesdal har fostra. 

 

 

1

Johanne Flottorp - hardingfele, vokal 
Åsmund Solberg - akustisk gitar, elektrisk gitar, pedal steel 

Produsent: Mattis Kleppen 
Teknikar: Halvor Halvorsen 
Miksing: Olav Torget
Mastering: Morten Lund 

Konsertar: 
17. oktober - Riksscenen, Oslo 
19. oktober - TBA, Kristiansand
20. oktober - Hillestadgalleriet, Tovdal
21. oktober - Froland bibliotek
7. november - Dølen hotell, Evje
8. november - Sylvgarden hotell, Rysstad
10. november - Nye Sjodar, Gvarv