Historia om vår versjon av Draumkvedet

I 2013 var eg ganske nyutdanna kvedar frå Noregs Musikkhøgskule. Då vart eg spurd om eg kunne syngje Draumkvedet i Fantoft stavkyrkje i Bergen. Dei hadde ein tradisjon der med at ein ny kvedar song kvadet kvart år og 6. januar 2013 skulle det bli min tur. Eg hadde ikkje noko forhold til Draumkvedet, sidan eg hadde sysla mest med stoff frå Gudbrandsdalen og ikkje Telemark. Så eg gjekk i gong og lærte meg det gjennom bøker og gjennom å høyre på andre sine versjonar. Særleg likte eg Agnes Buen Garnås si spelemannpris-vinnande innspeling frå 1984 som har med orgel, fløyte, harpe, hardingfele og saksofon. Det var noko med lydbiletet av nytt og gamalt som tiltalte meg, og sjølvsagt den gode historieforteljinga hennar. Gjennom Hanne Weisser si bok "Folkevisenes fortellinger" fekk eg presentert Hulda Garborg sin versjon som låg nære Maren Ramskeid sin og etter kvart laga eg min eigen tekstversjon ut frå eit utval kjelder.

I 2014 laga Ådne og eg ein versjon for orgel og song som vi framførte i Voksen kyrkje medan Karl Erik Harr synte fram bileta sine på filmlerret bak oss. Denne versjonen framførte vi stort sett kvart år framover på ulike stader. I 2018 vart eg spurd om å syngje Draumkvedet for det Nordiske Fakultet i Athen. Det var stas, så klart, men Ådne var oppteken og ikkje var det kyrkjeorgel der konserten var heller. Da fekk eg med meg Rasmus Kjorstad og vi laga ein versjon for fele, munnharpe og vokal. I 2023 fekk vi sett saman desse to versjonane til den versjonen som no er innspelt.

Innspelinga vart gjort 20.august 2023 i Voksen kyrkje med Audun Strype som teknikar. Opptaket vart gjort i eit "take" for å behalde konsertkjensla. 

Draumkvedet er ei sterk forteljing om korleis folk såg for seg reisa til dødsriket for mange hundre år sidan. Eg tykkjer det er fantastisk fint å få denne direkte koplinga til folk som levde i ei tid som er så fjern for oss i dag. Døden er eit like stort mysterie som da Draumkvedet vart dikta. Det er kjekt å kunne bringe det vidare til framtidige generasjonar!

 

Takk til 

Fond For Utøvende Kunstere som gjorde denne innspelinga mogleg.
Audun Strype for lyd og miks
Plateselskapet Ta:lik 
Nasjonalbiblioteket sine kunnige tilsette på musikkavdelinga
Karl Erik Harr for bruk av måleriet sitt på omslaget

og ikkje minst takk til publikum som gjev oss inspirasjon til å halde fram.


 

Draumkvedet

 

Vil du meg lyde, eg kveda full kan 
om einkvan nytan drengjen,
Alt om’n Olav Åsteson
Som heve sovi så lengje
Å det va Olav Åsteson
som heve sovi så lengje

Olav han va i voxtern
han va som ein selljuronne
Mor og far dei ont ’n vel
ifra ein tala konne

Han la seg ned om joleftanskvellen
sterkan svevnen fekk;
vakna inkji fy om trettan’dagjen,
Då folkje åt kyrkjun gjekk. 

Han vakna ’kje fyrr um trettan’dagjen
då soli rann i lie;
Så sala han ut fljotanfolen
Han ville åt kyrkjun ri’e

Presten stende fy’ altare’
og les opp lestine lange,
Olav set seg i kyrkjedynni
og tele draumane mange

Gamle mennar og unge
dei gjeve etter gaume
Med han Olav Åsteson
no tele sine draume

---

Eg hev vori meg upp med sky
og nedatt ved havsens grunne
Den som vi’ mine fotspor fylgje,
han lær ’kje av blide munne.

For månen skine og vegjine felle so vi’e.

Eg hev fari ivi vigde vatn
og ivi djupe dalar
Høyrer vatn, men ser det inkje
unde jordi så munne det fara

Eg er so trøytt og ferde-mo
og inna så munne eg brenne;
Eg høyrer vatn, og fær de inkje
unde jordi så munne de’ renne

Tie hev fari fort fy meg
eg heve vori so vi’e
Eg heve sett åt heite Helviti
og ein deil av Himmerikje

Så va eg i Uteksti
eg for ivi dyretrå
Sonde va mi skarlakenskåpe
og neglan å kvor mi tå

Kjem eg meg åt Gjallarbrui
ho hengje så hågt i vinde
Ho er òll med gull slegji
og saum i kvòrjom tinde

Å Gjallarbrui den æ vond
og inkje og’ å gange
Bikkjune bite og ormane sting
og stuten sænd og stangar

Bikkjune bit og ormen sting 
og stuten stend og stangar
Det slepp ingen ivi Gjallarbrui
som feller domane vrange

Va’i så hev eg dei Våsemyran
der hev’kje sta’i meg grunn
No hev eg gjengji Gjallarbrui
med rapa mold i munn

---

Sæl er den i fø’esheimen
fattige gjev’e sko
Han tar inkje berføtt gange
på kvasse heklemog

Tunga talar, og sanning svarar på domedag

 

Sæl er den i fø’esheimen
fattige gjeve konn
Han tar inkje reddast på Gjallarbrui
fyr kvasse stutehonn

---

Så kom eg meg åt votno dei
der isanne brunne blå
Men Gud skaut det i hugjen min
eg vende meg derifrå.

For månen skine, og vegjine felle så vide

Så tok eg av på vetterstig
alt på mi høgre hond
Der såg eg meg til Paradis
det lyser ivi vene lond

Der såg eg sæle gudmor mi
meg mune kje bet’e gange:
”Reis du deg til broksvalin
Fe der sko domen stande!”

---

Eg var meg i auromheime
i mange netter og trå
De veit Gud i himmerik
hosse mang ei nau eg såg

I broksvalin, der sko domen stande

Eg såg meg einom drengjen den
det fyste eg vart ved
Liten småsvein var han i fangjetog 
gjekk i jordi til knes

Kjem eg meg åt manne den
kåpa ho var av bly
Hass arme sål i dessom heime
var trong i dyre tid

Kjem eg meg åt monno dei
dei bar på loande jord
Gud nå’e dei synduge såline
dei ha banna burt far og mor

Kjem eg meg åt bonno dei
dei stodo så høgt på glo
Gud nå’e dei synduge såline
dei ha banna burt far og mor

Der kom ferdi norate
dæ tottes eg væra værst
Fyry rei Grutte Gråskjeggje
han rei på svartan hest

Så kom den ferdi sonnate
dæ tottes meg væra best
Fyry rei sankte såle-Mikkjel
og næste Jesum Christ

Så kom den færi sonnate
ho tosse me væra trå
Å fyry rei sankte Såle-Mikkjel
og luren onde armen låg

Dæ va sankte Såle-Mikkjel
han blæs i luren den lange
Og no sko alle såline
fram fyr domen gange.

Men då skolv alle synde-såline 
som ospelauv for vinde
Og vor einaste sål der var
ho gret fyr syndine sine

Det var sankte såle-Mikkjel
han vog i skåle vikt
Så vog han alle synde-sålir
bort til Jesum Christ

---

Gamle mennar og unge
dei gjev’e etter gaume’e
Det va han Olav Åsteson
no heve han talt sine draume

Å det va Olav Åsteson
som heve talt sine draume
Å det va Olav Åsteson
som heve sove så lengje

 

Teksten er fritt samansett og språkleg tilpassa av Bjørn Sigurd Glorvigen. 

Kjelder:

  • Hulda Garborg, henta frå boka ”Følgesvenner” av Hanne Weisser
  • M.B Landstad, variant A
  • Maren Ramskeid (M.B.Lanstad variant B)
  • Agnes Buen Garnås, innspeling 1984.
  • Molte Moe. Norske folkeviser til skolebruk, 1947